Arbeidarmusikk - finst det?

av Jon Egil Brekke

(Artikkelen er trykt i Nord Nytt - nordisk tidsskrift for folkelivsforskning - nr. 27, juni 1986, s. 55-68. Illustrasjonar er utelatne i den føreliggande versjonen.)



Innhald:
1. Eitpar innsirklingsforsøk
2. Musikkforsking utan musikk
3. Den kulturavhengige musikken
4. Kultur - og kriteria for arbeidarkultur
5. Miljø, klasse og kultur: Ei viktig presisering
6. Kva med arbeidarrørsla? Dei intellektuelle?
7. Arbeidarmusikken - og kampen om identiteten
8. Kort oppsummering
Litteratur

Arbeidarmusikk - finst det? Spørsmålet er sett på spissen, men med god grunn. Til forsking i kultur allmennt og arbeidarkultur særskilt (sjå avsnitt 5) knyter det seg ei rekke problem i spørsmålet om teori og presisering av termar og omgrep. Problema blir ikkje mindre om ein søker seg inn på musikkfeltet. Blant dei bidraga som til nå (1986) er leverte i forsking om arbeidarar og musikk i Norden, er det få som opererer på det presisjons- og differensieringsnivået som skal til for å kunne svare positivt eller negativt på spørsmålet i overskrifta.

Blant etnologar har eg møtt ein på mange vis sunn skepsis andsynes høgtflygande teoretisering utan fotfeste i empiri. Usunn blir denne skepsisen i den grad han fører til nedtoning av behovet for teoretisk avklaring. Eikvar sortering av empirien impliserer eit teoretisk standpunkt. Då er det like godt å tydeleggjera dette, dels for at andre i større grad skal kunne etterprøve slutningar, dels for at vi i det heile skal vera i stand til å trekke slutningar ut frå den opphopa empirien - noko som vel er poenget med forsking?

På same vis som det står einkvar fritt å lansere definisjonar, står det einkvar fritt å etterprøve korvidt ein definisjon er eigna til å gje betre forståing, forklaring, evt. meistring av verda omkring oss. Formålet mitt med denne artikkelen er å trenge vidare i diskusjonen om kva som fornuftigvis kan meinast med termen "arbeidarmusikk" ("arbetarmusik", "arbejdermusik").

(Innhald)

1. Eitpar innsirklingsforsøk

Eg har framføre meg ein artikkel av Stefan Bohman i Nord Nytt 13, 1982, samt artiklar av Bohman, Svend Nielsen og Vesa Kurkela i "Indlæg ved 1. Nordiske seminar om arbejderkultur og arbejderfolklore 22.-24. aug. 1983". Alle tre gjev direkte og indirekte uttrykk for oppfatningar om kva omgrepet 'arbeidarmusikk' dreier seg om.

Både Bohman (1982:99) og Kurkela skil mellom 'arbetarnas musik' - all musikk arbeidarar omgjev seg med - og 'arbetarmusik'. Bohman forklarar den siste til å vera "den musik som på olika sätt är klasspecifik för arbetarklassen". For Kurkela er arbeidarmusikken "de ideologiska arbetarsångerna", medan 'arbeidarane sin musikk' "sammanfattar alla de musikgenrer som under olika tider har idkats av arbetarna" (s. 63). Sjølv om det her finst nyansar, synest standpunkta deira å vera samanfallande i stort, og eg kjem i seinare avsnitt til å knyte kommentarar hovudsakleg til Bohman.

Svend Nielsen - som ikkje i same grad er sentrert om verksemda i arbeidarrørsla - har vald ei anna innsirkling av det han kallar 'arbejdersang':
 

"Arbejdersang er ikke blot de sange, der handler om arbejdere. ..Arbejdersang er heller ikke de sange, der laves for arbejdere. ..Det er heller ikke blot de sange som arbejdere lytter til. ..Nej, det jeg lægger i arbejdersang, er noget helt fjerde: Arbejdersang er den sang eller de musikalske elementer, som arbejderne bruger som et aktivt redskab i deres hverdag." (Nielsen 1983:63).


Det problematiske ved denne definisjonen skal eg koma attende til i seinare avsnitt (6; 7). Men fyrst må eg kommentere ein trend som m.a. Bohman (1983) plasserer seg i (utan difor å vera åleine om det):

(Innhald)

2. Musikkforsking utan musikk

Er arbeidarmusikk = arbeidardikting? Det inntrykket kan ein få når Bohman under overskrifta "Kampen om symbolerna i arbetarrörelsens musik" konsentrerer all konkret analyse om tekstene og deira symbolinnhald. (Vi skal seinare koma attende til korleis tekst er med å legge vilkår for oppfatting av t.d. symbolikk i melodi og øvrige musikalske verkemiddel, men det er ikkje dette Bohman tek opp.) Det synest som om mykje forsking rundt "arbeidarmusikk" glir unna det sentrale forholdet: Musikken. I staden studerast tekster, politiske fråsegner, organisasjonar, brukssamanhengar - alt saman vel og bra og naudsynt, men fåfengt så lenge ikkje sjølve musikken blir inkludert i analysa (eller det blir servert ei forsvarleg grunngjeving av kvifor musikken skulle kunne utelatast). For å ha sagt det, så er dette òg ein sjølvkritikk (jfr. Brekke 1980/1983).

Bohman er tydelegvis halvt merksam på problemet når han skriv:
 

"Det krävs naturligtvis kunskaper om kulturuttrycket för att kunna nå fram till underliggande värderingar, men det systematiska utforskandet av musik överlåts åt musikvetare. Jag går därför inte systematiskt igenom alla aspekter på den musik jag behandlar utan bara dem jag tycker mig behöva som etnolog och kulturforskare." (1983:8).


