Trondhjems Arbeiderpartis Sangkor/Fagforeningenes Mannskor, Trondheim

Bidrag til karakteristikk av den norske arbeidarkorrørsla
Jon Egil Brekke 1980

Til innhaldsoversyn
Til neste kapittel


Kapittel IV. Arbeidarkorrepertoaret

I dette kapitlet skal vi fyrst gå inn på ymse problem med å klassifisere sangane/verka som arbeidarkorrepertoaret er bygde opp av. Særleg skal vi sjå nærare på omgrepet 'arbeidarsang' og produksjon av arbeidarsangar i Noreg. Etter det skal vi sjå på tilgjengeleg materiale om repertoaret i arbeidarkorrørsla lokalt (TAS/FM) og på lands- og distriktsnivå. Eg vil prøve å samanlikne med det eg veit om den borgarlege mannskorrørsla og den nye politiske korrørsla på 1970-talet, kva vi finn av slektskap og skilnad. Av plassomsyn har eg vald ikkje å gå inn på detaljanalyse av einskilde verk eller verksemda til særskilte komponistar. Det er å vone at nokon kan ta opp tråden og gå vidare her.

Materialet dette kapitlet bygger på er relativt spreidd og usystematisk. Utover notesamlinga utlånt frå Bjarne Meland (der det har vore vanskeleg å datere einskildnotene nøyaktig med omsyn til når dei kom inn i samlinga, vart tekne i bruk m.m.), har eg berre kunna bygge på programreferansar hjå AZach, AZach/S, annonser/kritikk i NT/AA, og ein handfull stemneprogram/jubileumskonsertprogram utlånt frå RO og JM. I tillegg stør eg meg delvis på vurderingar hjå m.a. AHo og SOH. Slutningane vil såleis naturleg nok måtte oppfattast som omtrentlege, sjølv om dei ulike delane av materialet stort sett synest peike i same retning.

a) Problem ved klassifisering av verk i arbeidarkorrepertoaret

I og med at vi her undersøker arbeidarkora som politisk/ideologiske musikkutøvarar og er interesserte i motiva deira for å velja dette særskilte repertoaret, vil kategoriar som berre tek utgangspunkt i musikalsk (evt. dikterisk) form vera utilstrekkelege til å gripe det vesentlege. Som vi har vore inne på, omfattar motivkretsen m.a. å formidle særskilte haldningar, å hevde seg innan visse tradisjonar, evt. rett og slett å underhalde, more e.l., der dei ulike motiva kan vera ulike sterkt framme i lyset i samband med ulike delar av repertoaret.

Simon Haugen har i undersøkinga si forsøkt ei tredeling av repertoaret. Grunnlaget for denne tredelinga er at det i tillegg til dei to funksjonane arbeidarsang og sang i kyrkjeleg samanheng fanst ein sterk nasjonalistisk straum i norsk kulturliv i mellomkrigstida, med topp ved Olavsjubileet 1930. Legg vi til den patriotiske tendensen i mannskorrørsla i førre århundret, samt "same båt"-ideologien under og etter okkupasjonen, synest det rimeleg å sortere sangane i båsane arbeidarsangar - nasjonale - religiøse, iallfall som dominerande kategoriar.

Problemet er berre det at iallfall ein dryg tredjedel av titlane i BM si notesamling ikkje let seg passe inn i nokon av desse tre båsane. Denne tredjedelen omfattar t.d. folkeviser utan poengtering av det nasjonale el. religiøse, skjemteviser, lettare underhaldningsstoff, kor frå opera/operette, sangarhelsingar o.l.

Simon Haugen gjer sjølv ei differensiering innanfor det han med eit samleomgrep kallar kyrkjekonsertrepertoaret:

"Ser ein bort frå bruken, kan det ofte vere vanskeleg å drage opp grenser mellom religiøse og verdslege songar. Nokre songar er t.d. brukt både på verdslege og kyrkjelege konsertar. Dette er helst songar med det eg vil kalle for ålment religiøst-etisk og/eller naturestetisk innhald, tekstleg sett. Så er det òg songar som innhaldsmessig høver i same kategorien, men som berre er brukt på kyrkjekonsertar. ... Vidare har ein så dei songane som har tydelegare religiøs funksjon, t.d. salmar, lovsongar o.a.". (SOH-59).

Til dette kan ein leggja at religiøse sangar i visse høve kan gjevast ei verdsleg tolkning av publikum, der symbolikken let seg overføre. (Det skal ikkje påståast at salmen "Å tenk når en gang samles skal", avsunge av TAS ved gravferda til Marius Folstad 1913, der og då vart assosiert med ein framtidig revolusjonær situasjon av arbeidarpublikumet som vart tilstades, men at sangar kan ha slike dobbeltfunksjonar er noko vi må rekne med.) Vidare kan valet av konkrete sangar innehalde visse former for protest, som når det under okkupasjonen vart framført verk av jødiske komponistar, eller når RO sin kvartett innanfor TAS i gravferder framførde sangar som kyrkja ikkje hadde godkjend (som t.d. En sangers bøn, eller Bedre kan jeg ikke fare). Omfanget av sangar med religiøst innhald er difor langt frå nokon sikker målestokk på omfanget eller styrken av religiøse haldningar/motiv i verksemda til eit arbeidarkor, sjølv om slike utan tvil hadde og har ei viss utbreiing iallfall i dei DNA-orienterte kora.

Om korrepertoaret og det nasjonale skriv SOH m.a.:

"Eg har tidlegare peika på at arbeidarsongrørsla var mykje internasjonalt orientert i 1930-åra, i alle høve på sentralt hald. No står dette i nokså sterk kontrast til den aukande nasjonalismen ein finn på anna hald i denne tida. Han kjem klårt til syne i kulturlivet, og kanskje serleg i kunsten. Dette gjeld ikkje minst musikken, der ein syner stor interesse for norrøn litteratur og for folkekunst. ... denne perioden er tida til dei monumentale korverka, med sterkt nasjonalistiske tendensar. ... No finst det òg ei rekke vanlege korsongar som har same tendensen i det tekstlege innhaldet, songar med ei klår hylling av det norske/norrøne i land og folk, gjerne attendeskodande, men òg knytt til notida. Felles for desse songane er òg at ein prisar det nasjonale slik det har vore og er, utan å nevne eventuelle negative sider ved det". (SOH-49).

På dette grunnlaget registrerer SOH bruken av det han kallar 'nasjonalistiske' sangar, der kyrkjekonsertnummer med same tendens er rekna med, medan folkeviser er haldne utanom.

Etter mi meining er det noko snevert å bruke klassifiseringa 'nasjonalisme' om alle sangar som omhandlar Noreg, norsk historie, norsk natur o.l. i det norske korrepertoaret. Rett nok var dei nasjonalistiske straumane i det borgarlege norske samfunnet sterke på 30-talet og åra før, medan arbeidarklassen sett med DNA-auge "fekk" eit fedreland fyrst med DNA-regjeringa i 1935, og hadde vore relativt skeptisk til alt borgarleg snakk om "fedrelandet" heilt sidan antikrigsrørsla rundt unionsoppløysinga. Men bruken av sangar med nasjonale assosiasjonar kan ha hatt andre motiv/årsaker enn at (dei "konservative") arbeidarkora inntok det rådande borgarlege synet på fedrelandet. Ønsket om å hevde seg kunstnerisk må vi rekne med som ei drivkraft til å gjera t.d. det nasjonalromantiske mannskor-repertoaret til aktuelt konsertstoff, slik eg har vore inne på før. Det fanst røyster i arbeidarrørsla (m.a. Thornæs) som gjekk inn for å skilje mellom nasjonalisme (aggressiv nasjonal sjølvhevding, gjerne med krav om indre klassefred dvs. ein fredeleg arbeidarklasse) og patriotisme (setja pris på sin eigen nasjon på line med andre, vilja verje seg mot evt. okkupasjon, utan difor å gje opp arbeidarklassen sine mål om sosial framgang). Vidare kan sangar om natur og naturkrefter (fjell, hav, storm) for arbeidarane ha gjeve assosiasjonar om samfunnstilhøve og klassekamp - jfr. det som tidlegare vart sagt om religiøst repertoar. Og særleg har somme tekster av Sivle (Thord Foleson, Bautar m.fl.) hatt eit meiningsinnhald som kunne overførast på arbeidarrørsla like gjerne som på nasjonen ("merkje det stend om mannen han stupa"). Til sist må nemnast at ein god del folkeviser, humoristiske sangar og lettare underhaldningsstoff (som t.d. Halvor Kletten, m/tekst av Th. Caspari) kan oppfattast som nasjonalistiske, dersom ein vil tøye omgrepet, men det er tvilsamt om arbeidarkora har sett dei i den samanhangen.

Det har ei viss interesse å undersøke bruken av større verk (når, under kva vilkår, o.l.), då omfanget av dette fortel litt om ambisjonar og kunstnerisk kapasitet. Med større verk tenker eg då både på kantater laga i regi av arbeidarkorrørsla, og på større borgarlege verk som t.d. Frithjof Andersens "Utferdsdråpa". Konsert- og underhaldningsnumra elles, såvel som arbeidarsangane, synest vera av relativt kort format, gjerne strofiske, dvs. bygd opp av vers som repeterer det same musikalske forløpet, eller gjennomkomponerte, med ei lengd sjeldan over 100-120 takter (ofte færre).

Om vi har innvendingane ovanfor i mente, kan vi etter mi meining bruke kategoriane kyrkjesangar, nasjonale sangar, underhaldningsnummer og arbeidarsangar som ei grovinndeling av fire hovudretningar i arbeidarkorrepertoaret. Som eg har vore inne på i tidlegare kapittel, kan vi i tillegg ta med den inndelinga at dei tre fyrste kategoriane frå kormedlemene si side gjerne vart sett på som område for kunstnerisk utfalding, medan den siste dreide seg om agitasjon. Denne inndelinga er/var sjølvsagt ikkje stivbeint og absolutt. Som vi alt har vore inne på, kunne einskildnummer frå dei andre kategoriane - på grunnlag av det allmenne innhaldet eller samanhengen det vart framført i - få agitatorisk funksjon på same vis som ein arbeidarsang.

Derimot er det grunn til å stille eit spørsmålsteikn ved oppfatninga at dei religiøse og nasjonale sangane, enn sei underhaldningsnumra, ikkje fungerte agiterande - dvs. stadfesta eller endra (deler av) verdsbiletet til sangarane og tilhøyrarane, - sjølv ved dei høva koret ikkje la vekt på denne funksjonen. Problema ved å vurdere den eventuelle agitasjonseffekten ved ulike sangar ligg m.a. i følgjande spørsmål:

  1. I kor stor grad vart publikum ført inn i same tankebanar?
  2. I kor stor grad var desse tankebanane i samsvar med intensjonane bak sangen og framføringa av han?
  3. Kort stort samsvar er det mellom desse intensjonane og det nokon av oss i dag les ut av tekst og musikk?

Vanskane med å skaffe tilstrekkeleg materiale til å svare på desse og liknande spørsmål gjer at eg her i hovudsak vil nøye meg med å reise dei.

Den fjerde kategorien - arbeidarsang - er det òg grunn til å sjå nærare på. Då vi har med arbeidarkor tilknytt arbeidarrørsla å gjera, har arbeidarsangane naturleg nok ein særskilt plass i repertoaret og verksemda, og fortener difor òg særskilt merksemd.

Historisk sett omfattar omgrepet 'arbeidarsang' fleire typer sangar, verk og tradisjonar. I "Das Arbeiterlied" opererer Inge Lammel med følgjande inndeling av tysk arbeidarsangtradisjon før og under Weimarrepublikken: Frå gamalt av (1800-talet) kan ein skilje mellom det m.a. Wolfgang Steinitz kallar Arbeitervolkslied ("arbeidarfolkesang") og Arbeiterlied (arbeidarsang), der den fyrste typen skil seg frå folkeviser ellers ved at han omhandlar arbeidarane (t.d. vevarane) sitt arbeid, liv og lagnad, men ellers har vanlege kjenneteikn på ei folkevise (munnleg tradering, fleire variantar, melodibygnad o.l.). Arbeidarfolkevisene i Tyskland kunne fortelja om sosialt elende, om kor rettslause arbeidarane var, og anklage den kapitalistiske klassestaten.

Arbeidarsangane skilde seg frå arbeidarfolkevisene i det at dei medvite var laga for å ha politisk-ideologisk innflytnad på arbeidarane, og at dette programmatiske innhaldet (og den delvis skriftlege traderinga) utelukka omforming av teksta. Dette skiljet hadde likevel liten praktisk verknad for bruken av sangane, både ved demonstrasjonar og i heimen vart dei gjerne bruka om einannan. (IL-14f).

(Overført på norske tilhøve er det kanhende mogleg å snakke om m.a. ein del av rallarvisene som arbeidarfolkeviser, medan det alt frå Marcus Thranes tid vart laga sangar av den andre kategorien, altså det Steinitz og Lammel reknar for arbeidarsangar. Det saknast ellers ei grundig undersøking av norsk arbeidarsangtradisjon ut frå slike og liknande kriteria).

Under Weimar-republikken opererer Lammel med tre store grupper innanfor arbeidarsang-produksjonen:

  1. Sangar som til dels oppstod spontant under dei konkrete politiske kampane under den revolusjonære etterkrigskrisa: dei revolusjonære arbeidarfolkevisene.
  2. Sangar laga av revolusjonære arbeidarar med tanke på den politiske agitasjonen og for særskilte organisasjonar/kulturelle institusjonar blant arbeidarane (så som Det Raude Frontkjemparforbundet (Roter Frontkämpferbund), agitprop-gruppene osb.).
  3. Sangar og korverk skrivne av forfattarar og yrkeskomponistar for arbeidarane og kulturorganisasjonane deira. (IL-54f).

