Om nokre kjenneteikn ved arbeidarkorrørsla i Noreg

Av Jon Egil Brekke
(Trykt i Studia Musicologica Norvegica 8, Universitetsforlaget 1983, ISSN 0332-5024, s. 125-141.)


Det fyrste arbeidarkoret i Trondheim
Kjenneteikn ved arbeidarkora i Noreg
Litt om den kvantitative utviklinga av arbeidarkorrørsla
Arbeidarkorrepertoaret: Samansetjing og kjelder
Korformål og kultursyn
Kor viktig var partitilknytninga?
Oppsummering
Litteraturliste

Tradisjonell musikkhistorisk framstilling konsentrerer seg gjerne om komponistar og verk, eit forsåvidt rimeleg utgangspunkt så lenge ein vil nøye seg med å registrere resultata av den musikalske utviklinga, uttrykt i musikalske produkt. Dette er like fullt ei snever oppfatting av omgrepet 'musikkhistorie'. I seinare år har den noko einsidige prioriteringa av forskingsinnsats på musikkens "indre" tilhøve byrja bli retta opp, det har kome ei aukande mengd arbeid som saumfer sider ved musikkens "ytre" tilhøve, samspelet musik - omgivnad, musikken sine samfunnsmessige funksjonar (og korleis desse kan verke attende på retninga i den musikalske produksjonen). Under dette har ein òg løfta blikket frå dei mest framståande 'seriøse' komponistane (og den 'eldste' folkemusikken), og byrja ta eit oversyn over musikklivet som heilskap, slik at andre forskingsverdige objekt har nådd innanfor synsranda. Fagdisiplinar som musikksosiologi, emnefelt som populærmusikkforsking har kome for å bli, og det finst tilløp til musikksosialhistorie.

Den tradisjonelle musikkhistoriske forskinga kunne lett skape inntrykk av at musikken var ei eiga verd utan direkte samanheng med folk sin aktive innsats for å endre samfunnet, dvs. politikk. For å undersøke tilhøvet mellom musikk og samfunn, og meir særskilt tilhøvet mellom musikk og politikk, kjem ein vanskeleg utanom ei undersøking av det eg vil kalle 'musikalske masserørsler'. Med dette meinast samanhengar der større antal menneske blir dregne med i same type musikalsk verksemd, gjerne med eit overordna ideologisk tilsnitt (sjølv om dette ikkje alltid treng vera like klart uttalt). I omgrepet 'rørsle' ligg det eit utviklingsaspekt, ei rørsle er ikkje statisk i deltakartal eller i nyansane i verksemda. Dei fleste rørsler vil før eller seinare gje seg uttrykk i ein organisasjon (eller fleire), men dette er ingen føresetnad for bruk av omgrepet.

Både på 1800- og 1900-talet har det i Noreg funnest musikalske masserørsler av ymse slag. Eit opplagt døme er den borgarleg-nasjonale mannskorrørsla under leiing av m.a. Johan Didrik Behrens frå rundt 1850 av. Sjølv har eg samla merksemda om ei noko ferskare rørsle, arbeidarkorrørsla i Noreg. I hovudfagsoppgåva "Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor og Fagforeningenes Mannskor, Trondheim. Bidrag til ein karakteristikk av den norske arbeidarkorrørsla" (denne artikkelen bygger på konklusjonen derifrå) har eg prøvd å teikne ei skisse av den norske arbeidarkorrørsla, slik ho har utvikla seg frå dei fyrste spede spirene i førre århundret og opp til 1980, med hovudfokus på arbeidarkora i Trondheim.

Materialet som ligg til grunn for denne skissa er henta dels frå det fyrste arbeidarkoret i Trondheim, "tvillingkoret" Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor/Fagforeningenes Mannskor, Trondheim, dels frå ulike nivå innan det norske arbeidarkorforbundet Norsk Sangerforbund (frå 1949 Norsk Arbeidersangerforbund). Ytre samanlikningsgrunnlag er henta m.a. frå norsk borgarleg korrørsle, men òg frå tysk arbeidarkorrørsle og frå den nye politisk venstreorienterte korrørsla i Noreg på 1970-talet. (For nøyare oversyn og vurdering av materialet syner eg til hovudfagsoppgåva.)

Det materialet eg har gått igjennom må sjåast på som ufullstendig, og delvis tilfeldig. Det finst ennå mengder materiale om arbeidarkorrørsla i Noreg lagra dels usystematisk i arkiv, bibliotek og organisasjonar, dels privat hjå medlemer og slektningar av dei som var medlemer. Det kan ikkje utelukkast at ein del av vurderingane mine vil bli motsagde av slikt materiale. Materialet synest likevel å peike på klare tendensar når det gjeld dei store linene i utviklinga av den norske arbeidarkorrørsla.

Det fyrste arbeidarkoret i Trondheim

Ein kan diskutere kvar ein skal setja grensa mellom arbeidarkor og andre kor - dette har litt å seia for kva som skal kallast det fyrste arbeidarkoret i Trondheim. Var det det fyrste koret der arbeidarar utgjorde fleirtalet av medlemsstokken? Var det det fyrste koret i tilknytning til ein organisasjon som sa seg vera for arbeidarar (t.d. Trondhjems Arbeiderforening, stifta 1850, med sangkor frå 1870)? Eg har vald å slutte meg til det som synest vera typisk bruk av omgrepet innanfor arbeidarrørsla: Med 'arbeidarkor' meinast ikkje berre at fleirtalet av medlemene er arbeidarar, men òg at koret (og medlemene) er knytt til eit arbeidarparti (DNA, NKP) eller til fagrørsla, evt. andre organisasjonar i denne arbeidarrørsla, og at det inngår i koret sitt formål å stø opp om arbeidarrørsla. Arbeidarkor har med andre ord ein uttalt politisk dimensjon i tillegg til den musikalske/kulturelle og den sosiale/kameratskapsmessige.