Nokon kunne her innvende at ein etnolog som forskar i musikk vel burde kjenne seg forplikta til å skaffe seg "kunskaper om kulturuttrycket", altså om den delen av "musikken" som ikkje er tekst. Men Bohman gjer samstundes rett i å etterlyse større innsats frå musikkvitarar på arbeidarmusikkfeltet, og som ein av dei etterlyste skal eg i resten av artikkelen forsøke å ta opp den hanska - ikkje ved å supplere Bohmans musikkeksterne slutningar (som òg i mangt kan underbyggast for norske forhold) med musikkintern analyse av einskildmelodiar, men ved å legge fram nokre synspunkt på sambandet mellom "musikkinternt" og "musikkeksternt". Og for det fyrste: Kva er eigentleg musikk?

(Innhald)

3. Den kulturavhengige musikken

Ut frå daglegtale kan ein leiast til å tru at musikk er visse slag lydforløp, som let seg reprodusere etter lagring i minne, notasjon eller opptak. Men lyd - uansett forløp - er berre fysiske svingningar av visse frekvensar. Fyrst i møte med menneske kan lydforløp bli musikk, i den fulle meininga av ordet. Musikk er eit forhold mellom menneske og lydforløp. Eit fonogram kan lagre lyden, men ikkje den fullstendige musikken. 'Musikk' er knytt til oppleving av hørselsinntrykk. Denne opplevinga skjer i eit subjekt, og er påverka av fleire faktorar.
 
a) Lydforløpet kan bli registrert fysisk og reprodusert (jfr. opptak). Men ulike menneske har ikkje same oppleving av eitt og same lydforløp. Dette kan henge saman med

b) situasjon eller kontekst: Lydforløpet opplevast i ein annan omgivnad, attåt andre hendingar, eller kombinert med andre kunstneriske (t.d. tekstlege eller visuelle) verkemiddel. Men like viktig er variasjonen i

c) subjekteigenskapar: Kvart individ har sin eigen unike erfaringsbakgrunn. Men vi lever i svært liten grad som isolerte øyar. Vi er fysisk meir eller mindre avhengige av samhandling, og gjennom kommunikasjon sikrar vi oss at erfaring og forståing overlappar tilstrekkeleg til at samhandling lukkast.


Viktigaste kommunikasjonsmidlet er talespråk - som òg dreier seg om lydforløp. Mellom talespråk og musikk går inga absolutt grense. Men medan språket har sitt tyngdepunkt i bruk av eit avgrensa utval språklydar (fonem) og av ord og setningar med eit avgrensa antal konvensjonelle meiningsinnhald (denotasjon) - eit felt der musikken er meir grenselaus og uforplikta, er musikkens bruk av tonar og lydlege effektar gjerne underordna andre kommunikative funksjonar - t.d. i direkte rytmisk/stilmessig koordinering av samhandling (arbeid, dans, marsj/prosesjon o.l.), og i forsøk på å dele opplevingar ord ikkje dekker. Som abstrakt kunst tener musikk òg som ein spegel, ein fantasipådrivar, i utforsking av grenseområda for kulturen og fantasien.

På sin måte kan den "ikkje-språklege" musikken gjera bruk av det semiologien kallar ulike typer teikn (Martinet 1976:52ff). Musikk kan på same tid vera:
 

- indisium (symptom): "Jaså, dei har fest? Eg høyrer dansemusikk!" "Det må vera folk frå arbeidarrørsla som syng slik."

- ikon (analog etterlikning): Lydlege forløp kan oppfattast som framstilling av rørsler, kjensleuttrykk, hendings- og handlingsforløp m.m.: "Dette er ein vals med svung og spenst i." "Slik kjennest, og slik forløper, kampen mot undertrykkinga vi er utsette for."

- symbol: Gjennom felleserfaring, konvensjon, evt. mytedanning, blir t.d. ein komposisjon knytt til ei særskilt hending, eit meiningsinnhald, ein organisasjon - musikken blir eit teikn på (inngått) fellesskap av noko slag: Ein salme. Ein nasjonalhymne. "Denne valsen dansa vi fyrste gongen vi møttest." Musikk knytt til kollektiv erfaring kan vekke denne - og medvitet om kollektivet - til minne att.


Med andre ord kan det opplevande subjektet oppfatte musikk som berar av ein (meir eller mindre intendert) bodskap. Men kva slag bodskap - og om lydforløpet i det heile blir oppfatta som 'musikk' - avheng av felleserfaring, av kjennskap til konvensjonar, av det vi altså kallar kultur.

For å finne ut om termen "arbeidarmusikk" har noko for seg - om det finst noko i forholdet menneske - lydforløp som er spesifikt for arbeidarar - har vi nå til synes fleire angrepsvinklar:

1) Vi kan gjera omlag som tradisjonell musikkhistorisk forsking lenge har gjort: Spørje om det finst ein 'arbeidarmusikk' som stilistisk skil seg frå annan musikk. Då legg vi hovudvekta på å drøfte påvisbare særdrag ved lydforløpa (i klingande eller notert versjon). Om slike særdrag då synte seg å korrelere med arbeidartilknytning, ville ein kunne påstå å ha avdekt ein 'arbeidarstil'.

2) Vi kunne gjera som tidlegare nemnt: Studere situasjon og kontekst, studere kva samanhengar arbeidarar brukar "musikk" i, påvise ytre "objektive" arbeidarsærdrag ved dette - og såleis kanhende finne ein spesifikk 'arbeidar-musikk-bruk', om slikt finst.

3) Vi kan, ved å studere arbeidarar sine ytringar om musikk prøve å nærme oss det evt. spesifikke i korleis arbeidarar opplever musikk.