Det kan diskuterast i kor stor grad stoda i Noreg 1917-18 nærma seg ei revolusjonær krise, same målestokk som i Tyskland i dei følgjande åra var det ikkje snakk om (rett nok finst det gamle veteranar som uttalar at det i 1918 var nær ved å bli revolusjon i Trondheim, men det kom aldri så langt at regjeringa var truga), og eg har heller ikkje under arbeidet med denne oppgåva kome over sangar som synest å tilsvare Lammels kategori 1. Når det gjeld kategori 2. og 3. tykkjest skiljet mellom dei dels å dreie seg om graden av fagprofesjon hjå dei som skreiv sangane. I Noreg blir dette skiljet nokså flytande, då Noreg i liten grad har gjeve komponistar høve til å ha komponeringa som einaste leveveg. Eit visst skilje er det likevel mellom folk som har stått sentralt i arbeidarrørsla (det gjeld i fyrste rekke tekstforfattarane, men vi kan og rekne med komponistar som over lengre tid gjorde innsats i arbeidarkorrørsla, sjølv om dette endå ligg langt unna Lammels "revolutionäre Arbeiter",) og folk som stod utanfor organisasjonane, men likevel bidrog. Til den siste kategorien høyrer t.d. Catharinus Elling og Klaus Egge, til den fyrste komponistar som t.d. Thornæs, Jolly Kramer-Johansen, komponistar/dirigentar som T.D. Olsen, Bjarne Gjerstrøm m.fl.

Eit klarare, og kanhende meir nyttig skilje får vi dersom vi tek med i reknestykket at Lammels gruppe 1. og 2. var heilt eller halvt munnleg tradert, og ofte (difor) lånte ein kjend melodi istadenfor å bli utstyrde med nye. Rett nok kunne sangar av dette slaget arrangerast til korverk om det fanst interesse for og fagkunnskap til det. Men korsangane vart gjennomført skriftleg tradert, iallfall frå dirigent til dirigent, og måtte så vera. Dette skiljet plasserer då heile arbeidarkorrepertoaret i Lammels gruppe 3., sjølv om fleire av sangane kunne ha sitt opphav i gruppe 2. og sidan ha blitt arrangerte for kor.

Teoretisk kunne vi sjølvsagt tenke oss fleire skilje blant arbeidarsangane, t.d. skilje mellom sangar i hovudsak til bruk internt i organisasjonane og sangar til utoverretta agitasjon. Materialet eg har funne synest ikkje gje grunnlag for å leggja vekt på ei slik inndeling. Derimot ser det ut til at den allmenne innhaldsmessige retninga, dvs. politikken, i arbeidarsangane har endra seg på vesentlege punkt undervegs i dette århundret, delvis òg med følgje for musikken.

Ulike tendensar i korarbeidarsangane

Eisler nemner (og kritiserer) det han kallar tendenssangane. Kan vi snakke om 'tendenssangar' i det norske arbeidarkorrepertoaret? Eisler sin definisjon av omgrepet tykkjest vera nokså vid (HEis 157-158, 215): Tendenssangar er sangar som vender seg frå dei medvitne/organiserte arbeidarane til dei umedvitne/uorganiserte arbeidarane for å vekke klasseinstinktet deira og gjera dei åpne for meir teoretisk/systematisk agitasjon, for å ta del i klassekampen, dvs. (oftast) stø/bli medlem i ein eller fleire arbeidarorganisasjonar. Dette synest vera den "smalaste" definisjonen som kan trekkast ut av Eisler si framstilling. I andre samanhengar synest det som 'tendenssangar' omfattar alle sangar/korverk som på noko vis søker å uttrykke noko om korleis arbeidaren tenker og føler.

I båe fall finn vi 'arbeidarsangar' som fell innanfor definisjonen i det norske arbeidarkorrepertoaret. Men 'arbeidarsang' i norsk meining synest å omfatte ein del ulike tendensar, irekna somme som Eisler vanskeleg kunne vera merksam på, då Noreg fekk ei langt anna politisk utvikling enn Tyskland. Norsk arbeidarsang (i arbeidarkor samanheng) omfattar etter mitt syn følgjande hovudgrupper:

  1. Frå Marcus Thrane og fram på 1920-talet finn vi sangar med nokså radikal språkdrakt (ein tradisjon som held fram i NKP til krigen, og seinare dukkar opp att med den marxist-leninistiske rørsla sist på 1960-talet): Det er snakk om borgarskap, stat, fiendar, med diverse konkrete dårlege eigenskapar, men samstundes om oppvakning av arbeidarane, samling, kamp, endelege slag, siger og fridom. Ikkje alle tekstene går like langt, ikkje alle er like klare og konkrete, tvert om er det ein utbreidd tendens til ikkje å ta ordet "revolusjon" i sin munn (ofte heller ikkje konkrete namn på fienden), men å snakke i bilete og antydningar. Likevel har dei fleste av desse sangane glød for politisk kamp og maktendring. (Jfr. t.d. sangar som Snart dages det brødre, Gryr i Norden, Internasjonalen, Første maidagssang, Fremtidslængsler m.fl.).
  2. I sangar produsert i DNA-kretsar frå rundt 1930 og frametter finn vi ein annen tendens: Den politiske kampen kjem i bakgrunnen eller forsvinn heilt, medan samhald og produksjon blir framheva som det som gjev framgang (jfr. sangar som Vi bygger landet, Samholdssangen m.fl.). Samstundes kjem og DNAregjerings-patriotismen til syne i sangar som Frihetens forpost, Norge for folket (omdikta frå dansk Danmark for folket), Sang til Norge m.fl. Dette var tida då Arne Paasche Aasen, med assistanse av m.a. komponistane Jolly Kramer-Johansen og Sverre Narvestad dominerte nyproduksjonen innan norsk arbeidarsang. (Men av ymse grunnar er det altså dei eldre arbeidarsangane som er mest i bruk i arbeidarkora, så langt dei gjev arbeidarsangane plass på repertoaret. Fyrst på slutten av 30-talet synest somme av dei nye sangane ha funne vegen til kora, dit dei og kjem sigande etter krigen).
  3. Etter krigen er Paasche Aasen m.fl. enno i verksemd nokre år. I DNA sine rekker blir det smått med produksjon og bruk av såvel arbeidarsangar som nye arbeidarkor. I dei få sangane som blir produserte, av m.a. Dagfinn Rimestad, blir det gjort forsøk på å agitere eitslag verds-engasjement for ungdommen: Fra land til land, Vi er unge, Din ungdom, De unge slekter. Innhaldsmessig kan det vera vanskeleg å plassere somme av desse blant arbeidarsangane, då perspektivet er gjort svært rundt og allment-etisk.
  4. Då den nye marxist-leninistiske rørsla i starten av 1970talet vinn innflytnad i litteraturtidsskriftet Profil, startar dette tidsskriftet eit arbeid med å gjera kjend både gamle og nyare sangar frå kommunistiske og revolusjonære rørsler verda over. I tillegg til nyopptrykk av arbeidarsangar av den fyrste typen eg nemnde (Internasjonalen m.fl.), som tidlegare hadde vore i bruk her til lands, kom omsetjingar av fleire sangar frå m.a. tysk og sovjetisk kommunistrørsle, irekna fleire av Eisler sine kampsangar. I tillegg kom nå sangar frå frigjeringskamp i den tredje verda (især frå Vietnam, etter kvart og frå Palestinarane m.fl.). Men av særleg interesse her var ein ny type arbeidarsangar utvikla i samband m.a. med svenske og norske teaterstykke som tok for seg stoda arbeidsfolk nå var i (NJA-pjäsen, Svartkatten, Pendlerne). Istadenfor å nøye seg med å framsetja allmenne appellar om at arbeidarar måtte vera stolte av arbeidet sitt, stå saman, bu seg på sluttoppgjeret, gjekk desse sangane gjerne konkret inn på særskilte forhold i samfunnet/på arbeidsplassen, skildra konkrete arbeidskonflikter, tok stilling til taktiske spørsmål i kampen - altså noko av det Eisler i sin tid etterlyste. (Denne nye tradisjonen kom den nye (raude/sosialistiske) korrørsla til gode, dvs. arbeidet til Profil (og etter kvart fleire) vart det repertoarmessige grunnlaget for at den nye korrørsla kunne oppstå. På den andre sida synest desse sangane stort sett ikkje ha funne vegen til arbeidarkora/NASF).

Skal vi gje desse fire gruppene korte namn kan vi snakke om 1. allmenne kampsangar, 2. produksjonsromantikk, 3. allment-etiske sangar og 4. konkrete kampsangar. Ingen av desse namna yter kategorien sin full rettferd, dei har berre ein viss operasjonell verdi i samband med den vidare gjennomgåinga av arbeidarkorrepertoaret.

Arbeidarmusikk?

I sangane som vart skrivne direkte for arbeidarkor, såvel som ein stor del av fellessangane skrivne for arbeidarrørsla i Noreg i dette århundret, er musikken ny. Ei undersøking av arbeidarkorrepertoaret vil difor tilsynelatande merke minimalt til det som kjenneteikna dei tidlege arbeidarsangane, nemleg melodilåninga, det vi i musikkhistoria kallar parodisering. Denne praksisen, som hadde bakgrunn både i komponistmangel blant arbeidarane og i ønsket om rask utbreiing av innhaldet i sangen (av omsyn til agitasjonseffekten), har likevel hatt sitt å seia for den seinare stilmessige utviklinga av arbeidarsangane. Den lånte melodien måtte på ein eller annan måte stå godt til det innhaldet som skulle formidlast. I somme tilfelle kunne den nye teksta rett og slett berre vri på den gamle og såleis få fram dei politiske poenga som var ønska. I andre tilfelle kunne det vera ein klagande eller kamplysten atmosfære i melodien som gjorde han skikka til å bera ein arbeidarsang. I Tyskland vart ikkje sjeldan soldatviser og somme militærmarsjar lagde til grunn for nye arbeidarsangar. Elles kunne folkeviser (men berre i somme fall), studentviser, slagerar o.l. koma til nytte. Og sjølvsagt vart kjende revolusjonære sangar som t.d. Marseillaisen utnytta (slik vi og kjenner det frå norsk arbeidarrørsle). Akkurat som atmosfæren i sangane frå den franske revolusjonen kom til å ha innflytnad på dei patriotiske sangane i Det Norske Selskab og eit stykke inn i den norske borgarleg-nasjonale korrørsla, kom desse patriotiske sangane til å ha ein viss innflytnad på dei tidlege norske arbeidarsangane (døme: Mens nordhavet bruser av L.M. Ibsen).

Arbeidarrørsla hadde såleis frå fyrst av det ein kan kalle ei bruksmusikkhaldning: Kampen deira var fyrst og framst økonomisk/ politisk, arbeidarane fann at musikk kunne gjera god nytte i agitasjonen, såg (høyrde?) seg rundt og tok i bruk det som syntest høve best. Fyrst etter som kreftene voks vart det for alvor aktuelt å utvikle eigen musikk. Og denne musikken kom då igjen til å bygge vidare i hovudsak i det sporet som 'arbeidarmusikken' alt hadde teke. Dette er bakgrunnen for den utviklinga Eisler skildrar i førre kapitlet: Arbeidarrørsla gav ny funksjon til gamalt musikalsk materiale, og byrja fyrst seint å utvikle eigne ting - i den grad vi i det heile kan snakke om ein særskilt arbeidarmusikk. I all hovudsak synest eit sånt omgrep å måtte ta utgangspunkt meir i utøvarar og funksjon enn i musikalsk materiale.

Men sjølv om 'arbeidarmusikken' i grove drag deler musikalsk materiale med ulike epokar i den borgarlege musikken (især den tidlege enkle, tildels revolusjonære borgarlege sangtradisjonen, og seinare 'lettare' sangtradisjon), skulle det vera råd å kartlegge dei stildraga og stilmessige utviklingane som kjenneteiknar arbeidarsangane i Noreg og andre land, og setja dette i samanheng både med ideologisk utvikling og med skiftningar i det musikalske terrenget som omgav den musikalske verksemda i arbeidarrørsla. Det følgjande er meint å bidra til grunnlaget for ei slik undersøking.

b) Produksjon og tilførsle av arbeidarsangar i Noreg 1850 - ca. 1905

Dei fyrste arbeidarsangane i Noreg ser ut til å vera sangane frå Marcus Thranes/P.W. Berghs sangbok frå 1850, der forfattarane, for det meste på lånte melodiar, skreiv agitatoriske sangar for å vekke det politiske medvitet hjå sagbruksarbeidarane, landarbeidarane m.fl. Blant sangane var t.d. "Arbeiderklassens Nationalsang" av P.W. Bergh, og "Den norske Landsoldat", ein sang der Thrane sjølv snudde om på Welhavens sang til dei norske friviljuge i den slesvigske krigen i Danmark, og agiterte mot at nordmenn skulle delta i krigen (AZach-21).

Frå Marcus Thrane og fram til århundreskiftet er produksjonen av norske arbeidarsangar anten sparsam eller dårleg dokumentert. Arbeiderbevegelsens Arkiv sit m.a. inne med nokre skillingstrykk i samband med ulike streikar som har vore i perioden. Det kan og tenkjast å ha vore ei viss husdikting i fag- og arbeidarforeiningar etter som dei har dukka opp, og alt etter kva politiske straumar som rådde. Men AZach og HHN/S nemner berre nokre få arbeidarsangar frå perioden: Ein "Arbeidersang" av Andreas Munch skal ha blitt sunge av Kristiania Arbeidersamfunds sangkor i perioden 1866-70 (AZach-26). I 1870 framførde mannskoret dessutan "Nordisk arbeidersang" med tekst av Jonas Lie og melodi av Erik Hoff (HHN/S-294, AZach-26)

Då den sosialdemokratiske rørsla dukkar opp og byrjar organisere seg på 1880-talet, er dei sentrale leiarane/pionerane ikkje seine med å skaffe til veges arbeidarsangar til bruk i Noreg. Her er det i fyrste rekke snakk om omsetjingar og/eller lånte melodiar: Frå dansk kjem "Socialisternes marsj" ("Snart dages det brødre"), "Arbeidernes festmarsj" (opphavleg Pios honnørmarsj: "Hør sangen hvor mægtig den toner") og U.P. Overbyes "I flugt går tiden". Sosialistpioneren cand. phil. J.L. Lunde skriv "Giv akt, kamerater - Se op - se op" til L.M. Ibsens "Mens Nordhavet bruser", medan Carl Jeppesen skriv "Gryr i Norden" på melodi frå "Marseillaisen" til ein røysterettsdemonstrasjon 17. mai 1891. Ved århundreskiftet blir "Internasjonalen" omsett av Olav Kringen, og etter kvart skulle det koma ein god del fleire sangar frå arbeidarrørsla i utlandet.