Med dette utgangspunktet kan ein slå fast at det fyrste eigentlege arbeidarkoret i Trondheim vart stifta 12/9-1901. Dette koret, som frå fyrst av hadde namnet De samvirkende fag- og arbeiderforeningers sangkor, skifta alt året etter namn til Fagforeningenes Sangkor, og frå 1904 heiter det Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor. Koret vart danna på bakgrunn av at sangkoret til handverkssvennane hadde avslege å synge arbeidarsangar ved arrangementet 1. mai 1901. Det trongst eit kor som kunne og ville ta på seg slike oppdrag. Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor (TAS) kom til å assistere mykje ved parti- og fagforeiningsarrangement, og koret stilte som krav at medlemene var parti- eller fagorganiserte.

Den lokale arbeidarpartiavisa Ny Tid gjev 12/9-1921 ei interessant oppsummering av koret sine fyrste 20 år:

".. Det varte ikke længe før den nye sangetrop fik en mængde henvendelser om at assistere ved møter og fester. Og koret blev snart et vigtig led i partilivet. Under Gustav Christiansens dygtige og kameratslige ledelse la koret særlig an på at være et arbeiderkor. Ved alle anledninger inden partiet hvor det rigtig skulde være fest, var det særlig sangkoret som bragte feststemningen, først og fremst ved at synge arbeidersangene, og for den som var med den gang vil det stå som et herlig minde, da sangkoret åpnet nytårsfesten med "Den var vor denne jord" eller under valgkampen marsjerte ind i lokalet med "Snart dages det brødre" eller den vidunderlige kveld i Småbergene da det med Christiansen som solist sang valgsangen "Du må ikke svigte din pligt, kamerat" mens høstskumringen seg over byen, eller når det på valgaftenen lot byens gater gjenlyde av "Op alle jordens bundne trælle". Men også ved sit gode sangerhumør var sangerne det livgivende element. Ikke bare hjemme i byen, men i byer og bygder rundt om i Trøndelag har arbeidersangerne deltat i stevner og holdt konserter og tolket i sang både alvor og gammen det arbeidende folks længsler og håb om utvikling og frihet.

Senere blev lærer Mikal Svendsen korets instruktør. Hans ledelse var likesom en ny fase ikorets utvikling, idet det fik nytte av hans gjenemmusikalske forstaaelse og fine smak. Koret fik nu ærgjerrighet til at være mer end blot og bart et agitationskorps, det begyndte at ta fat på større opgaver end de almindelige arbeidersanger. Denne utvikling har fortsat under ledelse av Hans Johnsen, som blev korets instruktør da Svendsen var ansat som organist i Bakke kirke og hadde vanskelig for at fortsætte som instruktør. Hr. Johnsen har hat en lykkelig evne til at bevare koret som arbeidersangkor og samtidig sætte sig høie mål både ved valg av repertoire og utførelse. Det har lyktes ham ved energisk arbeide og fornuftig ledelse at bringe koret frem til en plads som holder mål med hvilket som helst andet amatørkor, og det i en tid da det synes som interessen for den gode gamle mandssang er liten, en plads som, trods man er tilbøielig til at se på dette kor med snobbete øine, skal være vanskelig et negte det. Det antar vi også vil vise sig i den konsert som gives i Frimurerlogen imorgen aften.

Når nu koret feirer sin 20-årsdag, er det mange som følger disse festligheter og mindes hele arbeiderklassens kamp og fremgang gjennem disse år. Og glemmer ikke Trondhjems arbeiderpartis sangkors indsats."

Dette utdraget av ein konsentrert jubileumsomtale er interessant både som beretning om verksemda til koret, og som ei levning som fortel korleis folk i arbeidarrørsla lokalt oppfatta koret, kva dei såg på som vesentleg ved den verksemda koret dreiv. Særleg kom motsetninga mellom "agitationskorpset" og "større oppgaver" etter kvart til å få mykje å seia for utviklinga av arbeidarkorrørsla som heilskap, noko eg skal gå nærare inn på i seinare avsnitt.

Striden om Moskva-tesane førde til kløyvingar i Det norske arbeiderparti i 1921 (Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti vart ståande utanfor då DNA gjekk inn i Komintern) og i 1923 (Norges Kommunistiske Parti vart ståande i Komintern då DNA gjekk ut att). Den siste kløyvinga, der NKP kom i fleirtal i Trondheim (og såleis vart heitande Trondhjems Arbeiderparti av NKP), førde òg til kløyving i arbeidarkoret TAS. Eit fleirtal av medlemene i koret gjorde vedtak om 'namneendring' til Fagforeningenes Mannskor, medan mindretalet (visstnok med vedtektene i ryggen) opprettheldt TAS. Det fyrste arbeidarkoret i Trondheim vart såleis til to kor i januar 1924: TAS var partikoret til NKP, Fagforeningenes Mannskor (FM) følgde DNA.

Tilhøvet mellom dei to kora etter kløyvinga blir av Rolf Boye Olsen frå TAS (intervju) karakterisert som "væpnet fred". Motsetningstilhøvet kom sjeldan direkte til uttrykk. Men eitt ømtåleg spørsmål kunne vera kven av dei som representerte kontinuiteten av det gamle koret. Dessutan baud tilhøvet til arbeidarkorforbundet Norsk Sangerforbund (NSF) på problem over eit drygt tiår.

Norsk Sangerforbund vart stifta 1. mai 1908, og TAS vart innmeld frå 14. november same året, som fyrste kor utanfor Kristiania. Denne medlemskapen vara i fyrste omgang berre til 1912. Årsaka til at koret meldte seg ut att

"vites ikke bestemt, men formentlig var den at forbundet i altfor høi grad i de første år var et forbund bestående av kor i og omkring Oslo." (Arbeider-Avisen 7/8-1930)

Hausten 1924 melder Fagforeningenes Mannskor (Trondheim) seg inn, medan Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor blir ståande utanfor. Når FM i 1929 tek initiativet til danning av distriktsforbund innanfor NSF - Trøndelag Arbeiderkorforbund (TAKF) - er TAS med ved stiftinga, men går straks etter ut att. Fyrst i 1936 blir NKP-kora i Trondheim med i NSF og TAKF. Ifølgje intervjupersonane frå TAS ønskte desse kora heile tida å vera med i NSF, men vart hindra av partimessige motsetnader. Fyrst i 1936, då NKP trekte lister ovr heile landet til føremon for DNA, vart desse kora sedde på som tilstrekkeleg stovereine.

