Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor/Fagforeningenes Mannskor, Trondheim

Bidrag til karakteristikk av den norske arbeidarkorrørsla
Jon Egil Brekke 1980

Til innhaldsoversyn
Til neste kapittel


Kapittel II. Historikk

Denne historikken er meint å gje eit bilete av korleis arbeidarkorrørsla voks fram når visse vilkår var til stades, og korleis ho utvikla seg i samspel med arbeidarrørsla og omgivnadene elles, med dei to kora TAS og FM som det viktigaste konkrete dømet.

a) 1800-talet: Føresetnader og forløparar

At det oppsto arbeidarkor i Noreg synest å ha hatt iallfall to viktige føresetnader: For det fyrste at det fanst ein arbeidarklasse med veksande sjølvmedvit, dvs. ei gryande arbeidarrørsle. For det andre at det fanst ein kortradisjon, konkret ein mannskortradisjon, som arbeidarane kunne gripe tak i og utvikle vidare.

Røter i Noreg

I Noreg var både kor- og særskilt mannskortradisjon tilstades før den fyrste spira til arbeidarrørsle såg dagslys med Marcus Thrane o.fl. 1845-51. I fleire norske byar fanst det på 1830-talet t.d. såkalla "syngeskoler" som synest ha instruert både blandakor og mannskvartettar (HHN/S-219). Tidlegare korsang i Noreg synest avgrensa til kyrkjesang, t.d. Olavsdyrkinga fram til reformasjonen, og seinare latinskulekora (AZach-6, Grinde-39). Korsang synest ikkje ha hatt nokon plass i den norske vokale folkemusikken opp til då.

Impulsar frå Europa

Då dei norske studentane med bergensaren Johan Didrik Behrens i spissen sette fart i den firstemte mannskorsangen frå 1845 av, slutta dei seg i praksis til ei rørsle som alt hadde funnest i nokre årtier i nord-Europa, ei nasjonalromantisk og borgarlegdemokratisk rørsle i hovudsak. Æra for å ha utløyst denne korrørsla og ordlagt programmet for ho blir gjerne tilskrive sveitseren Hans Georg Nägeli (1773-1836). Nägeli var i sin tur påverka m.a. av filosofen og pedagogen Heinrich Pestalozzi (1746-1827), og bygde dessutan på den sveitsiske kalvinistiske kyrkjesangtradisjonen, der heile kyrkjelyden sang med.

Den franske revolusjonen og dei påfølgjande Napoleonskrigane bidrog til å skape grobotn for ei rørsle som ville bruke massekor av mannsstemmer til å uttrykke "folkets majestet", sterke nasjonale kjensler, enkel naturoppleving, gjera sangkunsten til felleseige for folket, styrke samkjensla, og såleis verke som "samfundsstiftende makt" (slik J.S.Welhaven uttrykte det på sangarstemnet i Halden 1856). (HN/S-202, 256, AZach-6.) Den einsidige satsinga på mannskor heng helst saman med kvinnene si stilling i samfunnet då, mennene dominerte i offisiell verksemd. Seinare skulle det auke på både med reine kvinnekor og blandakor.

Danmark kom med i rørsla omlag 1820, Sverige rundt 1830. Truleg var korsangen i desse landa frå fyrst av mest påverka av den meir aristokratiske "Lieder-Tafel"-rørsla til tyskaren Karl Friedrich Zelter (1758-1832), noko som og fekk sitt å seia for den norske studentsangforeininga og for repertoaret i den norske mannskorrørsla frå 1845 av. Men ideen om store folkelege sangarstemne med nasjonalt innhald og deltaking frå kor over heile landet kom frå sveitsarane, som hadde sitt fyrste større sangarstemne 1830 i Bernburg.

Noreg

Studentsangforeininga av 1845 var ikkje det fyrste mannskoret i Noreg, men truleg det fyrste varige mannskoret som let seg høyre offentleg. Same året vart det stifta mannskor i handelsstanden og blant handverkarane i Christiania, og på kort tid dukka det opp mannskor i fleire andre norske byar. Dei fleste var handverkarkor. Foretaka vart gjerne kalla "sangforeining", "sangskole" og fyrst etter kvart "sangkor" eller "mannskor". Embetsstand og borgarskap tyktest sjå positivt på den folkeoppdragande verknad kora kunne ha. I Morgenbladet 4/8-1846 gjev ein skribent uttrykk for undringa han og andre forbipasserande opplevde då dei ein kveld stansa utanfor borgarskulen av di det tona "smuk" sang ut gjennom vindaugo, og så fann at dei som sang ikkje var studentane, men "renligkledte, nette Haandverkssvende" hvis "Læber..vist ikke den Aften ble aabnet til Ros for Brændevinsdjævelen og vist ikke vanhelligedes af svirelystne Talemaader. Og" - held skribenten fram - "dette er en overordentlig viktig Følge af Sangens forædlende Indflydelse." (HHN/S-229)

Trondheim

Trondheim - som er av særskilt interesse for oss - fekk sine fyrste mannskorforsøk ganske kjapt. I ei beretning frå handverks- og industriforeiningskoret kan vi lesa:

"Allerede året etter /dvs. 1846 - jeb/ hadde vi her i Trondheim hele 3 sangforeninger og den 4. var i emning. Årsaken til at vi i denne lille byen på ca. 14 000 mennesker fikk så stor aktivitet på dette felt, ligger hos en mann, nemlig musikeren Georg Rostad. Han nevnes også som en av stifterne av Håndværkernes Sangforening i "Christiania". Mandag den 16. november 1846 hadde en nystartet Håndværkernes Sangforening her i byen sin første sangøvelse med nevnte Georg Rostad som dirigent." (THIS-7.)

Desse kora var i verksemd berre nokre få år. Det skulle enno gå omlag eit tiår før Trondheim fekk noko varig mannskor av den nye typen.

Marcus Thrane

I mellomtida hende det andre viktige ting. Arbeidarrørsla stakk hovudet fram for fyrste gong i Noreg. I fyrste del av 1840-åra hadde Noreg opplevd det Francis Sejersted kallar "den første kapitalistiske høykonjunktur" (NH10-394). Produksjonen var blitt utvida, samstundes som fattigdommen auka. Folkesetnaden auka sterkt, og utvandringa til Amerika byrja no å skyte fart. Februarrevolusjonen i Frankrike 1848 og den økonomiske krisa i Europa same året (som òg slo hardt inn i norsk produksjon, t.d. trelast), sette tilhøvet mellom "fattig og riig" på spissen.

I denne stoda var det Marcus Thrane, tidlegare lærar, son av ein underslagsdømd riksbankdirektør, byrja trykke radikale artiklar i "Drammens Adresse", som han nettopp var blitt redaktør av. Thrane gjekk inn for allmenn stemmerett. På lengre sikt ønskte han rett og slett å avskaffe fattigdommen. Då Thrane seinare på året slo til lyd for danning av politiske foreiningar, tykte aviseigaren han var gått for langt, og sa han opp. 3. juledag 1848 vart Drammens Arbeiderforening stifta med 160 medlemer, 5. mai 1849 kom fyrste nummeret av Arbeiderforeningenes Blad.

Ved utgangen av 1850 hadde bladet eit opplag på 6000, og i juli 1851 oppgjev sentrale oversikter at rørsla Thrane gjekk i spissen for å organisere omfatta 273 foreiningar og 20 854 medlemer. Truleg har rørsla på det høgaste omfatta 400 foreiningar og nær 30 000 medlemer (AZach/MT-28), utruleg høgt til å vera Noreg på den tida.

Rundt 1850 hadde Noreg ikkje noko industriproletariat å snakke om. Dei fyrste norske fabrikkane dukka opp nettopp i desse åra. Den "arbeidarklassen" som Thrane kunne reise til kamp var, forutan dei som var tilknytt trelast o.l., i hovudsak landarbeidarar. Elles omfatta rørsla handverkarar, husmenn, småbønder o.l. (Talet på husmenn var på sitt største rundt 1850.) At rørsla var så fersk, ueinsarta og urøynd var nok saman med motsetningane i leiinga viktige medverkande årsaker til at rørsla kunne slåast ned like raskt som ho dukka opp. 7/7-1851 vart Thrane og fem andre leiarar arresterte, og rørsla vart knekt i løpet av få år. (NH10-407, OBjø-175, AZach/MT-29/35.)

Thrane og sangkor

Så er spørsmålet:

Oppretta Thrane-rørsla sangkor, og oppretta dei sangkor i Trondheim? Etter det vi veit vart det danna sangkor i tilknytning til foreiningane i Christiania, Drammen og Horten. Typografen P.W.Bergh, som fekk i gang Christiania-koret, gav ut ei sangbok med 44 arbeidarsangar av han sjølv, Thrane o.fl., og hadde planar om å gje ut ei samling mannskorsangar òg, men måtte flykte til Danmark då rørsla vart slått ned. Vi veit elles at foreininga i Drammen arrangerte store festar i jula 1849, der det var sang av den lokale Arbeidernes Sangforening (OBjø-180), og at Christiania-koret sang for Thrane sjølv då han fylte 33 år 14/10-1850 (HHN/S-236). Om repertoaret og verksemda deira elles veit vi lite.

I Trondheim gjekk det noko annleis til. Ifølgje Oddvar Bjørklund sende Thrane to utsendingar, Abraham Borgen og Carl Johan Michelsen, til Trondheim i oktober 1850. Trondhjems Arbeiderforening vart offisielt stifta i slutten av same månaden. Men denne foreininga kom under innflytnad av redaktøren for Trondhjems stiftsavis, Christian Monsen, og stilte seg utanfor den radikale Thrane-rørsla. Bjørklund forklarar dette med at dei to utsendingane må ha gjort dårleg arbeid. Ei minst like sannsynleg forklaring er truleg at byens borgarar har fått nyss om at utsendingane var i kjømda, ana uråd, og teke initiativet sjølv - stifta ei ufarleg 'arbeidarforeining' for å halde arbeidarane unna Thrane-folka. I alle høve - Trondhjems Arbeiderforening nådde 512 medlemer i Thrane si tid (OBjø-172).

Under Monsen fekk denne arbeidarforeininga mottoet "Kun daaren forglemmer hvad Skaberen bød: I dit ansigts sved skal du æde dit brød". Arbeidarane skulle oppsedast til gode borgarar, foreininga skulle motverke vanvyrdnad for religion og øvrigheit. På møta heldt vel ansedde personlegdomar foredrag om sjøar, insekter o.l.

Taktikken med å stifte liberale arbeidarforeiningar for å ta vinden ut av segla for Thrane vart nytta fleire stader. Bjørklund nemner foreiningane stifta i Christiania av folk som Eilert Sundt og sokneprest Honoratius Halling.

Desse liberale, dels kristelege, allmenndannande og sosialt hjelpande arbeidarsamfunna kopierte godt som alle dei sosiale/kulturelle tiltaka Thrane hadde sett i verk, så som bibliotek, skuletilbod for vaksne om sundagane, arbeidsløysestønad, sparekasse (ei av desse danna seinare utspring for Spareskillingsbanken) osb. Og sjølvsagt sangkor. Som vi alt har sett (jfr. referansen i Morgenbladet) såg embetsstand og borgarskap positivt på at arbeidarane fekk seg danning og kunnskap, så lenge det ikkje vart sett i ein samanheng som truga makta deira. (OBjø-172, AZach/MT-49.)

Medan Christiania Arbeidersamfund tidleg hadde både mannskor og Noreg sitt fyrste kvinnekor (!), synest Trondhjems Arbeiderforening ikkje ha hatt noko kor fram til 1870, då Haandverksvendenes dannelsesforening (med omlag same formål som arbeidarforeininga) slutta seg saman med Trondhjems Arbeiderforening. Desse handverkssvennane hadde frå 20/3-1859 hatt Haandværksvendenes Dannelsesforenings Sangskole, namnet seinare endra frå Sangskole til Sangkor (THIS-7). Dette koret vart no grunnstamma i Trondhjems Arbeiderforenings Sangkor, stifta 24/2-1870 (EKnutz-7). (Koret finst framleis i 1980.)

Den borgarlege nasjonale korrørsla

Etter blaffet 1848-51 gjekk det mange år før vi på nytt kan snakke om ei norsk arbeidarrørsle. Arbeidarsamfunna var under politisk kontroll av overklassefolk, som gjerne sette forbod mot politiske diskusjonar. I denne tida, som grovt sett varar til sist i 1880-åra, har det funnest kor av arbeidarar: arbeidarsamfunnskor, bedriftskor, yrkeskor (HHN/S- 295). Jfr. referansen ovanfor til Eilert Sundts Christiania Arbeidersamfund, med mannskor og kvinnekor frå få månader etter starten i 1864 (HHN/S-292). Desse kora kom likevel i skuggen av den borgarleg nasjonale korrørsla som blomstra opp i same tidsrom.

Dei stadig større sangarstemna tykkjest ha fungert som pulsslag i denne rørsla. Johan Gottfred Conradi (1820- 1896), som i 1843 hadde starta eit kortvarig kor av akademikarar og handverkarar, og som i 1845 hadde fått i gang handverkarkoret og handelsstandskoret, tok sommaren 1850 initiativ til eit lite stemne på Bastøy i Oslofjorden med to kor frå Moss og Tønsberg. Det vart likevel stemnet på Asker 1/6-1851 - etter initiativ m.a. frå Conradis "heldige rival" Johan Didrik Behrens (1820-1890) - som seinare skulle stå som det fyrste i rekka av dei store landssangarstemna. (Behrens tok t.d. over leiinga av handelsstands- og handverkarkora, og kom seinare til å stå som avgjort leiar for den store korrørsla landssangastemna representerte.)

Sangarstemne vart arrangerte i:

 Tønsberg 1851 (Conradi)
 Horten 1852 (Conradi)
 Horten 1853 (Behrens' II)
 Halden 1856 (Behrens' III)
 Bergen 1856
 Arendal 1859 (IV)
 Bergen 1863 (V)
 Trondheim 1883 (VI)
 Christiania 1896 (VII)


Rørsla held fram inn i dette århundret, men innhaldet endrast noko etterkvart.

Akkurat som i fleire andre europeiske land utvikla den norske mannskorrørsla seg på 1800-talet til å bli eitslag "massemedium" for den nasjonale frigjeringskampen. Sangarstemna baud på taler og dikt av kjende diktarar og ideologar som Lorentz Dietrichson, J.S. Welhaven, Bjørnson, Ibsen, A.Munch, A.O.Vinje og mange fleire. Bjørnson skreiv dei aller fleste av dikta sine med tanke på tonesetjing for mannskor, og tonesetjing var sjeldan noko problem: Dei fleste kjende og ukjende norske komponistar frå same tid skreiv iallfall noko for mannskor. F.A.Reissiger, H.Kjerulf, Conradi, Thv.Lammers, Nordraak, Grieg, Oscar Borg, M.A.Udbye og J.Selmer gav viktige bidrag til repertoaret desse åra, og lista kunne gjerast mykje lengre. (Typisk er at Nordraak sin "Ja, vi elsker" i originalmanuskriptet står komponert for firstemmig mannskor (HHN/S-301).) Det var slett ikkje uvanleg at komponistane sjølve leia innstudering og framføring av dei nye verka sine, og i slutten av århundret var dei fleste komponistar sjølv dirigentar. Gjennom korrørsla vart denne etterkvart rike nasjonalt prega korlitteraturen spreidd land og strand rundt, og bidrog sterkt til å stadfeste og styrke nasjonalkjensla i tida fram mot 1905 (HHN/S 238- 334).

Dette dannar ein viktig bakgrunn for å skjøne repertoarsamansetjinga og mange andre sider ved arbeidarkorrørsla både då og seinare. Påverknaden er ikkje liten. At arbeidarkora likevel måtte vekse fram som ei eiga rørsle ved sida av den borgarlegnasjonale, er rimeleg nok. Ei viktig uttalt side ved den rådande ideologien i den borgarleg nasjonale korrørsla var at korsangen skulle bidra til å sameine og skape forståing mellom "de forskjellige Stænder" - klassemotsetnader skulle vike for nasjonal einskap. Arbeidarane merka dagleg kor langt den forståinga rakk, og etter som arbeidarrørsla voks fram for alvor på 1880- og 90-talet steig skepsisen mot organisatorisk samrøre med borgarskapet. Radikalisering og samanstøyter både i arbeidarsamfunn og i einskilde kor synest å ha gjeve bidrag til dette.

Arbeidarkor i Europa

Om Thrane-rørsla skapte dei fyrste arbeidarkora i Noreg, var dei likevel seinare ute enn somme andre land i Europa. Ifølge ein artikkel i Tonens Makt 2-36 har arbeidarane i Paris/Lyon hatt sangkor i 1830-åra. Typografane i København og Stockholm starta kor i 1846. (Desse typografkora er særskilt interessante: Dei kom lenge før typografane danna fagforeining, og foreiningane voks faktisk fram gjennom kora (HHN/S-295).)

Etter februarrevolusjonen 1848 følgde ei internasjonal reaksjonstid, men innpå 1860-talet har arbeidarmassane byrja røre på seg att. 1864 vart den 1. internasjonale stifta. Til dei tyske arbeidarorganisasjonane Bebel og Lassalle drog i gang i desse åra, høyrer òg arbeidarsangkor (AZach/S-365).

Dei tyske arbeidarkora var heilt frå starten av sterkt knytte til den politiske arbeidarrørsla, og forfølging frå politi og rettsvesen kunne ikkje hindre at desse kora spreidde seg raskt i 1860- og fyrst i 1870-åra. I 1877 vart det i Gotha stifta eit "Allgemeiner Arbeiter-Sängerbund" som alt i 1878 omfatta 50 kor og i underkant av 1400 medlemer (WFuhr-33). For å møte den veksande arbeidarrørsla fekk Bismarck sett i verk dei såkalla "sosialistlovene", som galdt frå 1878 til 1888. I denne tida vart omlag 69 kor og korforbund forbodne etter denne lova (MuI-45f). Andre greidde å oppretthalde den ytre legaliteten, og vart skalkeskjul for framhald av det sosialistiske arbeidet. August Bebel var sjølv ein av dei mange "konspirative sangarane" i denne tida (WFuhr-34). Etter opphevinga av sosialistlovene vart arbeidarkorrørsla i Tyskland raskt organisert på ny. Alt i 1892 vart "Liedergemeinschaft der Arbeiter-Sänger-Vereinigungen Deutschlands" stifta, med 319 kor og med til saman 29 000 medlemer - noko få andre land har kunna syne maken til då eller seinare (MuI-47). (England - på sett og vis Europas kapitalistiske sentrum då og lenge etter - synest ikkje å ha hatt noka arbeidarkorrørsle å snakke om. Då stiller truleg Frankrike og aust-europeiske land sterkare.)

Den norske arbeidarrørsla veks fram

I Noreg tok det lengre tid å få ei verkeleg arbeidarrørsle på beina att. Truleg var borgarskapet betre på vakt. Forsøka frå Marius Jantzen, Olaus Fjørtoft o.fl. på å få igang ei sosialdemokratisk foreining, og seinare fagforeiningar, rundt 1873 stranda etter kort tid. Pariskommunen 1871 utløyste inga rørsle i Noreg slik februarrevolusjonen 1848 hadde gjort. Rett nok gjekk det ei omfattande streikerørsle over landet i 1872, som gav utteljing for arbeidarane (det var høgkonjunktur) og førde til oppretting av fleire fagforeiningar (som alle, på ein nær, strauk med att i krisa frå 1878). Men utviklinga går elles steg for steg. Ut gjennom 70-åra dukkar det opp fagforeiningar snart her, snart der. Fyrst på 80-talet kjem dei fyrste fagforbunda. 1. mars 1885 blir den fyrste norske sosialdemokratiske foreininga starta i Kristiania av Christian Holtermann Knudsen (1845-1929), og august 1887 er "Det forenede norske Arbeiderparti" ein realitet. I 1889 kjem dei fyrste store arbeidskampane i Kristiania, irekna Typografstreiken og Fyrstikkarbeidarstreiken. Opp igjennom 90-åra aukar det på med fagforbund, og i 1899 er Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon danna. Arbeidarorganisasjonane byrjar ta form slik vi kjenner dei i dag (AZach/MT 55-105, Ousland I 41-, 105-).

Trondheim: Arbeidarklassen og arbeidarrørsla

I grosserar- og handverkarbyen Trondheim veks arbeidarklassen fram gjennom tre "bølgjer" fram mot århundreskiftet: I høgkonjunkturen fram til 1875, i nyetableringar på slutten av depresjonen i 80-åra, og fyrst og fremst i den store oppgangen 1895-1900. I 1874 var det fleire konflikter, og tilløp til streik. Fyrstedelen av 80-åra gjekk fleire hundre arbeidarar ledige og slost om dei få jobbane som var. Lengre ut starta ein del nyetableringar, og ei omfattande bustadbygging tok til (soga fortel om mang ein snekkermeister som slo seg opp til kapitalistisk byggmeister på spekulasjonsbygging i Østbyen i denne perioden). 1890-1895 er det stagnasjon i talet på bedrifter, men så tykkjest det ha losna for alvor. I tida 1895-1900 blir talet på bedrifter fordobla, og industriarbeidarklassen aukar med 1000 mann. Ved århundreskiftet er det i Trondheim 103 fabrikkar med godt og vel to og eit halvt tusen arbeidarar (TBH4-130).

Bedriftene - som gjerne var starta av grosserarar for å levere til Trondheim og oppland - var for det meste små, gjennomsnittleg 24 arbeidarar pr fabrikk i 1900. Berre Trondhjems mekaniske Verksted hadde meir enn 100 arbeidarar, berre fire andre hadde over 50 (TBH4-138). Om dette hadde innverknad på takta i utviklinga av arbeidarrørsla lokalt er uvisst. Alt frå 1870-talet var patriarkalske tilhøve mellom dei som arbeidde i same handverk eller forretning byrja bli avløyst av reint økonomiske band. Meistrane dreiv kapitalistisk produksjon etter tilnærma industrielle metodar, og svennane var blitt lønsarbeidarar, som ikkje lenger budde og åt hjå meisteren (TBH4- 26).

Men i 1882 under depresjonen stod Trondheims-arbeidarane - med unntak for handverkssvennane - utan nokon organisasjon. Trondhjems Arbeiderforening og Thrøndernes Arbeidersamfund (som nyleg hadde skifta namn frå tidl. Trondhjems Hjælpeforening) var båe leia av borgarskapet, og fleirtalet av medlemene høyrde heller til småborgarskapet enn til arbeidarklassen. Rett nok er 1882 det året då det komande Venstre tek over Trondhjems Arbeiderforening, og då eit utsendingsmøte i Trondheim dannar ei sentralforeining for arbeidarsamfunna - "De forenede norske Arbeidersamfund og arbeiderforeninger" - som etter kvart kjem til å ta arbeidarspørsmål opp til drøfting. Like fullt var arbeidarane i Trondheim 1882 vist til å leggja fram ønska sine i audmjuke petisjonar med underskrifter som "vi fattige arbeidere fra Bakkestranden og Lademoen" (TBH4-29, AZach/MT-71).

Typografane stifta den fyrste fagforeininga i Trondheim 1882. I 1888 kom Snekker- og Tømmermennenes forening (som i 1896 førde den fyrste organiserte streiken i Trondheim). 5/11-1893 vart den fyrste sosialdemokratiske foreininga i Trondheim stifta og innmeldt i Arbeiderpartiet. I 1898 står store delar av arbeidarklassen i Trondheim i fagforeiningar, same året stiller Trøndelag samvirkende fag- og arbeiderforeninger i kommunevalet, får 81 stemmer og 2 representantar. 10/5-1899 kjem fyrste nummer av Arbeiderparti-avisa Ny Tid ut. Det er altså i dette siste tiåret før århundreskiftet arbeidarrørsla veks fram i dagen for alvor i Trondheim (AA 19/7-1930).

Kor i Trondheim 1846-1901

I korrørsla har eg tidlegare nemnt Rostad sine kor frå 1846 (som gjekk inn etter få år) og Haandværksvendenes Dannelsesforenings Sangkor frå 1859 (som gjekk inn i Trondhjems Arbeiderforenings Sangkor frå 24/2-1870). Andre borgarlege kor som veks fram i Trondheim før århundreskiftet er fyrst Trøndernes Mannssangforening stifta 1858 (i dag Trondheims eldste kor). Med unnatak for handverksvennane (1859) synest det så vera stilt til innpå 1870-talet. 1872 startar Trondhjems Hanndverks- og Industriforenings Sangkor. 1874 kjem Trondhjems Mandskor. Vidare skal det ha funnest ei Trondhjems almindelige Sangforening, som seinare vart oppløyst i 1881 og overlet eigedelane til handverkarkoret. Trondheim stiller med 4 kor på landssangarstemnet i Trondheim 1883 - sannsynlegvis dei fire dålevande kora som er nemnde ovanfor.