Men ein viss heimeproduksjon var det òg. Rett nok kom ein danske, Erik Nützhorn, til å setja melodien til Bjørnsons "Arbeidermarsj" som Kristiania Arbeidersamfund fekk tilsend i 1885. Men då typografen Olav Gram Johannesen rundt århundreskiftet skreiv "Så er det arbeidernes tid, at våkne av vinterens slummer" var det arbeidarkordirigenten Chr. Haslerud (òg kjend for "Aftnen er stille") som sytte for melodi. Olav Gram Johannesen skreiv og ein "Sangermarsj" til 10-årsjubileet i Fagforeningenes Sangforening (FSF) Oslo 1900, som sjølvaste Ole Olsen skreiv musikken til. Alt i 1894 hadde Nils Collett Vogt skrive diktet "Den var vår, denne jord", til Socialdemokraten i samband med 1. mai, men fyrst i 1903 skreiv Per Reidarson melodien som høvde til.

Truleg kom det fleire arbeidarsangar i denne tida. I 1896 gav Carl Jeppesen ut den fyrste norske arbeidarsangboka sidan Thrane/ P.W. Bergh. I 1901 gav DNA ut ei sangbok med 93 arbeidarsangar i, norske og utanlandske. I 1905 kom DNA med sangbok nr. 2, og denne gongen var m.a. "Internasjonalen" med. (Men fyrst i 1907 vart "Internasjonalen" arrangert for kor i Noreg, av Bjarne Gjerstrøm). Desse sangbøkene må ha innehalde langt fleire arbeidarsangar enn dei som etter kvart kom til å bli mest brukte (og nemnde, av sogeskrivarane). Sidan ein stor del var heimesnekra av folk som hadde meir av politisk overtyding enn av diktarfagkunnskap (t.d. Chr. Holtermann Knudsen) er det rimeleg å tru at dei litterære manglane bidrog sterkt til å redusere levetida for desse sangane. Levedyktige arbeidarsangar - og verk, for arbeidarkora som no var byrja veksa fram - synest berre ha kome som drypp no og då.

Ca. 1905 - ca. 1930

Ifølgje AZach/S-371 vart det i tida 1908-1919, dvs. dei fyrste ti - tolv leveåra for det nystifta Norsk Sangerforbund,

"gjort store anstrengelser for å tilveiebringe nye arbeider sanger, som oftest gjennom konkurranser. Men det gikk tregt. Innenfor arbeiderbevegelsen hadde det ikke fremstått noen dikter av format, og komponistene var ikke særlig ivrige etter å sette melodier til de sanger som arbeiderkorene ønsket. Foran sangerstevnet i 1912 ville forbundet ha Eyvind Alnæs til å sette melodi til Holger Drachmanns "Faklen i veiret", men Alnæs avslo både fordi han var misfornøyd med teksten, og fordi den var dansk."

Stort betre synest det ikkje ha vore på 1920-talet, skal vi døme etter AZach/S-381:

"Den revolusjonære utvikling etter den første verdenskrigen utløste bare i mindre utstrekning en selvstendig arbeiderdiktning... Selv ikke /Rudolf Nilsens/ diktning hadde tilsynelatende noen appell til tidens tonekunstnere."

Sett med AZach sine auge, altså frå DNA sin synsvinkel, kom den store vårløysinga i arbeidarsangen i Noreg fyrst med Arne Paasche Aasen, Jolly Kramer-Johansen m.fl. på 1930-talet. Men sjølv om det er ei viss sanning i dette, skal vi fyrst nemne somme arbeidarsangar som arbeidarkora faktisk tok i bruk i tida frå århundreskiftet og fram til DNA-offensiven på 30-talet (då arbeidarsangane etter ein høgsesong rundt 1933-35 faktisk byrjar få ein meir perifer plass i arbeidarkorrepertoaret).

Vi har alt tidlegare vore inne på at "Tord Foleson" vart teken i bruk som arbeidarsang. Denne teksta inspirerte heile tre norske komponistar (Johannes Haarklou, Alfred Russ, Fr. Wilh. Gomnæs) og ein tysk (G.A.Uthmann, kjend som arbeidarsangkomponist frå rundt århundreskiftet) til korverk. Eit par andre av Sivle sine dikt - "Fremtidslengsler" ("Heis os et rødt, et flammende flagg", tonesett av Catharinus Elling og av Oscar Borg), og "Opsang" ("Hil dig, du Arbeidets vældige Magt", tonesett av Catharinus Elling og tileigna TAS før kløyvinga) - må seiast å ha gjort nytte som arbeidarsangar. I denne samanhengen kan vi og ta med Bjørnsons "Fremtidens land", tonesett av Olaf Andersen, ein sang som for arbeidarane kunne leie tanken mot det samfunnet dei ønskte seg.

Då Arbeiderpartiets Kvinnekor i Oslo starta opp i 1910, kom dei - i tillegg til m.a. "Gryr i Norden" (Jeppesen) - til å øve inn sangar som "Vår fane vi døper" (ein spesiell kvinnesang av Jeppesen, til melodi av L.M.Ibsens "Mens Nordhavet bruser") og "Arbeiderskarer, fremad i dag" (av Olav Kringen, melodi "Yderst mot Norden"). Same året skreiv Olav Gram Johannesen og Per Reidarson arbeidarsangen "Syng ut", til 20-årsjubileet i FSF. Til NSF-stemnet i 1912 vart det omsett og teken i bruk ein tysk arbeidarsang som kom til å bli mykje nytta i dei følgjande åra (etter kløyvinga 1924 mest av DNA-kora, ifølgje RO): "Opp socialister", etter Max Kegel og Carl Gramm. Til jubileumsstemnet i NSF 1918 leverte Olav Gram Johannesen og Bjarne Gjerstrøm eit bidrag som rett og slett bar namnet "Sangen". "Sangen" kom likevel iflg. AZach-74 i skuggen av ein annan ny arbeidarsang, "Tend Varder". Teksta til denne var skriven av ein typograf Thv. W. Bergersen (under initialane T.W.B.) i eit nummer av Socialdemokraten 1915, der komponisten Kr. Wendelborg (kjend m.a. for påskesalmen "0 salige stund uten like") fann diktet og sette musikk til.

Nokre sangar dukka opp og vart kjende gjennom distriktsstemne i NSF, etter kvart som desse kom i gang. Ved eit distriktsstemne arrangert av Skiens-koret Proletar (seinare Arbeidernes Mannskor) 1920, vart det iflg. AZach-90 framførd to nye arbeidarsangar: "Proletarens vuggevise" av Asbjørn W.Andersen (dirigent for Proletar) og med "temmelig saftig tekst av en lokal poet" (AZach), og "Arbeidernes flaggsang", til melodi laga av dirigenten i Notodden Arbeiderpartis Sangforening, Ole Berg.

Av NT 12/9-21 går det fram at det då i nokre år hadde funnest ein sang kalla "Valgsangen" ("Du må ikke svigte din pligt, kamerat"), sunge av TAS i samband med kommune- og stortingsval. Forfattar og komponist er diverre ikkje oppgjevne. Det var elles ikkje uvanleg at NT trykte dikt og sangtekster i samband med 1. maifeiringa. På framsida av NT 30/4-21 finn vi, i tillegg til "Tord Foleson" og "Op socialister", trykt diktet "Vor fane vi døper i maidags sol" (ikkje å forveksle med Jeppesens kvinnesang), forfattaren er J. Falkberget; dessutan ein "Kommunistisk ungdomsmarsj" av Reinert Torgeirson - men om desse dikta vart til korsangar nokon gong er uvisst.

Derimot kom både Reinert Torgeirson (lenge tilknytt Ny Tid i Trondheim) og Thorleif Auerdahl (som dreiv tilsvarande avisarbeide i Oslo) til å skrive andre tekster som vart sunge. Auerdahl skreiv m.a. "Vårreveljen" (tonesett av Asbj. Andersen) og "Ørneland" (tonesett av Thornæs), medan Torgeirson skreiv "Rekk meg hånden, arbeidsfelle" (musikk av Johan Peters), "Hil deg, du ungdom" (til melodi av Sibelius), og seinare både "Menstadsangen" (sannsynlegvis over Eislers "Roter Wedding") og "Thälmannsangen". (I kva utstrekning Torgeirson sine sangar vart nytta av arbeidarkora har eg ikkje kjennskap til.)

I 1925 utlyste NSF konkurranse om tekst og musikk til nye arbeidarsangar. Resultatet av denne konkurransen låg føre i 1926. Musikkutvalet hadde fått inn 26 sangar/tekster, men fann ingen av dei verdige til 1. premie. H. Søreide frå Stabekk fekk 2. premie for "Fremad under kampens faner", medan Hans Østerholt fekk tredje premie for "Stormen". Arne Paasche Aasen stilte her for fyrste gong, og fekk innkjøpt sin "Under fanene". I melodikonkurransen deltok 34, og kapellmeister Thorolf Voss vart tildelt fyrstepris for melodien til "Stormen", Gunnar Gjerstrøm (bror av Bjarne) fekk 2. plass for melodi til Søreide si tekst, medan Johan Ludvig Mowinckel jr. vart rangert nummer tre for ein melodi til Hans Østerholts "Frihetsvåren" (som og Dag Kristoffersen kom til å setja melodi til).

Med dette har eg sikkert ikkje nemnd alle brukande og brukte arbeidarsangar som vart til eller kom til landet i tida frå 1905 og fram til 1930. Ut over dette materialet (med få unntak henta frå AZach) kan nemnast flåtebesøket i Trondheim 1924, såvel som det tidlegare og seinare kontakt med utanlandsk arbeidarrørsle skaffa til veges av arbeidarsangar. Eit viktig poeng for oss er likevel at langtifrå alle arbeidarsangar som kom i bruk i arbeidarrørsla vart arrangerte for kor, og ein del av dei som vart arrangerte vart sjeldan eller aldri tekne i bruk, anten kritikken dei fall for var lokalt i kora eller sentralt i musikkutvalet i NSF. Tilgangen på korarrangement av arbeidarsangar kom dessutan aldri i mengd opp mot utvalet av korlitteratur i andre kategoriar.

1930 - talet

Dette tiåret (og likeeins dei fyrste åra etter krigen) syner ein ganske stor produktivitet når det gjeld arbeidarsangar for kor. Sentral tekstforfattar i dette arbeidet er Arne Paasche Aasen. Fleire titals av dikta hans vart velbrukte korverk og/eller allsangar i arbeidarrørsla (og då ikkje berre i DNA. Sjølv NKP-koret TAS song fleire av sangane hans, sjølv om t.d. RO tykte dei var litt for "lyseraude"). Eit inntrykk av produksjonen hans kan ein få av følgjande ufullstendige liste over sangtitlar (med komponisten i parentes). Over halvparten av desse vart nytta som korsangar:

Under fanene
Brenn - sol! (Sverre Narvestad)
Sangerhymne (Adolf Andersen)
Sang til Norge (Sverre Narvestad)
Fagforeningssang (Julius Abrahamsen)
Seiren følger våre faner (Jolly Kramer-Johansen)
Frihetens forpost (Jolly Kramer-Johansen)
Samholdssangen (Jolly Kramer-Johansen)
Viljenes vår (til melodi av Dan & Din Pokrass)
Vi bygger landet (til ein russisk raude arme-marsj)
Før oss inn i sangens have (Dag Kristoffersen)
Stein- og jord-sangen (Jolly Kramer-Johansen)
Norge for folket (etter O.Hansen/O.Gyldmark: Danmark f.f.)
Framlagsmarsjen (Thonning Olsen)
Sne (Adolf Andersen)
Snø over Norge (Reidar Knoph)
Folkets fedreland (Reidar Klingberg)
Unge Norge (Jolly Kramer-Johansen)
Heimen og landet (Jolly Kramer-Johansen)
Ikke alltid lød fanfarer (Gunnar Kjeldås)
Det er Norden der løfter sin pande, 2.vers (Oscar Gyldmark)
Hver fure plogen brøt (Adolf Andersen)
Dig venter de på (Adolf Andersen)
Hill våren (Knut Olai Thornæs)
(Somme av desse vart skrivne eller tonesett fyrst etter krigen.)

Sjølv om ein i somme av tekstene til Paasche Aasen kan finne atterskin av den revolusjonære ordbruken frå 1920-talet, er tekstene hans jamtover oppdaterte i høve til DNA sin politikk, og framfører ideologien som ligg i DNA sitt kriseforlik og reformprogram. Tonen både i tekst og musikk er gjerne trygg og optimistisk, som om den politiske kampen nå er sluttførd, alle sjansane åpnar seg, det det står om er å auke produksjonen for å bygge den nye tida, bygge det fedrelandet arbeidarklassen/folket nå har vunne. Tida krev samhald og produksjon. Særleg klart kjem dette til uttrykk i sangar som "Frihetens forpost" (1937), "Samholdssangen" (1938) og "Vi bygger landet".