Underleg er det difor at motsetnadene i så liten grad kjem til uttrykk på det kunstnarlege/ repertoarmessige området. TAS og FM syner i det heile ei svært parallell utvikling fram til 2. verdskrig, med det eine unntaket at TAS har ein meir uttalt skepsis mot å synge i kyrkja, og følgjeleg eit mindre innslag av religiøse sangar på repertoaret (sjølv i gravferd song dei gjerne gjendikta russiske arbeidarsangar som "Vi ærer de døde" og "Russisk sørgemarsj", men religiøse sangar vart òg sunge). Nærare vurdering av repertoaret og utviklinga av dette kjem eg attende til lenger ut, då som illustrasjon til utviklinga av arbeidarkorrørsla allment. Det same gjeld m.a. den reint talmessige utviklinga, og eventuelle årsaker til opp- og nedgang for arbeidarkorrørsla. Utviklinga til TAS og FM syner her stor parallellitet til det ein kan lesa av materiale om TAKF og NSF. Eg finn det difor naturleg nå å gå over på ei meir allmenn framstilling, etter denne lokale innleiinga.

Kjenneteikn ved arbeidarkora i Noreg

Arbeidarkor er ei svært tidleg form for arbeidarorganisering. I Noreg, såvel som i land som Tyskland, Frankrike, Danmark, Sverige, går opprettinga av arbeidarkor til agitasjonsbruk parallelt med oppretting av fag- og politiske foreiningar. Dei fyrste arbeidarkora i Noreg oppstod med Marcus Thrane-rørsla rundt 1850, og forsvann då rørsla vart slegen ned. Arbeidarkor oppstår på nytt frå slutten av 1880-talet, saman med den endelege framvoksteren av fagleg og politisk arbeidarrørsle i Noreg.

Arbeidarkorrørsla er i dobbel meining 'sprungen ut av' den borgarleg nasjonale mannskorrørsla i Noreg på 1800- talet, og har overteke mange drag frå denne - t.d. er ein stor del av repertoaret sams. Innan den borgarlege korrørsla oppstod fleire overgangsformer til arbeidarkora: Bedriftskor, yrkeskor, kor tilknytt dei borgarleg kontrollerte arbeidarsamfunna. Men framvoksteren av politisk arbeidarrørsle kravde sjølvstende og distansering frå borgarskapet og den borgarlege korrørsla. (Opprettinga av TAS illustrerer dette.)

'Arbeidarkor' vil difor i Noreg normalt seia kor i tilknytning til fagforeining eller arbeidarparti, at alle medlemene er parti- eller fagorganiserte, og at det store fleirtalet er arbeidarar. Norsk Sangerforbund organiserte frå starten av berre slike kor, og sjølv om medlemsvilkåra er lempa på i seinare år, har kor av parti- og fagforeiningsmedlemer utgjort det store fleirtalet i NSF, og det er slike kor denne artikkelen i fyrste rekke omhandlar.

Blant dei behova i arbeidarrørsla som arbeidarkora skulle bidra til å dekke, var

  • behovet for særskilt klasseorganisering
  • behovet for agitasjon (med særskilte arbeidarsangar)
  • behovet for heving av det kulturelle nivået i arbeidarklassen
  • behovet for høgare former for musikkutøving enn fellessangen gav, og for underhaldning på møte o.l.

Samstundes som arbeidarkoret bidrog til å løyse politiske og kulturelle oppgåver for arbeidarrørsla, var koret ein sosial møtestad. Arbeidarkoret arrangerte gjerne tilstellingar, utflukter o.l. for medlemene. Kameratskap og samhald var ein vesentleg del av miljøet i eit arbeidarkor - i tillegg til at ein her fekk synge fleirstemt og drive politikk i same andedrag.

Dei norske arbeidarkora har ikkje opplevd nokon særleg grad av politisk forfølgjing, i motsetnad til t.d. dei tyske. Grensene for verksemda til kora har her i langt større grad vore gjevne av økonomiske og kulturelle faktorar, og av kor klart kora såg kva dei kunne utrette (kultursyn, ideologiske/politiske faktorar). Arbeidarkora hadde jamtover trong økonomi, og måtte samstundes leige dirigentar. Både dirigentar og komponistar for arbeidarkorrørsla høyrer stort sett til det lågare skiktet av musikk-'spesialistar' (lærarar, handverkarar, somme arbeidarar - ofte sjølvlærte; sjeldnare musikarar eller særskilt utdanna folk).

Arbeidarkora opptrådde på parti- og fagforeiningsmøte, på massemøte og arbeidarstemne (1. mai, under valkamp o.l.). Men kora byrja dessutan tidleg å halde konsertar, framføre underhaldningsprogram, opptrå ved festlege høve m.m.

Litt om den kvantitative utviklinga av arbeidarkorrørsla

Fram til 1907 synest arbeidarkora i Noreg å ha vore nokså få og spreidde. Hovudtyngda fanst på austlandet. Ved det fyrste "landsstemnet" for arbeidarkor, i Kristiania 1907, tok fem Kristiania-kor og fire andre kor frå Oslofjorden (Fredrikstad, Sarpsborg, Drammen og Horten) del.

Norsk Sangerforbund oppstod som eit etterspel til dette stemnet. I det følgjande vil eg ta for meg utviklinga i medlemstalet i NSF. Ein må då ha i mente at det iallfall til ut på 1930-talet truleg fanst ei rekke arbeidarkor som ennå ikkje var tilslutta NSF. (Då Fagforeningenes Mannskor, Trondheim, gjekk inn i NSF hausten 1924, var dei nok ein gang fyrste medlemskor nordafjells.)