I 1885 kjem det nye kor til: Jernbanebetjeningens Sangforening og Nidaros Mandssangerforening. Same året er det rivningar i arbeidarforeiningskoret. Koret klagar over at foreininga gjev dei for mange oppdrag til at dei kan få øvd skikkeleg, og det heile ender med at koret i generalforsamling 15/7 vedtek at det "trække(r) sig tilbake som kor" (EKnutz-16). Eit par attverande medlemer bygger koret opp att på ny same haust. Om nokon av dei tidlegare sangarane slutter seg til det Høgre-dominerte Trøndernes Arbeidersamfund er uvisst, men sikkert er at Arbeidersamfundet hadde eit sangkor ved innviinga av nye lokale i Prinsens gt. 22 (no Teaterloftet) 10/11-1889 (NT 1/10-1921).

Ut over desse nemnde kora har det vore ei viss verksemd av meir kortvarige (?) kor på 1880- og 1890-talet. Lærar H.A.Forseth såvel som organist Brønner i Vår Frue kirke organiserte korkonsertar i Trondhjems Arbeiderforening m.a. i 1890 (Dagsposten). Her skal det ha opptrådd ein kvartett med namnet Orfeus, og vidare truleg dei fyrste dame- og barnekora i Trondheim (materiale hjå Hampus Huldt-Nystrøm). Ved ein konsert i Arbeiderforeningen 30/11-1890 skal barnekoret på 150 (!) medlemer ha framførd fire nummer.

Lærerindeforeningen har hatt eit sangkor som var i verksemd iallfall frå 1893 (jfr. dokument Trondheim Statsarkiv). Dessutan finst det - uvisst frå når - eit nytt Haandværkersvendenes Sangkor. Dette koret er m.a. representert i arrangementskomiteen for Det Nordenfjeldske Sangerstevnet i Trondheim 1902, med ein viss Otto Nilsen som suppleant (TSta.). Fram til sommaren 1901 er dette det einaste koret i Trondheim som etter medlemsstokken kan reknast som eit arbeidarkor. Men då dette koret ved 1. mai 1901 "ikke kunne bekvemme seg til" å synge "Fagforeningenes Marcs" - styret og instruktøren tykte sangen verka altfor agitatorisk og foretrakk sangar som "Jeg vil værge mitt land" (TM 4/26) - var alle vilkåra til stades for opprettinga av det fyrste verkelege arbeidarkoret i Trondheim (FM50-7, FM 4/26). Frå no av konsentrerer vi oss om arbeidarkorrørsla si utvikling.

b) 1901-1924: Trondhjems Arbeiderpartis sangkor

Initiativ

Etter 1. mai-demonstrasjonen 1901 skaut diskusjonen om oppretting av eit verkeleg arbeidarkor fart. Blant dei som ivra for ideen var Ny Tid-redaktøren då, Angel Olsen. Dei som greip initiativet vart den før nemnde glasmeisteren Otto Nilsen (far til Gerd og Otto), muraren J. Borglin og snekkeren Ole G. Olsen. Dei baud inn "interesserede inden de samvirkende fag og arbeidsforeninger" (fyrste protokollen) til eit møte 12/9-1901 for å danne eit arbeidarkor som kunne og ville ta del i den då gryande sosialistiske organisasjonen (FM50 7-8).

Stiftinga

Møtet vedtok å opprette koret, valde Otto Nilsen til formann, Borglin til kasserar og ein Adolf Arntzen til sekretær. "Derefter besluttedes der at henstille til forretningsudvalget om gratis lokale og fri benytelse av pianoet." (op.cit.) Koret hadde frå starten 20 medlemer, og tok namnet De samvirkende fag- og arbeiderforeningers sangkor. Berre medlemer av DSFAF kunne bli kormedlemer. Som dei fleste andre kor i byen var koret eit mannskor. (Dei fyrste arbeidarkvinnekor i Trondheim kjem fyrst i 1932.)

I kormøte 10/9 vart lærar Vasseljen samrøystes tilsett som instruktør mot godtgjerdsle av kr. 4,- pr. øving. Kontingenten vart sett til 10 øre pr. øving, og 50 øre i innskrivingspengar. (Til samanlikning kan nemnast at Lærerindeforeningens sangkor i 1902-03 betalte dirigenten Morten L. Svendsen kr. 3,- pr. øving, 1904-05 kr. 4,-, og at dei 1902 tok ein kontingent av kr. 0,75 pr. kvartal, 1903-04 kr. 0,50 pr. kvartal (TSta).) Lovene for det nye arbeidarkoret vart samrøystes vedtekne. De Samvirkende Fagforeninger stilte fritt lokale og piano, slik det var bede om.

"I bestyrelsemøde besluttedes der at skrive til Kristiania efter en del eksemplarer arbeidersange, nemlig "Fagforeningenes March", "I flugt går tiden", "Socialisternes March" og "Arbeidernes Festmarch". Derefter besluttedes der at henstille til alle foreninger inden de samvirkende at hjelpe og støtte koret efter bedste evne" (FM50-8).

Med dette kunne verksemda ta til. I løpet av fyrste vintersesongen hadde koret 36 øvingar og 3 festar, og voks til 35 medlemer. I mars 1902 skifta koret namn til Fagforeningenes Sangkor, og 1. mai medverka koret ved arbeidarpartiet sitt arrangement. Samarbeidet med arbeidarpartiet skulle føre til at koret i 1904 (NT 10/9-36 meiner 1905) endra namn for andre gong (i mai), og lover (i november) (FM50-9). Frå no av er koret Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor. Koret assisterer ved parti- og fagforeiningsarrangement, og rekrutterer folk som er medlemer i arbeidarpartiet og/eller fagrørsla.

Arbeidarkoret som organisasjon

Vi ser at koret heilt frå starten er fast organisert, med styre, lover, kontingent, grunnleggjande medlemsdemokrati (kormøte og årsmøte/generalforsamling) og politiske minstekrav til dei som vil vera medlemer. Ved opptak har det vore vanleg at aspiranten måtte prøvesyngje for dirigenten for å bli plassert på stemmegruppe. Det finst lite dokumentasjon om korvidt dirigenten har handheva visse musikalske minstekrav. Repertoarspørsmål vart oftast avgjort av ein notekomite eller musikkutval (oppnemnd på årsmøte) i samråd med dirigenten. Skulle koret arrangere fest, utflukt e.l. vart det gjerne sett ned ein særskilt komite for det.

Ved styreval veljast som regel formann, kasserar o.a. funksjonar særskilt, men det synest ikkje stå særleg politisk strid om vala. Lista over formenn (FM50) tyder på ein viss stabilitet og kontinuitet i den politiske/administrative leiinga av koret, og FM50 legg vekt på at "koret alltid har hatt en ledelse av gode organisasjonsfolk" (FM50-3). Det er ikkje uvanleg at årsmøtet fastlegg ei detaljert arbeidsdeling ved å velja t.d. finanskomite, festkomite, musikkomite (tidl. nemnt), stemmeførere og fanevakter, samt revisorar (FMP47).

Årsmøtet skulle dessutan velja/attvelja dirigent. Her var det større vanskar med kontinuiteten dei fyrste åra. Lærar Vasseljen leia koret berre ei kort tid, alt neste år (1902) måtte styret på jakt etter ny dirigent. Eyvind Forseth skal så ha gjort ein bra jobb med koret, til han drog til Amerika i 1903. Med typograf Gustav Christiansen, som no tok over, vart det litt meir ro på feltet. Med unnatak for ein periode i 1906-07 dirigerte han TAS fram til 1910. Etter eit mellomspel vart det så ny kontinuitet med lærar Mikal Svendsen 1911-16 og overgravar (ved Tilfredshet) Hans Johnsen frå 1916 og fram til kløyvinga i 1924. (Meir om dirigent og økonomi i kap. III.)

Koret tek over skikkar frå dei borgarlege mannskora, evt. frå laugstradisjon: Våren 1902 blir det vedteke å skaffe sangarluver, ei fane må til (den fyrste innvigd 1905, etter namneskiftet), etter kvart deler koret ut utmerkingar for langvarig medlemskap (1926 oppretter FM Sylvini-ordenen for medlemer med 10, 20 og 25 års medlemskap).

Sosiale tiltak

På mange vis blir koret like mykje ein sosial som ein musikalsk samlingsstad. I tillegg til å delta på diverse festlege tilstellingar i partiet arrangerer koret sjølv gjerne fest same kveld som årsmøtet, evt. etter avslutta øving elles i året. Julefest og 17. maifest (for ungane om ettermiddagen, for dei vaksne om kvelden) er òg vanleg. Det hende koret arrangerer utflukter (fottur til Sommerseteren, Fossestuen e.l.) i helgene, lengre turar (t.d. til Namsos, Ranheim og Orkdal 1906) med korframføring, om vinteren kan det bli arrangert skirenn i kor-regi osb. Soga fortel at TAS i 1908 og 1910 leigde landstedet "Lille Berg" heile sommaren (1908: frå 15. mai til 1. oktober for kr. 200), der "korets medlemmer med familie tilbrakte mange gode sommerdager" (FM50-11). Langturane i pinsa - eit populært tiltak for arbeidarar, som ikkje hadde for mange sjansar til å koma seg ut - blir etter kvart avløyst av større og mindre korstemne, etter kvart som arbeidarkorrørsla veks til. Dei sosiale tiltaka med utspring i koret varierer sjølvsagt seinare med endringar i koret og i den samfunnsmessige omgivnaden, men for heile soga gjeld at koret forsøker å vera meir for medlemene enn ein stad dei kjem saman "berre" for å synge. Dei fleste tiltaka vi kan møte på i seinare tid blir dessutan utvikla i desse fyrste to tiåra. Seinare i historikken kjem denne sida av korverksemda berre sjeldan til å bli trekt inn i framstillinga.

Dei fyrste 20 åra

Når så mykje er sagt om dei grunnleggjande problema og eigenskapane ved eit arbeidarkor som TAS (fleire sider vil bli tekne opp seinare), vil eg la Ny Tid 12/9-1921 få oppsummere koret si utvikling dei fyrste 20 åra:

"..Det varte ikke længe før den nye sangetrop fik en mængde henvendelser om at assistere ved møter og fester. Og koret blev snart et vigtig led i partilivet. Under Gustav Christiansens dygtige og kameratslige ledelse la koret særlig an på at være et arbeiderkor. Ved alle anledninger inden partiet hvor det rigtig skulde være fest, var det særlig sangkoret som bragte feststemningen, først og fremst ved at synge arbeidersangene, og for den som var med den gang vil det stå som et herlig minde, da sangkoret åpnet nytårsfesten med "Den var vor denne jord" eller under valgkampen marsjerte ind i lokalet med "Snart dages det brødre" eller den vidunderlige kveld i Småbergene da det med Christiansen som solist sang valgsangen "Du må ikke svigte din pligt, kamerat" mens høstskumringen seg over byen, eller når det på valgaftenen lot byens gater gjenlyde av "Op alle jordens bundne trælle". Men også ved sit gode sangerhumør var sangerne det livgivende element. Ikke bare hjemme i byen, men i byer og bygder rundt om i Trøndelag har arbeidersangerne deltat i stevner og holdt konserter og tolket i sang både alvor og gammen det arbeidende folks længsler og håb om utvikling og frihet.

Senere blev lærer Mikal Svendsen korets instruktør. Hans ledelse var likesom en ny fase i korets utvikling, idet det fik nytte av hans gjennemmusikalske forstaaelse og fine smak. Koret fik nu ærgjerrighet til at være mer end blot og bart et agitationskorps, det begyndte at ta fat på større opgaver end de almindelige arbeidersanger. Denne utvikling har fortsat under ledelse av Hans Johnsen, som blev korets instruktør da Svendsen var ansat som organist i Bakke kirke og hadde vanskelig for at fortsætte som instruktør. Hr. Johnsen har hat en lykkelig evne til at bevare koret som arbeidersangkor og samtidig sætte sig høie mål både ved valg av repertoire og utførelse. Det har lyktes ham ved energisk arbeide og fornuftig ledelse at bringe koret frem til en plads som holder mål med hvilket som helst andet amatørkor, og det i en tid da det synes som interessen for den gode gamle mandssang er liten, en plads som, trods man er tilbøielig til at se på dette kor med snobbete øine, skal være vanskelig at negte det. Det antar vi også vil vise sig i den konsert som gives i Frimurerlogen imorgen aften.

Når nu koret feirer sin 20-årsdag, er det mange som følger disse festligheter og mindes hele arbeiderklassens kamp og fremgang gjennem disse år. Og glemmer ikke Trondhjems arbeiderpartis sangkors indsats." (NT 12/9-1921 - mi kursivering. JEB)

Dette utdraget av ein konsentrert jubileumsomtale i det lokale partiorganet fortel ein god del om korleis koret vart sett på av arbeidarrørsla på denne tida. Koret er både eit agitasjonskorps, eit trekkplaster, ein humørskapar, ein tolkar av arbeidsfolks liv og draumar og ein skapar av auka sjølvrespekt ('vi kan få til høg kunstnerisk kvalitet') hjå arbeidsfolk. Nokre opplysingar kan supplere dette biletet:

I FM50-10 kan vi lesa (om sesongen 1907-08):

"Koret var populært og det strømmet inn andragender til koret om velvillig assistanse, men Martin Tranmæl overgår alle, han kune ikke unnvære koret i sin agitasjon, selv når han skulle utenbys søkte han om å få en dobbeltkvartett."

Frå 1909:

"Første påskedag..holdt koret konsert i Lademoen kirke og senere i Vår Frue kirke...Videre ble verdslig konsert holdt i Hommelvik Arbeiderforening..dagen etter..med 10 sangnummer. Det ble arrangert pinsetur med egen båt til Steinkjer hvor det ble holdt konsert i Steinkjer Arbeidersamfunn og folkefest, som begge gikk for fullt hus. Videre deltok koret i partiets samtlige arrangementer, basar, nyttårsfest og ikke å forglemme valgagitasjonen. ..måtte..stå til disposisjon 3 a 4 ganger i uken under valgkampen." (FM50-11)

Frå 1910:

"Det var kjent langt utenfor byens grenser at koret hadde et godt repertoar. ..man fikk henvendelser..om å skaffe partitur av sanger koret opptrådte med. Fagforeningenes Mannskor, Hamar, ber om å få utlånt arbeidersanger som koret benyttet." (FM50-12)

Med Mikal Svendsen som dirigent gjer koret altså store framsteg talmessig og kunstnerisk. I løpet av dei 5 åra aukar medlemstalet med 100%, og koret byrjar få eit namn utanfor Trøndelag. Men det verkelege kunstneriske "gjennombrotet" tykkjest ha skjedd under Hans Johnsen:

"i 1917 med en strålende konsert i Verdensteatret i påskehelgen og konserten ble gjentatt som matine umiddelbart uken etter." (FM50-14)

FM50-14 gjev att konsertomtalen frå musikkmeldaren i Ny Tid, K.O.T. (sannsynlegvis Knut Olai Thornæs), som m.a. skreiv:

"Det store lokale var fyldt til sidste plads, et talrigere publikum end nogen anden konsert har samlet. Og det tør sies at konserten blev en sukces. Koret gav et glædelig og for mange vistnok overraskende bevis paa den utvikling det har undergaat de sidste aar. ..det kjæmpet sig en plads i første rekke blandt byens mandssangkor, en plads som fordomme ikke længer kan forholde det. .."

Om borgarlege musikkmeldarar ville sjå det likeeins, er uvisst, koret vart sjeldan nemnt frå det haldet. Men det er rimeleg å tru at K.O.T. har ein stor del av det Trondheimske arbeidarpublikumet med seg i det han skriv.

Politisk standpunkt

Som partikor kunne ikkje TAS unngå å måtta ta standpunkt til somme større politiske hendingar. Tre døme:

  • I 1905 fekk koret førespurnad om å medverke ved statsminister Chr. Michelsen sitt besøk i Trondheim. Koret takka nei. (FM50-10)
  • I 1912-13 var det streik ved Piene Mølle i Buvika. Sekretæren i møllearbeidarforeininga, Marius Folstad, blir skoten ned og drepen av ein streikebrytar, ei hending som utløyser langvarig boikott av Piene sitt mjøl, med påfølgjande opptrapping frå NAF og LO (lockout og sympatistreik for titusenvis arbeidarar) til regjeringa grip inn med mekling og løyser konflikten. Ved gravferda til Marius Folstad, som samla over 3000 menneske ute i Buvika (jfr. NT 19/9-1913), medverkar TAS med sangane "Bedre kan jeg ikke fare" (Reissiger), "O, tænk naar en gang samles skal" og "Nærmere dig, min Gud".
  • I mai-juni 1921 kravde reiarane sjømannshyrene nedsette til det halve. LO stødde sjømennene ved å ta ut 120.000 fagorganiserte i storstreik, den største streiken landet hadde opplevd til då. Regjeringa - med den russiske revolusjonen i friskt minne - væpnar politiet og mobiliserer "sikre" tropper (fagorganiserte vert dimitterte). Rundt militærdepota i Trondheim blir det laga skyttargraver og piggtrådsperringar. Hamna blir avsperra, så streikebrytarane skal få arbeide i fred. Medan dette står på kan vi i NT 31/5-1921 lesa om:
  • "Det første friluftsmøte under storstreiken. Redaktør K.O.Thornæs taler i Smaabergene for 6.000 mennesker... igaareftermiddag kl. 5 ..Arbeiderpartiets sangkor sang under Hans Johnsens ledelse "Internationalen" og "Gryr i Norden". Den manende sang var av stor virkning. ...Koret sang og musiken [dvs. Fram og Jernbanens musikkorps] spilte "Internationalen". Dermed var møtets officielle del forbi. .."

    To dagar seinare åpna koret samorganisasjonen sitt streikemøte på Rådhusplassen med "Op socialister". Møtet samla 2-3.000. (NT 2/6-1921)

Å ta standpunkt til slike hendingar synest likevel ha vore enkelt så lenge arbeidarrørsla var samla. Koret var partiet sitt kor og følgde partiet sin politikk.

Motsette tendensar?

Heilt uproblematisk er denne perioden likevel ikkje. I tida 1910-1920 er Trondheim eit viktig senter for radikaliseringa i den norske arbeidarrørsla, mange av talsmennene for den radikale opposisjonen som i 1918 erobrar DNA kjem frå Trøndelag (Martin Tranmæl, Elias Volan, Olav Scheflo, Sverre Støstad o.fl.). Samstundes skjer det ei kunstnerisk utvikling og heving av det kunstneriske ambisjonsnivået i TAS som gjer at koret i aukande grad grip til tradisjonelt borgarlege korkonsertnummer (sjå kap. IIIb og IVc). Tyder dette at koret, evt. kulturpolitikken i DNA, på same tid utviklar seg i konservativ lei? Inneheld det kustneriske framsteget spira til politisk høgredreiing på lengre sikt? Og kva er i tilfelle årsakene til dette? Dette vil bli vurdert nærare i kap. III-V.

c) 1907-1924: Norsk Sangerforbund og Trøndelag

I 1901 fanst det relativt få arbeidarkor i landet som heilskap, dei fleste fanst i og ved byane rundt Oslofjorden (AZach 31-44). Men ei viss kontakt synest det ha vore alt frå tidleg. I samband med at det skal haldast nasjonal og internasjonal fagkongress i Kristiania 1907, og at det nye Folkets Hus i hovudstaden er planlagt teke i bruk same sommar, tek folk i partileiinga fram tanken om å arrangere eit landsstemne av arbeidarsangarar i tilknytning til dette. Folkets Hus vart ikkje ferdig, men stemnet vart likevel arrangert 11. og 12. august 1907, med deltaking av Fagforeningenes Sangforening, Typografkoret, Arbeidersamfundets Sangforening, Sagenesamfunnets sangforening og "Kvad" (alle frå Kristiania), samt fagforeiningskor frå Fredrikstad og Sarpsborg, partikoret frå Drammen og ei arbeidarsangforeining frå Horten.

Stemnet hadde fått tilsegn om deltaking frå eit arbeidarpartikor i Ålesund, og frå "begge Trondhjems-korene" (AZach 45-46). FM50-10 fortel at TAS 1907 dreiv

"iherdig med øvelser med henblikk på deltakelse i sangerstevne i Kristiania. Tiden for stevnet kolliderte imidlertid med korets eget arrangement og på grunn av dette og delvis korets dårlige økonomi, kunne det dessverre ikke delta i landets første arbeidersangstevne."
(Det andre Trondheimskoret - Sangforeningen Mimmer (AA 7/8-30) - har eg ikkje funne nærare opplysingar om.)

Arbeidarsangstemnet gav eit overskot på kr. 350,-. Nokre dagar etter stemnet skreiv Hans Østerholt (tillitsmann i Jern og Metall, og ei tid utgjevar av morobladet "Hvepsen") ein artikkel i "Socialdemokraten" - partiavisa - der han rådde arbeidarkora til å danne eit forbund for å hjelpe einannan til å skaffe eit betre utval av m.a. "vakre, humoristiske sanger og... flammende arbeidersanger" (AZach 48-49). Ideen vart teken opp av komiteen for sangarstemnet, og eit fellesmøte av alle arbeidarkora i Kristiania vedtok at overskotet skulle brukast dels til å skaffe fram sanglitteratur (især arbeidarsangar), dels til å førebu danninga av eit forbund "bestående av sangforeninger innen Det norske Arbeiderparti og Arbeidernes faglige Landsorganisasjon".

Forbundet - som utan vanskar kunne ta namnet Norsk Sangerforbund, då det var det fyrste landsomfattande sangarforbundet i Noreg - vart sett i kraft frå 1. mai 1908. TAS vart innmeld frå 14. november same året, som fyrste kor utanfor Kristiania. Denne medlemskapen vara i fyrste omgang berre til 1912, då koret melde seg ut att. Årsaka til dette

"vites ikke bestemt, men formentlig var den at forbundet i altfor høi grad i de første år var et forbund bestående av kor i og omkring Oslo." (AA 7/8-1930)
NSF skulle utgje eit månadsblad (det vart noko sjeldnare; fyrste nummer kom 1/9-1909 og fekk namnet "Tonens Magt") og setja av 25% av kontingenten til eit stemnefond for sangarstemne kvart tredje år. Vidare oppretta NSF eit notebibliotek som til å byrje med lånte ut berre 12 eks. av kvar sang (av økonomiske grunnar). Desse tiltaka kom til å ha lite direkte verknad for arbeidarkora i Trøndelag. (Så seint som våren 1924 stod heller inga andre Trøndelags-kor i NSF (TM2-24).)

Arbeidarkor i Trøndelag før 1924

Fram til ca. 1911 tykkjest TAS vera nokså åleine som arbeidarkor ved Trondheimsfjorden. I 1911 kjem eit nytt arbeidarkor i Trondheim, Kaiarbeidernes Sangkor. Truleg har Røros òg hatt arbeidarkor frå 1910, men det er meir usikkert. I 1914 tek TAS initiativ til danning av arbeidarkor i distrikta, og det blir danna kor i Steinkjer og i Hommelvik. Same året må TAS stå over innbydinga til det elles omdiskuterte Landssangerstevnet i Kristiania (arrangert av den borgarlege korrørsla i samband med 100-årsfeiringa av 1814), men tek del i eit Fredsstemne arrangert i Meråker av norske og svenske arbeidarorganisasjonar, og er dessutan vertskap for Jernbanefunksjonærenes Sangforening i Wien, som er innom Trondheim på Noregsturne.

Orkanger Arbeiderpartis Sangkor vart offisielt starta 1918 (då med namnet "Socialistlagets Sangkor"; Socialistlaget der tykkjest ha drive ymse korverksemd heilt frå 1906, utan å ha vore i nemneverdig kontakt med TAS) ifølgje SOH-17. Arbeidernes Mannskor på Levanger vart starta 1920. Frå ca. 1919 fanst òg i Trondheim eit Socialistlagets sangkor, eit blandakor dirigert dels av Sverre Dreier, dels av Thornæs. Forutan i Socialistlaget song dette koret mykje på julefest i fagforeiningar og fråhaldslag. Rolf Boye Olsen, som sjølv var med, fortel at det vart sunge arbeidarsangar rundt juletreet ved slike høve. Koret fekk løyvingar frå fagforeiningar, men gjekk inn før kløyvinga i 1923-24.

Som tidlegare nemnt, reiste TAS mykje i distriktet. I pinsa 1917 gjorde TAS fellestur med Steinkjer Arbeiderpartis Sangkor til eit større arbeidarstemne i Østersund, og ei tid i førevegen heldt dei to kora felleskonsert på Stjørdal.

Dette året tok TAS på ny kontakt med NSF m.a. for å høyre kva for andre kor som no sto som medlemer, og om det var mogleg å få moderasjon på kontingenten. Kva svaret enn må ha vore, så vart det ikkje til noka innmelding på ny denne gongen (AZach-72).