"Vi bygger landet"

Den sistnemnde sangen er særskilt interessant, då det dreier seg om ein russisk raude arme-marsj frå intervensjonskrigen i Sovjet 1918-21, ein marsj som her ligg føre i andre gongs omdikting. Paasche Aasen synest ha henta ideen frå ei østerriksk utgåve av sangen, dikta i samband med eit anti-fascistisk opprør i Wien 1934. Ei samanlikning av dei tre utgåvene gjev eit interessant bilete av korleis same sangen kan gjevast ulike politiske retningar. For oss kan det bidra til å kaste lys over skilnaden mellom ulike typer arbeidarsangar. Den opphavlege russiske teksta har eg ikkje tilgjengeleg, men hjå Lammel (IL-62) blir tittelen i tysk omsetjing referert som "Weisses Gesindel und adliche Brut" ("kvitt pakk og adelyngel"), og i sangboka Lieder der Internationalen Brigaden (LIB-46) finst ei engelsk utgåve som synest vera omsetjing eller varsam omdikting av den opphavlege russiske:

"Red Army March
(Sung in the Soviet-Union during the period of Allied Intervention 1917 - 20.)

Banker and boss hate the red Soviet Star
Gladly they'd build a new throne for the Czar
But from the steppes to the dark British sea
Lenin's red army brings victory.
 So, workers, close your ranks
 Keep strong and steady
 For freedom's cause your bayonets bright
 For workers Russia,
 - the Soviet Union, -
 get ready for the last big fight."

I same sangboka finn vi og den nye østerrikske teksta frå 1934 på same melodi:

"Die Arbeiter von Wien. 12. Februar 1934
Melodie: Roter Armeemarsch

Wir sind das Bauvolk der kommenden Welt,
wir sind der Sämann, die Saat und das Feld.
Wir sind die Schnitter der kommenden Mahd.
Wir sind die Zukunft und wir sind die Tat.
 So flieg du flammende, du rote Fahne
 voran dem Wege, den wir ziehn!
 Wir sind der Zukunft getreue Kämpfer,
 wir sind die Arbeiter von Wien.

Herrn der Fabriken, ihr Herren der Welt,
endlich wird eure Herrschaft gefällt.
Wir, die Armee, die die Zukunft erschafft,
sprengen der Fesseln engende Haft.

Wie auch die Lüge uns schmähend umkreist,
Alles besiegend erhebt sich der Geist.
Kerker und Eisen zerbricht seine Macht,
wenn wir uns rusten zur letzten Schlacht.

Fritz Brügel" (LIB-39)

Denne utgåva held framleis fast på den politiske, til dels militære, klassekampen, sjølv om "der Geist" ("ånden") blir tilskrive ei (heller uklar) altovervinnande rolle. Lat oss så til sist sjå kva retning Paasche Aasen gjev si utgåve (henta frå sangboka Syng i arbeid og fest, utgjeve av AOF):

"Vi bygger landet.
Russisk marsj.

Vi er fabrikkenes kvinner og menn,
vi er de mange fra gård og fra grend
Vi brøiter jorda med hakke og med plog -
vi svinger øksa og hogger i skog.
 Vi er de tusener som bygger landet
 Det blev oss kjært i dagens strid.
 Vi bar det fremad i savn og armod -
 nu bygger vi den nye tid.

Vi står i bølgenes skumhvite brus,
vi berger rikdom fra havet i hus.
Heimen i dalen og hytta på fjell
ryddet vi plass til og reiste vi selv.

Vi er de kvinner som elsket det frem
gjennom vår gjerning i tusener hjem.
Vi river ned hver en stengende mur,
vi reiser brorskapets frie kultur.

Lytt da til hjulenes hvirvlende gang!
Lytt da til samholdets jublende sang!
Hør Norge! - Hør de forløsende ord:
Arbeid og velstand for alle på jord!"

Denne utgåva synest - jfr. fyrste verset - å vera direkte inspirert av utgåva til Fritz Brügel, men den politiske vektlegginga er tydeleg annleis: Medan Brügel i andre og tredje verset understrekar at dei framleis står midt oppe i den politiske kampen om makta i samfunnet, ein kamp mot "die Herrn der Fabriken", finn Paasche Aasen i det like kapitalistiske Noreg ikkje grunn til å nemne borgarskapet med eitt ord. Den politiske kampen er tona ned til føremon for positiv framheving av produksjon og (eit allmennt) samhald.

Kanhende har brukssamanheng og underforståtte, sams verdiar gjeve sangen eit klarare politisk innhald på slutten av tredvetalet enn han synest ha på papiret i dag. Likevel kan det snautt vera tvil om at innhaldet var godt tilpassa DNA sin politiske offensiv på same tid. Nokon vil kanhende tolke valet av melodien som eit symptom på Sovjet-sympati hjå Paasche Aasen. Sjølv tykkjer eg det er vel så vesentleg å vera merksam på den taktiske verdien ein russisk melodi kunne ha for DNA: Melodien kunne bidra til å leie Sovjetvenlege potensielle NKP-veljarar inn i DNA-tankebanane som låg uttrykt i teksta.

Om komponistane til dei øvrige Paasche Aasen-sangane i lista bør nemnast at minst seks av dei (Andersen, Kristoffersen, Thonning Olsen, Kjeldås, Klingberg og Knoph) var dirigentar for arbeidarkor i lengre eller kortare tid. Av dei andre var Kramer-Johansen musikar (etter kvart kjend som filmkomponist), Sverre Narvestad lokomotivførar og Julius Abrahamsen tannlege i Trondheim. Berre nokre få av dei har blitt funne verdige til å nemnast i Cappelens nye musikkleksikon.

Andre arbeidarsangar fra 1930-talet

AZach nemner ein del andre som òg bidrog til arbeidarsangrepertoaret på denne tida. Kantater vart skrivne av Ole Øisang/T.D.Olsen til NSF-stemne i 1930 og TAKF-stemne 1935, og av Gunnar Ousland og Bjarne Gjerstrøm til NSF-stemnet 1933. Til stemnet i Bergen 1938 vart det òg skrive ein kantate, utan at eg har fått klarlagt om denne vart skriven av det sistnemnde paret eller av andre.

Elling Solheim bidrog med tekst til "Det nye Norge" (musikk Dag Kristoffersen) og laga dessutan norsk tekst til den engelske "Kvinnenes Internasjonale".

Knut Olai Thornæs er eit namn å merke seg. Denne typografen/journalisten/redaktøren/diktaren/komponisten, som i ein periode vart rekna som Trondheims beste teaterkritikar, hadde tidlegare skrive "Frem kamerater", vore dirigent for Socialistlagets sangkor, bidrege med korarrangement (og norske tekster?) til fleire russiske arbeidarsangar, og på fleire vis synt omsut for arbeidarkora og arbeidarkulturen elles. Tidleg på 1930-talet kom Thornæs med eit eige korverk som fekk god mottaking hjå TAS og FM, og dessutan oppnådde særskilt omtale i TM etter Bergens-stemnet 1938: "Vår fane". Sangen hadde ei symbolmetta nynorsk tekst og illustrerande musikk (t.d. polstakt i partiet "og trolli dei dansar sin dauddom i kveld...", og forsøk på å skape stemning av uver - og solskin etterpå - med musikalske verkemiddel). Sangen har elles vore sunge m.a. av OAS (SOH). Thornæs sette elles musikk til Rudolf Nilsens "Revolusjonens røst", og likeeins til Nilsen sitt dikt om ungararen "Rákosi". Truleg har både Thornæs og andre laga korarrangement som ikkje er blitt registrerte i den sentrale historieskrivinga, sjølv om musikkutvalet i NSF melde om mager haust like før krigen (jfr. s. 179).

I TM 1/39 finn vi elles ei oversikt over arbeidarsangar i korarrangement som anten kunne kjøpast frå NSF sitt forlag, eller som NSF kunne skaffe frå andre forlag. Denne oversikta, som omfattar i alt 31 titlar (28 for mannskor, 6 for blandakor, 1 for berre damekor (4 titlar både mk og bk)), gjev ein del nyttig materiale for å vurdere repertoartilbodet av arbeidarsangar på denne tida. Lista ser slik ut:

"Arbeidersanger.
Følgende arbeidersanger er å få kjøpt på Norsk Sangerforbunds forlag:

Mannskor:   
Andersen, Adolf: "Dig venter vi på"kr. 0.20
"Brio": "Frihetsvåren" " 0.30
Eisler, Hans: "Skogsarbeidernes streik" " 0.25
Kristoffersen, Dag: "Det nye Norge" " 0.20
Szabo, F.: "Vårt røde flagg" " 0.15
Voss, Th.: "Stormen" " 0.30
Wendelborg, Kr.: "Tend varder" " 0.25

Damekor:
Andersen, Adolf: "Hver fure plogen brøt" (ny).., " 0.30

Blandet kor:
Gjerstrøm, Bjarne: "Festkantate" " 0.50
Følgende arbeidersanger skaffes fra andre forlag:

Mannskor:
Abrahamsen, i., (arr. E.Nielsen): "Fagforeningssangen" kr. 0.30
Arbeidersanger, hefte I, 7 sanger " 0.45
Alnæs, Eyvind: "Opsang" " 0.35
Berg, Ole: "Arbeidernes flaggsang" " 0.25
Degeyter: "Internasjonalen" " 0.30
Elling, Cath.: "Opsang" " 0.25
- " - : "Fremtidslengsler" " 0.35
Ernst, Paul: "Kampmarsj" " 0.25
Gyldmark, O.. "Norge for folket" " 0.20
Kluften, Pål: "Arbeidermarsj" " 0.25
Kramer Johansen, J.: "Seiren følger våre faner", " 0.20
- " - : "Frihetens forpost" " 0.20
- " - : "Samholdssangen" " 0.20
- " - : "Vi er unge" " 0.20
Kristoffersen, Dag: "Frihetsvåren" " 0.20
Narvestad, S.: "Sang til Norge" " 0.35
Reidarson, Per: "Den var vår denne jord" " 0.30
Skårseth, Ivar: "Under brorskapets merke" " 0.40
Voss, Th.: arr. "Vi bygger landet" " 0.25

Nye danske arbeidersanger:
Beresowsky, M.: "Under fælles flag" " 0.20
Clausen, Louis: "Løft højt vort Krav i Tiden" .. " 0.20
Gyldmark, Oskar: "Lyt til nye Tiders Tanker" ... " 0.30

Blandet kor:
Abrahamsen, i. (arr. E.Nielsen): "Fagforeningssangen" " 0.30
Kluften, Pål: "Arbeidermarsj" " 0.25
Reidarson, Per: "Den var vår denne jord" " 0.30
Svensen, Karl: "Arbeidernes fedrelandssang" .... " 0.25

Narvestad, S.: "Sang til Norge", kommer ut i slutten av februar.
Bestillinger sendes arkivaren."

Her kjenner vi att ein del av titlane nemnd tidlegare. Blant komponistane kan vi, inniblant dei norske og danske, merke oss at Hans Eisler, Ferencz Szabó og Paul Ernst er representerte. Av desse kan ein seia at iallfall Eisler og Szabó høyrer til Komintern-tradisjonen innan arbeidarsang. (Szabó har elles skrive m.a. "Sangen om Stalin", "Vorosjilovsangen", "Volgatysk sang" (jfr. LIB-108,107,114); blant dei mange arbeidarsangane frå Eisler si hand finn vi m.a. sangen "Komintern" med tekst av Franz Jahnke (RFro nr.2).) Dette synest å underbygge at motsetningane mellom DNA og NKP innanfor NSF ikkje var så sterke på denne tida som dei hadde vore og tildels ennå var på partiplanet. Eisler-sangen vart m.a. sett opp i eit planlagt radioprogram med arbeidarkorsang 1.mai 1939 (programmet kom rett nok ikkje i stand, men det hadde andre årsaker). Det er om denne perioden (1938-40) at Zachariassen skriv:

"Kravene om større innslag av arbeidersanger på programmene ble stadig sterkere og det nye forbundsstyret arbeidet energisk for å imøtekomme det, godt hjulpet av diktere og komponister som sto arbeiderbevegelsen nær. Ikke alle var nok enig i kravet. Forbundssekretæren forteller i 1939 at det i løpet av ett år var kommet 6 nye arbeidersanger, men at mange kor ignorerte dem. Ja, det forekom endog at forretningsutvalget fikk vondord fordi det utga tendenssanger. Det ble beskyldt for å ville ensrette og dermed senke den kunstneriske standard. Den komite som var nedsatt for å samle inn arbeidersanger som en trodde berodde i korene, tok sikte på å utgi en arbeidersangernes "blåbok". Men da materialet omsider ble fremlagt, var det heller tynt og forretningsutvalget var ikke engang stemt for å støtte utgivelsen ved et privat forlag. .." (AZach-163)

Under krigen - og etterpå

Under okkupasjonen vart merksemda naturleg nok retta mot det nasjonale spørsmålet, og ifølgje AZach-186 kom det ikkje ut mange nye arbeidarsangar under krigen. Dei titlane AZach nemner i denne samanhengen synest heller ikkje bera særskilt preg av å vera arbeidarsangar (t.d. "Bak regntunge skyer" og "Blomsterlys" av Sverre Narvestad, den siste med tekst av Paasche Aasen), om då ikkje symbolikken har gjeve dei ein liknande funksjon. Arbeidarkora fann derimot mangt eit politisk poeng i å synge patriotiske sangar, som nemnt under historikken.

At Per Reidarson vart nazist fekk følgjer for ein av dei meir velbrukte arbeidarsangane - "Den var vår, denne jord". På slutten av krigen byrja kora leite fram alternative tonesetjingar til denne teksta av Nils Collett Vogt, samstundes som det vart skriven minst ei ny. Blant dei som kom i bruk, var tonesetjingar av Klaus Egge (ny), Ivar A.Røed, Ludvig Moe Weigner og ein Woldsdahl. Det gjekk likevel ikkje så mange åra før det meste raseriet hadde lagt seg, og melodien til Reidarson vart teken i bruk att.