Etter stiftinga 1908 ligg medlemstalet nokre år rundt 3-400, til NSF i åra 1916-21 opplever den fyrste store oppgangen, frå omlag 400 medlemer til over 1000 medlemer og 26 medlemskor (medlemsoppgangen omfatta så godt som inga kor på vestlandet eller nord for Dovre). På 1920-talet auka talet på medlemskor noko, men det samla medlemstalet er nokså stilleståande i denne perioden. Fyrst på 1930-talet opplever arbeidarkorrørsla ei ny stor oppgang: Frå omlag 50 medlemskor og 1500 medlemer i 1932, til vel 98 medlemskor og omlag 3300 medlemer i 1938.

Under okkupasjonen 1940-45 må ein del av arbeidarkora leggja ned verksemda heilt eller delvis. NSF reknar likevel at omlag 2/3 av alle medlemskora var i ei eller anna form for verksemd under krigen. Dei fungerande kora opplever av fleire grunnar stor tilstrøyming: Inndraging av radioane gjer at mange søker andre kjelder for musikk. Arbeidarkora er dessutan mange stader den einaste legale ikkje-nazifiserte arbeidarorganisasjonen. I 1945 er det registrerte medlemstalet i NSF oppe i 5000, og i 1946 noterast det høgaste medlemstalet NSF nokon gong har hatt: 6522. (På slutten av og like etter krigen vart det danna mange bedriftskor som gjekk inn i NSF/NASF.)

I åra som følgjer fell ein del krigsmedlemer i frå, men talet på medlemskor aukar frå 120 (1946) til det høgaste talet på medlemskor blir nådd i 1952 (154 medlemskor, med 6353 medlemer). I denne tida blir det fleire stader starta barnekor med tanke på seinare rekruttering til arbeidarkora.

Men utetter på 1950-talet inntrår stagnasjon, og trass i at forbundshistoria (Aksel Zachariassen: "Med sang mot felles mål", - dei fleste tala så langt er henta herifrå) noterer 6000 medlemer i samband med jubileumsstemnet 1958, er medlemstalet alt i 1959 nede i 4529 fordelt på 143 kor, ifølgje landsmøteberetninga det året.

1960-talet fører med seg så sterk attergang for arbeidarkora at ein mest må snakke om ei korkrise. Medlemstalet i mange einskildkor fell drastisk, og tendensen til samanslåing av kor (som tek til på 50-talet) blir forsterka. Barnekora syner seg å bøte relativt lite på dette, i Trondheim går tvert om dei to barnekora (Trondheim Pikekor frå 1950, Trondheim Guttekor frå 1959) inn ca. 1964. På landsbasis er attergangen i NASF såpass sterk at forbundet i 1971 er nede i 114 medlemskor og 2933 medlemer (landsmøteberetninga). Årsaker til dette vil bli nemnde lenger ut.

På 1970-talet synest NASF ha stabilisert seg på omlag 100 kor og 2800 medlemer, men gjennomsnittsalderen - særleg i mannskora - er nå blitt så høg at det er fare for ytterlegare attergang på 1980-talet. I somme av kvinnekora (Trondheim) har det vore ei viss nyrekruttering på 1970-talet, yngre folk er komne inn, og utsiktene for dei er såleis noko betre.

Utviklinga i medlemstalet i distriktsforbundet for Trøndelag, Trøndelag Arbeiderkorforbund (TAKF), er stort sett parallell med utviklinga på landsbasis: Sterk oppgang på 1930-talet (frå 4 kor kort tid etter stiftinga 1929, til ein førebels topp i 1937 med 18 medlemskor). 1938 syner ein liten attergang, til 15 medlemskor og omlag 500 medlemer. Under krigen er ei tid heile 7 av medlemskora ute av drift, men somme av dei eksisterande opplever kraftig medlemsauke, og alt i 1945 står 15 kor på ny innmeldt i TAKF, nå med 700 medlemer. Toppen nåast i 1952 med 22 medlemskor og 1000 medlemer.

Men så kjem attergangen: Alt i 1959 er medlemstalet i TAKF nede i 612. I løpet av 1960-talet reduserast det til under 400, og talet på medlemskor stabiliserer seg i 1970-åra på 12, av dei 6 i Trondheim.

Variasjonen i medlemstalet i eit einskildkor kan òg vera av interesse. For einskildkora TAS og FM er utviklinga (så langt eg har funne opplysningar) slik: Frå ein start i 1901 med 20 medlemer voks TAS raskt til rundt 35 medlemer. I perioden 1911-1916 (under dirigenten Mikal Svendsen) fordobla koret medlemstalet sitt, og ved kløyvinga 1924 låg det på vel 70 medlemer. Etter kløyvinga opplever TAS ein kortvarig sving opp i ca. 105 medlemer, medan FM blir liggjande rundt 70-80. Under krigen aukar FM til rundt 100 medlemer (hausten 1946 har koret 105 medemer, men året etter er medlemstalet alt nede i 88 - 'krigsmedlemene' er gått ut). FM ligg så på rundt 80 medlemer fram til 1952. Våren 1953 er medlemstalet nede i omlag 60, der det blir liggjande ei tid. Men i perioden 1961-1967 minkar FM frå 55 medlemer til 22. TAS, som i 1961 hadde omlag 50 medlemer, opplever ei minst like sterk nedgang.

På dette grunnlaget blir det 1967 teke initiativ til samanslåing av FM og TAS. I 1969 er samanslåinga gjennomførd, og det nye felleskoret - som held på namnet Fagforeningenes Mannskor - har frå starten rundt 30 medlemer, då somme har gått ut ved samanslåinga. I 1977 er medlemstalet nede i 22 att, i 1981 18, og gjennomsnittsalderen er rundt 70 år.