I juni 1921 vart spørsmålet om å stifte eit "Nordenfjeldsk Arbeidersangerforbund" teke opp til drøfting av TAS og Kaiarbeidernes Sangkor. 8 kor blir tilskrivne, men då berre 4 kor svarar, blir planane lagde til side (FM50-16). Av NSF synest dette å ha blitt oppfatta som at kora ville få til eit distriktsforbund på line med det borgarlege Kristiania Sangerforbund, som delvis vart oppfatta som konkurrerande organisasjon: I eit avsnitt hjå AZach som omhandlar tilhøvet til dei då frittståande distriktsforbunda, les vi:

"Arbeiderkorene i Trondhjem meddelte at de hadde under overveielse å stifte Nordenfjeldske Sangerforbund og derfor ikke f.t. kunne tilmelde seg Sangerforbundet." (AZach-87)
Same hausten - 10. september 1921 - går 12 av dei borgarlege distriktsforbunda saman og stiftar Norsk Landssangerforbund, som berre skal bygge på mannskor slutta saman i distriktsforbund. Med dette - 13 år etter arbeidarkora - har den borgarleg nasjonale mannskorrørsla fått ein landsfemnande organisasjon. Det skal gå fleire tiår før det blir noko særleg samarbeid mellom NSF og det nystifta NLSF.

NSF arrangerer stemne i Kristiania 1912 (med 10 kor/350 sangarar), i Kristiania 1916 (8/400), Drammen 1918 (18/700), Kristiania 1921 (1000 sangarar), og då stemne og landsmøte vart arrangerte i Sarpsborg hausten 1924 hadde NSF 32 medlemskor med til saman 1300 medlemer (AZach 60-102).

d) 1924-1940: TAS, FM og "væpnet fred"

Utviklinga i DNA og i den internasjonale arbeidarrørsla kom til å få følgjer for TAS (og mange andre arbeidarkor). Dette delkapitlet startar difor med ei konsentrert oversikt over den politiske (og dels økonomiske) utviklinga i perioden.

Kløyving, arbeidsløyse, DNA-offensiv

Den fyrste verdskrigen og revolusjonen i Russland, som bidrog til radikaliseringa i den norske arbeidarrørsla, hadde òg ført til opprettinga av arbeidarane sin tredje internasjonale - Komintern - der det russiske kommunistpartiet (bolsjevikane) hadde stor innflytnad. Under krigen hadde Noreg vore tilhaldsstad for fleire landflyktige russiske kommunistar (t.d. Bucharin og Alexandra Kollontay), og det var m.a. eit uttrykk for begeistringa for den russiske revolusjonen når DNA på landsmøtet i 1919 vedtok å slutte seg til den 3. internasjonale.

Vedtaket skjerpa den indre striden i arbeidarrørsla. Alle var ikkje like begeistra for Komintern og bolsjevikane. Komintern var framleis innstilt på at revolusjonsbølgja i Europa ville halde fram, og kongressen sommaren 1920 vedtok opptaksvilkår som i mangt bygde på røynslene frå den russiske revolusjonen. Desse opptaksvilkåra - "Moskvatesene" - kom til å utløyse varig kløyving i den norske arbeidarrørsla.

I fyrste omgang kom DNA til å godta tesene - med visse atterhald. Dette førde til at den konservative mindretalsfløya på nyåret 1921 gjekk ut og konstituerte seg som Norges sosialdemokratiske Arbeiderparti. Men fyrst i 1923 kom det brotet som skulle få størst ringverknader. Striden om tesene og om vedtaka frå den 4. verdskongressen i Komintern 1922 ende med at DNA vart splitta på ekstraordinært landsmøte 2.-4. november 1923. Eit fleirtal rundt Martin Tranmæl gjekk ut av Komintern. Mindretalet gjekk ut av DNA og stifta Norges Kommunistiske Parti tilslutta Komintern. I kjølvatnet av denne kløyvinga kom ein bitter strid om kontrollen over lokalorganisasjonane, ungdoms- og kvinneorganisasjonane osb., ein strid som til tider kunne gå hardt føre seg (AZach/MT 167-234).

I Trondheim tapte internasjonalen ungdoms- og kvinneorganisasjonane, men truleg ved eit tilfelle vann NKP hovudorganisasjonen og med det avisa Ny Tid. Det skjedde på eit "nattmøte" i Turnhallen 17/11-1923. Møtet samla over 1000 medlemer (folk stod langt ut på gårdsplassen). Rolf Boye Olsen meiner det er uvisst om internasjonalen ville fått fleirtal der, dersom ikkje DNA-leiinga i Kristiania på førehand hadde ekskludert formannen i Trondhjems Arbeiderparti, Gustav Sundbye. Sundbye åpna møtet med å be møtelyden ta stilling til eksklusjonen - var det dei eller var det Kristiania som hadde valt han og styret? Somme ropte at dei ikkje godtok eksklusjonen, og Olsen fortel at stemninga var såpass amper at andre som var på nippet til å røyste med Tranmæl-retninga tok handa ned att for ikkje å bli ståande som renegatar, og for å unngå handgemeng. Såleis vart NKP i Trondheim i alle høve heitande Trondhjems Arbeiderparti av NKP, medan lokalavdelinga av DNA måtte bygge opp nytt partiapparat og ny avis. Stemninga blant arbeidsfolk var den fyrste tida m.a. slik at NKP sitt mindretal frå kvinneorganisasjonen raskt voks til å bli den største av kvinneorganisasjonane i arbeidarrørsla lokalt (RO). (Dette var likevel ikkje til hinder for at DNA i Trondheim over det følgjande tiåret drog det lengste strået når det galdt ressursar og oppslutnad.)

"Splittingstrafikk"? "Eksklusjonsraseri"?

Medan DNA og det sosialdemokratiske partiet samla seg att 1927, vart tilhøvet mellom DNA og NKP stadig meir tilspissa etter kløyvinga, sjølv om NKP ved fleire høve var ute med framlegg om einskapsfront og sams aksjon på ulike felt. Dei to partia tørna stendig saman i ulike saker, organisasjonar m.m. Det vil føre for langt å gje ei grundig framstilling av denne striden, mykje er debattstoff enno i dag, i den grad det ikkje er dyssa ned. I det følgjande vil eg prøve å gje ei grov skisse av motsetnadene for å kaste litt lys over utviklinga i arbeidarrørsla som dei to kora var knytte til og vart påverka av:

NKP meinte - med ein viss rett - at DNA frå og med kløyvinga i 1923 hadde gjeve opp tanken om sosialistisk revolusjon i Noreg, og berre var ute etter å koma i regjeringsposisjon på borgarskapet sine vilkår, at DNA la alt organisasjonsarbeid inn under dette målet, og følgeleg måtte leggja lokk på alle revolusjonære straumar og all lokal kampvilje, for å kunna bli sett på som "stovereine" av borgarskapet. Regjering av eit reformistisk DNA ville på ingen måte røre grunnleggjande ved borgarskapet sin faktiske innflytnad i valdsapparat (politi, hær) og økonomi. Skulle det bli revolusjon og sosialilsme i Noreg, måtte NKP bringe DNA-leiarane i vanry og sjølve overta oppslutnad og posisjonar i masseorganisasjonane m.m. i arbeidarrørsla, gjennom kritikk og masseaksjonar.

DNA meinte - òg med ein viss rett - at NKP var eit usjølvstendig vedheng til Komintern, og ikkje var i stand til å utforme ein konkret handlingspolitikk som samsvara med norske tilhøve. I Noreg var det økonomiske krisetider og arbeidarklassen var i ei defensiv stilling (iallfall fram til DNA hadde utforma den konkrete krisepolitikken sin og feia inn på Stortinget i 1933 og -36). Borgarskapet hadde synt militære klør m.a. i samband med storstreiken 1921 og jernstreiken i 1924, og fascistiske tendensar kom til uttrykk m.a. ved danning av organisasjonar som Samfundsvernet (1923), Fedrelandslaget (1925) m.m. DNA meinte at NKP ville kaste arbeidarklassen ut i dumdristige kampar som berre ville gje borgarskapet høve til å setja klassen endå lengre attende. NKP sin kritikk og framstøytar vart oppfatta - og stempla - som splittingstrafikk og skjellsord mot eigne klassefeller.

Kampen mellom dei to partia vart særleg kvass frå 1929 og nokre år frametter. I 1928 hadde Den raude faglege Internasjonale (tilknytt Komintern) ein internasjonal konferanse i Strasbourg der dei såkalla Strassburgertesene - om kommunistane sin faglege politikk - vart vedtekne. I desse vert sosialdemokratane og dei reformistiske faglege leiarane plasserte nokså kategorisk påborgarskapet si side, især i samband med streik:

"Vent dere ingenting fra de reformistiske lederne, de vil forråde dere.. ..nødvendig å legge ganske særlig vekt på at streikeledelsene blir beskyttet mot påvirkning fra sosialdemokratiet og det reformistiske fagforeningsbyråkratiet.. ..Alle reformistenes forsøk på å trenge inn i streikeledelsene må av R.F.I.-tilhengere møtes med krav om at samtlige medlemmer av streikeledelsen skal velges av samtlige beskjeftigede arbeidere på bedriften, såvel organiserte som uorganiserte." (Frå heftet "Streik!", Oslo 1975, s. 16.)
Synet i Strassburgertesene stemte truleg på mange punkt med NKP sine røynsler frå arbeidskampane på 1920-talet. Like fullt kom iverksetjinga av tesene til å by på taktiske vanskar som NKP hadde vondt for å hanskast med. Det kosta DNA-leiarane lite å få åtaka på dei sjølve til å sjå ut som åtak på alle DNA-medlemer, DNA-veljarar og fagorganiserte. Vidare hadde DNA kontrollen med sentralleiinga i viktige organisasjonar som Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (AFL), Arbeidernes Idrettsforbund (AIF), o.fl., og nytta arbeidarane sin vyrdnad for organisasjonane aktivt som eit våpen mot NKP og den opposisjonen som fanst. Frå avisene i perioden kan vi hente fleire døme på korleis DNA-tillitsmenn sentralt i AFL eller AIF kunne ekskludere eller oppløyse opposisjonelle ("illojale") lokalavdelingar for så å oppretthalde eller nystifte lojale (sjå t.d. NT 2/8-1930 om nystifting av Tyssedalsforeininga innanfor Kjemisk, eller AA 16/7-1930 om tilhøva i Trøndelag krets av AIF samanlikna med ein illustrerande episode referert i NT 12/8-1930 der Sportsklubben "Grane", Bergen, nektar å ekskludere 2 medlemer som har teke del i stemne arrangert av den tidlegare ekskluderte delen av Trøndelag krets. Ifølgje Rolf B. Olsen og sistnemnde artikkel var det sentralt godkjende nye styret for kretsen berre representativt for eit mindretal av laga, medan eit fleirtal på 11 lag gjekk ut, slutta seg til den revolusjonære idrettsopposisjonen som stødde den raude sportsinternasjonalen RSI, og heldt eigne stemne. Som vi ser av AA, blir dette i neste omgang bruka som argument for å legitimere eksklusjonane, osb.).

Desse sidespranga til fag- og idrettsrørsla kan gje inntrykk av korleis DNA og NKP slæst som hund og katt utanom korrørsla. Det er ingen tvil om at DNA i minst like stor grad som NKP hadde sett seg som mål, og vel å merke som kortsiktig mål, å skvise det rivaliserande arbeidarpartiet "av banen" (noko DNA lukkast i for alvor fyrst etter 2. verdskrig). DNA avslår diverse framlegg frå NKP om danning av folkefront, listesamband eller liknande, med arrogante utsegner som denne:

"Den demokratiske folkefront i Norge dannes av den politiske og faglige arbeiderbevegelse, av Det norske arbeiderparti og Arbeidernes faglige landsorganisasjon." (AA 8/9-1936)
Komintern, som i 1928 tenderte til (og ikkje var utan argument for) å framstille sosialdemokratiet på line med reaksjonen elles, hadde i 1934/35 opplevd såpass mykje av fascismen som sjølvstendig rørsle at dei no gjekk inn for folkefront, både med sosialdemokratane og med alle andre parti eller organisasjonar av arbeidsfolk og demokratar som gjekk mot fascismen. Som oppfølging av dette kom NKP i 1936 med framlegg om listesamband med DNA. Då avslaget frå DNA kom, trekte NKP listene sine over heile landet så nær som i Bergen og Trondheim/Levanger. I Trondheim vedtok fyrst eit samrøystes medlemsmøte i NKP å stille liste. Men då Venstre gjekk i listesamband med Høire og Frisinnede Venstre, og det byrja spøke for eitt av DNA-mandata, trakk NKP lista her òg. "Arbeidarregjering" istadenfor "fascisme" var no overordna sjølvstendet og mandatsjansane til NKP. Same året vart NKP-koret med i TAKF/NSF (registrert som "Nye kor" i TM 1-37).

Arbeidsløyse

Det er ikkje til å unngå at kora blir påverka av dei kapitalistiske økonomiske krisene i mellomkrigstida. Arbeidsløysa kjem i tre bølgjer. I 1922 kjem fyrste toppen. Då er overskotet av arbeidssøkande menn og kvinner ved arbeidskontora 19.492 i årsgjennomsnitt på landsbasis (topp i februar med 29.449). Neste topp kjem i 1927 med 23.874 (30.837 på det meste), og siste i 1934 med 36.339 (43.559). I 1939 er årsgjennomsnittet framleis 26.777 (Ousland III-690). (Desse tala syner berre ein brøkdel av den verkelege arbeidsløysa, i røynda var ho minst det tredoble, ifølgje Ousland.) I Trondheim kom det registrerte talet snart opp i 800-900 i 1921. På det meste må talet på faktisk arbeidslause ha vore over 5.000 (RO). I 1936 var det t.d. i slutten av juni framleis ca. 1.300 registrerte arbeidslause (1.120 menn) ifølgje NT 9/7-1936.

DNA: Parlamentarisk offensiv

Arbeidsløysa, og i det heile den økonomiske krisa i Noreg både på 1920- og 1930- talet, dannar ramma for ei ny utvikling av politikken og ikkje minst den samfunnsmessige stillinga til DNA.

Tida 1921-1931 hadde vore prega av store arbeidskampar - jfr. storstreiken 1921, jernstreiken og storlockouten 1924, lockouten 1926, streiken mot voldgiftsdommen i 1928 og ikkje minst storlockouten (med Menstadslaget) i 1931 (Ousland II).

I desse kampane var det klare tendensar til motsetningstilhøve mellom dei aksjonerande arbeidarane og leiarane i arbeidarrørsla sentralt, der dei siste ofte kunne stille seg passive eller direkte negative til aksjonen. Men sjølv om DNA dominerte dei sentrale verva i AFL, kunne det òg vera tilfelle då sentrale folk frå NKP kom ut på glattisen i høve til grunnplanet. Normalt synest det likevel som om NKP var på line med dei som aksjonerte, medan DNA prøvde å halde att (jfr. Inger Bjørnhaug i Materialisten 1/1979).

Fram til ca. 1931 kan ein få inntrykk av at det ikkje skjer så store endringar i styrketilhøvet mellom NKP og DNA innanfor organisasjonane i arbeidarrørsla. Sjølv om DNA held fast på kontrollen av sentrale organ i AFL m.m., er NKP framleis ein opposisjon å rekne med. Dette skulle kome til å endre seg klart i dei neste 5-6 åra, m.a. som resultat av ny taktikk frå DNA-hald.

Det var sjølvsagt ikkje slutt med arbeidskonfliktene frå 1931, men for DNA og dei organisasjonane DNA no dominerte vart hovudspørsmålet korleis DNA skulle vinne stortingsfleirtalet og regjeringsmakta. Ved m.a. å utarbeide ei lang liste over konkrete og gjennomførlege tiltak for å lempe på arbeidsløysa og dei øvrige utslaga av den økonomiske krisa, vart DNA ståande som det einaste truverdige alternativet for arbeidsfolk flest. Dette - saman med ein langvarig og intens innsats på propaganda/agitasjonsfeltet - gjorde at DNA kunne nytte negative ytre faktorar som krise og fascistiske tendensar til sin føremon og få utteljing for kravet om samling rundt DNA. I 1933 fekk DNA ved stortingsvalet ein framgang på 125.000 stemmer - 8% av avgjevne stemmer, totalt over 40% av alle avgjevne stemmer, noko som gav 69 stortingsmandat. Ved kommunevalet 1934 vann DNA fleirtal i 94 nye kommunar, totalt 182. I 1935 kom det såkalla kriseforliket med Bondepartiet som gjorde at DNA 19. mars same året kom i regjeringsposisjon. Ved det tidlegare nemnde stortingsvalet i 1936 gjekk DNA fram med 118.000 nye stemmer, og sjølv om borgarleg listesamband gjorde at dette berre gav eitt nytt mandat, var DNA no etablert i regjeringsposisjon, der det med få avbrot har sete fram til 1979, med eller utan reint stortingsfleirtal (AZach/MT 306-354). NKP på si side synest ikkje ha vore i stand til å utarbeide ein truverdig taktikk som kunne hamle opp med DNA, sjølv om dei enno hadde stor innflytnad i fagrørsla og i ulike kampspørsmål, større enn valresultata skulle tyde på (jfr. NKP's historie, Just Lippe, Ny Dag 1973).

Kva slag parti var DNA i 1935?

Dette allsidige oppsvinget for DNA på midten av 30-talet er knytt saman med visse justeringar i politikk og organisasjon. Fram til og med 1930 hadde partiet iallfall i ord prøvd å stå fram som eit parti med revolusjonære mål, eit parti som ville at arbeidarklassen skulle kjempe mot og ta makta frå borgarskapet. Så seint som i 1928 blir borgarskapet skremt då kongen gjev Hornsrud (DNA) i oppgåve å danne regjering, dei reagerar med kapitalflukt (eit par hundre millionar kroner blir sende ut av landet), og Stortinget blir pressa til å felle regjeringa etter berre 18 dagar. På landsmøtet i 1930 er det framleis diskusjon i DNA om eit stortingsfleirtal treng vera føresetnaden for å ta makta i Noreg (og om den vegen er mogleg), og partiet blir møtt med massiv hets frå borgarleg hald ved valet same år. At det same partiet alt i 1935 blir godteke som "stovereint" av borgarskapet (og av ikkjerevolusjonære veljarar to år før), heng ikkje berre saman med at DNA i desse åra legg vekk storparten av den tidlegare "revolusjonære" ordbruken, "dogmatikken". Vel så viktig er truleg at DNA i desse åra demonstrerer i praksis at det røynlege målet for partiet er å administrere kapitalismen betre enn det sitjande borgarlege styret synest å greie.

Klassesamarbeid

Viktigast i dette biletet er truleg Hovudavtalen av 1935, som m.a. slår fast fredsplikt i tariffperioden: Så lenge tariffavtalen gjeld, er arbeidarane og arbeidskjøparane fråtekne retten til å erklære streik, lockout eller annan form for arbeidskamp (samstundes som arbeidskjøparane framleis har styringsretten, rett til å innskrenke drifta med permitteringar/oppseiingar, evt. leggja henne ned). Hovudavtalen bind alle tillitsmenn til å gå i mot "tariffstridige" aksjonar frå arbeidskameratane si side.

Gjennom ulike former for sentralisering av tariffoppgjera vert arbeidarane såleis svært avhengige av sentrale organ/forhandlarar i forbunda og LO, der ein - i fyrstninga m.a. grunngjeve med slagordet "Heile folket i arbeid" (Ousland III-502) - lengst mogleg prøver å unngå arbeidskonflikt. Det er såleis ikkje heilt utan dekning når Hovudavtalen frå somme hald blir kalla "klassesamarbeidets grunnlov". (Dette innhaldet endrast ikkje av at borgarlege krefter fyrst på 30-talet prøvde å gjennomføre endå hardare vilkår for arbeidarrørsla, jfr. Ousland III.) For borgarskapet måtte det synast som ein stor føremon at leiarane for den relativt kraftige arbeidarrørsla slo inn på samarbeidsvegen og attpåtil tok på seg å halde kontroll på dei eigne troppane. Med dette som avgjort rådande politikk var DNA godtakande som regjeringsparti.

Det kan diskuterast kor brått dette omslaget frå klassekamp til klassesamarbeid, frå revolusjon til "demokratisk sosialisme" skjedde. Edvard Bull (NJ 13-127) peikar på at omslaget starta i fagrørsla ti år før det vart klarlagt partipolitisk/programmatisk i 30-åra. Jørn Magdahl (Materialisten 1/79) meiner at DNA braut med den revolusjonære vegen alt i 1923 (brotet med Komintern), at reformismen byrjar dominere partiprogrammet alt på 20-talet og berre vart vidareutvikla på 30-talet, og at bruken av revolusjonære ord og vendingar det fyrst tiåret etter 1923 i fyrste rekke var taktisk betinga av kampen mot NKP.

Men det er på 30-talet DNA for alvor kjem på offensiven, jfr. dei tidlegare nemnde tala frå stortings- og kommuneval. Samstundes skjer det ein kraftig vokster i medlemstalet i LO: I 1931 passerer medlemstalet for fyrste gong rekorden frå 1919 (143.926), og i åra 1934-37 veks medlemstalet med omlag 50.000 i året, frå 172.513 til 323.156 (Ousland III-729).

Propaganda og agitasjon

Både Aksel Zachariassen og andre historieskrivarar innan DNA legg vekt på den store optimismen og aktiviteten som voks fram frå 1933 av, med tiltak på stadig nye område. Blant desse tiltaka er danninga av Arbeidernes Oplysningsforbund (AOF) 1932 og Tiden Norsk Forlag 1933, båe under DNA-kontroll. Desse kjem til å ha mykje å seia for opplysning, propaganda og agitasjonsarbeidet i arbeidarrørsla i desse åra. Av AOF/Tiden-utgjevingar som interesserer oss, kan nemnast Håndbok i Agitasjon og Propaganda (1934) innretta på "tillitsmenn i de norske arbeiderorganirasjoner", og boka Klasse og kulturkamp (1935). Desse kjem eg attende til under vurderinga av kultursyn og repertoar (kap. IV). Desse bøkene er båe gjennomsyra av den tanken at arbeidarrørsla må ta alle moglege propagandamiddel effektivt i bruk for å avverje fascismen i Noreg:

"..Kampen står om de store masser. Vinner vi ikke dem, så vinner fascistene dem. For fascistene bruker disse midler og spiller på alle følelseslivets strenger. ..Innsatsen er så stor at den kunde forsvare grovere og mere hensynsløse midler, enn de som her er foeslått. For enhver pris gjelder det å hindre at det fascistiske helvete skal slå rot i dette land!" (A&P-17)

På denne tida byrjar DNA produsere valfilm, med Per Lie, broren Haakon Lie og Olav Dalgard i spissen. Talekor og TRAM-gjengar blir tekne i bruk. Hammarmerket blir lansert - osb.

Følgjer for arbeidarkora

Til TAS kom striden fyrst etter at dei verste bølgene hadde lagt seg. I FM50 er kløyvinga av koret framstilt slik:

"Alt gikk bra utover høsten inntil en fikk den ulykksalige partisplittelse. Koret ble også berørt av denne og for at koret skulle slippe å ta altfor store skader, framsatte styret i ekstraordinær generalforsamling 6. januar 1924 forslag om at koret skulle ta sitt tidligere navn: Fagforeningenes Sangkor. Etter en del drøftinger framkomdet forslag om at koret for ettertiden skulle bruke Fagforeningenes Mannskor. Dette forslag fikk 42 stemmer og 16 stemte imot. Mindretallet bøyde seg ikke for denne avgjørelse og de 16 forlot koret." (FM50-17.)

Det har ikkje lukkast å oppdrive dei då gjeldande lovene for TAS, men ifølge RO var lovene slik at TAS skulle oppretthaldast så sant 5 medlemer ville det - og i dette tilfellet var det altså 16. Frå NKP sitt synspunkt var det difor dei 42 som "forlot koret" og starta sitt eige kor - FM, medan TAS kunne halda fram uavbrote som partikor for Trondhjems Arbeiderparti (av NKP) utan å endre lover eller namn. (RO var sjølv til stades på møtet 6. januar, sjølv om han fyrst etterpå vart medlem av TAS.)

RO meiner òg at TAS heldt på eigedomen til koret. Ikkje desto mindre kan ein lese denne notisen frå FM i Tonens Magt 3/25 (s. 27):

"..Av regnskapet fremgår at koret ved sesongens begyndelse hadde en gjeld av ca. kr. 1000.00, som blev stiftet ved korets tur til mjøsbyene i 1923, denne gjeld er nu betalt."
I røynda var dette "nu" hausten 1923 - då medlemene betalte ekstrakontingent på kr. 10.00 for å få koret på rett kjøl att (FM50-17).

Interessant er det å samanlikne taktikken til dei to partia i samband med kløyvinga av koret. Medan NKP går rett på og prøver å oppretthalde størst mogleg del av koret som partikor for seg, prøver DNA gjennom namneskiftet å gjera koret til eit "partipolitisk nøitralt arbeiderkor" (TM4-26), eit Fagforeningenes Mannskor. Taktikken til DNA synest meir smidig, men bygde nok i same grad på partibehov (eit interessant aspekt er er at DNA frå gamalt av bygde på kollektiv tilslutnad frå fagforeiningar, medan NKP var avskore frå dette av Moskvatesene. DNA rekna truleg med å sikre seg innflytnaden over koret indirekte, noko som vart desto lettare utan NKP-fløya. Alt hausten 1925 er FM med i valkampen for Trondhjems avdeling av DNA. (TM3-25.))

