Blikkfang

Ho Berit kan fange blikket ditt
Ho Berit er blikkfang i blad og på nett
På Berit - kan du stire deg ør
Men ho har ikkje meir enn du visste fra før

Ein sving og ein kurve
Ein hårsveis, eit kinn
Ein kropp du kan styre din lengt mot
i tanken og ørska og presse mot din

  Men kjenner du Berit?
  Veit du kva Berit har ønskt seg til jul?
  Veit du kva hjarta hennar bankar for?
  Kva tankar ho nører?

Den som berre kan elske ei
har truleg eit trongt hjarta
Men den som vil elske dei alle
har truleg eit smalt vett

Dei som er verd å elske
er langt fleire enn du anar
Men spørst det om kor langt du strekk til
har du jamtover nok med ei

  Så, kjenner du Berit?
  Veit du kva Berit har ønskt seg til jul?
  Veit du kva hjarta hennar bankar for?
  Kva tankar ho nører?

Ho Berit kan fange blikket ditt
Men tanken din kan du sjølv fange inn
Ein kropp du kan styre din lengt for
Ein vilje som aldri blir din