Frå vår synsstad er korkje 1), 2) eller 3) tilstrekkeleg åleine til å gje oss full forståing av det spesifikke i forholdet arbeidarar - lydforløp. Kva er konstituerande, kva er dynamiske faktorar i dette forholdet, t.d.? Det arbeidarar kan ha spesifikk og felles i forhold til lydforløp må inngå i ein arbeidarkultur. La meg difor bruke litt plass på dette omgrepet.

(Innhald)

4. Kultur - og kriteria for arbeidarkultur

Skal det vera snakk om 'arbeidarmusikk' må det rimelegvis på noko tidspunkt inngå levande arbeidarar som på eine eller andre måten har dette forholdet til lydforløpa dei omgåast. I dette ligg det ei viktig avgrensing av kva lydmateriale som kan inngå i forholdet: Kva typer lydforløp ("musikk", stilartar osv.) har vore teknologisk/økonomisk/sosialt tilgjengelege for arbeidarar på ulike trinn av historia? Ulike materielle vilkår speglast att i 'arbeidarane sin musikk', og 'arbeidarmusikken' utgjer ei delmengd av denne. Problemet er så å skilje 'arbeidarmusikk' ut innanfor 'arbeidarane sin musikk', skilje 'arbeidarkulturen' ut innanfor 'arbeidarane sin (kvardags-)kultur'.

Kva er kultur? I dette spørsmålet er vi alle "blinde vismenn" som har funne kvar vår del av "elefanten". I jakta på konstituerande og dynamiske faktorar har eg vald ein arbeidsdefinisjon med følgjande vektlegging: Med kultur meiner eg forråd av tenke- og handlemåtar utvikla/lært av menneske for å meistre livsvilkår dei står andsynes, eit forråd som er meir eller mindre strukturert, meir eller mindre konsistent ordna i eit samlande perspektiv. (Definisjonen treng såleis ikkje stå i motsetnad til t.d. Hannerz/Liljeström/Löfgrens betoning av kultur som "kollektivt medvetande", som "gemensamma kunskaper, värderingar, erfarenheter och sammanhållande tankemönster" (1982:10). Vi snakkar om same "elefanten".)

Mennesket er eit flokkdyr med evne til å lære, ei evne så langt utvikla at vi ved endring av våre tenke- og handlemåtar har vore i stand til å tilpasse oss stendig nye livsvilkår. For å sitere Marvin Harris (1975:84):
 

"..the human species is unique in the animal kingdom for the lack of correspondence between its hereditary anatomical equipment and its means of subsistence and defence. We are the world's most dangerous species not because we have the biggest teeth, sharpest claws, most venomous sting, or thickest skin, but because we know how to equip ourselves with deadly tools and weapons that perform the functions of teeth, claws, stings, and hides more effectively than any mere anatomical device. Our primary mode of biological adaption is culture, not anatomy."


Om Marvin Harris er omdiskutert elles, tykkjer eg han har eit viktig poeng her. Såvel stabilitet som endring i kulturen har si rot i menneska sitt strev for å meistre - evt. forbetre livsvilkåra dei står andsynes. Det spelar då inga rolle om desse vilkåra er natur- eller kulturskapte. For kvart einskild individ er òg rådande kultur eit gjeve vilkår å meistre - eller endre.

Forsøka på å analysere meir kompliserte samfunn har tvinga kulturforskarar og sosiologar til å ta i bruk omgrepet delkultur (jfr. Hannerz i Hannerz et al. 1982:54ff): Samfunnet delast i grupper gjennom arbeidsdeling m.m., og gruppene tenderer til å utvikle eigen kultur, eigne perspektiv, som i viktige aspekt skil seg frå andre (del-)kulturar i samfunnet. (Den herskande kulturen i samfunnet kan forsåvidt òg sjåast på som ein delkultur, så lenge andre delkulturar finst, og så lenge ein ikkje aktar å nytte termen til å signalisere over/underordningsforhold - jfr. Bohman 1983:4.)

Av dette dreg eg følgjande slutningar: Skal vi leite etter kriteria for å skilje ut ein delkultur, blir det naturleg å trekke inn ikkje berre kva gruppedanning det er snakk om, men òg - i den grad dette let seg analysere i praksis - kva særskilte vilkår delkulturen er utvikla som svar på: Arbeidarkultur blir kultur arbeidarar gjer bruk av for å meistre - eller endre - dei sidene ved livssituasjonen deira som følgjer særskilt av at dei er arbeidarar, fortrinnsvis innordna i eit arbeidarperspektiv.

(Innhald)

5. Miljø, klasse og kultur: ei viktig presisering

For det fyrste: Bohman kallar arbeidarmusikken "klasspecifik för arbetarklassen" (mi utheving). Eg har så langt snakka om "arbeidarar". Kan 'arbeidarkultur' vera identisk med 'arbeidarklasse-kultur'? Kan 'arbeidarklasse- musikk' finnast? Igjen avheng det av korleis vi konkretiserer spørsmålet.

(Eg skal her ikkje gå i detaljdiskusjon om t.d. problema forbunde med å avgrense arbeidarklassen, sjølv om det kunne vera ønskeleg. Nemninga "arbeidar" er historisk oppstått, og har sjølv innanfor industrikapitalismens historie hatt varierande innhald. Men omgrepet 'arbeidar' er uansett ein abstraksjon, aktualisert ved at ei gruppe menneske har i hovudsak same stilling og funksjon innanfor produksjonen: Eig ikkje produksjonsmiddel, og er difor avhengig av å selja arbeidskrafta si for løn. Utfører i hovudsak underordna, rutinemessig, fysisk arbeid (utan at denne tendensen utgjer noko absolutt kriterium). Det er i dag ikkje uvanleg å dra grense oppetter mot funksjonærar/intellektuelle ("mellomlag") og sjølvstendige handverkarar m.m. ("småborgarskap"), nedetter mot såkalla "filleproletariat". I denne samanhengen nemnast dette berre for å poengtere at omgrep som 'klasse' og 'arbeidar' nettopp er knytte til ei gruppe kjenneteikna av at medlemene står andsynes like/liknande materielle/økonomiske livsvilkår. Såleis reknar eg òg til klassen alle som blir forsørga av den aktuelle løna.)