Somme av dei tidlegare nemnde Paasche Aasen-sangane ("Unge Norge", "Folkets fedreland", "Heimen og landet", "Ikke alltid lød fanfarer") vart skrivne i det fyrste tiåret etter krigen. Det vart vidare sett musikk til tekster av Nordahl Grieg ("La Norge fylle vårt hjerte" - Ivar A.Røed), Inger Hagerup ("AustVågøy" - L.Irgens Jensen), Arnulf Øverland ("Vårt land" - Jolly Kramer-Johansen), men òg av Rudolf Nilsen ("På stengrunn", "På gjensyn" - Jolly Kramer-Johansen). Sjølv om innhaldet i somme av desse må seiast å vera i hovudsak nasjonalt prega, fekk sangane tilknytning til arbeidarrørsla gjennom forfattarane og komponistane, og vart (iallfall når det gjeld "La Norge..." og "Vårt land") mykje bruka av arbeidarkora. Utetter på 1950-talet byrjar Dagfinn Rimestad bli det leiande namnet i arbeidarsangproduksjon innan DNA.

Som eg tidlegare har vore inne på (jfr. s. 84 og 165) har sangane frå denne tida ein litt ny tone, som rett nok er ei vidareføring av Paasche Aasen-verdsbiletet i den nye, etablerte stoda DNA har hamna i: Kva for oppgåver har DNA å gje den generasjonen som nå veks opp? Svaret er eitslag aktiv internasjonal haldning mot svolt og naud, agitert med melodiar som kan verke barnslege i samanlikning med arbeidarsangane frå tidlegare. Teksta til Rimestads "Fra land til land" kan gje eit bilete av retninga:

"Fra land til land
(Tekst og melodi: Dagfinn Rimestad)

Verden er det som vi gjør den til,
den har ikke gjort seg selv.
Verden er det som vi gjør den til
i arbeide fra gry til kveld.
 Fra land til land skal ropene runge.
 Følg med! Følg med!
 På alle språk går bud til de unge
 at verden trenger nye, friske viljer.
 Kom og bli med oss på ferden.

Arbeide sammen som venn og bror
og hjelp til hver mann i nød.
Flittige hender rundt hele jord
og ingen lider sult og død.

Mørket skal svinde for vår en gang
og jorden bli varm og mild.
Høyt skal da klinge vår frihetssang -
bli båret fram av håpets ild."

(frå Syng i arbeid og fest.)

Denne sangen synest fyrst og fremst å ha blitt bruka som allsang, medan m.a. Kåre Holt/Rimestads "De unge slekter" (jfr. s.84) blir sungen av arbeidarkor i dag.

For til slutt i dette delkapitlet å illustrere den tendensen eg kallar 'konkrete kampsangar' på 1970-talet, gjev eg her att "Et rødt flagg", frå "Pendlerne" av Arnljot Eggen og Finn Ludt:

"Et rødt flagg

De holdt ikke løftene sine,
vi hørte tålmodig på alt deres prat,
vi ventet, men ingen ting skjedde.
Hvem tjener i grunnen kommune og stat?
Et rødt flagg har flammet
før i vår grend.
Men så ble det borte,
det maner til samling igjen.

De gamle i bygda kan minnes,
og snakke om steder vi glemte ei tid,
om Austbygda, Julussa, Jura,
og kampen mot gule og statspoliti.
Et rødt flagg har flammet
før i vår grend
Vi fant det på loftet
og nå bør det brukes igjen.

I dag griner annen slags armod:
Vi får bare arbeid langt borte et sted.
Vi drives fra jorda og skogen,
og sagbruk og småindustri legges ned.
Et rødt flagg har flammet
før i vår grend.
Nå krever vi retten
til arbeid i bygda igjen.

Ei krise er kommet tilbake
og den banker først på en arbeiders dør,
og siden hos bonden, hos mange,
for pengene samles hos færre enn før.
Et rødt flagg har flammet
før i vår grend.
De eiendomsløse
blir nødt til å våkne igjen.

Det finnes et skille i verden,
og det går på tvers over grenser og land.
På ei side står kapitalen,
på den andre hver utbyttet kvinne og mann.
Et rødt flagg har flammet
før i vår grend.
Det gjelder for alle
å velge ei side igjen."

(RFro nr.48)

Her er det på ny snakk om politisk kamp, og i tillegg på ein langt meir konkret og utførleg måte enn i dei gamle arbeidarsangane frå før 1930 (det finst unntak der òg).

Denne gjennomgangen av arbeidarsangproduksjon og -tilførsle i Noreg er nokså summarisk og ufullstendig, og då han i hovudsak bygger på AZach, er han uunngåeleg noko farga av kva sangar DNA har funne grunn til å nemne for ettertida. Det er all grunn til å tru at det har skjedd meir enn dette i norsk arbeidarsangproduksjon - noko seinare undersøkingar vonleg vil klarleggja.

c) Repertoaret i TAS og FM.

Som tidlegare nemnt, fortel den fyrste protokollen i TAS (då DSFAF's Sangkor) at eit styremøte straks etter stiftinga vedtok å skrive til Kristiania etter

"en del eksemplarer arbeidersange, nemlig "Fagforeningernes March", "I flugt går tiden", "Socialisternes March" og "Arbeidernes Festmarch"."(FM50-8)

Dei tre siste, alle av dansk opphav, har vi omtala tidlegare (s.168f). For den fyrste er identiteten meir usikker, men det kan truleg dreie seg om Gram Johannesen/Hasleruds "Så er det arbeiderens tid, at våkne av vinterens slummer", som av AZach -41 blir kalla "den første fagforeningsmarsjen i Norge". I alle fall vart "Så er det..." sunge av TAS ved fleire høve seinare, t.d. ved valmøta hausten 1921 (NT 17/10 og 24/10-21).

FM50 gjev elles berre sporadiske opplysingar om repertoaret som vart nytta: I sesongen 1910-11 var Aksel Bye ei tid dirigent for koret. I denne tida laga Bye eit arrangement av "Internasjonalen", men då koret heldt fram med å synge arrangementet etter han hadde slutta som dirigent, vart han rasande og gjorde krav om kr. 200.00 i erstatning, noko som ikkje vart etterkome.

Våren 1911, fyrste sesongen med Mikal Svendsen, heldt TAS to kyrkjekonsertar, der dei m.a. framførde Haarklou: "Skjønnhetslandet" og Wideen: "Söndagsmorgon". Vidare nemner FM50-14 at TAS under "gjennombrotskonserten" påska 1917 med Hans Johnsen som dirigent song m.a. "Hav" (Oscar Borg), "Storm" (Haaland), "Fridmans Epistel" (Bellman) og "Olav Trygvason" (truleg av Reissiger, står ikkje nemnt). Då FSF frå Kristiania gjesta Trondheim på forsommaren 1923, medverka TAS i "Tend Varder" (Wendelborg). Same sommaren framførde TAS "Høstandakt" (Reissiger) og "Ossian" (Beschnitt) blant andre nummer i konsert på Lillehammer. Fleire opplysingar om repertoaret før kløyvinga finn vi ikkje i dette jubileumsskrivet, men andre kjelder kan supplere biletet.

Eg har tidlegare (s.40) nemnt at TAS, då fagforeiningssekretæren Marius Folstad var skoten ned og drepen under møllestreiken i Buvika 1913, deltok i gravferda. Sangane dei song var "Bedre kan jeg ikke fare" (Reissiger), "0, tænk naar en gang samles skal", og "Nærmere dig, min Gud" (iflg. NT 29/9-13). Jubileumsartikkelen i same avisa 1921 (referert s.38) fortel korleis TAS i samband med valkamp og andre partiarrangement stilte opp med arbeidarsangane "Den var vår denne jord", "Snart dages det brødre" ("Socialisternes marsj"), valsangen "Du må ikke svigte din pligt, kamerat", og "Internasjonalen" ("Op alle jordens bundne trælle"). Den same artikkelen legg vekt på korleis koret under Mikal Svendsen fekk ambisjonar om å bli noko meir enn 'berre eit agitasjonskorps'. Ut frå dette ligg det nær å tru at TAS i dei fyrste åra fram til 1911 i all hovudsak song arbeidarsangar, noko som ikkje verkar underleg om ein tenkjer på at koret vart starta nettopp på grunnlag av behovet for å ha eit kor som kunne synge arbeidarsangar nårsomhelst arbeidarrørsla trong det.

Frå 1911 ser det då ut som arbeidarsangdelen av repertoaret har fått følgje av ein aukande konsertdel, fram til TAS med konserten i 1917 syner at det kan konsertere like godt som andre mannskor i byen, eller som meldaren K.O.T. i Ny Tid seier det:

"..koret bestod prøven og ...kjæmpet sig en plads i første række blandt byens mandssangkor, en plads som fordomme ikke længer kan forholde det." (FM50-14)

At TAS i dei følgjande åra heldt fram med å vera både 'arbeidarkor' og 'konsertkor' blir understreka både av jubileumsartikkelen 1921, og av den verksemda som kan lesast ut av Ny Tid-årgangane 1920-21. I NT 30/4-20 står t.d. framheva:

"Arbeiderpartiets sangkor vil under demonstrationen i morgen synge "Den var vor, denne jord, den var vor", "Op socialister", "Gryr i Norden, længslernes sommer" og "Internationalen". Samtlige sange findes avtrykt i dagens nr. av "Ny Tid"."

Tidlegare 1920 deltok koret med "revolutionære arbeidersange" på massemøte i Filmteatret 28/2, likeeins seinare på året ved massemøte i Cirkus 10/10, på møte i Socialistlaget 27/10, på Samorganisasjonens julefest 26/12 og på partiet sin nyttårsfest 31/12.

Same året arrangerer TAS matiné i Verdensteatret 25/4 (omtalt i NT 23/4, 24/4 og 26/4-20), der programmet ser slik ut:

1. Johs. Sivertsen: Landet
2. Halfdan Kjerulf: Solvirkning
3. - " -: Brudefærden
4. M.C.Bellman: Fredmans Epstl. No. 64
5. - " -:  - " - 16
6. - " -:  - " - 60
7. Edv. Grieg: Baadnlaat
8. Bjarne Gjerstrøm: Aftensang
9. A.M.Myrberg: Røster i skogen
10. Oskar Borg: Jeg vil fly
(NT 23/4-20)

I pinsa (23-24/5 1920) var koret på konsertturne til Snåsa og Beitstad, der det vart halde både kyrkje- og folkekonsertar, som det heitte. Førehandsomtalen i NT 20/5-20 seier m.a. at TAS

"..raader over et stort og rikt program for kirkekoncerter, og av det øvrige repertoire kan nævnes "Brudefærden i Hardanger" av Kjerulf, "Landet" av Johs. Sivertsen, "Når fjordene blaaner" av Alfred Paulsen, den fornøielige "Baadnelaat" av Grieg og mange flere..."

Elles handlar omtale i avisa til vanleg mest om kvar, når og korleis koret song, mindre om kva.

Året etter - 1921 - medverkar TAS som partikor m.a. på Samorg sitt massemøte 20/4 for dei arbeidslause; på 1.mai syng det både for deltakarane i barnetoget (ca. 3500 ungar fordelt på Filmteatret og Verdensteatret) og for hovudmøtet på Ilevollen; dessutan medverkar TAS på massemøta under storstreiken frå sist i mai:

På møtet i Småbergan 30/5 (ca.6000 oppmøtte) song koret "Internasjonalen" og "Gryr i Norden"; ved åpninga av Samorg sitt streikemøte på rådhusplassen 2/6 (ca. 2-3000 oppmøtte) song koret "Op socialister", og ved friluftsmøtet i Småbergan 5/6 (ca.4-5000 oppmøtte) song koret òg "nogen sangnumre".

Om hausten medverkar TAS på arbeidarstemne i Trolla 4/9, og seinare på diverse valmøte: 9/10 i Cirkus (program: "Gryr i Norden", "Internasjonalen" og ein uoppgjeven), same sundag ettermiddag i Lademoen skole (2 uoppgjevne sangar, møtet song "Internasjonalen" unisont); 16/10 i Verdensteatret ("Saa er det arbeidernes tid", "Gryr i Norden", "Internasjonalen", valsangen m/dirigenten som solist); 22/10 i Frimurerlogen ("Saa er det arbeidernes tid", "Heis os et rødt, et flammende flag", valsangen); og 23/10 i Cirkus ("Den var vor denne jord", "Gryr i Norden", Valsangen).

Koret hadde utflukt til Frosta same haust, med aftenunderholdning for folket lokalt. Men hovudsaka dette året var sjølvsagt jubileumskonserten 13/9, der koret hadde følgjande program:

1. Oscar Borg: Jeg vil fly
2. Ivar Wideen: Sommarfrid i solelid
3. Grieg: Bådn låt (Solist: Olaf Aars)
4. Johs. Sivertsen: Landet

og etter 5 solonr. med Ivan Benkow, Olaf Aars og pianisten Morten Svendsen, heldt koret fram med

10. Kjerulf: Brudefærden
11. Per Reidarson: For fulde seil
12. Myrberg: Røster i skogen
13. Beschnitt: Ossian (Solist: Ivan Benkow)
(NT 10/9-21)

Borgarlege kor på same tid - ei samanlikning

I kor stor/liten grad konsertrepertoaret til TAS skilde seg frå repertoaret til andre, borgarlege kor i byen kan vi få inntrykk av ved å samanlikne med program ved andre konsertar gjevne i same tidsrom.