Sikkert er ialle høve at vi frå våren 1924 har å gjera med to kor - TAS og FM - istadenfor som tidlegare eitt, TAS. Men så seint som 27/1 opptrår koret samla på minnemøtet for Lenin i Cirkus.

Ingen uttrykte glede over kløyvinga av TAS. I NT kan vi lesa følgjande notis:

"SANGERE: Ved det boopgjør som har fundet sted og som finder sted mellem retningerne inden arbeiderbevægelsen deles op også organisationer som burde kunne holdes sammen. Men dermed er intet at gjøre. Det er denslags som hænder og vi klager ikke.

Trondhjems arbeiderpartis sangkor er også blit delt og dette nødvendiggjør samlingen av kræfter til et nyt kor. Trondhjems arbeiderparti har bruk for et sangkor og da det er mange kommunister som er sangere vil koret imorgen kveld bli gjenreist og forhåbentlig bli like udmerket som det tidligere var det. Dirigent er skaffet og ca. 30 av korets tidligere aktive kræfter har meldt sig til tjeneste. Dessuten formoder vi at en del kommunister og arbeidere som nu synger i andre kor vil samles om partikoret. .." (NT 12/2-24).

Appellen vart høyrd. Oppslutninga om TAS vart såpass stor at koret ved juletider var over 100 mann, størst i byen (RO). (Tilsvarande skjedde med kvinneforeininga til NKP.) Men dette varde berre ei stund. Frå ca. 1927 låg medlemstalet i TAS stabilt på ca. 60-70.

Avrøystingsresultatet 42-16 skulle tyde på at FM hadde eit betre utgangspunkt enn TAS. FM rekrutterte òg ein del "nye, unge sangere", og ved jubileumskonserten 1926 skal koret ha hatt 70-80 aktive.

FM melde seg inn i NSF 1/10-24, medan TAS vart ståande utanfor (FM50-18).

Kvinneforeninga

FM fortel dinest at det

"Etter forslag fra Einar Lønvik ble..stiftet kvinneforening av sangernes hustruer og forloveder, og foreningen var gjennom årene til stor økonomisk hjelp for koret."
Å plassere denne hendinga inn på dette tidspunktet (hausten 1924) må vera ei tilsniking. Den fyrste protokollen i kvinneforeninga går frå 14/11-1921 til 8/11-1933, og dokumenterer såleis at foreninga fanst før kløyvinga.

Av protokollen kan vi lesa korleis kvinneforeninga vart påverka av kløyvinga i koret. Fyrst 11/2-24 vart saka teken opp, dvs. det vart snakka ein del "om foreningens stilling til koret efter splittelsen", men saka vart utsett til neste møte to gonger på rad. Frå møtet 10/3 kan vi så lesa:

"Forsamlingen fandt det unødvendig å opløse foreningen, som først tænkt; og efter forslag av fru Sand blev det med 10 mot 2 stemmer vedtat at foreningen kun skulde skifte navn. Foreningens navn blir nu Fagforeningenes mandskors kvindeforening. .."
Frå neste møte 24/3:
"Da foreningens beslutning fra forrige møte har vakt misnøie hos enkelte medlemmer, foreslog styret at foreningens midler, penger såvel som 3-4 hundre nummerbøker skulde deles procentvis på hvert medlem i forhold til deres medlemskap. Dette blev vedtat og pengene utbetalt til dem som ønsket å slutte. .."
Med andre ord: Kvinneforeninga vart kløyva, og DNA var i fleirtal.

Det synest ikkje ha vore regelen, korkje i Trøndelag eller elles i landet, at partikora vart kløyva. Somme stader var rimelegvis den eine retninga for veik til å kunne drive eit eige kor. Mindretalet hadde då valet mellom 1) å bli ståande i koret, 2) å gå i passivitet, evt. 3) å gå over i eit borgarleg kor. Når Arbeiderpartiets kvinnekor i Kristiania endra namn til Arbeiderpartienes kvinnekor, må ein tolke det som eit forsøk på å gjera det fyrste mogleg. (Fram til 1927, då DNA og det sosialdemokratiske partiet gjekk saman att, var det tre 'arbeidarparti' i Noreg. Nokre arbeidarpartikor endra namn alt etter fyrste kløyvinga i 1921.)

RO er elles inne på at arbeidarkora ofte synest tilhøyre den mest konservative fløya av arbeidarrørsla, noko han m.a. bygger på at DNA i TAS oppnådde klarare fleirtal enn i dei andre organisasjonane i Trondheimspartiet. Ein annan faktor her er at arbeidarrørsla allmennt politiserte kulturen/korsangen mindre enn andre felt, noko eg kjem nærare inn på under handsaminga av repertoaret.

Nye dirigentar - ny verksemd?

Den nye dirigenten TAS no skaffa seg, var Arne Aune (f. 1880), hattemakar og venstremann, sjølvlært musikar og dirigent. Aune hadde m.a. dirigert orkesteret i Arbeiderforeningen, og hadde godt ry blant andre dirigentar. På det meste dirigerte han seks kor. Likevel rekna han etter kvart TAS som "sitt eige", det han var nærast knytt til og likte best, fortel RO. Trass i kritikk frå dirigent- og musikarkollegaer, gjekk han alltid saman med TAS i 1. mai-toget. Aune var fast dirigent for TAS til ca. 1964, då han takka for seg.

I FM var dirigentane litt mindre stabile. Hans Johnsen slutta våren 1925, og vart avløyst av konsertmester Ewald Niegich. Året etter vart Niegich tilsett som konsertmester i Bergen, og den som tok over vart Trygve D. Olsen. Han kom til å dirigere FM fram til 1935, og vart etter kvart ein mykje nytta dirigent av kor tilknytt DNA. T.D. Olsen var tidlegare organist i metodistkyrkja frå 1913, og dirigerte sangkoret der. Frå 1935 til 1939 vart FM dirigert av Arne Brodersen, som dessutan har vore dirigent for Trondheim Mannskor og både den mannlege og den kvinnelege studentsangforeninga. Frå 1939 vart han avløyst av Haakon Hoem, som dessutan var dirigent for symfoniorkesteret og for Nidaros Mannssangforening.

FM og TAS held fram, kvar for seg, med omlag same verksemd som TAS dreiv før 1924. Somme nye problem har naturleg dukka opp. Å opptrå med konsertar og på partiarrangement var ei grei sak. Meir ømtåleg var spørsmålet om å opptrå for fagrørsla, især i samband med større demonstrasjonar o.l., der TAS tidlegare hadde vore eit trekkplaster. Ved to større demonstrasjonar (m.a. mot lockout 29/2, 4000 deltakarar) våren 1924, glimrar båe kora med fråveret sitt, anten dette skuldast medlemsfornyinga eller politiske problem. Elles vert kvart kor gjerne invitert til å opptrå i dei fagforeiningane der deira retning har fleirtal (t.d. syng TAS ofte for Jern og Metall). (Eg har ikkje funne døme på at FM eller TAS t.d. stødde ein streik direkte, ved å sende pengar eller opptrå for dei streikande. At dette til tider vart gjort av andre arbeidarkor kan vi lesa av TM 1/24 og 2/24.)

Tilhøvet mellom kora er det RO kallar "væpnet fred", "anstrengt hjertelighet", noko avmålt. Kommunistane søkte til TAS, sosialdemokratane (RO: anti-kommunistane) til FM, dei visste kvar dei hadde einannan, sjølv om den åpne kampen mellom dei var reservert for andre felt. Samstundes kunne dei syne ein viss vyrdnad for det kora utretta kunstnerisk. FM sine konsertar vart gjerne meld av Ny Tid, TAS sine av den nystarta Arbeideravisa.

Båe kora arrangerer jubileumskonsertar i 1926, 1931 og i 1936. I mellom dette stiller kora jamnt på 1. mai, arbeidarstemne, valmøte, andre partimøte, fagforeiningsårsmøte og andre fagforeiningstilstellingar ("Om ei fagforeining varskudde at dei ville ha ein sang, så kom vi, vi." (BM)). Det hender at dei arrangerer 'sangaften' e.l. Vår og sommar brukast gjerne til sangarturar. Ein skilnad på FM og TAS er at FM nå og då arrangerer kyrkjekonsert, noko som er meir uvanleg for TAS ("Det gamle partikoret var ikkje store kyrkjegjengarar akkurat" (BM)). TAS tok elles del i NKP sine årlege fredsstemne 1. august. I TAS finst morokvartetten "Vrangstrupen", som gjerne opptrår ved festlege høve, og RO fortel at han mange gonger leia meir laust samansette kvartettar i samband med gravferd, merkedagar for kameratar o.l. Det hende gjerne at sangarane tok seg fri utan løn for å synge i gravferd. (RO, som både spela trekkspel og hadde ein stødig bass, var ofte "nestkommanderande" for Arne Aune, fortel han.)

Tilhøvet til NSF

FM, som hausten 1924 var medlem i NSF, deltok på forbundsstemne i Oslo 1928. På det 10. landsmøtet i NSF, som vart halde i tilknytning til stemnet, vart FM pålagd både å arrangere neste NSF-stemne i Trondheim 1930 og å prøve å få danna eit Nordenfjeldsk Arbeidersangerforbund (FM50-22) tilknytt NSF. Resultata kom raskt: 25. august 1929 vart Trøndelag Arbeiderkorforbund konstituert, og det fyrste distriktsstemnet i TAKF vart planlagt halde på Levanger 6. juli 1930, same sommaren som ein skulle arrangere landsstemnet i Trondheim 8.-10. august. (Ein av dei som gjekk i spissen for dette var den svært aktive Arne Forseth, som vart vald til formann i FM hausten 1928 og til formann i det nystarta TAKF, og som 1931-38 sat i hovudstyret for NSF.) TAKF heldt seinare stemne på Orkanger 1932, Steinkjer 1934, Trondheim 1935, Støren 1937 og Orkanger 1939, før krigen kom. NSF hadde landsstemne i Oslo 1933 og i Bergen 1938. FM var med over alt.

TAS stod i lang tid utanfor NSF, TAKF og stemna dei arrangerte. Årsakene til dette er ikkje heilt klarlagde. Rolf Boye Olsen og Bjarne Meland (frå TAS) meiner årsakene var klart partipolitiske, at TAS alt frå kort tid etter kløyvinga hadde søkt om medlemskap i NSF, men blitt halde utanfor av anti-kommunistiske DNA-folk i FM og NSF. Når det gjeld TAKF, fortel TAKF50 at TAS var representert på stiftingsmøtet, og held fram lenger ut: "Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor gikk straks etter starten ut, men vi som holdt sammen, hadde fått tro på forbundet og at det skulle lykkes å få med flere." RO er usamd i denne versjonen, og meiner at TAS i utgangspunktet ville vera med i TAKF, men at DNA-folk som dominerte TAKF stilte medlemskapsvilkår TAS ikkje kunne godta, "noko i likskap med å avsverge vår tro" (RO). Eg har ikkje lukkast i å koma over nærare dokumentasjon av dette. Faktum er likevel at kora tilknytt Trondhjems Arbeiderparti av NKP fyrst i 1936 vart medlemer av TAKF og NSF, og at det måtte ei landsmøtehandsaming til (1938) før TAS fekk godkjend fulle rettar, ansiennitet m.m. (BM, TAKF50, AZach-158). Iflg. RO deltok TAS i TAKF fyrst på stemnet i Orkanger 1938.

Men TAS var ikkje isolert fram til då. RO fortel at det eitt år (truleg 1931) vart arrangert kommunistisk arbeidarsangstemne i Trondheim. Deltakarar forutan AS var eit arbeidarkor frå Røros og eit frå Molde. Konserten vart halden på Skansen, utstillingsbygninga frå Trøndelagsutstillinga 1930. To gonger seinare òg var Moldekoret i Trondheim, før krigen. TAS hadde elles eit godt tilhøve til dei andre arbeidarkora i byen, sjølv FM, som hadde dei folka som stilte seg kjølegast til TAS, hadde ein viss respekt for TAS, som hadde flinke folk og ikkje kunne klagast for å gå borgarskapet sitt ærend (der stod FM meir lagleg til for hogg, ifølge RO).

Arbeidsløysa og kora

På same vis som kampen mellom DNA og NKP fekk følgjer for kven som var med i TAKF/NSF, og når, fekk den store arbeidsløysa under krisene på 1920- og 1930-talet følger for arbeidsstoda i kvart einskild arbeidarkor.

Korleis verka arbeidsløysa inn på kora? Dei arbeidslause fekk sjølvsagt problem med å betale kontingent. Ved eit høve fyrst på 30-talet var 40 av 60 medlemer i TAS arbeidslause ("Det var ein kuriositet å ha arbeid" (BM)), og dei fekk då vedteke at arbeidslause skulle få kontingenten nedsett til tiendeparten av gjeldande kontingent (RO). Det hende at dirigenten eller formannen betalte for opptil fleire arbeidslause som var på nippet til å slutte av di dei ikkje hadde råd til kontingenten (BM). På den andre sida var koret ein kjærkomen samlingsstad for den arbeidslause og politisk medvitne ungdomen: Her traff dei kjente, her kunne dei diskutere politikk i pausa, her skaffa dei seg si eiga underhaldning langt billegare enn dei andre tilboda som fanst. Dette er truleg ei viktig årsak til at medlemstalet heldt seg oppe så koret var livskraftig. Men økonomien var heile tida eit problem, og det var ikkje uvanleg at dirigenten laga piratkopiar av arrangement så det skulle bli billegare for medlemene.

Bjarne Meland hevdar at FM hadde ein føremon, økonomisk sett. Ut frå namnet var det nokså lett for dei å få ei og anna løyving frå årsmøte i Samorg., i ymse fagforeiningar o.l., noko TAS måtte greie seg utan. Hjå partiet var inkje å få, det var like fattig.

For NSF førde arbeidsløysa til at somme medlemskor heilt eller delvis måtte trekke seg frå stemne. Til landsstemnet i Trondheim/"Nidaros" i 1930 var det venta 1200 sangarar (AA 6/8-30), i praksis kom berre ca. 800 (AHo-49), slik at det grundig førebudde stemnet gjekk kr. 3.500 i underskot (AZach-123). (Til samanlikning samla NLSF-stemnet i Trondheim i pinsa same året over 2.500 sangarar (AHo-48).) NSF byrja på denne tida søke nærare tilknytning til AFL, m.a. med tanke på økonomisk stønad (AZach/S-386).

Det kan tenkjast at arbeidsløysa kan ha verka hemmande i spørsmål om utbygging av arbeidarkorrørsla: Mindre pengar tydde mindre reising, mindre utveksling av idear og entusiasme, større vanskar med å skaffe seg øvelokale og dirigent dersom ein ville starte eit nytt kor. Likevel synest det ikkje vera nokon nedgang å snakke om i talet på arbeidarkor i løpet av periodane med stor arbeidsløyse. Tvert om er det under den verste arbeidsløyseperioden på 1930-talet at talet på arbeidarkor så smått byrjar skyte fart. Vi skal sjå korleis dette arta seg for Trondheim og TAKF.

"Gjennombrotet"

Då TAKF vart stifta i Trondheim 1929 hadde FM og TAS ei tide vore åleine som arbeidarkor i byen. Socialistlagets Sangkor (ca. 1918-1922) og Kaiarbeidernes Sangkor (1911-1924) var båe forsvunne. Rett nok vert det i 1928 stifta sangkor innanfor N.N.N. i Trondheim, NNN's Sangkor (seinare Arbeidernes Blandetkor), men fyrst fleire år seinare slutter dette koret seg til NSF/TAKF (TM 1-2/38).

1932 er eit merkeår. Dette året - to år etter NSF-stemnet i Trondheim - tek fyrst FM (ved Arne Forseth, og fru Anna Laurgaard) og seinare TAS (ved formannen William Kristiansen) initiativet til danning av kvinnekor tilknytt arbeidarrørsla (TDK10, RO). Før dette synest det berre ha funnest arbeidarkvinnekor sør for Dovre, iallfall når det gjeld tilslutning til NSF (jfr. TM 1925/1935). Trondheim Damekor - det fyrste i Trondheim - vedtok alt på fyrste medlemsmøte å slutte seg til TAKF. Trondheim Arbeiderpartis Kvinnekor måtte saman med TAS vente til 1936 før dei vart med. Som dirigentar fekk TDK T.D. Olsen, medan TAK (seinare Arbeidernes Kvinnekor - AKK) fekk Arne Aune. Båe kora rekrutterte bra (TDK er oppe i 100 medlemer fyrste året (TDK10)) og arbeider aktivt med omlag same oppgåvene som mannskora: Agitasjons- og valmøte, 1. mai, konsertar/matinear (gjerne saman med mannskora), stemne osb.

I dei følgjande åra aukar talet på arbeidarkor både i Trondheim og i TAKF under eitt. Alt i 1933 får TAKF 4 nye medlemskor: Arbeidernes Ungdomskor (seinare Mannskoret Orfeus) og Typografenes Sangkor frå Trondheim, dessutan Røros Arbeiderkor og Lysøysund Arbeiderkor. I Trondheim trør dei same året like godt til med Barnekoret "Fram", med T.D. Olsen som dirigent. Dette barnekoret medverka m.a. ved fleire mottakingar, t.d. ved TAKF-stemnet i Trondheim 1935, og var framleis i verksemd 1938, då koret med omlag 40 medlemer drog på turne til Oslo og heldt konsert i Folkets Hus (TM 3/35, 4/38).

Talet på medlemskor i TAKF aukar kraftig fram til 1937, då det når ein førebels topp med 17 medlemskor (sjå vedlegg 7). Ei liknande utvikling ser vi for NSF under eitt: I tida 1929-1934 aukar forbundet frå 36 kor og ca. 1.500 sangarar (stemnet i Oslo 1929) til 62 kor og ca. 2.200 sangarar (AZach-141), og utviklinga held fram. Medlemsoversikta i TM 1-2/35 syner 70 medlemskor. I TM 4/37 er oppført heile 101 kor fordelt på 11 distriktsforbund. Av distriktsforbunda er TAKF nest størst etter Oslo Arbeidersangerforbund (som har 18 kor). Telemark A.s.f. har 12 medlemskor, Østfold A.s.f. og Hedemark og Oplands Sangerforbund båe 11, Rogaland A.s.f. 9, medan Bergen og Fylkenes Arbeidersangerforbund kjem på sjuande plass med 7 medlemskor. For 1938 oppgjev Ousland III-664 at stillinga er 108 kor med om lag 3.500 sangarar, medan TM 3/38 er meir atterhalden: 98 og 3.317. Det er i alle høve ingen tvil om at oppblomstringa for arbeidarorganisasjonane på 30-talet i full mon gjeld for arbeidarkorrørsla og NSF/TAKF.

Aksel Zachariassen har rimeleg grunn når han (Azach-137) kallar perioden for "gjennombruddet" for arbeidarkora.

Det er rimeleg å tru at optimismen rundt den politiske framgangen for DNA gav betre vokstervilkår for arbeidarkorrørsla. Det er vanskeleg å måle i kva grad arbeidarkora sjølv bidro til denne framgangen (for DNA og arbeidarrørsla), men i ein rapport frå FM i TM 5/33 kan ein få inntrykk av korleis dei såg på saka der:

"..Når årsmøtet vel var ferdig og den første øvelsen var undavgjort, 'bar det laus' med sang under Det norske Arbeiderpartis valgkamp både i byen og utenfor. Ved hver eneste valgkamp har vårt kor være den faste deltager og vi har nok på følelsen, at også vi denne gang hav gjort vårt til at resultatet blev så strålende som det blev, nemlig en fremgang3000 stemmer for partiet i Trondheim. Det er jo korets opgave å synge arbeiderklassens sak, synge den slik at alle må bli revet med i kampen for bedre og lysere kår for arbeiderklassen i Norge."

DNA nytta utan tvil sangen aktivt i agitasjonen denne tida. I takt med DNA sitt skifte frå "revolusjonært" til samarbeidsviljug parti gjer dei i arbeidarsangen ein overgang "fra 20-åras revolusjonslyrikk til 30-åras frodige, solidariske folkesanger" (Ousland III-665), med Arne Paasche Aasen og Jolly Kramer Johansen som sentrale bidragsytarar. Desse sangane vart spreidde aktivt m.a. i samband med kvar valkamp. I 1935 gjev AOF ut ny sangbok. Sangane blir òg tilgjengelege i korarrangement etter kvart, men i kor stor grad dei vert tekne i bruk skal drøftast under repertoar (Kap. IV, b-d).

Arbeidarmusikk elles

Sjølv om DNA avgjort tok offensiven i 30-åra og vart regjeringsparti, medan NKP vart ein talmessig redusert outsider, er båe partia aktive i heile perioden når det gjeld å dra i gang og drive kor og andre musikalske tiltak. Vi har alt nemnt kora tilslutta TAKF, og dessutan Barnekoret "Fram" som var eit DNA-initiativ. Barnekor synest ha vore utanfor rekkevidde for Trondhjems Ap. av NKP (NT 15/3-24 fortel elles at Det kommunistiske barnelag hadde prøvd å starte sangkor, men gjeve opp etter ei tid).

Derimot tykkjest NKP ha hatt musikkorps i Trondheim frå rundt 1926 av: Eit oppslag i NT 4/9-26 om NKP's flaggdag 5/9 nemner at det vil bli "musik av Arbeiderbarnas Musikkorps" på møtet i Småbergan. 3/9-31 innkallar NT Arbeidernes Ungdomskorps til "Samspill fredag 4. ds. kl. 8 på Ny Tid", og i samband med NKP sitt antikrigsstemne på Reina 1/8-36 kan vi i NT lesa om innslag ved m.a. Arbeidernes Musikkorps og TKU's tramgjeng. På 1. august-markeringa 1930 var arrangementet utan korps, "men i gjengjeld deltok partiets sangkor /TAS/ samlet i teten og sangen i toget satte liv og stemning over det" (NT 2/8-30).

DNA hadde som før nemnt òg sitt barnekorps. Musikkorpset "Fram" vart stifta 11/5-26 og stilte jamnleg opp på partiarrangement o.a. fram til 1940, trass i at medlemstalet gjekk noko ned sist på 30-talet, etterkvart som medlemene vaks opp, kom i lære, byrja på kveldsskule o.l. (MKF25).

Kora samarbeidde gjerne med korps eller orkester. På større utandørstilstellingar var korps vanleg, og fellesnummer kunns førekoma (t.d. Internasjonalen). Vi har før nemnt TAS/Fram og Jernbanen (i samband med møte under storstreiken 1921). Ved jubileumskonserten i 1926 vart TAS assistert av eit 35-manns orkester (AHo-18), og då Østbyens Ungdomskorps feira 10-årsjubileum med konsert i Trønderhallen 11/4-30 vart korpset assistert av TAS.

Det fanst rimelegvis eit arbeidarmusikkliv ut over det som var direkte tilknytt partia, men om kor og korps (truleg dei viktigaste massemusiseringstiltaka i arbeidarklassen utanom fellessangen) vart starta på relativt sjølvstendig grunnlag, førte klassesolidaritet m.m. til nært samrøre mellom desse og fagforeiningar, idrettslag m.m., og somme sprang ut av dei sistnemnde. BM fortel at han i arbeidaridrettslaget Djerv var med i ein liten sangkvartett dei hadde ("Vi var oppi Småbergan og sang om sommarkveldane, kvinnfolka hadde opp vindaugo og høyrde på vi sang så vakkert"). Østbyens Ungdomskorps var ei vidareføring av Østbyens Buekorps, men sidan Østbyen var arbeidarstrøket framfor noko i Trondheim, var medlemsstokken klassemedviten arbeidarungdom - som rett nok til tider kunne vera meir interessert i fotball enn i korps, men som visste kvar dei stod i høve til arbeidarrørsla - iflg. ØM25. Av NT 10/12-20 les vi at arbeidarsportsklubben "Ørnulf" saman med Guneriusgates Musikkorps arrangerer fest i Folkets Hus A-sal 12/12-20. Av NT 4/6-21 les vi at kommunearbeidarane har eige musikkorps. Desse kan berre tene som døme, for å gje ei aning om verksemda som fanst (og eg har ikkje tenkt å gå inn på alt som må ha funnest av revy o.l., noko som totalt ville sprenge ramma for denne oppgåva). Men når vi i komande kapittel på ny samlar merksemda om kora, og især om TAS/FM, er det viktig å hugse på miljøet dei har rundt seg og fungerer i forhold til.