Det at eit antal menneske står andsynes liknande vilkår, medfører ikkje automatisk at dei kommuniserer seg i mellom, utviklar same løysingar på problema, utviklar same kultur. Ei lokal løysing på eit problem (som forsåvidt gjeld heile klassen) treng på ingen måte slå an i nokon stor del av klassen. Spørsmålet blir då: Må 'klassekultur' vera felles for heile klassen? I så fall ville det vera små sjansar for at han kunne oppstå. Men 'klassespesifikk' kan ha eit anna innhald, som ikkje føreset total utbreiing. Vi skal forfølgje denne oppfatninga.

For det andre: Fellesforråd av tenke- og handlemåtar, eit "gemensamt, delat, socialt inhämtat medvetande, överfört och sedan bibehållet genom kommunikation" i forma "jag vet att du vet att jag vet" (Hannerz et al. 1982:59) har utan tvil oppstått historisk i lokale arbeidarmiljø. Men her kjem ei viktig innvending: Eit slikt miljø oppviser ikkje utan vidare arbeidarkultur i "rein" form. Kvifor ikkje? Tre årsaker:

1. Dels - slik Bohman peikar på (1982:99) - fordi borgarskapet gjer sitt for å overføre sin ideologi og kultur på arbeidarane: Deira strev for å utvikle ein sjølvstendig kultur blir undertrykt.

2. Dels fordi arbeidarar (som andre) i nokon grad vil "låne" frå omliggande kulturar der dette byd på (eller ser ut til å by på) snarvegar.

3. Men vel så viktig som desse faktorane er det forholdet at arbeidaren er ikkje berre arbeidar. Arbeidaren inngår på same tid i fleire ulike (meir eller mindre overlappande) gruppedanningar: Kjønn, alder/livsfase/generasjon, familie/slekt, yrkesgruppe/fagforeining, bedrift, lokalsamfunn, etnisitet/nasjon, evt. parti eller trussamfunn, kameratgjeng, fellesskap rundt vareslag/moter osb.

Heilskapen av arbeidarane sin lokalkultur blir såleis eit konglomerat av meir eller mindre forlikelege delforråd. Arbeidaren står under eit mangfaldig krysspress av sosialiseringsforsøk, der det ikkje er gjeve kva for gruppeidentitet som vil dominere perspektivet til kvar einskild. Korleis kan ein spesifikk arbeidarkultur oppstå og utviklast under slike forhold?

Element til arbeidarkultur oppstår "spontant" så lenge arbeidarane dessutan er arbeidarar: Dei må dagleg selja arbeidskrafta si, innrette seg etter krav maskinar og arbeidsdeling stiller til dei, finne knep for å gjera livet så bra som mogleg å leva innanfor dei rammene som arbeidet, arbeidstida og prisen på arbeidskrafta set. Men den systematiske arbeidarkulturen, arbeidarperspektivet, utviklast frå innsett konflikt, frå klassekamp: "Det är först när smällarna kommer, som man ser vart sprickorna går" - som Fria Proteatern syng i "Min bror och jag" (Arktoft et al. 1977:251).

Gjennom konfrontasjon med arbeidskjøparar og stat er det mogleg for arbeidarar å oppdage kor lett dei splittast opp etter kulturelle skiljeliner (t.d. i samband med streikebryteri, behovet for støtteaksjonar o.a.). Ein systematisert arbeidarkultur oppstår som svar på behovet for å integrere tenke- og handlemåtane i ein overordna arbeidaridentitet, eit arbeidarperspektiv som gjer dei andre gruppetilknytningane (og såleis dei indre motsetningsforholda i klassen) underordna. Grunndraget i arbeidarkulturen blir såleis blikket for korleis arbeidarane som gruppe/klasse skal kunne meistre og forbetre livsvilkåra sine - uansett kva som måtte skilje dei elles. Ut frå denne slutninga vil termar som "arbeidaridentitet", "arbeidarperspektiv", "(arbeidar-)klassemedvit" og "(arbeidar-)klassestandpunkt" bli i hovudsak synonyme nemningar på det grunnleggande kjenneteiknet ved 'arbeidarkultur'.

(Innhald)

6. Kva med arbeidarrørsla? Dei intellektuelle?

Arbeidarkultur er altså noko som har måtta kjempast fram i klassen, og er det framleis. Det er ein kamp både om identitetsval/oppslutnad og om konkret innhald. Nokon har måtta gå i spissen for denne kampen - framheve arbeidarperspektivet, systematisere elementa i arbeidarkulturen og gjera han synleg m.m. Kven dei enn har vore, så har dei utretta ein intellektuell innsats:

For kvar einskild er det å identifisere seg med arbeidarklassen for det fyrste eit val som krev sortering blant allslags inntrykk, behov og sym- eller antipatiar. Valet føreset dessutan kunnskap ut over det dei direkte erfaringane kan gje. Klassemedvit er ein prinsippiell innsikt: At motsetningsforholdet til arbeidskjøparane gjeld arbeidarar allmennt. At fleirtalet av arbeidarar er avhengige av kollektive løysingar, som berre kan vinnast om arbeidarane held saman i kampen for desse.