Arbeidarkorrepertoaret: Samansetjing og kjelder

Arbeidarkora kom som før nemnt tidleg til å dele funksjonen sin i to: Agitasjon og konsert/underhaldning. Dette førde naturleg nok til at repertoaet òg vart todelt: Til agitasjonsbruk fanst arbeidarsangar, arrangerte eller komponerte for kor. Konsertrepertoaret kan grovt delast i tre grupper: Nasjonale sangar, kyrkjenummer og reine underhaldningsnummer. Å trekke skarpe grenser mellom desse gruppene er vanskeleg; somme sangar høver i meir enn ei gruppe. Repertoaret er elles dominert av kortformer, dvs. verk på opptil 100-120 takter, gjerne strofisk oppbygde (fleire vers med same musikalske forløp).

Arbeidarsangane har funnest både munnleg og skriftleg tradert, men i arbeidarkora er skriftleg tradering det normale (bruk av noter/tekst, sjølv om notelesinga kan vera skral). Dei fleste arbeidarsangane er av den typen Hanns Eisler (komponist i den tyske arbeidarkorrørsla) kallar 'tendenssangar': Sangar for å vekke klassekjensla hjå arbeidarane og få dei til å slutte opp om arbeidarorganisasjonane (Hanns Eisler: Musik und Politik, s. 156f, 212f). Berre unntaksvis forsøker sangane å gå vidare og ta stilling til taktiske spørsmål i klassekampen, slik Eisler etterlyser.

I korsamanheng kan arbeidarsangtradisjonen i Noreg grovt delast i fire grupper, etter kva politisk epoke (og tendens) dei spring ut av innhaldsmessig:

  1. 'Allmenne politiske kampsangar', tradisjonelle tendenssangar, sangar av typen "Gryr i Norden", "Internasjonalen" o.l., frå tida med relativt åpne klassekonfrontasjonar fram til fyrst på 1930-talet.
  2. 'Produksjonsromantiske sangar', sangar om å skape eit nytt samfunn gjennom samhald og produksjon, frå DNA sin offensiv for regjeringsmakt og etablert klassesamarbeid på 1930-talet; tekster for det meste av Arne Paasche Aasen.
  3. 'Allmennt-etiske', dels nostalgiske, sangar retta frå det regjeringsberande DNA til neste generasjon i etterkrigstida; tekster m.a. av Kåre Holt og Dagfinn Rimestad.
  4. 'Konkrete politiske kampsangar' frå den nye politiske radikaliseringa i Noreg på slutten av 1960-talet og utetter på 1970-talet; gjerne henta frå politisk teater, som t.d. svenske Fria Proteatern, teaterstykket Pendlerne o.l. Denne siste gruppa arbeidarsangar har ikkje vore nytta i dei tradisjonelle arbeidarkora, men derimot i den nye politisk venstreorienterte korrørsla (Raudt Kor, Sosialistisk Kor) på 1970-talet.

(NB. Namna på dei fire arbeidarsanggruppene er vilkårleg valde for å antyde tendensen, det vil ikkje seia at dei yter kategoriane full rettferd.)

Mange av arbeidarsangane var importerte, dei fleste av desse frå Danmark, Tyskland, eller Sovjetunionen, men òg somme frå Frankrike, Italia, Austerrike osb. I Noreg var det ofte sentrale leiarar i arbeidarrørsla som stod for såvel omsetjingar som nye arbeidarsangtekster. Musikken til arbeidarsangane kora nytta var ofte skriven (eller arrangert) av arbeidarkordirigentar.

Når arbeidarmusikken i Noreg og andre land berre sjeldan utmerker seg med musikalske nyvinningar (Hanns Eislers musikk høyrer til unntaka), ligg ei av dei viktigaste årsakene i mangelen på musikkspesialistar i arbeidarrørsla. Kjenneteiknet på 'arbeidarmusikk' ligg difor ikkje så mykje i det stilmessige som i (den sosiale/politiske) funksjonen musikkverksemda var tiltenkt. At arbeidarkorrepertoaret vart todelt (agitasjon vs. konsert/underhaldning) kan truleg forklarast slik: Medlemene i eit kor har behov for å utvikle seg musikalsk (sjølv om motivet for å gå med i koret kan ha vore politisk el. sosialt). Arbeidarsangrepertoaret var avgrensa både i mengd og når det galdt musikalske utfordringar - mangelen på musikkspesialistar gjorde at det i liten grad vart komponert korverk som både fylte kravet til idemessig innhald og behovet for musikalsk utfordring og sjølvhevding ("Vi er dugande musikalsk, vi òg"). Nærast opp til slike verk i Noreg kjem truleg kantater komponerte til landsstemne i NSF. Arbeidarkora måtte gripe til 'borgarleg' repertoar for å utvikle/hevde seg musikalsk, noko som òg fekk ideologiske følgjer for kora.

I praksis har arbeidarsangane gjennomgåande vore på vikande front i den norske arbeidarkorrørsla, medan tradisjonelt borgarleg konsertrepertoar etter kvart har kome til å dominere programma. Ein illustrasjon på dette er utviklinga i andelen arbeidarsangar blant fellesnumra på stemne innanfor NSF/NASF: Fram til 1930 er fellesnumra stort sett berre arbeidarsangar, og somme av dei er gjengangarar ("Den var vår, denne jord", "Tend varder"). På 1930- og vidare utetter på 1950-talet trengjer konsertnumra seg inn, og på 1960- og 1970-talet er arbeidarsangane til tider heilt fråverande blant fellesnumra.

Repertoarmessig syner utviklinga at arbeidarkora - som i utgangspunktet la vekt nettopp på å skilje lag med dei borgarlege kora - over lengre tid har vore på glideflukt attende mot denne rørsla. I dag er det få drag som skil dei tradisjonelle arbeidarkora frå den tradisjonelle borgarlege korrørsla. (NASF har likevel pr. 1980 ikkje funne for godt å godta tilbod frå Norsk Landssangerforbund om samanslåing til eitt forbund.)