Ut over avisdekninga hadde kora relativt få og små høve til oppbakking frå massemedia i tida fram til 1940. Grammofon-teknikken var sparsamt utvikla, eg har ikkje kome over opplysingar om plateinnspeling med norske arbeidarkor frå denne tida. Derimot vart det våren 1925 oppretta regulær kringkasting i Noreg (Oslo), og som fyrste kor nordafjells fekk FM i 1928 tilbod frå NRK om å synge 3 nummer i radioen. Tilbodet kom like før FM reiste sørover til NSF-stemnet i pinsa, og sendinga, som i fyrste rekke vart til glede for folk på austlandet, vart honorert med kr. 50 (FM50-121). Seinare, i 1937, var FM på ny i NRK, med konsert. Haakon Lie - frå starten leiar for AOF - medverka til at arbeidarkora fekk synge i radioen 1. mai, og fekk dessutan Fagforeningenes Sangforening, Oslo, til å synge inn eit par av dei mest kjende arbeidarsangane på lydfilm (AZach-137). At dette har medverka til oppblomstringa av arbeidarkor må vi rekne med, men i kor stor grad er det vanskeleg å seia.

På landsmøtet i 1938 bestemte NSF at neste landsstemne skulle vera i Trondheim 1943. Men før det fekk arbeidarkora andre ting å tenkje på.

Påverknad utanifrå

Korleis var dei internasjonale kontaktane til arbeidarkorrørsla? Fekk dei noko å seia for utviklinga av TAS/FM og arbeidarkorrørsla elles i Noreg fram til krigen 1940?

Den norske arbeidarrørsla har til alle tider motteke politiske og kulturelle impulsar utanifrå. I kor stor grad desse impulsane har "slege rot" eller verka inn på den norske utviklinga, er sjølvsagt variabelt. For utviklinga av arbeidarkorrørsla synest indre norske tilhøve å ha hatt avgjort mest å seia - både for opphav, politikk, organisasjon og repertoar. Utlandskontakt synest fram til 1940 ha vore konsentrert om Skandinavia, Tyskland og dels Sovjet. I arbeidarsangrepertoaret finn vi særleg sangar med dansk, tysk eller sovjetisk opphav, medan dei svenske bidraga tykkjest ligge meir på underhandlingssida.

Framvoksteren av arbeidarkor i Noreg, Sverige, Danmark og Finland skjer relativt samstundes, men organisatorisk/politisk er utviklinga noko ulik. Den raske industrialiseringa i Noreg rundt og like etter århundreskiftet (1900), og den ferske og radikale arbeidarklassen dette skapte, er truleg ei viktig årsak til at arbeidarkora i Noreg danna forbund alt i 1908, lenge før dei danske, som trass i planar alt frå 1906 fyrst i 1925 fekk stifta forbund. Dei svenske arbeidarkora, som synest ha vore mindre engasjerte i arbeidarrørsla, sto i 1940 framleis tilslutta det borgarlege Svenska Sångarförbundet.

Om dei danske arbeidarkora - som t.d. "Lanternen", "Den røde Stjerne" og "Den sociale arbeidersangforening" - alt før århundreskiftet bidrog til det norske arbeidarkorrepertoaret med sangar som U.P. Overbys "Snart dages det brødre" og Pios Honnørmarsj synest Arbeider-Sangkorenes Landssammenslutning i Danmark lenge ikkje ha vore merksam på at NSF fanst, og fyrste korvitjinga NSF-ASL fann stad fyrst i 1938, då arbeidarsangarar frå Bryn og Vålerengen drog til København (AZach-117-121). (Men dette var sjølvsagt ikkje fyrste gongen noko norsk arbeidarkor vitja Danmark.) Mellom norske og danske arbeidarkor fann det etter kvart stad ei viss repertoarutveksling. Danskane tok tidleg til seg ein god del av det norske nasjonalromantiske repertoaret (AZach-120), medan importen andre vegen kanhende i større grad omfatta arbeidarsangar prega av same reformistiske straumdrag som DNA representerte (t.d. sangar av Oskar Hansen/Oskar Gyldmark).

FM50 fortel at TAS i 1917 og FM i 1927 reiste til Østersund og heldt konsert (jfr. s. 44). Det var heller ikkje uvanleg at svenske kor gjesta Noreg. Såleis har den norske korrørsla opp igjennm heile tida hatt eit visst fellesrepertoar med den svenske - men få arbeidarsangar, uvisst kvifor.

I Finland fanst det arbeidarkor blant handverkarane alt i 1870-åra, men då Finland fram til 1917 var russisk provins og arbeidarrørsla illegal, hadde arbeidarkora tronge vokstervilkår den fyrste tida. Då arbeidarkora stifta forbund i 1920 organiserte dei seg saman med anna arbeidarmusikkverksemd som hornmusikk, orkestre o.l., slik at forbundet fekk namnet Finlands Arbeidermusikkforbund. Dette forbundet la mykje arbeid i å utgje korlitteratur, men kontakta vestover til Noreg var forsvinnande liten før 1940 (AZach-164).

I 1924 var det sovjetisk flåtebesøk i Trondheim: Panserskipa Aurora (kjend frå Oktober-revolusjonen 1917) og Komsomolets kom på venskapsvitjing, og Trondhjems Arbeiderparti heldt tilstellingar for mannskapet. RO fortel at han i samband med dette var ombord på skipet og fekk lære fleire av dei meir kjende sovjetiske revolusjonære sangane, så som Budjonny-marsj, Russisk Sørgemarsj og dessutan Pramdragernes Sang m.fl. RO lærde seg desse sangane utanboks, og gjekk så ned til John Isdal (dirigent for musikkorpset "Fram og Jernbanen"). Isdal "prikka ned melodian" på noter. Snart etter arrangerte Thornæs dei for mannskor, og dei vart mykje sunge i TAS. Oftare kom dei sovjetiske sangane (eller melodiane deira med nye tekster) vandrande omvegar til Noreg gjennom den europeiske arbeidarrørsla, saman med andre "klassiske" arbeidarsangar. Eitpar vart omdikta av Arne Paasche Aasen (sjå i Kap. IV om "Vi bygger landet").

IDAS

Frå 1. januar 1929 var NSF tilslutta arbeidarsangarinternasjonalen (IDAS - Internationale der Arbeitersänger), som hadde hovudsete i Tyskland og vart administrert av leiinga i det tyske arbeidarsangarforbundet (DAS - Deutsche Arbeiter-Sängerbund). (DAS vart fyrste gong forsøkt oppretta i 1877, men knekt få år etter av sosialistlova til Bismarck 1878-1890. Frå 1892 vart forbundet rekonstruert, fyrst som "Lieder-Gemeinschaft der Arbeiter-Sängervereinigungen Deutschlands" og frå 1908 som DAS, med over 100.000 medlemer (IL-42). Forbundet braut saman under fyrste verdskrigen, men vart bygd opp på ny frå 1918. I 1928 hadde DAS 225.000 medlemer (av desse 80.000 kvinner), og på det meste var DAS oppe i heile 280.000 medlemer. Fram til det vart knust av Hitler i 1933 var DAS den mektigaste arbeidarkulturorganisasjonen i den kapitalistiske verda (AZach-115, HEis-217).) IDAS vart stifta på ein konferanse i Hamburg 1927, der representantar for 8 land tok del. I 1930 hadde IDAS tilslutning frå 13 forbund med 350.000 medlemer (DAS utgjorde 3/4 av dette).

Dei impulsane NSF tok imot frå IDAS tykkjest i hovudsak å ligge på avisartikkelplanet: Dr. Alfred Guttmann (frå DAS/IDAS), som i 1927 kom til Noreg for å få NSF med i IDAS, og som seinare utpå 30-talet kom til Noreg i eksil, skreiv ein del artiklar i Tonens Magt (t.d. TM 6/39, 1/40, 2/40) der han heldt fram tyske røynsler som førebilete for NSF. Dessutan fekk NSF alt frå 1929 tilsend det tyske forbunds-organet Deutsche Arbeitersänger-Zeitung (DAZ); fleire av artiklane her vart omsette og trykt i TM. På den andre sida skal det ha vore lite interesse i NSF (iallfall hjå Gjerstrøm/musikkomiteen i NSF) for det repertoaret Guttmann kunne tilby, og økonomien hindra norske kor i å ta imot invitasjonar frå kor/forbund i andre IDAS-medlemsland (AZach 116-117). Eg har heller ikkje funne døme på at andre IDAS-kor har vitja Noreg.

Det er såleis usikkert om utviklinga i NSF har blitt særleg påverka av kontakta med IDAS/DAS, som var dominert av den sosialdemokratiske retninga i tysk arbeidarrørsle.

Men unntak finst. På eitt felt fekk IDAS-medlemskapet direkte følgjer for NSF: IDAS tillet ikkje medlemskor å stå tilslutta andre sangarforbund, eit krav som NSF tidlegare ikkje hadde stilt men slutta seg til på landsmøte i 1931 og 1934, dessutan med vedtak mot samarbeid med borgarlege kor. Sjølve tanken om å halde skarpt skilje mellom borgarlege og eigne organisasjonar var ikkje ny i den norske arbeidarrørsla, tvert om synest det ha vore ein sentral og utbreidd del av den rådande ideologien innanfor arbeidarrørsla, utvikla samstundes med at arbeidarklassen voks fram og klasseskiljet vart synleg på stadig fleire felt. Fagrørsla, arbeidarpartia, arbeidarkora/NSF, arbeidaridrettsrørsla m.m. underbygde alle denne ideologien. Det var såleis berre to kor i NSF som vart råka av denne innskjerpinga. Jamtover var det slik at arbeidarkora "visste kva dei høyrde til" (BM). Kravet vart likevel lempa på frå NSF si side alt i 1938 (AZach 116, 159), då det vart slege fast at hovudstyret kunne gje dispensasjon frå landsmøtevedtaka 1931 og 1934 og tillate samarbeid ved særskilte høve. Noko samarbeid med Norges Sangerlag eller Norsk Landssanger-Forbund vart det likevel ikkje før krigen. (Kor djupt organisasjonsskiljet gjekk, ser vi t.d. av at landsmøtet 1934 - framfor OL i Tyskland 1936 - diskuterte korvidt medlemer i NSF kunne stå tilslutta den borgarlege idrettsrørsla. Det vart vedteke å gjera NSF sitt standpunkt her identisk med LO sitt (TM 7/34).)

Revolusjonær opposisjon

Mindre kjennskap synest NSF ha hatt til den revolusjonære opposisjonen i den tyske arbeidarkorrørsla. Denne kritiserte leiinga i DAS (og dessutan kulturpolitikken til regjeringspartiet Sozialistische Partei Deutschlands - SPD) for å imitere borgarleg musikkverksemd, ukritisk overta borgarleg repertoar og gje revolusjonære mål på båten. Ved to høve konstituerte opposisjonen seg utanfor DAS: Fyrst i 1920-21, då Kommunistischer Sängerbund vart danna og fungerte eit halvt års tid før kommunistpartiet, KPD, fann prosjektet håplaust og rådde medlemer og sympatisørar til å gå inn att i DAS. Neste forsøk var i 1931. Ved dette høvet hadde kommunistane i større grad konkret alternativ verksemd å syne til, då ei gruppe komponistar/forfattarar med komponisten Hanns Eisler i spissen var i gong med å bygge opp eit repertoar av livskraftige revolusjonære verk for kor, evt. kor saman med andre kunstneriske verkemiddel. Denne verksemda vart nå møtt med "eksklusjonsraseri" som - iflg. Eisler - retta seg mot mest all opposisjon i DAS. Frå januar 1931 kom tidsskriftet "Kampfmusik" ut som talerøyr for dei ekskluderte, og i pinsa same år vart dei ekskluderte slutta saman i "Kampfgemeinschaft der Arbeitersänger", samstundes som dei kravde å bli tekne inn att i DAS. (Eisler er sjølv - 1936 - ikkje sikker på om dette var ein klok taktikk (HEis 111, 217-221).)

På spørsmål kunne korkje BM, RO eller JM minnest å ha vore borti namnet Hanns Eisler. Sikkert er det at ein del av sangane til Brecht/Eisler og Weinert/Eisler vart kjende i Noreg alt på 30-talet: Dudow-filmen "Kuhle Wampe", der Brecht/Eisler-sangen "Solidaritätslied" var gjennomgangsmusikk, vart synt fleire stader i Noreg i AOF-regi. Weinert/Eislers "Roter Wedding" vart omsett av Reinert Torgeirson som kommentar til Menstadslaget med tittel "Den røde ungdoms marsj" (i AZach-105 referert som "Menstadsangen"). Men ingen av desse synest ha funne vegen til arbeidarkora. I TM 1/39 står det at Eisler, Hans: "Skogsarbeidernes streik" er å få kjøpt på NSF sitt forlag. Andre spor av den tyske opposisjonen har eg ikkje funne.

e) 1940-1945: Arbeidarkora under okkupasjonen

Våren 1939 tok FM for fyrste gong del i det borgarlege 17. mai-arrangementet. Same haust måtte koret tilsetja ny dirigent etter Arne Brodersen, og kapellmester Haakon Hoem tok over plassen. Koret ivra for å ta ein ny tur til Sverige, og lodda ut ei sportshytte for å finansiere turen. Måndag 8. april 1940 heldt styret møte etter øvinga og drøfta reiseruta og heile opplegget for svensketuren, for endeleg godkjenning på fyrste kormøte. Men Sverige vart snart eit mål for andre ting enn turnear.

Tidleg 9. april ankra fleire tyske krigsskip opp på hamna i Trondheim. I dei følgjande dagane evakuerte størsteparten av Trondheimsinnbyggarane ut i distriktet - det gjekk rykte om at byen skulle bombast, men då det fyrste kaoset hadde lagt seg, kom folk attende, og arbeidslivet kom i gong att (FM50-27).

Medan Trondheim og trondheimskora kom relativt lett frå dei fyrste dagane av den tyske innmarsjen, gjekk det langt verre i byar som Steinkjer, Bodø og Narvik. I Steinkjer førde bombinga m.a. til at møtelokalet for Steinkjer sine to arbeidarkor strauk med, med piano, notesamling, fane, og ei kasse med 130 kr. 70% av medlemene var brannherja, og FM var blant dei som sende stønad (AZach-176). I Trondheim og mange andre stader miste arbeidarkora øvelokala sine ettersom lokala vart rekvirerte av tyskarane.

NSF oppmoda til samhald og til å halde verksemda i gong. 15. september kom eit verre slag mot arbeidarkora, då Terboven oppretta den kommisariske regjeringa og oppløyste politiske parti. Partioppløysinga råka direkte alle kor som i namn og lover var tilknytt eitt av arbeidarpartia. Somme kor innstilte verksemda (april 1941 var 7 av 15 kor i TAKF ute av verksemd (AZach-180)), men mange skifta namn og starta på ny frisk.

I Trondheim kunne FM halde fram med øvingar som normalt, så snart vanskane med øvelokale var ordna. Eit problem var korleis dei skulle hindre at pengane frå utlodninga kom på tyske hender, noko som vart løyst ved at koret spanderte eit par kostelege festar på kormedlemene, den eine av dei i Harmonien i samband med 39. årsdagen for koret. Året etter var det planen å arrangere konsert i samband med 40-årsjubileet, men då dette vart umogleg heldt dei i staden ein ny fest i Harmonien, med (etter tilhøva) mykje godt på menyen. Utanom festtalen ved redaktør Ole Øisang var det taler ved Kristian Reiss (formann NSF), William Kristiansen (TAS) som helsa frå TAKF (der han var viseformann), Arne Forseth (som nå representerte Trøndelag faglige Samorganisasjon) og ikkje minst redaksjonssekretær Harald Langhelle, som knapt eit år seinare vart skoten under unntakstilstanden saman med 10 andre patriotar (FM50-28).

Trondheim Damekor fekk større vanskar, trass i det nøytrale namnet. TDK20 fortel at

"tyskerne nektet koret å arbeide, da de fant ut at koret hadde en politisk tendens. Men selv om øvelsene dermed opphørte, rent offisielt, så kom likevel en hel del av de mest interesserte medlemmer sammen en gang pr. uke til såkalte "syforeningsmøter". Disse bar imidlertid mer preg av sangøvelser. På denne måte holdt således flere av medlemmene sammen helt fram til frigjøringen i 1945..." (TDK20-3).

TAS miste m.a. protokollen i samband med at ein medlem vart arrestert, og både TAS og Trondhjems Arbeiderpartis Kvinnekor måtte endre namn og lover for å kunne halde fram. Frå no av heitte dei Arbeidernes Sangkor og Arbeidernes Kvinnekor, utan noka partitilknytning (BM).

NSF og TAKF vart - uvisst kvifor - ikkje rørt av nazistane, og på fleire felt kunne verksemda halde fram omlag som før. Såleis kom t.d. TM ut som eitt av Noregs mest frittalande legale blad fram til og med nr. 2/43. Då vart bladet stansa av "Næringsdepartementet" med argument om papirrasjonering og arbeidsinnsats (AZach-188). Forretningsutvalet i NSF hadde elles på eit tidleg tidspunkt suspendert vedtektsparagrafen som kravde at medlemer som ikkje var fagorganiserte måtte stå tilslutta eitt av arbeidarpartia, og gjeve kora pålegg om å følgje opp på same vis og endre namn om det vart naudsynt. Om det skuldast denne smidige taktikken, vankunne hjå tyskarane eller andre årsaker er uvisst, men resultatet vart iallfall at både NSF, distriktsorganisasjonar og truleg dei fleste kora berga seg gjennom okkupasjonstida som de facto legale ikkje-nazifiserte arbeidarorganisasjonar, sjølv om det ofte var på eit hengande hår. Vel 2/3 av NSF-kora var i ei eller anna form for verksemd under krigen (AZach-179, 194).

Arbeidarkora kom på mange vis i ei særskilt stilling denne tida. Mange stader var dei den einaste legale ikkje-nazifiserte arbeidarorganisasjonen. Dei møttest jamnleg til øving og anna samver. Medlemene i koret kjende einannan godt og visste kvar dei hadde einannan. Dette la grunnlaget for at arbeidarkora mange stader utvikla seg til svært aktive motstandsreir. I tillegg gav dei lange mørklagte, radiolause kveldane etter september 1941 eit stort udekka musikkbehov og såleis gode vilkår for korarbeid, noko som og bidrog til at kora under krigen opplevde ein kraftig medlemsauke: Sjølv om talet på kor i NSF gjekk ned, var det fleire kor som bortimot (eller meir enn) dobla medlemstalet under krigen, slik at NSF, som i 1938 hadde nær 3.500 medlemer, i 1945 er komen opp i 5.000 medlemer. FM var oppe i godt over 90 medlemer (JM). Ved sesongstart hausten 1946 hadde koret heile 105 medlemer (FMP47), men i løpet av året som følgde slutta ein stor del av "krigsmedlemene", slik at medlemstalet stabiliserte seg rundt 70 (JM).

Konsertverksemd

Trass i dei tronge rammene okkupasjonen sette, var denne verksemda ikkje avgrensa til berre øvingar. Festane i Fagforeningenes Mannskor er nemnde. Men det vart òg gjennomførd ein og annan konsert. Sidan Haakon Hoem var dirigent både for FM, for Nidaros Mandssangforening og kapellmeister for Symfoniorkesteret, vart det mogleg for desse tre å gå saman om framføring av Trygve Torjussens verk "Kark" i Nidarosdomen 12. og 14. desember 1941. (Solistar var Erling Krogh og Kåre Rønning.) Etter dette vart det i FM lagt planar om ein kyrkjekonsert på vårparten 1942. Men før dei kom så langt, kom det hindringar i vegen. Gestapo, Rinnan m.fl. var i full verksemd, og i kormøte 16. mars måtte formann Sverre Stene fortelja FM at dirigenten, Hoem, var arrestert av tyskarane og send til konsentrasjonsleiren i Falstad, Ekne (der hamna òg William Kristiansen o.fl. i løpet av krigen). For å halde verksemda i gang vedtok koret at ein av sangarane, TMV-arbeidar og tidlegare hjelpeinstruktør Gunnar Carlsen, tok over dirigentarbeidet inntil vidare.

Same haust vedtok FM å nedsetja ei nemnd som skulle samle stoff og bilete til koret sitt 50-årsjubileum i 1951, noko FM50 ser som teikn på optimisme. I løpet av vinteren 1942-43 heldt koret kyrkjekonsert i Vår Frue kyrkje og Hommelvik kyrkje. Båe stader medverka Arne Henriksen og Gunnar Carlsen som solistar. Då Symfoniorkestret arrangerte Grieg-jubileum 18.-22. mai var koret med og framførde Landkjenning i Verdensteatret 22. mai. Elles i sesongen var koret ute og sang på Sjukehuset og i Metodistkyrkja, og arrangerte årsfest (på Bristol), samfunnsaften og juletrefest.

Våren 1944 tok FM initiativ til ein "sangaften" i Bakklandets Menighetshus 28. april, til inntekt for TAKF. FM, AS og AKK (og ifølge TAKF25-14 dessutan ABK) medverka, og overskotet vart kr. 273,-. Ein snau månad seinare, 23. mai, tok FM del i ein større "privat" konsert i Nidarosdomen, til inntekt for skadelidande i samband med bombing og eksplosjon i Bergen og Laksevåg i april. No var Hoem komen attende på dirigentplassen, og medverkande elles i konserten var Nidarosdomens guttekor (dirigent Erik Saltnessand), Symfoniorkesterets strykere, Anne Marie Lyngstad, domorganist Ludvig Nielsen og pastor Sigurd Fjær. Konserten gav kr. 7.897,71 i overskot. Elles i denne sesongen hadde FM halde fram med å synge på sjukehus, og dessutan medverka koret i ottesangen juledags morgon i Bakke kyrkje (FM50 27-33).

Om verksemda til Arbeidernes Sangkor (AS/TAS) har eg færre opplysningar, men BM nemner at koret hadde konsert på Støren under krigen, og RO hugsar særskilt at koret ved eitt høve gjennomførde ein illegal konsert i Studentersamfundet - hovuddøra var stengd og ingenting kom ut i pressa, sjølv om fleire hundre var til stades. RO var litt usikker på tidspunktet, men meinte å kunne tidfeste det til litt før Thorleif Olsen, Thingstad m.fl. vart avretta (våren 1943).

Å halde konsertar under okkupasjonen var inga naturleg og liketil sak. Tyskarane hadde interesse av å halde i gang musikklivet for å kunne hevde at kulturlivet blomstra under det nye styret. Samstundes såg publikum til å byrje med konsertane som ei nasjonal sjølvhevdingssak, og kunstnarar og kulturinstitusjonar kjempa for å oppretthalde sjølvstende andsynes nazi-styret (HHN/MS-342f).

Representantar for dette styret gjorde fleire forsøk på å oppnå full kontroll med konsertlivet. Ei forordning av 30. mai 1941 gav det relativt nyoppretta Teaterdirektoratet rett til å forby konsertar. Ingen sangar kunne halde konsert utan at direktoratet gav løyve og godkjende tekstene, dessutan måtte ein forplikte seg til å synge i kringkastinga. I januar 1942 vart dette forsøkt utvida til å gjelde alle konsertgivarar, resultatet vart at dei fleste kunstnarane nekta å gje konsert i det heile, og ordninga vart trekt attende alt i april. Men sensuren heldt fram.

Sommaren 1943 vart det frå motstandsrørsla sett fram parole om boikott av alt offentleg konsertliv. Men alt før dette hadde det kome paroler mot å halde offentlege konsertar. Zachariassen skriv at

"i henhold til parolene sluttet sangerne å synge offentlig. I løpet av 1942 sluttet arbeiderkorene med offentlige konserter." (AZach-182)

Denne utsegna synest stå i motstrid til opplysningane ovanfor om konsertverksemda til FM. Det er liten tvil om at FM (såvel som andre i Trondheim) medverka ved offentlege konsertar etter 1942. Årsakene til dette kan vera fleire.

Motstandsrørsla stod dessverre ikkje einskapleg bak parolene om boikott av konsertlivet. Parola 1943 om full konsertboikott vart møtt av motparole, og det vart reist tvil om den fyrste parola kom frå "ansvarleg hald". Hans Jørgen Hurum (HJHur-121) fortel om haldningane i motstandsrørsla på kulturområdet at det våren 1943 var eit

"bredt grenseland mellom det tillatte og det forbudte. ..Og utenfor Oslo var forbudet langt mindre kategorisk. I synet på det "forbudte" og "tillatte" var målestokken en ganske annen i flere av landets større byer."

Så sjølv om deler av den illegale pressa (London-Nytt 15/9 og 6/10-43, London Radio 19/9 og Pressebulletinen 13/10) presiserte at

"1. Kunstnere som ikke vil risikere å bli regnet som nazister eller stripet, bør ikke gi offentlig konsert. Dette gjelder alle solister, frie utøvende og frie kor. (Faste orkestermusikere fortsetter i sine stillinger.) 2. Publikum bør regne med at alle konserter er nazistiske..." (HJHur-129f, 153f)
synest det ikkje ha vore gnisningar mellom motstandsrørsla i Trondheim på den eine sida og konsertgivarar som FM og andre på den andre sida.