Om klasseperspektivet skulle ha gjennomslagskraft har òg vore avhengig av utsiktene knytt til dei alternative svare på spørsmålet om framtida låg i:
 

a) å tilpasse seg vilkåra arbeidskjøparane (evt. staten) baud,

b) å kjempe fram betre vilkår innan ramma av dette samfunnet, eller

c) å skape eit nytt samfunn der arbeidarane sjølve skulle rå over vilkåra.


Vurdering av dette føresette og kunnskap - om dei sidene av produksjonen og samfunnet elles som kvar einskild arbeidar ikkje kom i direkte kontakt med. Dessutan trongst evner i å analysere ulike alternativ innan strategi og taktikk. Kven kom til å stå for dette i praksis?

I studiet av arbeidarkultur finst det godt med tilbod om skylappar. I velgrunna kritiske forsøk på å nå ut over styre- og landsmøteperspektivet til arbeidarleiarane som dominerte mykje av den tidlegaste litteraturen om arbeidarkultur, tenderer somme i retning av det motsette ytterpunktet: Orvar Löfgren, t.d. (Hannerz et al. 1982:48), åtvarar mot å nytte borgarlege referanserammer - "arbetarlitteratur, arbetarteater, arbetarföreningar, Folkets Hus etc." - i studiet: "Sådana fenomen.. leder oss knappast in till kärnan i det vi kallar arbetarkultur". Som viktigare, konkrete undersøkingsobjekt nemner han "söndagsutflykterna, historieberättandet på jobbet, kvinnornas kaffestunder i grannköken, männens kvällar på ölcafeet eller fackföreningsmöten". Åtvaringa er på sin plass, men dersom vektflyttinga frå "institutioner" til "vardag och livsform" gjerast for bokstavleg og absolutt, kjem vi lett til å gløyme av den nære og naudsynte samanhengen mellom arbeidarkultur og arbeidarrørsla, som m.a. innebar nettopp institusjonalisering av strevet etter klassemedvit bygd på alternativ b) og c) ovanfor.

På same vis kan Svend Nielsens vektlegging av arbeids-kultur og lokal forsvarskamp invitere til nedtoning av den delen av arbeidarkultur som rettar blikket ut over det kapitalistiske samfunnet, ut over kvardagen.

Ein liknande tendens finst hjå Bohman (1983:6ff), der han drøftar utvikling av tekstinnhald med utgangspunkt i "en gräns mellan två delkulturer.. som vissa pionjärer själva satte - mellan "intelligentserna" (studenterna) och icke- akademiska arbetare". At intellektuelle i arbeidarorganisasjonane tildels har vore innfallsport for borgarleg innverknad (kom han berre den vegen?), kan lett dekke over den naudsynte innsatsen intellektuelle har gjort i motsett lei: som organisatorar, som leverandørar av kunnskapar og tenester arbeidarane under rådande vilkår vanskeleg kunne ordna i same målestokk sjølve. Historia syner oss òg det vi kan kalle intellektuelle arbeidarar - arbeidarar med kunnskapar og intellektuell trening som har forblitt leiarar i klassen. Vi kan likevel ikkje a priori fråskrive intellektuelle utanfor klassen eitkvart positivt bidrag til utviklinga av 'arbeidarkultur' i vår meining. Det gjeld ikkje minst i spørsmålet om musikk.

Liksom borgarskapet har klassemedvitne arbeidarar hatt ønske om å strekke den kulturelle innflytnaden ut over grensene for klassen. Og liksom andre delkulturar vil arbeidarkultur måtte innehalde eindel tenke- og handlemåtar som strengt tatt er felles med ei rekke andre grupper. Men er det då arbeidarkultur? Ja, dersom tenke- og handlemåtane let seg sameine med arbeidarperspektivet, og (i fyrste tilfellet) dersom grupper utanfor klassen stiller seg solidariske med arbeidarklassen, dvs. legg same perspektiv til grunn.

Med det er ikkje sagt at alt som kallar seg "arbeidarrørsle", "arbeidarparti" e.l. skal gå skotfri i ei kritisk analyse av den historiske utviklinga av (og den nåverande tilstanden for) arbeidarkulturen. Tvert om. Eit vesentleg spørsmål i dag er i kva omfang strevet etter klassemedvit og arbeidarkultur er forlatt av arbeidarorganisasjonane, kva det er erstatta med, og kvifor. Med det i mente skal vi nå vende attende til omgrepet 'arbeidarmusikk'.

(Innhald)

7. Arbeidarmusikken - og kampen om identiteten.

'Arbeidarmusikk' er altså delmengd av 'arbeidarane sin musikk', all musikk arbeidarar omgjev seg med. I tillegg krev Svend Nielsen at arbeidarar nyttar desse musikalske elementa "som et aktivt redskab i deres hverdag". Ut frå resonnementet i føregåande avsnitt blir dette ein for upresis definisjon av 'arbeidarmusikk'. (Kva tyder forresten "aktivt redskab" og "hverdag"? At 'arbeidarsang/musikk' ikkje kan nyttast til rekreasjon? Til fest og helg (kva med 1. mai)? Høyrer arbeidssangen med, men ikkje dansemusikken?) Mot dette stillast her kriteriet: At komposisjonen må kunne innordnast i, og blir oppfatta - av arbeidarar - som uttrykk for, eit arbeidarklasseperspektiv (slik dette er forklart tidlegare).

For å gripe attende til avsnitt 3: Forholdet menneske - lydforløp utspelar seg i ei omgivnadsmessig og kontekstuell ramme, som saman med subjektet sitt medvit om den historiske/samfunnsmessige ramma påverkar forholdet. Sagt meir innfløkt: Innfallsvinkelen til (og utvalet frå) det totale moglege tolkingsuniverset eit lydforløp kan gje opphav til - og såleis klassifiseringa av lydforløpet (som t.d. 'arbeidarmusikk') - styrast av kva situasjon(ar) og kontekst subjektet veit eller trur lydforløpet har opptrådt i.

