Reservert

Det var den gongen du gjorde reint bord
utan å vite det sjølv
Eit foto - eit blikk
sa meg noko du aldri hadde tenkt

På avstand var eg inderleg
På flat mark var eg heller reservert
Eit brev eller fem vart det - sendt på ulike vis
Sjølvsagt kom aldri eit svar

Aldri fann eg det reale påskotet
til å bli kjend med deg i kvardagen
Det vart for flaut - eg gjekk i baklås
med kjenslene i postkassa

Det var den gongen eg sette av plass
du ikkje bad om
i hjarta - eit rom
som baud deg på noko du aldri ville ha

Mot andre fekk eg så vera inderleg
Men der inne var eit rom reservert
Så lenge eg hegna om plassen din
var det vrient for andre å sleppe heilt inn

Det var den gongen du gjorde eit
varig avtrykk
eit snitt av lengt
alle andre sidan vart målt mot

- eit ufriviljug inntrykk
du ikkje fekk has på
Du kunne fått meg dit du ville
men det var vel helst på trygg avstand


- - -

Eg såg deg her om dagen i forbifarten
trur jamvel vi veksla eit par ord
men eg snudde ryggen til og gjekk
Har eit anna liv å leva no