Det kunne òg vera grunn til å undersøke nærare kor "offentlege" dei ulike konsertane var. Som svar på sensuren og dei andre overgrepa mot det offentlege konsertlivet blomstra det nemleg opp ein praksis med huskonsertar (HJHur-180f), som ikkje berre vart haldne i private heimar, men òg i bedehus, forsamlingslokale og allverdsens tilfeldige møtesalar - berre sjeldan i dei eigentlege konsertlokala. Hurum fortel:

"Ikke sjelden ble konsertene arrangert som medlemsmøter, men kontingenten for hele året var gjerne mindre enn "tillegget" for hver konsert." (HJHur-181)

Det er ikkje utenkeleg at fleire av dei nemnde konsertane FM deltok i var av denne karakteren. Grieg-jubileet mai 1943 synest likevel å vera eitt unntak. Som hovudtendens oppsummerer Hurum at parolene vart følgde av sangkora (HJHur-178).

Hurum nemner at det alt i desember 1940 kom inn til det nye Kulturdepartementet eit framlegg om å "nyordne" den norske korrørsla under eitt, ved å samle alle grupper av kor - NSF, NLSF, NSL, kristelege sangarforbund, frittståande kor - i fellesorganisasjonen "Noregs Rikssangkor", oppbygd etter organisasjonsprinsippa i Nasjonal Samling, med riksleiar på toppen, landsleiar for ulike greiner (barnekor, mannskor, damekor, blandakor) osb. Dette framlegget vart handsama av Kulturdepartementet i april 1941, men lagt vekk i det stille av statens musikkonsulent Geir Tveit (HJHur-63).

I 1943 avgjorde Nasjonal Samling at det skulle opprettast fylkessangkor for partiets eigne medlemer, men måtte gje opp prosjektet av mangel på oppslutnad (HJHur-171).

Funksjon

Kva for funksjon hadde arbeidarkora under krigen? I NSF-leiinga gjorde dei seg tidleg opp ei meining om kva funksjon sangen kunne ha. Då sekretæren vende seg til kora med m.a. pålegg om å setja medlemsvilkåra (parti/fagorg.) ut av kraft, sa han òg om repertoaret at "de fleste kan nyttes - alt etter tid og sted" og slutta med å seia:

"La ikke det som er skjedd få ødelegge alt det som med slit og penger er bygd opp. I vonde og tunge tider vil sangen for oss, som for andre folk før, være det beste middel til å sammensveise hele folket til arbeid for det som er godt og rettferdig for å holde vår nasjonale egenart ved like." (AZach-179)

Seinare, i leiaren for TM februar 1941, skriv Kristian Reiss (formann i NSF):

"..Det vil kanskje bli umulig å gjennomføre de årlige distriktsstevnene, men vi har fått en ypperlig avløser i allsangen. Vi må venne oss til å synge patriotiske sanger. Her har vi forsømt mye."

Hans Jørgen Hurum seier følgjande om kva funksjon kora (både arbeidarkor og borgarlege) faktisk hadde under okkupasjonen:

"Over hele landet synes sangkorene gjennomgående å ha lagt for dagen en sterk vilje til å hevde sin nasjonale tenkemåte. ..de gamle kor øvde med en iver som aldri før. Selve det å komme sammen var en stor ting i seg selv, både nytt fra byen og fra frontene ble flittig distribuert der korene møttes. Men det var også sang for tonenes egen skyld. ..sangen har lysning, heter det, og den kom godt med. Langs hele det langstrakte landet vårt lyste sangen som bauner fra bygd til bygd. ..Under okkupasjonen har enkelte grener av musikerne - som divisjonsmusikerne, sangkorene og komponistene - kunnet føre en særlig effektiv kamp. Det slår en at disse gruppene har røtter i et fast miljø.. ..korene med sine foreninger og et personlig kontaktliv innenfor sine begrensede kretser.." (HJHur-168, 185, 202)

På dette grunnlaget er det nærliggjande å karakterisere kora som nervesentra i den folkelege motstanden mot okkupasjonen. Men denne funksjonen kom, i den konkrete samanhengen der og då, til å medføre visse "biverknader" for arbeidarkora på lengre sikt.

Den nasjonale tendensen

Patriotiske sangar kom til å få stor plass på repertoaret i dei fleste areidarkora. Okkupasjonen gav patriotiske sangar ein politisk verdi for arbeidarkora på høgd med den arbeidarsangane til tider hadde før. Dette kom til å setja fart i utviklinga av ein nasjonal tendens som fanst i arbeidarkorrørsla frå før, både gjennom arven frå nasjonalromantikken, og gjennom at DNA på sett og vis overtok "nasjonaltanken" saman med regjeringsmakta: Før 1935 vart det nasjonale møtt med skepsis av dei politisk mest aktive arbeidarane. Dei såg på det som eit borgarleg knep for å dekke over klassemotsetnadene, og anti-militarisme var sterkt utbreidd lenge etter 1905 og etter fyrste verdskrigen. I samband med Olavsjubileet i Trondheim skreiv t.d. NT 10/5-30 på leiarplass:

"..Olavsjubileet og dets historiske utstillinger har også en spesiell hensikt i dagen. Den er et ledd i borgerskapets påvirkningsmetoder og "fedrelandsagitasjon". ..Arbeiderklassen må ..være klar over denne ..hensikt. De må ikke la borgerskapet ved all den blest de lager og ved alle de fraser som serveres få bortledet oppmerksomheten fra de centrale klassekampopgaver idag."

AA hadde liknande kommentarar, om enn ikkje like krasse (AHo-52). Ut på trettitalet var det framleis vanleg at arbeidarklassen sat heime eller hadde eigne arrangement 17. mai.

Alt på tjugetalet byrjar likevel eit visst nasjonalt klassesamarbeid å få innpass: Krisa og arbeidsløysa gjer at fagrørsla gjev ei viss tilslutning til agitasjonen for norske varer og for vern av norsk produksjon mot framand konkurranse (NH13 44/127). (NKP gjekk heller ikkje fri: På baksida av "Det kommunistiske Internationales Taktik" - trykt på Andelsforlaget Ny Tid, Oslo 1925, Utgit av NKP - finn vi slagordet: "Kjøp norske varer", og eit vikinghovud med hjelm (DKNVS/B).) Større omfang får klassesamarbeidet gjennom DNA-offensiven på 30-talet: For å avhjelpe dei verste utslaga av krisa må DNA koma i regjeringsposisjon. For å koma i regjeringsposisjon utan revolusjon må DNA samarbeide med borgarskapet, og kva er då meir naturleg enn at DNA i regjeringsposisjon proklamerer at arbeidarklassen no har fått det fedrelandet dei ikkje hadde under dei borgarlege regjeringane tidlegare?

Men sjølv om DNA så smått byrjar ta del i 17. maifeiring o.l. alt på 30-talet, er det okkupasjonen som skapar gjennombrotet for det nasjonale samhaldet, ikkje berre så lenge okkupasjonen varer og ein har sams fiende, men òg som offisiell DNA-ideologi etter krigen.

For arbeidarkora var nasjonale/patriotiske sangar ikkje lenger berre gode og lett tilgjengelege konsertnummer, der kora kunne demonstrere kunstneriske evner. Under og etter krigen kom dei gamle arbeidarsangane i bakgrunnen, medan kora sang stadig meir om Norge - "det var så kjært da" (BM). Vi ser ein heilt annan tendens i samband med frigjeringa 1945 enn vi såg i samband med frigjeringa 1905: TAS var starta 1901 for å gje arbeidarane høve til å erstatte patriotiske sangar med arbeidarsangar, og TAS avslo å delta i mottaking av Chr. Michelsen 1905. I 1945 er repertoaret dominert av patriotiske sangar, og NSF er med då eitt kjempekor på 8.000 sangarar helsar Kongen velkomen framfor Slottet 13. juni. Denne politiske endringa må tilskrivast fleire årsaker: Den tyske okkupasjonen var eit mykje meir omfattande og direkte overgrep (m.a. militært) mot den norske nasjonen enn unionen med Sverige var på noko tidspunkt, og den pressa fram ein mykje meir intens og einskapleg motstand (sjølv om NKP sto delvis utanfor fram til åtaket på Sovjet, og opererte sjølvstendig og aktivt etterpå). I tillegg var arbeidarklassen nå ikkje berre vakse fram som ei verkeleg samfunnsmakt ut frå talmessig og organisasjonsmessig styrke; i regjeringa sat DNA med klassesamarbeid og ansvar for den nasjonale kapitalismen som berande ideologi. Ansvaret for nasjonen og det naudsynte samarbeidet om motstand mot okkupanten vart naturlege argument for samarbeid om oppbygging av det kapitalistiske Noreg etter krigen. Arbeidarkora synest å ha godteke denne tankegangen.

f) 1945-1961: Kråkerøy og kulminasjon

Oppgjer, atterreising; tilhøvet DNA - NKP

I dei fyrste etterkrigsåra kom landssvikoppgjeret til å stå sentralt, eit oppgjer som framleis er omdiskutert: Gjekk ein for hardt fram? For mildt? Tok ein mange små og let for mange store gå? Vi skal seinare sjå kva form dette oppgjeret fekk innanfor arbeidarkorrørsla.

Det som fekk størst betydning for arbeidarkora, var sannsynlegvis at atterreisinga av Noreg var atterreising av eit kapitalistisk samfunn, med Einar Gerhardsen som statsminister og DNA som ansvarleg regjeringsparti: DNA var største parti i samlingsregjeringa sommaren 1945, og frå stortingsvalet same hausten fekk DNA reint fleirtal i Stortinget. Dette fleirtalet varar fram til 1961, og i denne perioden passerer DNA toppen av sin styrke politisk og talmessig (NH14, Asch/T-273). Denne perioden kan truleg kallast glanstida for klassesamarbeid i Noreg.

På mange vis kan det synast som om DNA var "komen i mål", då dei hadde stortingsfleirtal og regjeringa åleine (og samarbeidde med borgarskapet). For den masserørsla som hadde bore DNA fram på 30-talet fanst ikkje lenger offensive politiske oppgåver. Bortsett frå å konsolidere stillinga ved kvart val, var det nå økonomiske oppgåver som stod på dagsorden: "Å bygge landet", auke produksjonen. For DNA var det inga nærliggjande oppgåve t.d. å ekspropriere norsk og utanlandsk storkapital for å innføre sosialistisk planøkonomi. I den grad det framleis var snakk om sosialisme, var det anten på lang sikt (gjennom mange små og store reformer), eller pr. definisjon "den politikk Det Norske Arbeiderparti til enhver tid fører" (Torolf Elster). I staden kom DNA til å vende den politiske brodden mot venstre.

NKP hadde etter åtaket på Sovjet i 1941 samla seg om ei aktiv motstandsline, som skaffa partiet såpass mykje kontaktar og tillit at det ved stortingsvalet hausten 1945 fekk 175.000 stemmer og 11 mandat, og alt før dette måtte Gerhardsen innrøme oppslutnaden om NKP ved å gje partiet to plassar i samlingsregjeringa same sommaren. Bull (NH14-81) legg vekt på at dette var oppslutning NKP hadde i eigenskap av gode patriotar meir enn i eigenskap av revolusjonære, og utviklinga i åra etter synest å underbygge dette. NKP la heller ikkje sjølv vekt på å propagandere revolusjonære standpunkt i 1945, ifølgje Bull.

Dei fyrste par åra etter krigen vart det i arbeidarklassen uttrykt ønske om samling av dei to arbeidarpartia, og i juni-august 1945 var det faktisk forhandlingar i gang, men desse braut saman etter kort tid. I fagrørsla heldt kampen mellom DNA og NKP fram om lag som før krigen, men i Stortinget samarbeidde dei to partia fram til den kalde krigen braut laus for alvor i 1947-48.

Tilhøva utanriks kom til å innverka sterkt på tilhøvet mellom DNA og NKP. Den internasjonale alliansen mot Hitler-Tyskland braut raskt saman då krigen var over. Den sovjetiske raude-armeen stod nå med kontrollen over Aust-Europa, og i ly av denne kunne kommunistar koma i regjeringsposisjon i ei rekke nye land.

USA, som kom seint med i krigen, stod i 1945 fram som det sterkaste kapitalistiske landet, men for å unngå krise i etterkrigsøkonomien måtte USA sikre seg råstoffkjelder og marknader utanlands i størst mogleg grad. Det måtte difor hindrast at fleire land kom under Sovjetisk innflytnad eller på nokon måte la hinder i vegen for amerikansk ekspansjon.

På denne bakgrunnen kom Truman-doktrinen av 12/3-47, då president Truman erklærte at USA hadde interesse av å "stø alle land som gjorde motstand mot russisk press og kommunistiske angrep" (Asch 18-72). Samstundes vart det sett i verk omfattande åtak mot all indre opposisjon i USA (kampanja starta oktober 1946 med forfølginga av bror til komponisten Hanns Eisler, Gerhardt, som tidlegare hadde teke del i Komintern-leiinga, og nå vart framstilt som sovjetisk agent og leiar for all reud verksemd i USA. Seinare - 14 dagar etter Truman sin tale - starta dei kjende McCarthy-prosessane, der omlag 2.5 millionar statstilsette måtte prove lojalitet andsynes regjeringa. I tillegg kom Taft-Hartley-lovene mot streik m.m. (G. Mayer i HEis-496)).

Truman-doktrinen fekk eit ekko i Noreg - trass i at Sovjet hadde trekt troppane sine ut av Noreg 1945 utan å stille noko slag vilkår. Frå sommaren 1947 trengde det synet seg fram i DNA-leiinga at Noreg måtte velja mellom aust og vest (som vi veit kom denne utviklinga til å ende med at Noreg tok imot Marshall-hjelp frå USA og vart tilslutta NATO). September 1947 vart Kominform oppretta. I februar 1948 kom den kommunistiske maktovertakinga i Tsjekkoslovakia, omlag på same tid som Sovjet i eit brev til den finske presidenten kunngjorde at dei ønskte militæravtale med Finland. Dette gav næring til ei oppfatning av Sovjet som potensiell okkupant og utløysar av ny krig, ei oppfatning som var utbreidd i det norske borgarskapet på denne tida.

Dagen etter at brevet til den finske presidenten var offentleggjort, 29/2-48, heldt statsminister Gerhardsen sin tale på Kråkerøy i Østfold, der han m.a. sa:

"Det som kan true det norske folks frihet og demokrati - det er den fare som det norske kommunistpartiet representerer. Den viktigste oppgaven i kampen for Norges selvstendighet, for demokratiet og rettssikkerheten er å redusere Kommunistpartiet og kommunistenes innflytelse mest mulig" (NH14-132).

Dette var i røynda s tartsignalet til ei norsk kampanje nokså lik den amerikanske, sjølv om midla var ulike. Istadenfor domstolar og forhøyr tok kampanja her mønster etter haldningsfronten mot nazistane under krigen. Dette stod godt i stil med den offisielle framstillinga av Sovjet som fienden og NKP som "femtekolonna" som måtte isolerast og uskadeleggjerast (NH14-142).

NKP vart såleis råka i eit svært veikt punkt: Partiet var tradisjonelt sterkt knytt til sovjetiske standpunkt, og til forsvar av sovjetisk politikk. I same grad som Sovjet-skrekken fekk innpass blant folk, reiv det grunnen vekk under den oppslutnaden NKP hadde vunne som gode patriotar, og gav DNA eit middel til å isolere NKP meir enn nokon gong før. I neste omgang kunne opposisjon og kampvilje blant folk elles knekkast ved å sidestillast med kommunistane.

Vanskane for NKP vart vidare forsterka av utviklinga i den internasjonale kommunistiske rørsla (jfr. brotet Sovjet-Jugoslavia 1948, Krustsjov sin hemmelege tale som fordømde Stalin 1956, innmarsjen i Ungarn same år m.m.). Stortingsvalet 1949 gav NKP attergang frå 11,9% (1945) til 5,8%. Same året opplevde NKP dessutan avskaling som følgje av eit indre oppgjer mellom to fløyer leia av Peder Furubotn og Emil Løvlien: furubotn og vel 160 andre vart utelukka av partiet, 400-500 andre melde seg ut (NH14-149). Kanhende var dette eit forsøk på oppgjer med den samarbeidslina andsynes DNA NKP hadde følgd særleg i åra 1945-47. Like fullt går NKP alt i 1953 vekk frå gamle revolusjonære synspunkt og programfestar m.a. fredeleg overgang til sosialismen, 3 år før det sovjetiske kommunistpartiet gjer same programendring.

Stortingsvala kom til å syne vedvarande attergang for NKP: 5,1% i 1953, 3,4% i 1957 (i 1969 var NKP kome ned i 1,0%, og har sjeldan kome over sidan). Samstundes trengde DNA NKP-folk ut av stadig fleire posisjonar i fagrørsla og i andre arbeidarorganisasjonar.

DNA var blitt det dominerande partiet i norsk politikk, og på 1950-talet var partileiinga så godt som trygg mot ytre og indre opposisjon frå venstre (NH14-152). Med få unntak hadde DNA kontroll med det som skjedde i arbeidarklassen. Nå var oppgåva å trenge inn på og steg for steg kontrollere nye felt i det borgarlege samfunnet. Korleis såg denne tida ut for arbeidarkorrørsla?

NASF, TAKF, TAS og FM

25. mai 1945 heldt forretningsutvalet i NSF fyrste møtet etter frigjeringa, og vedtok ei melding til kora der det m.a. ønskte "vel møtt til samarbeid i sangen, med sangen og for sangen", takka alle for innsatsen under krigen, mintest dei som ofra meir enn dei fleste, og heldt så fram:

"Hvis det skulle finnes noen i våre kor som frivillig har stilt seg til rådighet for okkupasjonsmakten eller dens håndlangere, så rensk dem ut straks. Likedan må våre programmer være kjemisk fri for nazi-komponistene D. Monrad Johansen, Per Reidarson, Trygve Torjussen og Geir Tveit...

Alle gode krefter i landet vårt har i disse årene fått erkjenne at vi er i samme båten, og dette gir seg nå utslag i ønske om samarbeid på alle områder - også sangen. Her må skilles mellom sanglig og organisasjonsmessig samarbeid. Våre kor kan være med i fellesarrangement som hører med til fredens glade tid." (AZach-192f)

Ut over tiltaka nemnt i sitatet synest landssvikoppgjeret å ha fått lite å seia for utviklinga av NSF.

Viktigare då var det at DNA nå sat (relativt) trygt med regjeringsmakta i atterreisinga av eit kapitalistisk Noreg, og at DNA i denne perioden passerer toppen i politisk styrke og talmessig oppslutnad. Ein liknande kulminasjon finn vi i NSF (som i 1949 vedtek å endre namn frå Norsk Sangerforbund til Norsk Arbeidersangerforbund - her i oppgåva forkorta NASF (offisielt 1980: NAS)). I store delar av perioden opplever NASF sine høgaste medlemstal i historia, med over 6.000 medlemer og 154 medlemskor på det meste (sjå vedlegg 7). I denne tida framfører somme arbeidarkor store verk som dei korkje før eller seinare har våga seg på.

Men regjeringsmakta og samarbeidspolitikken kom samstundes til å få andre følgjer. Arbeidarsangane og agitasjonsoppgåvene vik meir og meir plassen for den tradisjonelle borgarlege konsert/underhaldningsverksemda. Frå leiande sosialdemokratisk hald blir det snakka om at oppgåva nå er å tileigne seg kulturelle gode, men det blir snakka mindre om kva slag kultur. I motsetnad til vektlegginga på det kollektive som fanst før krigen, snakkar statssekretær Helge Sivertsen i TM 3/48 om at alle må få høve til å utvikle ein personleg kultur (SOH-42). Det blir sjeldan sagt med klare ord, men det synest som sosialdemokratiet sitt mål for kulturverksemda i arbeidarklassen nå primært er å tileigne seg det "beste" i borgarskapet sin kultur.

I TM 9/52 kjem formannen i NASF inn på at dei gamle arbeidarsangane har eit ideinnhald som ikkje lenger er aktuelt, og at ein burde få nye, tidsmessige (SOH-44). Resultata på dette feltet blir likevel små (AZach-266). Ettersom DNA nå hadde regjeringsmakta, kom arbeidarsangane i hovudsak til å få ein nostalgisk eller rituell funksjon ('vi må minnest korleis det var i dei harde tredveåra, så vi held saman'). Kavalkaden Jolly Kramer-Johansen og Arne Paasche Aasen laga til 50-års jubileet i NASF Oslo 1958, og som vart framført på Jordal Amfi av felleskoret (blanda, eller delt i kvinne- og mannskor) saman med orkester og speaker, er ei samansetjing av ei rekke gamle og nokre nyare arbeidarsangar, og synest å fungere som eit attersyn. Sjølv ein del av dei sangane som blir skrivne i denne tida legg vekta på å sjå seg tilbake:

"En gang i fjerne tider trellet i andres jord
Fedre som møtte sulten uten et ord...

Landet ble ditt, og kornet duver i sol og vind.
Nå skal de unge slekter høste det inn."

(fra "De unge slekter" av Kåre Holt, SAF-11)

Landsstemne og nordisk samarbeid

Landsmøtet i NSF 1938 hadde som nemnt vedteke å arrangere landsstemne i Trondheim 1943, noko som vart forhindra av krigen. På landsmøtet 1946 vart det på nytt vedteke å leggja landsstemnet til Trondheim, i 1948. I dette stemnet deltok 2.185 sangarar frå 103 kor - den største deltakinga i noko norsk arbeidarsangstemne til då. Stemnet fekk m.a. økonomisk stønad frå den DNA-styrte kommunen, og i motsetnad til 1930-stemnet vart det denne gongen eit overskot på 10.000 kr. Men etter dette gjekk det heile ti år før neste landsstemne, jubileumsstemnet i Oslo 1958.

50-årsfeiringa av NASF vart kombinert med ein nordisk arbeidarsangarfest. Av dei totalt ca. 5-6.000 deltakarane stilte NASF ca. 3.700, og avslutningskonserten vart halden på Bislett, med den samnordiske sangen "Det er Norden der løfter sin pande" (tekst av danske Oskar Hansen, norske Arne Paasche Aasen og svenske Ture Nermann, musikk av danske Oskar Gyldmark) som fellesnummer (AZach 209, 222, 264; TAKF50). Talmessig er dette avgjort høgdepunktet blant landsstemna i NASF.

Det nordiske samarbeidet hadde byrja ta form alt sommaren 1945, då formannen i det danske arbeidarsangarforbundet, A.C. Poulsen, innbaud til nordisk konferanse i København 1. og 2. september for å drøfte etablering av organisatorisk kontakt mellom arbeidarsangarane i dei nordiske landa. Sjølv om det tok tid før dette arbeidet kom i sig (det fyrste konkrete tiltaket var nordisk arbeidarsangarstemne i København 30/6 til 1/7-1946 der Trondheim Damekor representerte arbeidarsangarane i Trondheim - følgd av konferanse om danning av nordisk arbeidarsangarforbund) vart desse planane prioritert klart høgare av NSF enn forsøka på å bygge opp att Arbeidarsangar-Internasjonalen (IDAS). NSf var representert då Nordisk Arbeidersangerforbund vart konstituert på møte i Göteborg 16/11-47, medan NSF korkje på rekonstruksjonskongressen hausten 1946 eller seinare let seg representere i "det nye IDAS" som nå fekk namnet IDOCO. (Interessant er det at Kr. Reiss på Göteborg-møtet ga som argument for skepsisen mot IDOCO at russarane ikkje var innbedne ved reorganiseringa - ønskte NSF-forretningsutvalet samarbeid med Sovjet på ei tid då valet mellom aust og vest byrja presse seg fram i DNA-leiinga?) I dei nærmaste åra etter var det fleire besøk (og invitasjonar ut over det) mellom dei nordiske landa. I tillegg til Noreg, Sverige og Danmark vart det etter kvart utvikla kontakt med Finland og Island. Nordisk stemne vart arrangert i Göteborg 1952 (med 3.600 norske deltakarar (TAKF: 240) av totalt 7.300), dinest i Oslo 1958 (som nemnt), og så ikkje før i 1962 (AZach 196, 202, 209, 220, 241).

Med dette har arbeidarsangarane fått eit tredje nivå for kontakt, kontingent og stemne (i tillegg til distriktet og landsforbundet). Det er rimeleg at stemne og organisasjonsarbeid kjem til å stå sentralt i verksemda til arbeidarkora.

TAKF: Medlemsutvikling, stemne

Ser vi på TAKF som heilskap, finn vi ei kraftig talmessig auke i fyrste del av perioden: Alt på generalforsamlinga 28. oktober 1945 var TAKF på ny oppe i 15 medlemskor som til saman hadde 700 medlemer, 200 fleire enn i 1938, og nesten ei fordobling frå årsmøtet 6. februar 1944 då 9 kor med eit medlemstal på 375 (anslag) sto tilslutta TAKF. Året etter, 1946, var tala auka til 17 og 933, og toppnivået blir nådd i 1952 med 22 medlemskor og omlag 1.000 medlemer.