På dette viset er det både mogleg og forklarleg at eitt og same lydforløp i skilde samanhengar, eller av ulike subjekt, kan bli klassifisert både som 'arbeidarmusikk' og som 'ikkje-arbeidarmusikk'. For forskaren tyder dette berre at omgrepet 'arbeidarmusikk' blir historisert og må knytast til tid, stad og personar/gruppe for å vera presist: Det som var 'arbeidarmusikk' for Arbeiderparti-medlemer i Trondheim 1914, treng ikkje ha vore det i 1912, eller ha vore det for, la oss seia, kommunistar i Uppsala 1936. Korvidt det likevel var det, er eit empirisk spørsmål - som ikkje er avgjerande for om Arbeiderparti-medlemene 1914 "hadde rett".

Men blir då klassifiseringa berre eit spørsmål om subjektive innfall? Kan Wagner og Schönberg utan vidare bli 'arbeidarmusikk', berre ein arbeidar - eller ein sosialdemokratisk partileiar - finn det for godt? I røynda skjer det ein kamp om musikken, ein kamp om identitet og perspektiv, der heller ikkje eigenskapane ved lydforløpa er heilt uviktige. Eg skal avslutte med å illustrere dette ved å trekke fram fire moglege tilfang av 'arbeidarmusikk':

a) Kontrafaktur/parodi

Det fyrste som slår ein i studiet av musikkpraksis knytt til strevet for arbeidaridentitet og arbeidarkultur, er det store innslaget av melodilån (som t.d. Bohman og Kurkela òg er inne på; sjå dessutan Lammel 1970:18ff). To faktorar står sentralt i forklaringa av dette:
 
1) Relativ mangel på musikkspesialistar.

2) Behov for rask utbreiing av sangen.


Sangar som t.d. "Arbeidsmannen" ("Zu Mantua in Banden"), "The Red Flag" ("O Tannenbaum") eller "Gryr i Norden" ("Marseillaisen") klassifiserast utan store problem som arbeidardikting, men er dei difor arbeidarmusikk? For dei som i fyrste rekke knyter melodien til ein tekstversjon prega av arbeidarperspektiv, vil melodien gjerne oppfattast som klassespesifikk, iallfall på symbolplan. Men denne statusen er relativ, og til ein viss grad forgjengeleg. (Sjå elles t.d. Lloyd 1975:356 om korleis melodilån kan skape usemje.)

Dersom melodilånet skulle lette utbreiinga, måtte jo melodien vera kjend frå før, og såleis gjerne tilknytt eit anna perspektiv enn arbeidarane sitt. Å lage ny tekst innebar eit forsøk på å "erobre" melodien. Men ei slik erobring kan òg mislukkast, evt. gå tapt (som Bohman indirekte syner (1983)): Den eldre versjonen kan vinne att dominansen blant arbeidarane, eller i det minste avgrense det kulturelle sjølvstendet (som vi kjem attende til under b)). Eller ein ny versjon med anna innhald kan innta arenaen til fortrengsel for arbeidarversjonen. Denne kampen om melodiane er særleg tydeleg i samband med parodi (i snevrare meining), som medvite og uttrykkeleg både dreg fordel av og markerer seg mot den føregåande versjonen ved å innarbeide drag frå denne på t.d. ein latterleggjerande måte: Det skal bli vanskelegare for forgjengaren å vinne att tapt terreng blant publikum. (Blant arbeidarsangar som har blitt utsette for "erobring" er t.d. Hanns Eislers "Roter Wedding", som av tyske nazistar vart omskriven til "Brauner Wedding".)

Men melodien har konkrete eigenskapar som gjer han til meir enn eit nøytralt erobringsobjekt som ber vimpelen til siste erobrar. Kvart lydforløp har sitt moglege tolkingsunivers som teksta - avhengig av erfaringa hjå publikum - aktualiserer visse sider av, og utnytter på ein meir eller mindre "god" måte (etter publikums vurdering). Utfallet av kampen påverkast difor òg av kven av versjonane som i det aktuelle publikum sine øyre gjer "best"/mest effektiv bruk av eigenskapane ved melodien (t.d. rytmen).

Omvendt kan vi historisk sjå stilistiske tendensar i utvalet av melodiar/musikk arbeidarar har nytta til kontrafaktur og parodi (dette er delvis kartlagt for tysk arbeidarsang sitt vedkomande, sjå t.d. Lammel 1970:18ff). Bak tendensen til stort innslag av marsj-melodiar kan ligge medvitne bodskap på fleire plan: Ønske om høgreist og disiplinert haldning blant arbeidarane; erkjenning av gata som elementært forum for kontakt og maktdemonstrasjon; overført meining/symbolikk om å vera "på marsj mot framtida, mot eit nytt samfunn", o.l.

Ønske om konkrete eigenskapar ved musikken, saman med kampen om identiteten og det kulturelle sjølvstendet, har - innan ramma for det tenkelege og gjennomførlege - gjeve retning til utviklinga av neste hovudgruppe:

b) Sangar til eigne melodiar.

Her har framleis teksta ei viktig rolle i å etablere melodien som arbeidarmusikk. Intensjonen bak komponeringa spelar mindre rolle, noko vi kan sjå av historiske døme som "Socialisternes March" (jfr. Ebbesen 1979:117ff): Komponisten, Chr. J. Rasmussen, var katolikk, og hadde opphavleg laga melodien til ein katolsk "lejlighedssang", men overlet han til venen U.P.Overby. Overby var overtydd sosialist, og skreiv til teksta som alt i lanseringsåret 1871 gjorde sangen til eit samlingssymbol for klassemedvitne arbeidarar. At melodien var mest ukjend frå før synest her ha vore positivt, samstundes som melodien sto godt til tekstinnhaldet. Som Lammel (1970:19) seier: "Der Wirkungsgrad eines Arbeiterliedes hing wesentlich von der gewählten Melodie ab".