Trondhjems Arbeiderforening hadde sidan 1882 vore Venstredominert, og TAFS ser ut til å ha fungert som eit vanleg borgarleg kor både før og seinare. 22/2 1920 hadde TAFS jubileumskonsert i Nidarosdomen, med assistanse av kapellmester Maliniak og organist Kr.Lindeman. Programmet - annonsert i NT 20/2 - såg slik ut:

1. Volckmar: Festspil (Kr.Lindeman)
2. -"-: "Vor Gud han er saa fast en borg"
3. Beethoven: Stille nat. Arbeiderf. Sangkor
4. Rheinberger: Idyl av orgelsonate. (Kr.L.)
5. Russisk melodi: "Vespersang" (med tenorsolo)
6. Abt: Aftonklokkan. Arb.f. Sangkor
7.a.Beethoven: Romance f-dur
  b.Bach-Gounod: Meditation (Jac.Maliniak)
8. Ivar Widéen: Søndagsmorgonen
9. Grieg: Ved Welhavens båre
10. -: "Landkjending" (med barytonsolo, kor og orgel)

Året etter, 24/4-21, heldt TAFS matine i Verdensteatret. Koret, som talte 60 mann og vart dirigert av P.Fjølstad, vart assistert av ein strykekvartett (av konsertmester Münz, violinist Egil Wisth, bratschist Nils Haram, cellist H.Hoem), og programmet var:

1. S.Lie: Sangerhilsen
2. Svensk folkevise: Om dagen vid mitt arbete
3. Alfred Russ: Violer (med baryton solo)
4. Rudolf Møller: Vikingsønner

Som nr. 5, 6 og 7 spela strykekvartetten nummer av Tschai kovski, Boccherini og Haydn, og koret fullførde så med

8. A.Russ: Halvor Kletten
9. Adam Gelbel: Vaggvisa från Kentucky
10. C.Elling: Vestaveir

Trondheim Mandskor (65 mann, dirigent Erik Saltnessand) heldt konsert i Frimurerlogen 5/5-21, og i NT 4/5 blir programmet oppgjeve til å vera:

I. avd.:
M.A.Udbye:Stormen
Lindblad:Orfeus sjung vid lutans toner
Körling:Sten Sture (m/baryton solo)
II. avd.:
Johan Selmer: Smædevise
J.Selmer: Vort land
Palmgren: Ingalill
Sig.Lie: Per Spillemand
III. avd.:
Lammers: Ved Karmø
Peterson-Berger: Guldfågel
Oscar Borg: Leif Eriksson

Blandakoret Samklang (60 medlemer, og dirigert av Erik Saltnessand) gav 22/9-21 konsert i Frimurerlogen. I førehandsomtalen i NT 17/9 kan vi m.a. lesa:

"De kjendte kritikere Trygve Torjussen, Per Reidarson og Hjalmar Bergstrøm roser koret sterkt. Torjussen ../meiner at koret er/ ..fuldt paa høide med det bedste av hvad man har at byde paa i Kristiania."

Programmet, som vart repetert som matine tre dagar etter konserten, var (m.a.):

Kjerulf: Solvirkning
Söderman: Längtan
Peterson-Berger: Stemning
     : Killebukken
Sinding: Til Molde
Elling: Vårkor
Gade: Ved solnedgang

Denne samanlikninga mellom konsertprogramma til TAS og tre borgarlege kor avslører etter mi meining ingen store skilnader. Fleire komponistar (Grieg, Oscar Borg, Ivar Widéen, Kjerulf) går att, og sjølv om den ytre oppbygginga av konsertprogramma varierer noko (bruk av andre innslag, pauser o.l.) synest korbidraga ha nokonlunde same oppbygging når det gjeld innhald, veksling mellom "lett" og "seriøst", og kva kjelder/tradisjonar musikken er henta frå. Med andre ord opptrår TAS som konsertkor nokså tradisjonelt. Likskapen synest berre bli stadfest over tid - som vi seinare skal sjå følgjer jubileumskonsertane for TAS og FM 1926, 1931 og 1936, og matinéar/aftenunderhaldningar innimellom, same mønster, og utvider fellesrepertoaret.

Berre på eitt punkt skil FM og TAS seg frå dei andre: Ifølgje Bjarne Meland vart det etter kvart regelen å åpne konsertane med ein arbeidarsang, som regel "Opsang" av Per Sivle og Catharinus Elling, då denne var tileigna TAS (uvisst når, men iallfall før kløyvinga 1924). Dette vart TAS, og seinare FM, sin måte å markere at det trass alt var eit arbeidarkor som heldt konsert. (Kyrkjekonsertane må truleg haldast utanom her, men desse var det jo få av i TAS, der BM var med.)

På den siste samla framføringa etter kløyvinga var eit faktum - på minnemøtet for Lenin i Cirkus 27.januar 1924 - song TAS "de tre vakre arbeidersange "Maalet" av WintherHjelm, "Heis os et rødt, et flammende flag" og "Tænd varder"."(NT 28/1-24) Av desse tre er dei to siste sentrale gjengangarar i arbeidarsangrepertoaret, medan eg ikkje har funne omtale av Winther-Hjelm sitt bidrag andre stader.

Etter kløyvinga 1924

Som eg alt har antyda, så synest tida frå 1924 og fram til 1940 ikkje bidra med store skilnader om ein samanliknar konsertrepertoaret til TAS og FM innbyrdes eller med andre. Den norske korrørsla har ausa av eit i hovudsak sams konsertrepertoar, sjølv om somme borgarlege kor (t.d. Samklang) til tider gjev seg i kast med større klassiske verk, medan TAS skil seg frå FM ved å synge lite og ingenting i kyrkja.

Astrid Holen (AHo-18) synest og ha merka seg det repertoarmessige samanfallet mellom arbeidarkora og dei borgarlege på konsertfronten:

"T.A.S. gav i anledning korets 25-årsjubileum en matine assistert av solist og 35-manns orkester. Programmet var tradisjonelt og nasjonalt og bar lite preg av tilknytning til arbeiderbevegelsen."

Matinéen i Verdensteatret 12/9-26 omfatta komposisjonar av Grieg, Bjarne Gjerstrøm, Erl.Haslund, F.A.Reissiger, Sverre Jordan, E.Weidenhagen, A.F.Pacius og Th.Lammers, samt Johan Halvorsen: "Dobbeltportræt" og Oscar Borg: "Det unge brusende forår" (NT 8/9-26).

Når det gjeld FM sin jubileumskonsert same året, finst programmet attgjeve i TM 4/26:

1. C.Elling: Solfest
2. O.Paulsen: Havets sang
3. P.E.L.Müller: Serenade
4. O.Borg: Bølgen (med solist)
5. O.Olsen: Fiskervise
6. E.Haslund: Rosetdans
7. - " -: Celadons klagovisa
8. C.Küntze: Pelles frieri
9. S.von Hansegger: Schmied Schmerz (m/solist og flygel)
10. S.Jordan: Bak ved havet
11. I.Widéen: Sigurd Jorsalafar
12. Gernsheim: Odins ritt over havet (med solist og flygel)

Dette var sesongen då FM hadde kapellmester Ewald Niegisch som dirigent. FM50 har gjeve att Oskar Skaug si melding av konserten. Denne gjev eit visst inntrykk av korleis konserten vart oppfatta og motteken, og eg siterer:

"Fagforeningenes Mannskors konsert i går blev en smukk musikalsk seier. Koret teller nu 70-80 sangere og det program som var opsatt var både omfangsrikt og krevende. Allerede utførelsen av første nummer Ellings "Solfest" virket som en fulltonende glad fanfare, og man var straks klar over, at her hadde man et kor som stilet høiere enn til bare å avlire "Internasjonalen". Dette gode inntrykk befestet sig efterhvert som konserten skred frem. Å nevne alle numre vilde her føre for langt, men nogen må tas med. Lange Müllers "Serenade" fikk således en meget tiltalende framførelse, og Ole Olsens "Fiskervise" (visstnok til tekst av Petter Dass) var morsom med sin skiften av melodi mellem de forskjellige stemmer, men i humoristisk retning nådde koret høiest i "Rosettdans" og "Celadons Klagovisa" av Haslund og Küntzes "Pelles frieri". Denne siste har jeg ikke hørt bedre utarbeidet i noget mannskor før og jubelen efter denne avdeling gav sig ikke før man fikk Celadons Klagovisa da capo.

I siste avdeling som var viet større komposisjoner må fremheves Hauseggers "Schmied Schmerz" med Harald Schjetne som solist. Tiltross for at teksten blev sunget på tysk nådde koret her sin største triumf kunstnerisk sett; det var en prestasjon som måtte avtvinge respekt, og et hvilket som helst kor vilde være stolt av en sådan fremførelse. ..Når undtas et mindre uhell var også koret meget heldig med Gernsheims "Odins ritt over havet", som er et stort og krevende nummer. ..I en mellemavdeling sang fru Sossen Niegisch..

..Hr. kapellmester Niegisch fikk ved denne anledning dokumentert sig som en fremragende korinstruktør og det arbeide han og koret i vinterens løp har nedlagt må avtvinge den største respekt og beundring. Fagforeningenes Mannskor har ved denne konsert satt sig en vakker milepel som det i fremtiden med stolthet kan se tilbake på." (FM50-18. Mine understrekingar - JEB.)

Eg kjenner ikkje til Skaug og kva haldningar han i utgangspunktet hadde til FM eller til arbeidarkorrørsla elles, men vi kan merke oss uttrykket "Å avlire seg Internasjonalen" - ein relativt klar beskjed om at arbeidarsangane i høve til konsertrepertoaret vart sett på som "lågareståande". Det er tydeleg at meldaren - uansett politisk sympati - vurderer koret "reint kunstnerisk", noko som sjølvsagt ikkje overraskar når det er ein konsert det er snakk om, men artikkelen verkar slik i neste omgang til å oppmuntre denne type sangverksemd. Og oppmuntringa fall slett ikkje på steingrunn.

Likevel eksisterer framleis 'arbeidarkora' FM og TAS. Båe kora opptrår støtt med arbeidarsangar på parti- og fagforeiningsarrangement. TAS opptrår t.d. på NKP's flaggdag 5/9-26, men opplysingar om kva for konkrete sangar som blir sungne på slike arrangement er som sagt verre å få tak i. Det synest ikkje som det blir rekna for å ha særskilt interesse for avislesarane å få vite kva for sangar som vart sungne, noko som kunne tyde på at det er relativt få sangar som går att. Når vi høyrer om kva konkrete sangar eitt av kora har sunge/skal synge, er det oftast i samband med større arrangement - som blir tilsvarande stort annonsert og referert.

Ein høgsesong for større arrangement må seiast å ha vore perioden april - september 1930, då Trondheim (for dåverande Nidaros) på kort tid var samlingsstad for eit utal arrangement. Sjølve Olavsjubileet blanda arbeidarkora seg lite borti, arbeidarrørsla var heller skeptiske til det (AHo-52). Landssangarstemnet til NLSF, Trøndelagsutstillinga og landsturnstemnet baud heller ikkje på oppgåver for arbeidarkor. (Derimot organiserte eittåringen TAKF både distriktsstemne på Levanger, og landsstemne for NSF i Trondheim, som vi skal sjå nærare på når vi kjem til delkapittel d). I tillegg til dette skjedde eit par ting som fortener å nemnast her:)

I april feira Østbyens Ungdomskorps (danna 1920 på grunnlag av Østbyens Buekorps) 10-årsjubileum med konsert i Trønderhallen 11/4. Ved denne konserten medverka TAS med Arne Aune som dirigent, og i Arbeideravisens referat (attgjeve i beretninga) heiter det m.a. at

"Edv. Griegs "Landkjenning" for solo, kor og orkester ../var ei/..verdig avslutning på den helt igjennom interessante musikkveld. ..Arbeiderpartiets Sangkor..ble hjertelig hyldet for sine prestasjoner."(ØM25)

19. og 20.juli fann Landsarbeiderstevnet stad i Trondheim. Dette var ei stormønstring av kreftene innan DNA, der det stilte talarar som Georg Branting, Torp, Tranmæl, Halvard Olsen, Edvard Bull, Magnus Nilssen, Nygaardsvold og Einar Gerhardsen; dessutan kunstnarar/kulturfolk som Johan Falkberget, Arne Paasche Aasen, Erling Krogh, Lalla og Carsten Carlsen, barne- og ungdomsmusikkorps frå Trondheim og Oslo, barneleikarring, barnekor frå Oslo m.m.

På dette stemnet stilte dessutan FM, og det går fram av avisomtalen i AA 2/7-30 at FM sitt bidrag skulle vera framføring av ein kantate Ole Øisang og T.D.Olsen hadde laga til NSF-stemnet seinare på sommaren; ifølgje AA 19/7-30 song FM dessutan "Heis os et rødt, et flammende flagg" (Cath. Elling) og "Friarsjau" (Ole Olsen). Blant sangane Oslo Arbeiderpartis barnekor framfører finn vi som nr. 4 Gjerstrøm: "Fremad under kampens faner", dvs. 2. premievinnaren frå arbeidarsangkonkurransen i NSF 1925-26 (det er sjeldan ein treff på desse premierte sangane elles. Det kunne tyde på at konkurransar ikkje var den best eigna måten å framskaffe arbeidarsangar på).

1. august medverka TAS ved arrangeringa av NKP's antikrigsdag, og då det ikkje stilte noko musikkorps gjekk koret samla i teten og drog opp sang i demonstrasjonstoget, som hadde ca. 300 deltakarar. Under møtet på rådhusplassen etterpå song koret "Internasjonalen", "Den var vår, denne jord" og "Opsang" (NT 2/8-30).

Som det går fram av opplysingane til nå, synest det vera dekning for å dele verksemda/framføringane til TAS/FM i to både før og etter kløyvinga: arbeidarkoret og konsertkoret, der det fyrste driv agitasjon på arrangement av partiet og organisasjonar i arbeidarrørsla, medan det andre held konsertar, matinear o.l., med eit anna repertoar enn på framføringane av den fyrste kategorien. (Konsertane på stemna i NSF kjem til å utgjera ein mellomting av desse to, med program frå båe typene verksemd.)