Ser vi på utviklinga for TAS (NKP-tilknytt) og FM (DNA-orientert), synest hovudskilnaden som nemnt vera at TAS berre unntaksvis song i kyrkja. Etter krigen skal TAS ha nytta arbeidarsangane i større utstrekning en FM. Konsertprogramma deira syner relativt liten skilnad, med unntak for ein periode på 1950-talet, då FM deltok i framføringar av ei rekke større verk (Grieg: Olav Trygvason (operafragmentet), Brahms' Altrapsodi m.m.).

Korformål og kultursyn

Opprettinga av arbeidarkor, og den rolla dei skulle koma til å spela, har samanheng med dei politiske måla for arbeidarrørsla og det rådande kultursynet innanfor denne. Desse kom til å innverke på, for ikkje å seia avgjera, kva formål arbeidarkora hadde til ulike tider.

Den borgarleg-nasjonale mannskorrørsla frå ca. 1850 hadde som formål (uttrykt av framståande talsmenn og stemnegjestar som J.S.Welhaven og Lorentz Dietrichson, jfr. H. Huldt-Nystrøm (red.): Sangerliv (Oslo 1958), bd. I, s. 256, 333) å fremja forståing mellom ulike lag i det norske folket, for slik å bidra til nasjonal einskap. Arbeidarrørsla på si side avviste å spise kirsebær med de store, og hevda at "like barn leker best" (ibid. s. 372). Som undertrykt klasse i kamp for frigjering og betre kår måtte arbeidarklassen utvikle sitt eige kulturelle nivå og sin eigen kultur.

Marcus Thrane reiste tiltak som lærte arbeidsfolk å lesa, skrive og rekne, samt fakta om naturen og samfunnet, for at dei skulle bli aktive demokratar og endre samfunnet. Borgarskapet "avvæpna" institusjonane han oppretta ved å avgrense dei mot ringeakt for gud og øvrigheit.

DNA stilte frå tidleg av krav til utbygging og forbetring av eit skuleverk for alle, og dreiv dessutan organisasjonsmessig skulering. Reformer som t.d. 8-timarsdagen bidrog til å skaffe arbeidsfolk betre høve til å bruke tid og krefter på kulturverksemd. Men korkje DNA eller NKP synest ha utforma noko særskilt kulturprogram før 2. verdskrig - partia konsentrerte seg om økonomiske og politiske krav. I praksis har arbeidarrørsla likevel tilkjent kultur og kunst både eigenverdi og ei rolle i agitasjonen.

Innanfor arbeidarrørsla finst motsetnader i synet på tilhøvet mellom kunst (: diverse kunstformer/kunstverk) og klasser. Ein tendens ser kunsten sjølv som klasselaus, klassespørsmålet ligg i distribusjonen av kunsten: "Kunsten ut til folket". Saman med dette synet opptrår òg ønsket om å skilje kunst og agitasjon: Arbeidarkora skal bringe 'sangen' ut til folk, agitasjonen kan redaktørane ta seg av.

Samstundes finst tendensen som ser kunsten som eit middel til "å få andre til å se en ting slik /kunstneren/ selv ser det" - dvs. som eit middel i agitasjon. Dette synet ligg t.d. til grunn for kravet om at arbeidarkora må synge fleire arbeidarsangar, og det seier indirekte at kunsten innhaldsmessig er klassebunden. (Hjå mange vil ein finne ei eklektisk blanding av desse to syna.)

På 1930-talet kastar DNA mange krefter inn for å bygge ut ein allsidig partikultur. I denne perioden blir det gjeve ut skrifter som prøver å klarleggja arbeidarrørsla sine oppgåver på kulturfeltet, og som gjev konkret vegleiing i bruk av somme kunstformer innan agitasjonen. Her blir det kollektive i arbeidarkulturen stilt opp mot borgarskapet sin individualisme. Musikken blir tillagt eit politisk potensiale i samverknad med andre uttrykksmiddel, og får tildelt klare oppgåver i samband med politiske møte. Arbeidarkora bør brukast, men då må dei synge arbeidarsangar, heiter det frå leiande hald innan DNA.

Arbeidet med litteratur og kunst blir av arbeidarrørsla i denne tida tillagt visse funksjonar, som ser ut til å kunne uttrykkast i følgjande punkt:

  1. Gje kunnskap
  2. Skape sjølvtillit
  3. Drive agitasjon
  4. Gje underhaldning
  5. Skape samhald

Desse fem punkta (som truleg òg gjeld for andre rørsler, såpass allmennt uttrykte) er naturleg nok underordna dei politiske måla rørsla har i sikte, som t.d. å vinne regjeringsmakta, å hindre framvokster av fascisme (DNA på 30- talet).

Eg har funne svært lite materiale om NKP sin kulturpolitikk. Eitt haldepunkt er at NKP sto tilknytt Komintern, som i sin tur var dominert av det sovjetiske kommunistpartiet. Lenin gjekk inn for ein særskilt proletarisk kultur og kunst, men kravde òg at denne skulle bygge på kritisk gjennomgang av dei kulturelle landevinningane frå tidlegare epokar. Ein lokal NKP-leiar som Knut Olai Thornæs synest ha vore ganske vidsynt i kulturspørsmål (Thornæs høyrer m.a. til dei ytterst få nordmenn som har prøvd å skrive politisk progressiv kyrkjemusikk, ateist som han var). Det kulturelle engasjementet og medvitet i NKP tykkjest elles ha vore langt sterkare for litteraturen sin del enn når det galdt musikken - det fanst til og med røyster som hevda at eit sangkor ikkje var ein organisasjon for eit revolusjonært parti å ha, ein skulle drive politikk, ikkje sangkor (heldigvis for TAS var ikkje dette det rådande synet).

Hjå DNA skjer det etter krigen ei avvikling av den aktive satsinga på partikulturen. I regjeringsposisjon har DNA ikkje lenger politiske oppgåver å by arbeidarkora, om ein ser bort frå ymse jubileum. Samstundes skjer det ei vektendring i kultursynet, der det individuelle kjem meir i forgrunnen (som når Helge Sivertsen går inn for kvar sin "personlege kultur"). Partiet si verksemd på kulturfronten konsentrerast om oppretting og administrering av offentlege kulturinstitusjonar. Fyrst mot slutten av 1970-talet blir det gjort offisielle forsøk på å atterreise partikulturen.