Medvite forsøk på utforming av "klassespesifikke" melodiar finn vi framfor alt hjå den tyske komponisten Hanns Eisler (1898-1962), som etter brotet med læraren Schönberg i 1925 søkte kontakt med den kommunistiske arbeidarrørsla i Berlin, og nytta særleg åra 1928-1933 til å eksperimentere fram ein type "Kampflieder" der dei stilistiske verkemidla var særs nøye utvalde for å tene arbeidarklassens kamp i samtida. (Blant dei mest utbreidde kan nemnast "Solidaritätslied", lansert i arbeidarfilmen "Kuhle Wampe" 1932. Sjå elles Elsner 1964, Betz 1976 o.a.). Men som nemnt ovanfor: Heller ikkje Eisler sine melodiar var "immune" mot parodi.

Særeigne stildrag kan såleis ikkje garantere ein melodi tilvere som arbeidarmusikk for evig og alltid. Men graden av musikalsk sjølvstende har utan tvil hatt innverknad på sjølvtillit og stoltheit hjå arbeidarane (jfr. Ebbesen 1979:125).

Når arbeidarrørsla har søkt å bygge ut eit sangrepertoar med eigne melodiar, er dette likevel ein tvetydig sak: At rørsla bygger ut sin eigen "leir"-kultur medfører ikkje automatisk at denne kulturen er bygd på styrking av klasse-medvitet. Den sosialdemokratiske arbeidarrørsla kan t.d. oppvise eigenmelodiar som er tekstmessig tvetydige i spørsmålet om klassemedvit - jfr. delar av Paasche Aasens/Jolly Kramer Johansens produksjon for Det norske arbeidarparti. I ettertid har den aktive sosialdemokratiske "leir"-kulturen i tillegg kome i skuggen av statleg kulturpolitikk, "kunsten" - uansett perspektiv - skulle ut til "folket", og bildet av "arbeidarkulturen" er blitt folklorisert ("Det var da, det, og itte nå").

c) Arbeidssangar, eigen bruksmusikk

Her er det snakk om musikk som ikkje ved hjelp av tekst er åpenlyst retta inn på å vekke klassemedvit, men som i bruk er knytt til t.d. særskilte arbeidaryrke eller lokale arbeidarmiljø. Slik musikk - irekna Svend Nielsens undersøkingsobjekt - er potensielt, men ikkje ubetinga, arbeidarmusikk i den tydinga vi har kome fram til. Situasjonen vil ha mykje å seia for om musikk tilknytt ein delkultur innan klassen vil bidra til å styrke eller svekke klassemedvitet, til å samle eller kløyve klassen. Dersom t.d. undertrykking av arbeidarane (som arbeidarar) òg råkar musikkverksemd og musikk dei omgjev seg med, vil denne musikken/verksemda - uendra - kunne få ei ladning av protest mot undertrykkinga av arbeidarar allmennt: Opplevde grenser er som før nemnd produkt av konfrontasjon, og kan viskast tilsvarande ut av naudsynt allianse/solidaritet.

Nå er direkte undertrykking av musikkverksemd ikkje særleg kjend i norsk (nordisk?) arbeidarhistorie (meir kjende døme kan hentast frå Tyskland 1878-90 og 1933-45). Musikkverksemda blant arbeidarar har derimot lenge bore preg av at klassen er økonomisk undertrykt - har dårleg råd - og manglar pengane og livsstilen som skulle til for evt. å kunne kopiere genrar og stil frå borgarskapet. Denne skilnaden treng ikkje i seg sjølv vekke klasseidentitet, men kan - når blikket for klassemotsetnadene fyrst er vekt - inngå som byggestein i arbeidaridentiteten, og gje sjølv perifere "fattigkultur"-drag ei arbeidarkulturell ladning ("Det er kanhende ikkje "kultivert", men det er vårt").

Her er plassen for nokre ord om kor- og korpsverksemda, som har stått så sentralt i arbeidarrørsla. Er ikkje desse i høgste grad borgarlege genre, sprungne ut av borgarleg-nasjonal mannskorrørsle og militærmusikk? Nå har vi før (om melodiar) argumentert for at kulturtilknytning er relativ, ikkje absolutt. Det er ingen grunn til å undre seg over at arbeidarar tek i bruk kollektive musiseringsformer, og ønsker å meistre meir komplisert musikk - det har òg med sjølvtillit og eit betre liv å gjera. Det ein kan undre seg over, er i kor liten grad arbeidarrørsla har vore kritisk til kva "nisser" dei har fått med på lasset, m.a. i form av repertoarkonvensjonar, konsertvesen, apolitisk foreiningsdyrking - tradisjonar som i nokon grad må forventast å reprodusere haldningar og samhandlingsformer av det slaget det borgarlege samfunnet bygger på. Eit studium av verksemda avdekker motstridande tendensar (jfr. Brekke 1980:226ff):

Kor (og korps) i norsk arbeidarrørsle har gjerne hatt eit to-delt repertoar - ein del for agitasjon ("arbeidarsangane"), ein del for konsert/underhaldning (fellesrepertoar med borgarlege/apolitiske kor og korps). Dette mønsteret synest - med visse nyanseringar - å gå att i ei rekke europeiske land i fyrste del av dette århundret (framfor alt i Deutsche Arbeiter-Sängerbund, som med sine ca. 420.000 (aktive og passive) medlemer på det meste, dominerte sterkt innanfor arbeidarsangarinternasjonalen IDAS ca. 1927-33 - før Hitler).