'Konsertkora' TAS og FM - ei samanlikning

Eg har alt antyda litt om konklusjonane av ei slik samanlikning, men lat oss sjå litt på materialet. Jubileumskonsertane i 1931, 1936 og seinare gjev eit visst grunnlag for å sjå om det er skilnad på TAS og FM når det gjeld utviklinga av konsertrepertoaret. Vi skal difor sjå litt nærare på dei:

Program jubileumskonsert 1931 (ufullstendige):
FM (lokale: Frimurerlogen):
Th.Lammers: Der ligger et land
Alfr.Paulsen: Sommernatten
Asbj.Andersen: Sangermarsj
Ole Olsen: Friarsjau
(Behrens?): Vaggvisa fra Dalarne
P.Heise: Kong Hakes likferd
(FM50-24)
TAS (lokale: Verdensteatret):
Møller: Sangerpolka
Ekhaugen: Ved tjernet
Evensen: Skjylla
Weidenhagen: An den Gesang (m/Jernbanens orkesterforening)
(NT 14/9-31)
Program jubileumskonsert 1936 (komplette):
FM (lokale: Frimurerlogen):
C.Elling: Opsang (A)
M.M.Ulfrstad: Norge, Norge
Eyvind Alnæs: Haust
K.O.Thornæs: Vår fane (A)
Alfred Paulsen (arr.): Kjærringa me staven
A.F.Riccius: Muntra musikanter
Eyvind Groven: Til Sylvan
M.M.Ulfrstad: Tyttebæret
D.M.Johansen: Dei gamle fjelli
W.Stenhammar: Sverige
Selim Palmgren: Anna-mi
Dag Kristoffersen: Frihetsvåren (A)
Edv.Grieg: Ved Welhavens båre
Bj.Gjerstrøm: Gangspilvise
(AA 10/9-36, TM 4/36)
TAS (lokale: Håndverkerforeningens festsal):
Prins Gustaf: Glad såsom fogeln
C.Elling: Vestanvær
Alfred Paulsen: Sangen
Alfred Evensen: Skjylla
Ulfrstad: Ja songen skal tona
Islandsmoen: Tordivelen og fluga
Gurvin: Springartrall
Halvorsen: Dansen på Uvår
Thornæs: Vår fane (A)
Oscar Borg: Leif Erikson (m/Jernbanens ork.f.)
Mozart: Vuggesong
Johan Strauss: An den schönen blauen Donau (m/TAK og Jernbanens ork.f.)
(ved same jubileumskonserten medverka TAK dessutan med Ekhaugen: Ved tjernet, og Grieg: Våren.)
(NT 11/9-36, NT 14/9-36)

Under okkupasjonen vart det som nemnt ikkje mogleg å avvikle jubileumskonsertar, men etter krigen har vi:

Program jubileumskonsert 1951
FM (lokale: Frimurerlogen):
Catharinus Elling: Oppsang (A)
Halfdan Kjerulf: Jubilate, amen
- " - Solvirkning
Johannes Haarklou: Solfaldsfest (m/sopran solo)
Bearbeidelse av nordiske folketoner: 
Svensk: Ut i vår haga
Færøisk: Oluva-kvadet
Finsk: Luli, Luli
Norsk: Lars Lenkelifot
Hugo Alfvén: Stemning
Nils Söderström: Tre små trumslagarpojkar
Eilif Gulbranson: Eg vil leva
Per Hjort Albertsen: Viljen
Haakon Hoem: Stormen (m/sopran solo og klaver)
(FM60-7)
TAS (lokale: Frimurerlogen):
Oscar Borg: Fremtidslengsler(A)
Sparre Olsen: Norge, Norge
Walter Aamodt: Havsalt
Eilif Gulbranson: Nordan under fjellom
Thorvald Lammers: Ved Karmø
Edvard Fliflet Bræin: Gjenta
Johan Halvorsen: Dobbeltportræt
Oscar Rasbach: Trær
Sparre Olsen: Norsk sang

(Herimellom: Pianonummer av Agnar Naalsund: Sonate op.19 i d-moll av Halvdan Clev(e?))

Bjarne Gjerstrøm: Gangspilvise
Arnulf Hegstad: Det stig av hav
Alfred Paulsen: Sommernatten
Ivar Skårset: Under broderskapets merke (A)
Fr.Wilh.Gomnæs: Tord Foleson (A)
(frå trykt program)

Eg har ikkje lukkast å få tak i seinare program for TAS, men for FM er programma ved jubileumskonsertane i 1961 og 1971 som følgjer:

1961 (lokale: Frimurerlogen):
Catharinus Elling: Oppsang (A)
Herman Palm: Under rönn och syren
Selim Palmgren: Sjöfararen vid milan
Oskar Gyldmark: Ved Laasby Kirke
Walter Aamodt: Havsalt
Alfred Evensen: Hans Vaagen
Sparre Olsen: Framtid (tilegnet koret)
Marius M.Ulfrstad: Symra
Haakon Hoem: Kveld på havet
Leif Halvorsen: Fire troll
J.Beschnitt: Ossian (solist Arne Bjerge, tenor)
Fridthjof Anderssen: Utferdsdråpa (solist Per Sjøli, baryton, piano Ivar Johnsen.)
(FM60-20)
1971 (lokale: Katedralskolens aula):
Oskar Borg: Maistrofe
A.Hegstad: Det stig av hav
Alfred Russ: Violer
Eyvind Alnæs: Haust
E.Gulbrandsen: Eg vil leva

(herimellom ei avdeling med Lade Skoles Musikkorps, etter pause kom så gjestekoret Melhus Mannskor og song:)

Sigurd Lie: Vår
R.Møller: Jeg lengter mot sol og sommer
Bodvar Heggen: Aust innmed Uppnosfjellom

(herimellom opplesing av norsk lyrikk ved fru P. Skjærseth, før FM heldt fram med:)

Alf Wold: Midnattsol
Edv. Grieg: Min deiligste tanke
Haakon Hoem: Kveld på havet
Alfred Evensen: Hans Vaagen

(Konserten vart avslutta med fellesnr. framførde av FM og Melhus Mannskor, dirigent Hans Tiller:)
Thommesen, arr. Dag Kristoffersen: Husker du
K.O.Thornæs: Vinke vår fane (A)
(frå trykt program)

Kva kan seiast på grunnlag av dette materialet? Det synest for det fyrste som om FM er det koret som har teke tileigninga av "Opsang" på alvor når det gjeld jubileumskonsertane. Likevel har båe kora støtt med ein eller fleire arbeidarsangar, anten det er "Opsang", "Fremtidslengsler", "Vår fane" eller andre (Aksel Zachariassen omtalar både "Frihetsvåren" og Skårsets "Under broderskapets merke" som arbeidarsangar (AZach -106 og 166), og "Tord Foleson" hadde som tidlegare nemnt og ein viss funksjon som arbeidarsang).

I tal spelar desse sangane likevel ei underordna rolle i programma. Hovudmengda av verka går inn i kategoriane nasjonale sangar og underhaldningsnummer, der det kan vera vanskeleg å trekke noka skarp grense i mellom, og såleis vanskeleg å måle korleis styrketilhøvet mellom desse to kategoriane er til ulike tider. Kanhende har 1951-konsertane ei overvekt av det nasjonale (folketonar, Kjerulf, Haarklou, Sparre Olsen m.m.)? Her skal ein vera varsam med å tolke for mykje av allmennkunnskapen om tida inn i programma; det var trass alt slikt konsertstoff dei hadde å velja i uansett tidspunkt og kva dei ville framheve.

Somme verk og komponistar ser ut til å ha falle særskilt i smak hjå kora (eller publikum eller båe):

Alfred Evensen er representert med "Skjylla" hjå TAS både i 1931 og 1936, og dukkar seinare opp hjå FM i 1961 og 1971 med "Hans Vaagen".
Alfred Paulsen tek del med "Sommernatten" (FM 1931 og TAS 1951), arrangementet av "Kjærringa me staven" (FM 1936) og "Sangen" (TAS 1936).
Marius Moaritz Ulfrstad har fått brei plass i 1936, med sangane "Norge, Norge" og "Tyttebæret" (FM) og "Ja songen skal tona" (TAS), og kjem seinare att med "Symra" (FM 1961).
Oscar Borg og Sparre Olsen er båe representerte med 3 komposisjonar, medan kvar av dei følgjande har med 2: Catharinus Elling, Edvard Grieg, Johan Halvorsen, Haakon Hoem, Eilif Gulbranson, Rudolf Møller og Selim Palmgren. (Kor stor vekt ein skal leggja på denne representasjonen er uvisst; materialet er frå eit statistisk synspunkt nokså tynt.)
Til sist kan nemnast Thornæs' "Vår fane", som framførast av båe kora 1936, og blir teke opp att som finale hjå FM 1971.

Under intervjuet framheva Johan Meland at medan TAS var flinkare til å gjera bruk av arbeidarsangane, var FM istand til å setja opp/medverke i større korverk som TAS ikkje makta. Etter programma ovanfor å døme, kan dette gjelde berre etter krigen, og det er fyrst utetter på 1950-talet og fram til og med jubileumskonserten 1961 at FM markerar seg særskilt som kor for større verk (jfr. konsertoversikta i kap.II.f). JM si vurdering må i hovudsak avgrensast til perioden 1951-61, og med atterhald for verknaden av at FM i snitt kunne ha 8-10 medlemer fleire enn TAS, ser det for meg ut til at kora resten av tida må reknast for kunstnerisk omlag jamsterke. Etter 1961 gjekk det som kjent raskt nedover med både FM og TAS, og trass i samanslåinga 1968-69 var FM ikkje større 1971 enn at "Vår fane", eit korverk som kravde 50-60 mann for å koma til sin rett, måtte framførast som fellesnummer.

Bjarne Meland legg vekt på mannskapsmangelen som årsak til at TAS noko tidlegare enn FM gjekk over til eit større innslag av små, lette underhaldningsnummer. Desse sangane vart i neste omgang tekne opp av FM, især etter samanslåinga. (Døme på slike sangar i BM-samlinga (vedlegg 8) er Asbj.W. Andersen (arr.): "Bland klöver och timotei", og Dag Kristoffersen-arrangementet av Kr.Hauger/H.Herberth: "Blåklokker". Båe kom inn i TAS like etter krigen.)

Det ser ut til at båe kora, når dei arrangerte 'aftenunderholdning', matiné e.l. utanom jubileumskonsertane, helst bruka litt meir underhaldningsprega og tildels lettare stoff enn på jubileumskonsertane (når vi ser bort frå dei større oppdraga FM hadde i den nemnde glansperioden). Det kunne vera einskilde korparti frå ein opera/operette (t.d. "Fangekor" frå Nebukadnesar av Verdi, "Gjestenes inntog" frå Tannhäuser av Wagner (sjå og NSF 1938), tema frå Perlefiskerne av Bizet, "Soldaterkor" frå Faust av Gounod etc. - alle desse finst i BM-samlinga). Det kunne vera arrangement av Johann Strauss' "An den schönen blauen Donau", av "Wien bleibt Wien" av I.Schrammel, av svenske eller norske slagerar av gammal og ny dato (t.d. "Det var dans borti vägen" (Fröding/Lambert), "Flicka från Backafall" (Jonsson/Turesson), "Gumman på Thermopolium" (Bellman); "Dansen på Uvår" (Vilhelm Krag/Johan Halvorsen), "Skræddarsveinen" (Jakob Sande/Edv. Fliflet Bræin) - òg frå BM-samlinga). Alt i alt eit nokså variert repertoar innanfor det ein kan kalle lett musikk tilhøyrande generasjonane før den som voks opp på 1950-talet. Jazz og meir moderne rytmer ser derimot ut til å mangle heilt; samfunssatire og -engasjement er det heller ikkje stort av i desse sangane - hovudtendensen er ufarleg underhaldning.

Repertoaret under krigen

Konsertverksemda under okkupasjonen fortener ein særskilt kommentar når det gjeld repertoaret. I denne tida, då dei politiske skiljelinene i fyrste rekke gjekk mellom nasjon og okkupant, var det mangt av elles nasjonalromantisk og tildels nasjonalistisk repertoar som kunne gjera nytte som patriotisk/anti-tysk agitasjon, noko tyskarane og særleg dei sentrale NS-medlemene var merksame på. Etter forordning av 30/5-41 måtte alle konsertprogram godkjennast av Teaterdirektoratet, m.a.o. sensurerast. Dette gav utslag som t.d. at eit Drammens-kor ved eit høve fekk Sivles "Varde" stroken av programmet. Finn Halvorsen, dagleg leiar for denne sensuren, var dessutan vár for nemning av ordet "konge". "Heimferd" (Olav Gullvåg/Irgens Jensen) vart nekta oppført. I Bjørnsonteksta til Griegs "Olav Trygvason" vart 20-30 liner strokne. På den andre sida vart Griegs 100-årsbursdag 1943 og feiringa i samband med den forsøkt snudd til inntekt for okkupasjonsmakta. (HJHur-97f, 121f) Såleis fanst det ein naudsynt balansegang i det nasjonale. Det er elles kjent at musikarar på same tid hadde glede av å framføre verk av jødiske komponistar (t.d. Mendelssohn) utan å offentleggjera komponistnamnet, slik at okkupantstyret ikkje var klar over kva som skjedde.

Kva for konkrete sangar AS (TAS) nytta under krigen har eg lite materiale om. For FM finst nokre opplysingar i FM50 -29f: På konsert i Nidarosdomen 12/12-41 framførde FM som hovudnummer "Kark" av Trygve Torjussen, og konserten - som vart halden i samarbeid med Nidaros Mandssangforening og Symfoniorkesteret, alle med Haakon Hoem som dirigent - vart avslutta med Grieg: "Landkjenning" for solo, mannskor, orgel og orkester. (Ein kan stusse på namnet Trygve Torjussen, då han er ein av dei fire komponistane som 1945 blir "utreinska" av NSF-repertoaret som nazi-komponist; dette må truleg ha samanheng med hendingar seinare under okkupasjonen.) Det nemnast vidare at FM 22/5-43 framførde "Landkjenning" på ny under ein konsert i Verdensteatret i samband med Grieg-jubileet (som i Trondheim vart avvikla såpass tidleg at ein gjekk fri innblanding frå okkupantstyret).