Nytt for denne perioden er at det dukkar opp bedriftskor som sluttar seg til NASF/TAKF: TMV's Sangkor (stifta 1944) kjem med i 1945, Trondheim Sporveiskor (stifta 1937) melder seg òg inn same året, men går ut att året etter (og har seinare stått tilslutta Skandinavisk Sporveissangerforbund). 1946 kjem bedriftskoret ved Trondheim Preserving Co. (T.P.koret, stifta 1943), ved Trondheim Canning (seinare Sundland Blandetkor, stifta 1944), og ved E.C. Dahls Bryggeri (seinare Sangkoret Samhold, stifta 1945). I 1951 kom to nye bedriftskor med, ØMV 's Sangkor, og A.M.S. Damekor (ved A. Mendelsohn & Sønner - dette koret måtte innstille alt to år seinare pga. økonomiske vanskar). 1953 Samvirkelagets Personalkor (stifta 1952) (TAKF25, TAKF50, BM).

Bakgrunnen for denne 1940/50-talsbølgja av bedriftskor veit eg lite om , men det er rimeleg å sjå det i samanheng med den "i same båt"-ideologien forretningsutvalet i NSF synte til mai 1945. Av interesse kan det vera at då tilsvarande bedriftskor i Oslo-området forsøker å organisere eit særskilt forbund for bedriftskor, blir dette motarbeidd av NSF, som ønsker bedriftskora blant sine medlemer. I løpet av 50-åra blir dei fleste bedriftskora i Trondheim innstilte, eller dei endrar namn og sluttar å fungere som reine bedriftskor (t.d. går T:P.koret ca. 1954 inn i Sangkoret Viljen). Ein kan undre seg over kvifor kora på ØMV og TMV vart oppløyste rundt 1960: Kora hadde betre økonomi enn dei fleste - gratis lokale, og nør dei song ved stabelavløp kunne dei få gaver på 10.000 og 20.000 kroner frå rederiet (BM). Moglege årsaker vil bli drøfta i neste delkapittel. I Trøndelag synest bedriftskor ha vore eit Trondheimsfenomen, knytt til relativt store bedrifter. Utanfor Trondheim var framleis parti/fagforeiningskor det vanlege.

For å sikre seg jamn og god rekruttering, tok TDK i 1950 initiativ til danning av Trondheim Pikekor, som vart starta 14. februar s.å. med ein stamme på heile 156 (!) unge jenter og med T.D.Olsen som dirigent (TDK20). 1959 vart det gjort eit liknande forsøk på å starte Trondheim Guttekor, utan at dette på nokon måte fekk same suksessen og levetida (koret vart innstilt ca. 1964/65, iflg. TAKF40. Pikekoret var framleis i verksemd 1962, det er uklart når det gjekk inn, truleg vart det òg innstilt ca. 1964 (JM)).

I tida 1945-1961 arrangerer TAKF stemne i Trondheim 1946, Steinkjer 1947, Røros 1949, Levanger 1951, Orkanger 1954, Steinkjer 1959 og Melhus 1961. I 1955, 1956 og 1960 arrangerer TAKF saman med NNASF nordenfjeldske landsdelsstemne i Mo, Trondheim og Tromsø etter tur. Både FM og TAS ser ut til å ha vore med på dei aller fleste av desse stemna (dei står båe oppførde i programma for 1946, -47, -54, og for -61; i 1951 manglar FM).

TAS i perioden

Ifølge Bjarne Meland kom namneendringa under krigen til å stå ved lag etter krigen òg. Men alt i programmet for TAKF-stemnet i Trondheim 1946 er koret på ny oppført med namnet Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor. Derimot kjem Arbeidernes Kvinnekor (tidlegare TAK) til å halde på namnet AKK.

For dei to NKP-dominerte TAS og AKK synest vanskane for NKP merkeleg nok ikkje å ha hatt så stor innverknad. BM nemner at TAS mest ikkje rekrutterte nye folk etter krigen, men storparten av dei gamle medlemene synest ha vore trufaste nok. Ifølgje RO hadde TAS omlag 50-60 medlemer i heile perioden fram til 1961. Om dette skuldast den sterke kameratskapen blant medlemene eller at verksemda til TAS i liten grad var direkte knytt til NKP sin politikk og praksis, skal vera usagt. (Repertoaret var lite påverka av hendingane i den internasjonale kommunistiske rørsla.)

Sikkert er at TAS (og AKK) heldt fram i NASF og tok del i det meste som hende der av stemne o.l. På Sangens (og Musikkens) Dag som frå 1947 vart arrangert i samarbeid mellom dei tre korforbunda (NASF, NLSF og NSL, seinare òg Norges Musikkorpsforbund) drog TAS tidleg ut om morgonen til eit bustadfelt for arbeidsfolk, der dei underheldt; ofte var dei då saman med eit korps (t.d. Bispehaugen Ungdomskorps). Konsertar vart arrangerte, gjerne i samarbeid med AKK. TAS medverka på 1. mai og 17. mai, med arbeidarsangar og sangar om Noreg, og kunne òg stille på somme faglege arrangement (ifølge RO var Malerforeninga, Kaiarbeidarane og TMV-klubben dei som heldt lengst ut med kommunistane, deira retning var lenge tonegjevande der). På same vis som koret før har bruka å synge for medlemer ved større private hende, utviklast nå praksisen med å synge på sjukehus og gamleheimar, der arbeidsfolk - irekna veteranar frå arbeidarrørsla - utgjer ein stor del av publikum.

Fagforeningenes Mannskor

FM50 fortel om stor aktivitet i mai/juni 1945: Deltaking i 17. maitog (av rekordstorleik), minnemøte, TAKF-matinear og kongemottaking. Neste år tok koret del i toget 1. mai, og seinare i Sangens Dag. 1947 reiser koret til Østersund. For å styrke økonomien i koret blir det påfølgjande vinter, til variasjon frå tradisjonell tombola/utlodning, arrangert kabaret i kor-regi med premiere i Hjorten 13/3-1948. Kabareten går i 3 veker og gjev pent overskot. I jubileumsåret 1951 gjer FM ein lenge planlagd tur til Nordland, med besøk/framføring i Bodø, Harstad, Tromsø, Narvik og Svolvær i juni/juli, medan jubileumskonserten blir halden 12. september.

Det neste tiåret blir, slik beretninga 1951-61 (FM60) ser det, prega av reising og konsertar. Rett nok reiser berre to medlemer til Gteborg-stemnet 1952, men same haust kjem ABF-kgren fra Norrkping på besøk. Etter dette kom det istand kontakt mellom Haakon Koem og dirigenten i Norrkeping Orkesterforening, Heinz Freudenthal, og samarbeidet resulterte m.a. i at FM i 1954 var gjest i Norrkping (hjå ABF-ksren, Foreningen Norden og repr. for Norrkping by). På heimturen besøkte dei dessutan Enksping Arbetarekr, som òg hadde vore innom Trondheim (1953). I 1956 reiser koret til Odense i Danmark (venskapsby til Trondheim) og er gjest hjå sangkoret Lyren, heimturen går gjennom København. (Sommaren etter kjen Lyren til Trondheim.)

Av konsertar i perioden nemner FM60: Framføring av Operafragmentet Olav Trygvason av Grieg i Frimurerlosjen 2/4-1952 (i samarbeid med Trondhjems Kvinnelige Studentersangforening, koret Tonevæld og Handelsstandens Orkester). Sangaften i Vår Frue kirke 12. april og Hommelvik kirke 2. mai 1953. Framføring av Brahms Altrapsodi i Frimurerlosjen 19/11-1954 (saman med den amerikanske altsangerinna Louise Parker og Trondhjems Symfoniorkester). Konsert i Melhus kirke 12. juni 1955. Framføring av Villemann og Magnhild av Per Hjort Albertsen i Frimurerlosjen 2/12-1955 (saman med solistane Else Marie Lund pg Per Sjølie, samt symfoniorkesteret dirigert av Finn Audun Oftedal). Konsert i Stokksund kirke 16. juni 1957. Felleskonsert med sangkoret Lyren i Folkets Hus festsal 12. juli s.å. Framføring av Paul Okkenhaugs "Føre Slaget" i Verdensteatret 19. juli s.å. (saman med Trondhjems Arbeiderforenings Sangkor og Forsvarets Distriktsmusikkorps, dirigent Hermann Aarvik). Framføring av Islandsmoens "Stridsmann" ved Ole Vig-minnehøgtid i Folkets Hus festsal 19/12-1957 (saman med Trondheim Kammerkorkester dirigert av Sigurd Skogstad. Konserten vart kringkasta). Aftenkonsert saman med Forsvarets Distriktsmusikkorps 18/2-1958. Eit Sparre Olsen-program i NRK 1. mai 1959. Jubileumskonsert i Frimurerlogen 6/10-1961.

(Eg saknar tilsvarande oversikt over verksemda til TAS. Etter intervjua å døme har TAS satsa mindre på store verk, meir på lett muntert stoff - noko som kanhende gav seg sjølv ettersom koret var mindre enn FM. Av JM fekk eg inntrykk av at FM ut frå medlemstal og verka dei sette opp, samarbeidspartnarane m.m. kjende seg ovanpå i høve til TAS, samstundes som dei respekterte visse av sangkreftene i TAS, likte dei muntre numra, og medgav at TAS var flinkare til å gjera bruk av arbeidarsangar enn FM.)

Sist i FM60 kan vi lesa følgjande avsnitt:

"DE NÆRE TING

Foruten de i beretningen tidligere nevnte større oppgaver har koret deltatt ved distriktsstevner i Trøndelag Arbeiderkorforbund, tilstelninger hvor sang var oppsatt på programmet, det være seg både til humanitære formål og ved sammenkomster i fagforeninger, ved ottesang i Bakke kyrkje, brylluper, begravelser og anledninger forøvrig som er alt for mange til å nevnes spesielt. Vi kan nærmest sammenlikne dette med en bankende pulsåre som stadig har fått fornyelse." (FM60 -25)

Ser vi nøyere etter, finn vi her ein viktig skilnad frå verksemda før krigen: Blant dei musikalske, humanitære, religiøse og private oppgåvene FM tek på seg leitar vi mest til fånyttes etter politiske oppgåver - det nærmaste måtte då vera sang på fagforeiningsmøte. Massemøta frå 20-talet og valagitasjonen frå 30-talet ser vi ikkje meir til: Med reint DNA-fleirtal i Stortinget har dei politiske oppgåvene for arbeidarkora falle meir eller mindre bort. Det som står att, er kulturelle/kulturpolitiske oppgåver, og korleis desse blir vurderte og løyste skal vi sjå på i kapitel III og IV.

g) 1961-1980: Attergang, urotid, nye spirer?

KINGS BAY, EF: DNA-"IMPERIET" I MOTVIND

Etter stortingsvalet i 1961 var det slutt på eineveldet for DNA i Noreg. Partiet gjekk attende frå 78 til 74 mandat, kom såleis i mindretal, og vart avhengig av alliansar for å få politikken sin igjennom i Stortinget.

Same våren var Sosialistisk Folkeparti blitt danna, på grunnlag av motstand mot NATO-medlemskapet (som DNA hadde gått i spissen for å opprette 1949), dels med utspring i kampanja mot stasjonering av atomvåpen i nye land (især Noreg). SF fekk like godt to mandat ved valet same haust, og kom i vippeposisjon.

Dette fekk snart følgjer: Då Stortinget sommaren 1963 drøfta rapporten etter ulukka i ei av gruvene til det statleg eigde Kings Bay Kull Comp. A/S på Svalbard (ulukka skjedde hausten før), fekk DNA-regjeringa stortingsfleirtalet mot seg, og måtte gå av.

Den borgarlege regjeringa ('borgarleg' iflg. offisiell språkbruk, dvs. oppretta gjennom samarbeid mellom Høre, Venstre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti - tradisjonelt borgarlege parti) gjekk rett nok av etter få dagar, Gerhardsen tok over att, og DNA gjekk noko fram ved kommunevalet same haust. Likevel var det berre to år seinare at koalisjonen H/V/Sp/Kr.F. fekk 80 mandat og tok over regjeringa for ei lengre periode. Av dette går det fram at DNA aldri hadde vunne nokon "endeleg siger" over dei tradisjonelt borgarlege partia, tvert om hadde DNA gått attende i styrke.

Edvard Bull er truleg inne på ein viktig del av forklaringa på denne attergangen når han (i NH14-402) peikar på korleis avstanden mellom partileiinga og medlemene/veljarane voks i etterkrigstida, etter kvart som stadig fleir av dei dugande og energiske folka i partiet vart oppslukte av administrasjon på diverse plan frå regjering og ned til dei einskilde kommunane. Det vart vanskelegare å lodde stemninga på grunnplanet, loettare å koma i utakt med det og setja i verk tiltak som støytte folk unna både til høgre og venstre - noko som tydeleg kom til uttrykk i danninga av SF og i den "borgarlege" valsigeren 1965. DNA sin politikk for å administrere kapitalismen byrja slå attende på partiet sjølv.

Bull er og (NH14-421) inne på føljene av den økonomiske voksteren: Den relative velstanden reduserte det behovet arbeidarklassen tidlegare hadde hatt for samhald til vern mot fattigdom, arbeidsløyse o.l. Samstundes førte strukturrasjonaliseringa til at grupper som før hadde vore sikre DNA-veljarar (t.d. småbrukarar og fiskarar) minka i tal. Blant grupper som auka (t.d. funksjonærar) kunne H, V eller dels Kr.F. ha like stor appell som DNA.

Den borgarlege regjeringa Borten førde i all hovudsak vidare den politikken DNA hadde praktisert til då. Dette reiser (det paradoksale?) spørsmålet om korvidt dei tradisjonelt borgarlege partia var blitt "demokratiske sosialistar" eller om DNA i røynda hadde ført ein realistisk borgarleg politikk i samsvar med tida. Kanhende er det i realiteten snakk om eit samanfall her?

Dei alvorlege skiljelinene i norsk politikk kom snart til å dreie seg om anna enn det tradisjonelle "borgarleg vs. sosialistisk". I spørsmålet om norsk tilslutnad til EEC/EF oppleve Noreg to nye, store alliansar: På den eine sida DNA, H, halve Kr.F., mindretal i V og SP, samt storparten av norsk industri, alle for norsk medlemskap i EF. På den andre sida - NEI-sida - stod eit mindretal frå DNA (organisert i AIK), SF, NKP, V- og SP-fleirtalet, resten av Kr.F., den nye marxist-leninistiske rørsle (MLG/MLF/SUF(m-l) vart seinare samla i partiet AKP(m-l)), og elles m.a. storparten av norsk fiske og jordbruk. Arbeidarklassen vart tydeleg delt i to på spørsmålet.

EF-kampen - som utruleg nok enda med 53,5% NEI-fleirtal ved folkeavrøystinga 1972 - kom til å endre ein del på det politiske landskapet i Noreg. I tida fram til folkeavrøystinga kom spørsmålet til å utløyse dei største politiske masserørsler i norsk historie etter 1945 (Bull), og sprengde den borgarlege koalisjonen, slik at regjeringsmakta etter nokre vekslingar kom til å bli liggjande hjå ei mindretalsregjering av DNA i tida etter stortingsvalet 1973, då dei største bølgjene hadde lagt seg.

Ut av EF-kampen kom dessutan to (meir eller mindre) nye politiske parti, båe med ei viss betydning for arbeidarklassen: Vinteren etter folkeavrøystinga gjekk SF og NKP saman med AIK-opposisjonen frå DNA og oppretta Sosialistisk Valgforbund (seinare Sosialistisk Venstreparti, frå 1975 utan NKP). Men trass i mykje uttalt opposisjon kom dette partiet i hovudsak til å fungere som eit parlamentarisk støtteparti for DNA-regjeringa. Det andre partiet - AKP(m-l) - vart stifta same vinteren, men med eit program som gjorde krav på å ta opp att dei revolusjonære tradisjonane som DNA, og seinast NKP, hadde lagt ned (og som SF/SV etter deira meining aldri hadde teke opp). AKP(m-l) stilte seg som mål å gå i spissen for ein sosialistisk revolusjon i Noreg. SV programfesta sosialisme, men var meir skeptiske til snakket om revolusjon. Polemikken mellom desse to partia har til tider vore ganske hard.

Motstandsrørsla mot EF samla i seg mange ulike straumar. Blant motiva for dei mange aktivistane i Folkebevegelsen og i AKMED (Arbeiderkomiteen mot EEC og dyrtid) var t.d.: Motstand mot avfolking av utkantstrok; skepsis til auka byråkrati og einsidig satsing på økonomisk vokster; engasjement i natur- og miljøvern, i vern av norsk sjølvråderett og styrking av lokaldemokrati, i dialektreising, anti-imperialisme, anti-kapitalisme. Alle desse straumane inneheldt kritikk av den rådande statlege politikken og samfunnsutviklinga. Dei kunne einast ved å peike på at EF-medlemskap måtte føre til forsterking av dei negative sidene dei alt kritiserte ved norske tilhøve (jfr. slagordet "Det er langt til Oslo, men lengre til Brssel"). 'Motekspertise', 'folkelege aksjonar', 'lokale aktivistar' vart levande omgrep, og fekk kraftig auka prestisje då resultatet av folkeavrøystinga synte at desse kreftene hadde stått imot dei økonomiske/prestisjemessige ressursane JA-sida rådde over. Som vi seinare skal koma inn på, fekk dette følgjer både for norsk sangverksemd allmennt og dels for utvikling av ny politisk korrørsle.

For arbeidarkorrørsla derimot, har heile perioden frå 1961 og fram til 1980 vore heller problemfylt.

NASF I ATTERGANG, TAS + FM = FM

Det er ikkje uvanleg å snakke om ei "korkrise" på 1960-talet. Ein kritisk merknad til dette er at vi på den eine sida kan sjå ein attergang for mange slag organisasjonsarbeide, at "krisa" ikkje eintydig er noko særskilt for korrørsla. På den andre sida må det vidare nemnast at særleg perioden 1955-1965 syner markert framgang for den norske kyrkjesangrørsla, m.a. i samband med dei store kyrkjesangfestene (RTDahl-13, 152). Men for NASF tykkjest dette uttrykket passe nokså bra.

Etter "fredsboomen" i 1946, då medlemstalet, som hadde nådd ca. 5000 under krigen, på eitt år fauk opp i 6522 (det høgaste noterte), stabiliserte medlemstalet seg i overkant av 6000 dei nærmaste åra - fram til 1952. I same tidsrom heldt talet på kor fram med å vekse, og i 1952 var toppen nådd med 154 medlemskor i NASF. Medlemstalet går så noko ned i dei neste åra (5304 medlemer i 1955). Jubileumsåret 1958 er talet på nytt oppe i 6000. Men så er det slutt med framgang, og følgjande tabell kan syne attergangen:

  År Kor Medlemer  
         
  1959 143 4529  
  1962 140 4200  
  1965 125 3533  
  1968 117 3274  
  1974 ca.100 2800  

 

(AZach 194, 207, 210, 231, 264; NASF/B 1959, -62, -65, -68, -71, -74, -78.)

I 1974 stabiliserer NASF seg altså på omlag 100 medlemskor og 2800 medlemer, der forbundet framleis ligg i 1978. Nivået forbundet her har stabilisert seg på ligg ennå nær opptil det høgaste før krigen (perioden 1935-38, då NSF passerte 3000 medlemer og nærma seg 100 kor). Det er likevel spørsmål om ikkje den høge gjennomsnittsalderen i kora nå vil føre til ytterlegare nedgang i åra som kjem.

For TAKF er biletet mykje likt: Toppen blir nådd i 1952 med 22 kor og ca. 1000 medlemer. Gjennom 60-talet blir distriktsforbundet kraftig redusert, til det på 70-talet sit att med 12 medlemskor, medan medlemstalet svingar rundt 350 (1977: 425; 1979: 300). Av dei 12 attlevande kora er 4 mannskor, 3 kvinnekor og 5 blandakor. (NASF/B 1959-78; TAKF50; HL.)

Som einskildkor er FM eit interessant døme. Protokollen for FM syner følgjande medlemstal bokført for perioden 1946-54:

  Sesong Medlemstal  
       
  1946 Haust 105  
  1947 Vår 88 (+ 4 passive)
 
  1947 Haust 91  
  1948 Vår 92  
  1948 Haust 91  
  1949 Vår 79  
  1949 Haust 75  
  1950 Vår 82  
  1950 Haust 82  
  1951 Vår 76  
  1951 Haust 76  
  1952 Vår 76  
  1952 Haust 76  
  1953 Vår 61  
  1953 Haust 60  
  1954 Vår 60  

 

I perioden frå hausten 1954 til og med hausten 1960 er medlemstalet ikkje protokollført. Men alt av tala ovanfor kan vi sjå ein interessant tendens: Etter ein høg periode 1947-49 og ein relativt stabil periode 1949-52 (med forbigåande topp i 1950) dett FM i 1953 ned på eit for FM lågt medlemstal. Går vi fram til våren 1961, då føringa av medlemstal blir teken opp att, har FM då 55 medlemer (og 6 passive). Ifølge RO hadde TAS på same tida ca. 50 medlemer. Det ser ut til at FM alt tidleg på 50-talet byrjar på den attergangen talmessig som så i neste omgang på 60-talet skulle koma til å så enda sterkare ut: Våren 1963 hadde FM 44 aktive medlemer, 1964 var talet 40, 1965 var det nede i 36, og i 1966 heilt nede i 26. Med 22 medlemer våren 1967 var det for alvor byrja spøke for framtida til koret. Og utviklinga til TAS må ha vore omlag den same: I 1968 hadde både TAS og FM ca. 25 medlemer kvar (HL, BM).

Tala for NASF, TAKF og FM stadfester oppfatninga om "korkrise" på 60-talet. Men tala syner samstundes at ein viss stagnasjon eller attergang sette inn alt på 50-talet - midt i DNA si glanstid (jfr. attergangn 1950-54 i FM, 1952-59 i TAKF (sjå vedlegg 7), 1952-55 i NASF, der dei 6000 medlemene i jubileumsåret 1958 synest som eit forbigåande blaff: 5304 medlemer i 1955 og 4529 i 1959 syner hovudtendensen). Det som skjer er - i tillegg til rekrutteringsvanskar - at dei gamle medlemene og byrjar falle ifrå, især i mannskora. Kvinnekora går og attende ei tid, men tek seg opp att på 70-talet (HL).

UTSLAG PÅ VERKSEMDA

Ved jubileet i 1961 sette FM opp eit 12-nummers konsertprogram, irekna Utferdsdråpa av Fridthjof Anderssen. (Koret leigde Arne Bjerge (tenor) og Per Sjøli (baryton) som solistar. Johan Meland fortel at koret betalte solistane 1000 kr kvar, heile overskotet gjekk med til det.) På denne tida var ennå "alt lyseblått" (JM).

Etterkvart som medlemstalet gjekk ned, måtte FM gje opp dei store korverka, og kom til å konsentrere seg meir om m.a. kyrkjesang - som "kling betre med få struper" (HL). Under Hoem hadde koret fått god øving i å halde kyrkjekonsertar, Kvart einaste år sidan 1936 (med unntak av eitt) hadde koret stilt opp grytidleg til ottesang i Bakke kyrkje 1. juledag. (På same vis vart det vanleg at Mannskoret Orfeus medverka ved høgmessa 2. juledag. TDK medverka i Lademoen kyrkje frå omlag 1946 (JM).) FM stilte stadig opp 1. og 17. mai og på Sangens og Musikkens Dag. Fagforeiningsoppdrag vart sjeldnare, ettersom oppmøtet på fagforeiningsmøte gjekk attende. (HL fortel at FM hadde bruka opptrå ofte for Jern og Metall avd. 12 og for Stein, Jord og Sement.) Derimot vart det meir av besøka på sjukehus og gamleheimar, og kvart år i månadsskiftet nov/des deltok FM i ein sangaften i Vår Frue kyrkje til inntekt for Trondsletten cerebral pareseheim (etter eit initiativ frå Sangkoret Samhold i 1952). Oppdrag for DNA har FM omtrent ikkje hatt etter krigen (ifølgje JM, som meinte 90-årsjubileet for DNA var einaste høvet).

For TAS var utviklinga mykje det same, med ein viktig skilnad: TAS og AKK bruka ikkje halde kyrkjekonsertar eller medverke i kyrkja. Jubileet i 1961 vart det "siste skikkelege jubileet" (RO). I 1964 trakk Arne Aune seg attende som dirigent etter 40 år med TAS (han var då 84 år). På denne tida hadde økonomien i koret ei tid vore skral pga. medlemsnedgangen, og øvingane var alt 1957-58 flytt til billegare lokale (Robo barnehage på Rosenborg). I nokre år hadde dei så døveskulelærar Harald Sundset som dirigent, til Henning Lesund i 1967 tok initiativ til samanslåing av FM og TAS.