Arbeidarkora vart oppretta ut frå eit ønske om å kunna bruke dei til agitasjon, dvs. synge arbeidarsangar. Samstundes fanst eit ønske om kulturell sjølvhevding - m.a. å motbevise at kunst og kunstnarleg kvalitet var eit monopol for borgarskapet. Todelinga i funksjon og repertoar tvang seg fram som eit resultat av at ein ikkje hadde krefter til å sameine desse to behova i verk og framføringar som kunne dekke båe under eitt.

Men det kan diskuterast korvidt den konsertverksemda arbeidarkora dreiv verkeleg var ei kulturell sjølvhevding frå arbeidarklassen si side: Repertoaret var henta frå den borgarlege korrørsla, og målet var å konkurrere med desse kora på deira heimebane. Når målet for konsertverksemda ikkje når ut over dette, kan det like gjerne kallast sjølvoppseding inn i det borgarlege samfunnet, på borgarskapet sine vilkår. (Arbeidarkorkomponisten og kommunisten Hanns Eisler stiller i denne samanhengen spørsmål både ved repertoaret og ved ukritisk bruk av den borgarlege distribusjonsforma konserten.)

For kormedlemene synest konsertverksemda - 'konsertkoret' - ha vore meir gjevande enn agitasjonsverksemda - 'arbeidarkoret'. Såleis kan ein forstå at det i arbeidarkora utvikla seg ein skepsis til arbeidarsangane, og at arbeidarkora synest å ha vore eit konservativt element både i arbeidarsang, og i arbeidarrørsla politisk sett. Blant årsaker bak dette att må ein rekne med innflytnad frå dirigentar, og frå borgarleg korrørsle og kritikarar. Om den sosiale samansetjinga av dei norske arbeidarkora (kva for lag i arbeidarklassen som utgjorde rekrutteringsgrunnlaget) har hatt noko å seia for utviklinga, vil det krevjast eigne undersøkingar for å få klarlagt.

Kor viktig var partitilknytninga?

Historisk er det klar samanheng mellom arbeidarkor og politisk arbeidarrørsle. Dei voks gjerne fram side om side der dei økonomiske og kulturelle vilkåra (industrialisering og kortradisjon) fanst.

I Noreg har det funnest mange slag kor med arbeidarar som medlemer: Bedriftskor, yrkeskor, arbeidarsamfunnskor, fagforeiningskor, partikor, kooperasjonskor osb. Men ei arbeidarkorrørsle synest berre ha kunna oppstå i tiknytning til eit ideologisk senter. I Noreg har det senteret i praksis vore DNA (sjølv om NKP baud det måbar konkurranse i mellomkrigstida). Arbeidarkor - i den normale tydinga av ordet - skil seg frå den borgarlege/'upolitiske' korrørsla gjennom agitasjonsoppgåvene, dvs. arbeidarsangane. Det måtte eit arbeidarparti til for over tid å oppretthalde eit ideologisk miljø der slike sangar kunne gro fram og bli tekne i bruk. (Arbeidarleiarar som Marcus Thrane, Chr. Holtermann Knudsen, Carl Jeppesen o.fl. forsynte arbeidarrørsla med dei fyrste norske arbeidarsangane, sett bort frå nokre få sangar frå radikale borgarlege intellektuelle som Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie).

Såleis synest det vera ei viss dekning for å seia at det vanskeleg kan finnast ei arbeidarkorrørsle utan i ei form for tilknytning til eit arbeidarparti (denne tilknytninga kan vera meir eller mindre direkte, men ei form for sympati og kontakt synest påkrevd).

Kva denne tilknytninga har å seia kjem òg til syne i problema det skapar når arbeidarpartiet kora soknar til blir kløyvd. Kløyvingane av DNA 1921 (NSA) og 1923 (NKP) førde til rivningar i mange arbeidarkor. I ein del tilfelle var endring av kornamnet (t.d. til Arbeiderpartienes kvinnekor, Kristiania) nok til å halde koret samla. Når partikoret TAS vart kløyvd, kan det ha samanheng med at Trondheim hadde vore og var eit radikalt senter på landsbasis, og at politiseringa av TAS difor gjekk noko lengre enn andre stader i landet. Motsetningane mellom DNA og NKP her kom dessutan til å hindre TAS og Trondhjems Arbeiderpartis Kvinnekor (båe NKP) i å bli medlem av dei DNA-dominerte NSF og TAKF fram til 1936. Meir allment kom kløyvinga til å skape stagnasjon i medlemstalet i NSF, som gjekk tibake frå 1300 medlemer i 1924 til 1172 i 1927.

Eit anna problem for arbeidarkorrørsla er om arbeidarpartiet dei soknar til har politiske oppgåver til korrørsla eller ikkje, evt. kva slag oppgåver det har: Å organisere ei arbeidarrørsle ved å bygge opp organisasjonar frå grunnen av, stiller andre oppgåver enn å drive valkamp frå opposisjon, som stiller andre oppgåver enn å forsvare ein regjeringsposisjon oppnådd under kapitalismen, som igjen stiller andre oppgåver enn, sei, å førebu ein revolusjon.

Medan arbeidarkora hadde oppgåver nok i organisasjonsoppbygginga frå århundreskiftet og under DNA sin offensiv inn i regjeringsposisjon på 1930-talet, vart kora ståande mest utan politiske oppgåver etter krigen, då DNA- regjeringa administrerte kapitalismen med reint stortingsfleirtal bak seg.

Samstundes ser vi at radikal opposisjon mot det etablerte DNA på 1970-talet kjem til uttrykk i ny politisk korrørsle i tilknytning til dei nye ideologiske sentra AKP(m-l) og SV.