I diskusjonen om formålet med arbeidarkora skin såvel strategiske som identitetsmessige motsetnader igjenom: Skulle dei bidra til klassemessig agitasjon, eller skulle dei "bringe kunsten ut til folket"? I ettertid har den seinare lina fått dominere, og somme arbeidarveteranar frå Trondheim meiner i dag at det einaste som skil attlevande arbeidarkor frå dei tradisjonelt borgarlege er - namnet. Men kan vi av det slutte at kor og korps var uforlikelege med arbeidarkultur, og eitslag trojanske hestar i arbeidarrørsla? I så fall ville vi berre ta opp att den unyanserte vurderinga av musiseringsformene, men med motsett forteikn. Diskusjonen om konkrete vilkår og sjansar for 'omfunksjonering' (Eisler) er ennå komen kort.

d) Instrumental arbeidarmusikk (målretta komponert)

Under føregåande punkt nemnde eg at delar av 'arbeidarane sin musikk' i visse situasjonar kunne få ei ladning som gjorde han til 'arbeidarmusikk'. Allmennt synest dette ha vore eit vanskeleg og lite utvikla felt i strevet for å etablere arbeidarklassens kultur.

Sjølv i Tyskland 1928-33, der vi kan studere eitt av verdshistorias mest medvitne og uttrykkeleg ordlagte forsøk på å gjera musikk til eit slagkraftig våpen i klassekampen, synest den reine instrumentalmusikken ha spela ei underordna rolle kvalitativt sett (Ebert-Obermeier 1971:234ff): Det instrumentale repertoaret hadde der òg si hovudtyngd i arrangerte arbeidarsangar; ein mindre del utgjordest av programmusikk der titelen synte tilknytninga (jfr. arbeidarmandolinistforbundet). Traude Ebert-Obermeier kommenterer dette slik i oppsummeringa:
 

"Ved skapinga av den proletariske musikkulturen har proletkultistisk /les: avvisande; JEB/ framferd andsynes dei meir utvikla instrumentalmusikkgenre si årsak i følgjande vanske: å måtte stille spørsmålsteikn ved den borgarlege instrumentalmusikken som bestanddel av den kapitalistiske overbygninga, og samstundes ved overtaking av dei positive draga hans utvikle ein ny klassespesifikk instrumentalmusikk. Dette problemet vart ikkje løyst av komponistane i Kampfgemeinschaft der Arbeitermusiker. Berre Hanns Eisler nådde i desse åra med sine ord-, bilde- eller handlingsbundne komposisjonar ein ny kvalitet ved instrumentalmusikken, og skapte såleis ein kampmusikk som kan tene som forbilde." (Ibid:248; omsett av JEB.)


Om komposisjonane til Hanns Eisler ser ut til å ha hatt avgrensa innflytnad i norsk (og nordisk?) arbeidarrørsle, representerer dei politisk/analytiske skriftene hans ei utfordring til einkvar som er oppteken av kombinasjonen arbeidarklasse/musikk.

Blant Eisler sine hovudsynspunkt var at arbeidarrørsla måtte endre musikkens hovudfunksjon frå å vera luksus for dei få og rusmiddel for dei mange til å bli ein aktiverande formidlar av innsikt i vilkåra for klassekampen. Av det drog han igjen slutninga at den reine instrumentalmusikken måtte få ei underordna rolle i forhold til anvendt musikk, musikk knytt til ord, bilde, handling (sjå Eisler 1973:160ff, og Günter Mayer i Bjørkvold/Holen 1983:82ff). Ikkje berre fyller musikken samfunnsmessige formål: Musikken tillet dessutan at desse formåla endrast, at musikken omfunksjonerast - slik borgarskapet på si side har teke i bruk komposisjonar av t.d. Orlando di Lasso, Bach eller Beethoven for andre formål enn dei opphavlege.

I Eislers program for "total omfunksjonering av musikken" inngjekk òg ei endring av komponistrolla: Framfor å markere seg som personlegdom med særprega stil skulle komponisten gjera teneste som ein spesialist som meistra fleire skrivemåtar, og som var i stand til å bryte opp fordummande klisjear (som bidrog til å blokkere innsikt).

(Innhald)

8. Kort oppsummering

I denne artikkelen har eg drøfta kva som "fornuftigvis" kan leggjast i omgrepet 'arbeidarmusikk', dersom dette skal kunne hjelpe oss til betre å analysere musikkverksemda i arbeidarrørsla og blant arbeidarar elles. I innsirklinga av omgrepet har eg lagt vekt på tre hovudpunkt:
 
1. 'Arbeidarmusikk' må innebera at dei aktuelle lydforløpa er knytte til, dvs. kan oppfattast som ytringar av, ein arbeidaridentitet (-perspektiv, -klassemedvit) til skilnad frå perspektiv dominert av nokon annan identitet (t.d. bedrift, yrke, lokalsamfunn, nasjon e.l.)

2. Denne tilknytninga er relativ, avhengig av såvel situasjon og kontekst som av stilmessige kjenneteikn. (Ein lånt melodi kan såleis innan visse grenser - på grunnlag av kontekst (ord/bilde/handling) eller situasjon - fungere som 'arbeidarmusikk'.)

3. 'Arbeidarmusikk' er alltid 'arbeidarmusikk' for eit bestemt publikum. ('Arbeidarmusikk'-funksjonen for dette publikumet blir ikkje oppheva av at same lydforløp fungerer annleis for eit anna publikum.)


Arbeidarmusikk - finst det? Historia svarer eit betinga 'ja', framtida har ennå ikkje uttalt seg.

(Innhald)

Litteratur


(Tilbake til toppen)