Denne samanslåinga gjekk ikkje heilt knirkefritt. Rolf B. Olsen fortel at han forstod det slik at ein skulle halde kora intakt, men bruke same dirigent og lokale som FM. Han minnest at TAS ein gong i 1968 var innkalla til øving saman med FM i Ila kyrkje. At dei skulle synge i kyrkja var suspekt nok, men då dei byrja øve på å skulle svara presten, vart det klart for RO at samarbeidsplanane innebar at TAS skulle bli/gå inn i eit kyrkjekor, noko han aldri kunne tenke seg å vera med på. Difor gjekk han frå øvinga og koret der og då, etter 44 års medlemskap.

Ifølgje BM hadde TAS og FM interimstyre sesongen 1967-68, medan felles årsmøte 12/9-69 valde regulært styre, og koret har sidan heitt FM. Men sjølv om den formelle delen av fusjonen syntest gå greitt, fungerte ikkje matematikken heilt, ifølgje initiativtakaren HL: Av dei to kora på ca. 25 medlemer kvar, vart det nå eitt kor med ca. 30 medlemer. RO var altså ikkje åleine om å ha motforestillingar. (Seinare reduksjon pga. alderdom gjer at FM i 1979 har ca. 20 medlemer. Av desse er ca. 6 tidlegare TAS-medlemer, ifølgje RO (som og meiner det finst fleire TAS-veteranar i pensjonistkoret, der han sjølv er med - i tillegg til at han som gammal gravør har kunna bli medlem i THIS, sjølv om han saknar arbeidarsangane der. I pensjonistkoret står og mange av medlemene i dei ennå eksisterande arbeiderkora).)

Etter samanslåinga FM/TAS har TAKF hatt 6 kor i Trondheim: 2 mannskor (FM og Mannskoret Orfeus), 2 kvinnekor (TDK og AKK) og 2 blandakor (Samhold, og Viljen - etter at Sundland Blandetkor gjekk inn i Viljen 1968). Utombys finst 2 mannskor (Røros og Melhus), 1 kvinnekor (Steinkjer) og 3 blandakor (Steinkjer, Orkdal Arbeiderkor, og Mo Blandede Kor som vart med i TAKF så seint som 1977). (HL, TAKF50.) Følgjande kor har gått inn i denne perioden (eller like før): ØMV's Sangkor, TMV's Sangkor, Samvirkelagets Personalkor, Kaiarbeidernes Sangkor (1964), og dessutan Trondheim Guttekor og Trondheim Pikekor. Av kora utanfor Trondheim har desse gått inn: Orkanger Arbeiderpartis Sangkor (på slutten: Fagforeningenes Mannskor Orkanger), Arbeidernes Mannskor Levanger (1962), Levanger Damekor, og Arbeidernes Sangkor Verdal (på slutten: Fagforeningenes Sangkor).

Men attergangen er ikkje til hinder for at dei attlevande kora syner stor oppslutnad om den omfattande stemneverksemda i desse åra:

  År Arrangement
     
  1962 Nordisk stemne i Tampere, Finland, med stor deltaking frå TAKF
  1963 TAKF-stemne på Røros.
Same året var det barnekor- og korps-stemne i København, der både Trondheim Guttekor og Trondheim Pikekor tok del.
  1965 NASF-stemne i Stavanger.
  1966 TAKF-stemne i Trondheim.
  1967 Nordisk stemne i Aarhus, Danmark. (Bra deltaking frå TAKF.)
  1968 NASF-stemne i Bergen.
  1969 TAKF-stemne på Orkanger.
  1971 TAKF-stemne i Steinkjer.
  1972 Nordisk stemne i Stockholm, Sverige. (Berre 70 frå TAKF.)
  1973 TAKF-stemne i Trondheim.
  1974 NASF-stemne i Tromsø.
  1975 TAKF-stemne på Melhus.
  1977 TAKF-stemne på Røros, og Nordisk stemne i Oslo.
  1979 NASF-stemne i Trondheim, i samband med 50-årsjubileet for TAKF.

 

(TAK50, NASF 1959-78.)

Deltakartalet på dei nordiske stemna synest å ligge jamnt rundt 6000, og sjølv om det i Oslo 1977 var gått ned til 5700 gjev ikkje det åleine grunnlag for slutningar om utviklinga i dei andre nordiske landa. For NASF-stemna er tendensen klarare: Frå ca. 3700 på jubileumsstemnet Oslo 1958 gjekk deltakinga ned til ca. 3250 i Stavanger 1965, til ca. 2000 i Bergen 1968 og ca. 1300 i Tromsø 1974 (i det siste høvet kan reisekostnader ha spela inn). Omrekna i prosent av medlemstalet blir oppslutnaden 62% i 1958, 92% 1965, 61% 1968 og 46% 1974. Eg manglar tilsvarande tal for TAKF-stemna, men det er å vente at deltakinga her har utvikla seg nokså parallelt med medlemstalet.

Likevel har medlemsutviklinga ikkje vore eintydig negativ for alle kora i TAKF. Ifølgje HL er det mannskora i byane som er gått mest attende. I blandakora er det så ymse, men regelen er gjerne mangel på mannsstemmer (især tenorar). Dei to kvinnekora AKK og TDK har faktisk opplevd oppgang i medlemstalet i dei siste åra, og i 1979 hadde AKK i overkant av 60 medlemer, TDK i overkant av 40 (BM), samstundes som innslaget av yngre krefter var langt større enn i mannskora. Korleis desse vil utvikle seg, og om det vil koma nye, meir ungdommelege, kor i tilknytning til DNA (evt. NKP) eller fagrørsla, står att å sjå. Frå 1979 har AOF-stønad gjort drifta lettare økonomisk, men andre faktorar er kanhende viktigare?

NOKRE ÅRSAKER TIL ATTERGANGEN

For å forklare den omfattande attergangen for arbeidarkorrørsla, må vi finne svar på minst to spørsmål: Kvifor vart så få av den nye generasjonen med i arbeidarkor, og kvifor fall så mange i frå av dei som var medlemer frå før?

Ei fullstendig forklaring vil måtta omfatte nokså mange faktorar, og samspelet mellom dei er heller ikkje uttrykt med få ord. Eg vil prøve å skissere eit utval faktorar som for meg synest stå svært sentralt når attergangen skal forklarast:

I 1948-49 valde DNA-regjeringa mellom aust og vest, og valet fall på vest, med NATO-tilknytning, Marshall-hjelp osb. Dette førde i praksis med seg ei sterk amerikanisering av det norske samfunnet, økonomisk og kulturelt. Kulturell påverknad skjedde både via varer, reklame, aviser, radioprogram, og ikkje minst gjennom fillmen, der USA tok ein stor del av norsk marknad. Filmen er eit mektig påverknadsmiddel, og t.d. ved Trondheimskinoane låg besøket i perioden 1945-61 på omlag det doble av snittet i perioden 1921-1939, for barn klart over det doble (Jubileumsberetning 1918-1968 for Trondheim kommunale kinoer, Trondheim 1968).

(Påverknaden gjekk rett nok ikkje berre eine vegen: Eit samansett kor innan NASF gjorde opptak av m.a. "Tend Varder" og "Folkets Fedreland", etter initiativ frå Marshall-administrasjonens radioavdeling. Opptaket vart seinare sendt over amerikanske radiostasjonar for millionar av lydarar (AZach-238). Slike einskilddøme kan likevel vanskeleg samanliknast med den vedvarande amerikanske påverknaden i Noreg.)

Opp- og utbygginga av norsk produksjon etter krigen var knytt saman med modernisering og rasjonalisering, som medførde at det vart større etterspurnad etter faglært arbeidskraft, mindre etter ufaglært. I løpet av 1950-åra førde dette til at arbeidsmarknaden for ungdom byrja skrumpe inn, det oppstod såkalla strukturell ungdomsarbeidsløyse. For staten var dette eitt av fleire argument for å bygge ut skuleverket og utvide den obligatoriske skuletida frå 7 til 9 år (sjå t.d. A.O.Telhaug: Pedagogikk og politikk, Oslo 1978, s. 25 og 49). På dette viset vart kontaktflata mellom ungdoms- og foreldregenerasjonen mindre enn før (både i arbeidarklassen og i andre lag av folket), medan grunnlaget for ein særskilt "ungdomskultur" vart styrka. (Det kan sjølvsagt diskuterast kor stor del av initiativet i utforminga og spreiinga av denne kulturen som låg hjå ungdomen sjølv, og kor mykje som låg hjå kapitalkrefter som ville utnytte kjøpekrafta hjå ungdom som ennå ikkje hadde familieansvar, men det får ligge her.)

På same vis som DNA i regjeringsposisjon hadde få politiske oppgåver å gje arbeidarkora og arbeidarkulturen elles, synest ungdommen - ikkje minst arbeidarungdommen - å ha blitt politisk passiv i desse åra (BM). For ein som ikkje hadde opplevd 1930-åra måtte entusiasmen for DNA-rørsla bli av ein annan type, i den grad han fanst: Entusiasme for nye høve til å koma seg opp og fram i "det etablerte".

"Ungdomskulturen" er eit fenomen vi kjenner frå omlag midten eller siste halvdel av 1950-talet. Kulturen har hatt rock'n roll-musikk, seinare pop-musikk med ulike forgreiningar, som samlingspunkt, og har såleis plateindustrien og forsterkarproduksjonen som føresetnad. Ungdomskulturen var ideologisk sett ein uklar reaksjon mot "det etablerte" (sjølve bruken av dette omgrepet illustrerer kor uklart og vidtfemnande angrepsmålet var). Ideologien fokuserte i stor grad på generasjonsskiljet (jfr. uttrykket "Don't trust anyone over thirty", "Ikkje lit på nokon over tretti"). Utviklinga av ein slik ungdomskultur er sams for heile den vestlege industrialiserte verda, og musikken vart snart like internasjonal som distribusjonsnettet til amerikanske og engelske (og nokre andre) platekonsern. Musikken er for ein stor del prega av afro-amerikanske tradisjonar, noko som gjer at han står i kraftig kontrast t.d. til det tradisjonelle norske kor-repertoaret.

Til saman gjer desse tilhøva det langt på veg forståeleg at den ungdommen som i mellomkrigstida dominerte arbeidarkora (då både gammal og ung var arbeidslaus, og arbeidarrørsla var politisk offensiv) nå opplevde at organisasjonane og musikken deira vart sett på som framand og uinteressant av neste generasjon ungdom. Sjølvsagt fanst det eitt og anna unntak, men for storparten av ungdommen synest regelen ha vore at når dei ville utøve eller høyre på musikk, søkte dei heller til rockeband og popgrupper enn til kor, for ikkje å seia arbeidarkor.

FRÅFALLET

Bjarne Meland nemner to moglege årsaker til at dei gamle har falle i frå, gått trøytte: Den auka levestandarden allmennt, og innføringa av TV særskilt.

Stagnasjonen vi såg på femtitalet kan henge saman med at folk etter kvart var komne i arbeid og hadde fått råd til andre former for "fornøyels" enn korsang. Det kan òg tenkjast at ei viss utbreiing av ideen/kjensla at "regjeringa ordnar opp" har verka demobiliserande. Det var ikkje lenger så viktig å vera med i arbeidarkoret, noko som vart understreka av den etterkvart låge interessa partiet og partipressa synte for arbeidarkora.

Innføringa av TV i Noreg byrjar for alvor rundt 1960, og både Bjarne Meland, Johan Meland og Henning Lesund nemner dette som forklaring på nedgangen på sekstitalet. Det er utan tvil ein viss korrelasjon mellom nedgangen i kormedlemstala og auken i sjåarlisensar frå 1961, då TV-sendingane byrjar å nå midt-Noreg:

 

År TV-lisensar i
Trøndelag 30/6
I % av
folketalet
TV-lisensar
i Noreg 30/6
Medlemstal:
FM
TAKF NASF
             
1961 32 0,08 68.660 55    
1962 4.372 4,07 144.241 55 545 4.200
1963 11.769 7,34 240.694 44    
1964 20.495 11,46 348.826 40    
1965 27.592 13,48 451.203 36 483 3.533
1966 32.359 15,43 539.147 26    
1967 36.917 17,29 630.259 22    
1968 41.643 18,96 709.370 (25) 382 3.274

 

(Kjelde: NRK Lisensstatistikk, Lisenskontoret; vedlegg 6 og 7.)

Men med dette er ikkje alt sagt om korleis TV'n i så fall har fått gamle medlemer til å sitja heime for å sjå mandagsfilmen e.l. istadenfor å gå på korøving. Eg har nemnt at den politiske motivasjonen for å stå i arbeidarkor var redusert. Det går òg an å forstå at den sangkunsten og underhaldninga koret kunne by på bleikna litt ved sida av profesjonelle artistar som nå kom inn i stova til kvar og ein. Men kva gjorde kameratskapen i koret mindre viktig enn TV'n? Alderen åleine er iallfall ikkje tilstrekkeleg forklaring på kvifor FM i løpet av seks år (1961-67) mister over halvparten av medlemene utan at nye kjem til.

Johan Meland er inne på dirigentskiftet i FM som mogleg medverkande årsak: Ved sesongstart hausten 1957 måtte Haakon Hoem av ymse årsaker seia frå seg dirigentjobben i FM. Sigurd Skogstad tok då mellombels over, til Hans Tiller vart fast tilsett hausten 1958 og dirigerte koret heilt fram til 1971 (sidan har Gunnar Carlsen vore dirigent). Dirigentskiftet kan nok ha skapa ein del uvisse i FM, men koret hadde trass alt kome godt ut av mange dirigentskifte før, og ser vi på tidspunktet (1957-58) og korkrisa (1961-) under eitt, kan ein vanskeleg tilleggja dirigentskiftet stor vekt.

Men forklaringa på attergangen må rimelegvis omfatte ulike opplagra indre veikskapar i koret i høve til utviklinga omkring (politisk, repertoarmessig, generasjonsmessig, mediateknisk, osb.) som gjer det mogleg for m.a. TV'n å gjera innhogg i medlemsstokken.

På 1970-talet synest medlemstalet i manns- og blandakora å ha stabilisert seg, medan kvinnekora faktisk har hatt ein viss oppgang: TDK opp i omlag 50 medlemer, AKK til nærare 70. Her òg må vi leite etter ei samansett forklaring: Kvinnene var t.d. mindre engasjert på utøvarsida i popkulturen. På 70-talet har vi elles sett ein kritikk av negative sider ved TV'n, samt ei oppblomstring av politisk engasjement og aktiv grasrotkultur. Det er å vente at noko av forklaringa ligg her. Samstundes har denne oppblomstringa andre ting å syne til.

EI NY POLITISK KORRØRSLE

I agitasjonen mot EF vart det teke i bruk kunstnarlege verkemiddel. EF-motstanden fann grobotn i den livskraftige viserørsla som hadde vakse fram i Noreg på 1960-talet, og i innspurten til folkeavrøystinga vart det skrive ei mengd viser (av vekslande handverksmessig kvalitet, men av stor bruksverdi) som agiterte mot EF-medlemskap. Vidare vart revyteater teke i bruk i agitasjonen. Men det som interesserer oss mest her, er at EF-kampen gav støyten til danning av ei ny korrørsle. Desse nye kora var rett nok ikkje reine arbeidarkor (etter vår definisjon av omgrepet), men politikken dei sto for hadde i ein viss forstand tilknytning til arbeidarrørsla. Det er difor å vente at ei undersøking av denne nye korrørsla kan bidra til å kaste noko lys over utviklinga av arbeidarkorrørsla.

Dei fyrste kora av denne typen kalla seg gjerne Rødt Kor. Initiativet til danning av raude kor kom frå miljøet rundt SUF(m-l), og ideen vart spreidd via sommarleirane denne organisasjonen arrangerte. Det fyrste raude koret opptrådde i Oslo 1. mai 1972. Kora starta gjerne i studentmiljø, men var inspirerte av arbeidarkortradisjonen, og både medlems- og publikumsgrunnlaget kom òg til å omfatte såvel arbeidsfolk som lågare funksjonærar.

At kora var inspirerte av arbeidarkortradisjonen vil seia at dei ønskte å føre vidare det dei oppfatta som vesentleg ved arbeidarkor: Dei ville bruke korsangen til å agitere for at arbeidsfolk (og folk i det heile teke) skulle kjempe for eit betre samfunn. Men dei raude kora skilde seg på mange område frå tradisjonelle arbeidarkor.

Alle dei raude kora var blandakor. Dei var (iallfall formelt) sjølvstendige, uavhengige organisasjonar: Kora hadde inga vedtektsfesta plikter/rettar andsynes noko parti eller organisasjon. Ein kravde heller ikkje parti- eller fagforeiningsmedlemskap av kormedlemene, slik det hadde vore vanleg i arbeidarkor. Kora var like fullt under politisk innflytnad frå SUF(m-l), seinare AKP(m-l) m.a. gjennom medlemer derifrå som deltok i kora. (I kora deltok elles såvel partilause som medlemer av SV. Usemje om ulike politiske spørsmål - 1. mai-organisering, synet på Sovjet m.m. - førde til at dei sistnemnde i tida 1974-75 byrja ta initiativ til eigne kor av liknande type. Desse tok namnet Sosialistisk Kor. Sett bort frå partisympatien har "raude" og "sosialistiske" kor mange drag sams. Eg har difor vald å handsame dei under eitt her. Som det vil gå fram, har eg mest direkte kjennskap til dei raude kora.)

Dei fleste oppdraga fekk desse kora dels frå partiet dei sympatiserte med, dels frå organisasjonar eller aksjonar der partiet hadde ein viss innflytnad. I motsetnad til f.eks. TAS i tidlege år, var kora ikkje forplikta til å stille opp (i seinare år har heller ikkje banda mellom arbeidarkor og parti vore særskilt forpliktande nokon veg). Dei nye kora kunne lage seg detaljerte politiske plattformer, men desse sa aldri noko direkte om parti - derimot kunne mykje lesast ut av samanfall i politiske standpunkt.

Men bortsett frå "regelen" om blandakor både kjønnsmessig og sisoalt, synest det viktigaste punktet der dei nye kora skil seg frå dei tradisjonelle arbeidarkora vera repertoaret. Her kunne dei nye kora ause av rikare kjelder når det galdt politiske sangar, medan konsertverksemd og konsertrepertoar lenge låg meir i bakgrunnen. Dei nye kora synest i denne samanheng å ha politisert repertoaret i langt større grad enn det var vanleg i arbeidarkora: Kora var (og er framleis - 1980) nøye med korvidt det politiske innhaldet i sangane samsvarar med dei politiske standpunkta koret har einast om. Ein tillegg den einskilde sangen større agitatorisk effekt enn det synest ha vore vanleg i arbeidarkora, og er følgeleg meir opptekne av kva som agiterast. (Meir om dette i kap. IV.e.)

Ein skilnad kjem òg til syne i dirigentspørsmålet: Medan regelen for arbeidarkora var at dirigenten måtte tilsetjast, som spesialist henta utanifrå, synest regelen for dei nye kora ha vore at dirigenten fanst blant initiativtakarane, og oppfatta seg sjølv som (i hovudsak) vanleg medlem i koret. Instruksjonen har vore eit verv meir enn ein jobb (arbeidet har gjerne vore gjort gratis, kanhende har dirigenten betalt kontingent attpå), som vedkomande tek på seg av di han/ho tykkjer det er politisk naudsynt. Det er heller ikkje uvanleg at dirigenten fungerer som arrangør (noteprodusent) for koret, slik at dei nye kora i langt mindre grad enn arbeidarkora er avhengige av å skaffe seg ferdige arrangement utanifrå (arbeidarkora synest ha fått det meste av repertoaret sitt frå vanlege musikkforlag eller frå NASF sentralt).

Spreiinga av desse nye kora har i hovudsak avgrensa seg til større byar, og sentra for høgare utdanning. Især på dei mindre stadene har kora vore sterkt utsette for det ein kan kalle politiske konjunktursvingningar - små endringar i det politiske klimaet avgjer om kora finst eller ikkje, kontinuitet er vanskeleg. Dette synest ha slått sterkare ut for dei raude enn for dei sosialistiske kora.

Fram mot hausten 1978 dukka raude kor opp på stendig nye stader i landet. Pinsa 1976 arrangerte dei sitt fyrste stemne i Trondheim, der fem kor (Tromsø, Nesna, Trondheim, Bergen, Oslo) var med. Utanom å synge for kvarandre, diskuterte kora spørsmålet om å vedta sams politisk plattform og opprette eit landsforbund. Av sangane vart det gjort opptak, fleire av desse kom med på dobbelt-LP'en "Ridderslag" (MAI 1977). Det er rimeleg å tru at spreiinga av denne plata bidrog sterkt til at heile 15 raude kor (og 3 raude korps) var representerte ved den påfølgjande landskonferansen august 1977 der forbundsdanninga vart vidare førebudd. Eit landsmøte desember 1977 oppretta Landsforbundet av Raude Kor og Korps. Ved dette høvet var 13 kor og 4 korps representerte. På det meste har det funnest oppimot 30 raude kor og 5 korps. Desse tala må likevel sjåast på mest som eit resultat av ei politisk stemningsbølgje. Frå 1978 av er tala kraftig reduserte. Hausten 1980 er faktisk berre 4 kor (Tromsø, Trondheim, Kristiansund og Bergen) og eitt kombinert kor/korpsensemble (Oslo) framleis i verksemd. Verksemda har dessutan fått ein litt annan karakter enn tidlegare:

Då Landsforbundet av Raude Kor og Korps arrangerte sitt fyrste landsstemne i Oslo pinsa 1978, dreide diskusjonane seg om publikum, repertoar, kvalitet. Grunntonen var nå at innrettinga på verksemda var skeiv: Ein arbeidde for innoverretta, for lite allsidig, og for amatøristisk. Ein brukte for mykje tid og krefter på å synge eit einsidig agitasjonsrepertoar av kjapt innøvde sangar for publikum som i hovudsak var samde frå før. Målet vart nå å nå ut til nytt publikum med eit meir variert program (både agitasjon og underhaldning, tungt og lett, gammalt og nytt...) med langt høgare framføringskvalitet. Med utgangspunkt i den utrygge internasjonale utviklinga vart det òg diskutert meir utstrakt bruk av nasjonal sangtradisjon/nasjonal musikk. Såleis er dei raude kora i 1980 av ein noko annan karakter enn i 1976. Eit spørsmål er då om dette er ei utvikling inn i same sporet som arbeidarkora har gått før (jfr. TAS under Mikal Svendsen)? Under Kap. IV.e skal vi sjå at her òg finst kvalitativt nye element.

For dei sosialistiske kora synest den talmessige utviklinga dei fyrste åra ikkje ha vore så ulik den dei raude kora opplevde, men dynamikken i denne delen av den nye korrørsla er likevel kanhende noko annleis. SV har frå starten av hatt eit større nedslagsfelt for politikken sin enn AKP(m-l) (jfr. stortings- og kommuneval), det har følgeleg vore fleire folk å ta av til kulturell verksemd. Dette, og at Sosialistisk Opplysningsforbund har følgd opp kora med kontakt og materiale, er truleg årsaka til at dei sosialistiske kora i tida 1978-1980 har auka i tal frå ca. 15 til nær 30.

Dei sosialistiske kora har òg hatt drøftingar om oppretting av sams organisasjon, men dette synest ha blitt lagt til side til føremon for tilknytning til tradisjonelle korforbund.

Korkje dei raude eller dei sosialistiske kora, enn sei den nye korrørsla under eitt, representerer til nå noka talmessig utfordring til arbeidarkorrørsla. Det interessante for oss her er at medan NASF-kora har vanskeleg for å trekke til seg ungdom i nokon grad, finst det politisk engasjert ungdom som ønskjer å bruke kor til å agitere for arbeidarrørsla sitt tradisjonelle mål - sosialismen - og som då danner seg ei ny korrørsle istadenfor å søke til arbeidarkora. Sagt på ein annan måte: I 1970-åra har grobotnen for ei ny, ungdommeleg og politisk engasjert korrørsle funnest, ikkje rundt dei gamle ("etablerte") arbeidarpartia DNA og NKP, men rundt dei relativt ferske partia AKP(m-l) og SV. (Henning Lesund fortel elles at det i tilknytning til Trondheim AUF i eit par år har vore forsøkt å få i gang eit nytt Arbeidernes Ungdomskor, utan at det har lukkast. Eit nytt "FRAM" barnekor i Oslo høyrer til unntaka.)

Eg vil ikkje på slutten av denne historikken prøve å uttale meg om kva framtid som finst for den tradisjonelle arbeidarkorrørsla. Formålet med dette og dei følgjande kapitla er å få fram i dagen ein del av dei viktigaste faktorane som inngår i den motsetningsfylte utviklinga denne rørsla har opplevd og opplever. Så får lesarane vera med å avgjera framtida.


(Lagt ut ferdig 29/6-2005. Sj framhald: Kapittel III. JEB.)


Til toppen
Til neste kapittel
Til innhaldsoversyn