I den norske arbeidarkorrørsla har det funnest straumdrag som på visse område hadde motforestillingar til nær partitilknytning (jfr. dei kritiske røystene mot å bruke kora til agitasjon), medan Gunnar Ousland og andre som på 1930-talet argumenterte for større bruk av arbeidarsangar gjerne framheva at kora måtte spela ei rolle i det arbeidet partiet organiserte.

Alternativet til partitilknytning synest å ha vore tilnærming til den borgarlege korrørsla. Når DNA etter krigen 'gjev slipp på' arbeidarkora, prøver desse seg dels som konsertkor i større målestokk, dels ender dei opp som mellomstore eller små kyrkjekor. Frå fleire hald i arbeidarkorrørsla blir DNA i dag kritisert for å vanskjøtte arbeidarkora (t.d. når det gjeld pressedekning og oppdrag). Dette, og motstanden mot samanslåing med NLSF, er teikn på at den rådande utviklinga ikkje (1980) er allmennt godteken innan Norsk Arbeidersangerforbund.

Oppsummering

Den norske arbeidarkorrørsla oppstod på grunnlag av visse samfunnsmessige vilkår, dei viktigaste av desse var ei politisk arbeidarrørsle og ein mannskortradisjon. Etter eit kort blaff under Marcus Thrane, voks kora fram for alvor frå 1890-talet, organiserte seg i Norsk Sangerforbund 1908, voks i tal gjennom fleire etapper, og kulminerte like etter andre verdskrig. Sidan då har rørsla opplevd stagnasjon, rask attergang (1960-talet), og vidare stagnasjon.

Arbeidarkora spring ut frå eit behov for agitasjon med arbeidarsangar, og verksemda er sterkt prega av dette den fyrste tida, men behovet for kunstnarleg utvikling og sjølvhevding tvingar fram ei todeling i funksjon og repertoar: 'Arbeidarkoret' og 'konsertkoret', der det fyrste syng arbeidarsangar på møte/i organisasjonssamanheng, det andre arrangerer konsertar/underhaldning og har eit repertoar av i hovudsak nasjonale sangar, reine underhaldningsnummer, og sangar til kyrkjebruk. 'Konsertkoret' skil seg såleis lite frå tradisjonelle borgarlege kor. Denne todelinga (som heng saman med mangelen på korverk som strekk til i både ideologisk og kunstnarleg kvalitet) er eit vesentleg indre grunnlag for utviklinga av arbeidarkorrørsla såvel politisk som talmessig. 'Arbeidarkora' er avhengige av den politiske/ideologiske innflytnaden frå arbeidarpartiet dei soknar til.

Trass i mellombels stagnasjon ved partikløyvingane på 1920-talet, er arbeidarkorrørsla i hovudsak veksande så lenge arbeidarrørsla som heilskap bygger seg opp og er i opposisjon i samfunnet. Dei politiske oppgåvene er mange, samstundes som kora er ein viktig møtestad og eit kulturtilbod for arbeidarungdomen. (Men alt då finst det røyster i kora som ønskjer å frita dei frå agitasjonen og berre konsentrere seg om 'kunsten'.)

Under okkupasjonen i 1940-45 opplever dei fungerande kora stor tilstrøyming, m.a. av di dei er den einaste legale, ikkje-nazifiserte arbeidarorganisasjonen, og på ulike vis kan fungere som nervesentra i motstandsarbeidet.

Etter krigen, då DNA har reint fleirtal på Stortinget, blir arbeidarkora utan politiske oppgåver. Somme av kora forsøker seg ei tid på same "marknaden" som dei borgarlege kora, t.d. med framføring av større verk, men grunnlaget for ein konsertkarriere fell bort etter ei tid. Strukturendringar i samfunnet, saman med amerikansk kulturell påverknad, legg grunnen for ein 'ungdomskultur' som står framand for arbeidarkorrørsla (og tildels for korrørsla som heilskap). Av denne og fleire årsaker smuldrar rekrutteringsgrunnlaget bort. Frå 1961 kjem utbygginga av norsk TV, som i sin tur gjer innhogg i den eksisterande medlemsmassen i kora (såvel som i norsk organisasjonsliv elles - for ei tid).

På 1970-talet har arbeidarkorrørsla stabilisert seg på omlag 100 kor og 2800 medlemer, men gjennomsnittsalderen, særleg i mannskora, er høg og kan føre til vidare attergang. Den nye, politisk venstreorienterte, korrørsla på 1970- talet er eit teikn på at radikal og kor-interessert ungdom nå søker andre ideologiske sentra enn DNA (eller NKP).

Arbeidarkorrørsla, og kulturverksemda i arbeidarklassen elles, er eit lite utforska område i norsk historie. Formålet med denne artikkelen er å bidra til å åpne opp feltet 'arbeidarmusikk' i Noreg for vidare forsking. Det er ikkje utenkeleg at slik forsking vil avdekke materiale som på ulike punkt vil endre den karakteristikken av arbeidarkorrørsla og arbeidarmusikk som er gjeven over. Eg vonar ein og annan lesar vil sjå det som ei utfordring.

Litteraturliste

  • Jon Egil Brekke: "Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor og Fagforeningenes Mannskor, Trondheim. Bidrag til karakteristikk av den norske arbeidarkorrørsla. " Hovudfagsoppgåve, Musikkvitenskapelig Institutt Trondheim hausten 1980.
  • Aksel Zachariassen: "Med sang mot felles mål. Norsk Arbeidersangerforbund gjennom 50 år." Oslo 1958.
  • Hampus Huldt-Nystrøm (red.): "Sangerliv." 2 bind. Oslo 1958.
  • Hanns Eisler: "Musik und Politik. Schriften 1924-1948" Red.: Günter Mayer. Leipzig 1973.
  • Simon Oddbjørn Haugen: "Ideologi og praksis i arbeidarkorrørsla. Orkanger Arbeiderpartis Sangkor sett i høve til Norsk Arbeidersangerforbund." Hovudfagsoppgåve, Musikkvitenskapelig Institutt Trondheim 1976.


Til toppen