Den siste opplysinga FM50 gjev om repertoaret under krigen er den mest omfattande, då ein på s.32 gjev att heile programmet i samband med konserten i Nidarosdomen 23/5-44 til inntekt for "de skadelidte ved bombingen og eksplosjon i Bergen og Laksevåg i april" (FM50-31). Programmet er slik:

(medverkande:)

"Pastor Sigurd Fjær
Fagforeningenes Mannskor, dirigent Haakon Hoem
Nidarosdomens guttekor, dirigent Erik Saltnessand
Symfoniorkestrets strykere
Anne Marie Lyngstad
Domorganist Ludvig Nielsen

P R O G R A M:

Ludv.M.Lindeman: Variasjoner over "Hvo ene lader Herren råde", Ludvig Nielsen.
Cath.Elling: Kjærlighet fra Gud
Eilif Gulbranson: Dagen viker og går bort
E.Solem: Hellig, Hellig. Nidarosdomens guttekor, dir. E.Saltnessand
Edv.Grieg: I folketone. Symfoniorkestrets strykere, dirigent Haakon Hoem.
Sparre Olsen: Fjell-Noreg
Edv.Grieg: Trudom
Edv.Grieg: Våren

Tale av pastor Fjær

M.M.Ulfrstad: Norge, Norge
Halvdan Kjerulf: Jubilate, amen
Lachner: Den allmektige. Fagforeningenes Mannskor, dirigent Haakon Hoem
Gud signe vårt dyre fedreland. Unison sang.
John Thorkildsen: Korbearbeidelse: "Hold oppe Gud hos oss ditt ord". Ludv.Nielsen."

Programmet har utan tvil patriotisk tendens. (Om den tyske komponisten Vincenz (?) Lachner har eg ikkje funne opplysingar av særskilt interesse.) Mykje står ennå ugjort når det gjeld å kartleggja repertoaret under krigen.

Arbeidarsangrepertoaret og BM-samlinga

Det trengst meir materiale om ein skal kunna seia korvidt arbeidarsangane i det heile spela noka rolle for FM og TAS under krigen. Når det gjeld resten av tida frå 1930 og opp til i dag er opplysingane om konkrete høve der dei vart bruka nokså sporadiske. Mykje tyder på at eit utval, t.d. 10-20, av for det meste eldre arbeidarsangar var jamnt i bruk opp til 1940 og i nokre år etter 1945, at relativt få nye arbeidarsangar vart tekne opp i kora, oq at heile arbeidarkorfunksjonen (repertoarmessig og når det gjeld kvar koret opptrår) byrjar avta alt på 1950-talet, om ikkje før.

Kva for konkrete arbeidarsangar som vart (mest?) bruka før og etter krigen, kan notesamlinga til Bjarne Meland gje eit bilete av, om enn eit litt usikkert og ufullstendig bilete. Ufullstendig, av di ein ikkje kan rekne med at samlinga omfattar alle sangar som har vore i bruk i TAS, og seinare FM, den tida BM har vore med - somme noter har forsvunne. Usikkert, av di dateringa er omtrentleg og kan innehalde minnefeil (korvidt sangen er teken i bruk før/etter krigen), og av di det å sortere ut 'arbeidarsangar' i samlinga stiller ein andsynes fleire tvilstilfelle.

Med desse atterhalda kan eg presentere følgjande liste over arbeidarsangar bruka av TAS i BM si medlemstid før krigen:

Paasche Aasen/Narvestad . Brenn - sol! (lenge f. kr.)
Paasche Aasen/Ad.Andersen: Dig venter de på!
Paasche Aasen/Abrahamsen: Fagforeningssang
Sivle/Elling: Fremtidslængsler (1921 el. f.)
Paasche Aasen/Thornæs: Hill våren
/K.Gramm: Opp socialister! (1920 el. f.)
Sivle/Elling: Opsang! (frå 20-talet?)
(Vogt/Reidarson: Den var vår, denne jord (manko))
Vogt/Moe Weigner: - " - (innøvd f.kr.)
russisk/arr. Thornæs: Vi ærer de døde
(N.N.Ikonnikow/arr. Thornæs: Russisk sørgemarsj (manko))
Thornæs: Vår fane (frå ca. 1933)

Som de ser har eg teke med to sangar som ikkje finst i samlinga. Grunnen er at desse to sangane (av Reidarson og Ikonnikow) vart nemnde særskilt av BM under dateringa (i tilknytning til Klaus Egges "Første maidagssang" og Thornæsarrangementet av "Vi ærer de døde". Jfr. og s.67 ).

"Opp socialister!" var ifølgje RO lite i bruk i TAS iallfall ei tid etter kløyvinga: NKP-arane i TAS tykte ein slik sang høvde betre for 'høgresosialistane' i FM, og let difor dei ha monopol på han. At BM likevel oppgjev sangen til å ha kome inn i TAS (att) før krigen tyder då at denne perioden må ha avgrensa seg til eit tiår eller så.

Dei to russiske skal ha vore mykje nytta ved gravferd. Resten av sangane gjekk ofte att i samband med parti- og fagforeiningsmøte, valmøte, 1. mai osb. Som konsertnummer nemner BM 3 av dei: "Dig venter de på", "Fremtidslængsler" og "Opsang"; og som vi alt har sett vart "Vår fane" òg bruka i konsertsamanheng.

Etter krigen blir den tilsvarande lista:

Vogt/Klaus Egge: Første maidagssang
Sivle/Gomnæs: Thord Foleson
Auerdahl/Thornæs: Ørneland
Paasche Aasen/Kramer-Joh.: Frihetens forpost
Paasche Aasen/Klingberg: Folkets fedreland
OH-APA-TN/Gyldmark: Det er Norden, der løfter sin pande
E.Andreassen/D&D.Pokrass: Landets framtid i folkets hånd
Paasche Aasen/Kramer-Joh.: Kavalkade over arb.s. 1958
(?)A.Øverland/Irgens Jensen: Dagvise

Lengda av listene gjev ikkje særleg grunnlag for slutningar, ut over det at TAS tek i bruk ein del nye arbeidarsangar etter krigen òg. Slik eg forstod BM var alle desse sangane bruka i TAS. Det åpnar for mellom anna følgjande kommentarar:

Som dei fleste andre kor i NSF erstatta TAS Per Reidarson sin musikk til "Den var vår denne jord" med Klaus Egge-utgåva. At "Thord Foleson" kjem i bruk fyrst etter krigen, åpnar for tanken at denne sangen for TAS stilte i klasse med dei andre nasjonale sangane. Dette blir delvis underbygd av at sangen ikkje synest ha blitt bruka i samband med møte o.l., berre som konsertnr., og fellesnr. i samband med stemne. På den andre sida understreka Anders Buen, då han i ein tale under NSF-stemnet 1930 etterlyste denne sangen, at

"den har direkte adresse til arbeiderbevegelsens kvinner og menn, sangen om merkesmannen som, da han fikk banesåret, plantet merket så fast at det ble stående etter ham" (AZach-125)

Eg veit ikkje når Thornæs skreiv musikken til "Ørneland", men som vi ser vart sangen fyrst teken i bruk etter krigen, endå diktet vart utgjeve tidleg på 1920-talet. Vidare ser vi her at fleire av Paasche Aasen-tekstene (trass i RO sin karakteristikk av dei som 'lyseraude') vart nytta i TAS både før og etter krigen. Interessant er det når BM nemner at "Frihetens forpost" vart sunge av TAS på møte i fagforeiningar o.l. Kva kan NKP-medlemer ha lagt i denne sangen?

"Det er Norden..." og "Kavalkaden" har TAS fått gjennom NSF/NASF, og "Dagvise" - som handlar meir om arbeid enn om arbeidarrørsle - vart sunge under NASF-jubileet i Oslo 1958. Den siste av sangane (som på notearket - handskrive av A.A. 18/9-45 - har tittelen "Landets framlid i folkets hånd") er skriven over ein russisk melodi som kom til Noreg på slutten av krigen (på notearket står det Mel.: "Sangen til Moskva"). Denne sangen vart og, som "Frihetens forpost", sungen på møte.

Vi ser at av dei fire arbeidarsangkategoriane nemnt innleiingsvis i dette kapitlet har både FM og TAS teke i bruk dei to fyrste. Når det gjeld den tredje - dei allment-etiske sangane frå etterkrigstida - har eg inga opplysingar som tyder på at TAS nokon gong tok i bruk desse. Men i TAKF og NASF elles har dei vore i bruk, t.d. vart Kåre Holt/Jolly KramerJohansen: "De unge slekter" vald som det eine av dei to siste fellesnumra til avslutninga av NASF-stemnet i Trondheim 1979. Same sangen vart sungen av Trondheim Pensjonistkor (der mange medlemer frå TAS og FM står) under Arbeidernes Sang og Musikkfestival i Trondheim mai 1980.

Ifølgje BM, JM og RO har dei to kora aldri sunge arbeidarsangar laga over konkrete arbeidskampar e.l., sangar som kunne passe i kategori 4 - 'konkrete kampsangar'.

Kyrkjerepertoaret

Til sist nokre kommentarar til kyrkjesangrepertoaret. I BMsamlinga synest omlag 30-35 titlar stå for sangar av religiøs eller av ein filosofisk/etisk karakter som kunne eigne seg til kyrkjebruk. Av desse att, daterte Bjarne Meland berre 5-6 til å ha vore i bruk i TAS føre krigen. To av desse ("En sangers bøn" (Welhaven/F.A.Reissiger) og "0 bliv hos mig!" (H.F.Lyte/W.H.Monk)) vart nytta i gravferd, t.d. for sangarvener. Ein ("I ensomme stunde" (M.J.Monrad/Ole Bull)) vart gjerne nytta i samband med underhaldning på sjukehus, gamleheimar o.l. "Høstandagt" (A.Munch/Reissiger) vart nytta som konsertnummer, det same vart "Det rødmer så vakkert" (Kaia B.Nilssen/J.Thorkildsen; ein sang som av andre kor gjerne vart bruka i kyrkja (SOH-62)).

Av dei øvrige, som er komne til etter krigen, er følgjande sungne i hovudsak i kyrkja:

Fr.Schubert: Ave Maria
Brorson,Nilsson/Widéen: Den stora vita här vi se
E.Blix/C.E.F.Weyse: Gud signe vaart dyre fedraland
Haakon Hoem: Herrens bøn
A.Sveen/Johan Svendsen:: Hymne
W.Birkedal/F.M.Christiansen: Jeg saa ham som barn
Th.Moore/H.Kjerulf: Jubilate, amen
Ch.Gounod: Judex, av oratoriet "Mors et Vita"
Paul Fr.Benner: Jule-kantate
Kr.Lindeman: Kron ham
J.A.Josephson: Kyrie eleison
J.Neander/F.M.Christiansen: Lover den Herre
G.F.Gellert/Beethoven: Lovsang
Fr.Schubert: Sanctus
E.Blix/S.H.Geitvik: Seg Jerusalem
Alfred Russ: Stille sjel
C.Strandberg/O.Lindblad: Stridsbøn
Giov.Nanini: Under korset (Stabat Mater)

Sju av sangane vart nytta i hovudsak under kyrkjekonsert (evt. som fellesnummer) på stemne:

A.Larsen/S.Adams: Den hellige stad
Bortniansky: Du hyrde
Mich.Praetorius: En rose er utsprungen
Melchior Teschner: Julesalme
Pierl. da Palestrina: På Kristi himmelfartsdag
J.W.Franck: Påskesang
Mendelssohn: Ære være Gud

Det er grunn til å tru at ein god del, kanhende dei fleste, av desse sangane har kome inn i samlinga i løpet av dei siste ti-tolv åra, dvs. etter samanslåinga TAS/FM. Det samla kyrkjerepertoaret i FM er venteleg ein god del større; FM har sunge jamnt i kyrkja både før og etter krigen, og under Haakon Hoem la dei opp både mange og mektige kyrkjeprogram (JM).

Det kunne vera av interesse å undersøke i kor stor grad repertoaret og kyrkjeverksemda deira vart påverka av oppsvinget og utviklinga i den norske kyrkjesangrørsla frå midten av 50-talet og oppetter, men det får liggja her.

Allmennt er det inntrykket mitt at repertoaret i FM dei seinaste åra har hatt relativt lite tilsig av nytt stoff. Repertoarpolitikken synest - så langt eg har kjennskap til han - å vera rotasjon av dei av dei gamle numra som koret har mannskap til å klare åleine eller i samarbeid med andre.

d) Fellesnummer og repertoarpåverknad innan NSF/NASF og TAKF.

Sjølv om FM kom med i NSF fyrst i 1924 (og TAS fyrst i 1936) må vi rekne med at utviklinga til NSF heilt frå starten av har fått noko innverknad for Trondheimskora, om ikkje anna så gjennom at denne utviklinga etablerte det NSF desse kora i neste omgang vart medlemer av. Sangarstemna gjorde dei numra som vart sungne kjende utetter i landet, og saman med forbundsbladet - Tonens Magt - påverka dei den allmenne utviklinga av kunstneriske ambisjonar i kora, synet på arbeidarkora sine oppgåver m.m. Ved å bli sette opp som fellesnummer fekk visse sangar ei ekstra autorisering, samstundes som gode prestasjonar av einskildkor kunne verke inspirerande (så sant då ikkje konkurransemomentet skapte avundsjuke i staden: I mange år var det forbode å nytte leigde solistar ved stemnekonsertane).

Eg har ikkje materiale over alle sangar framførde på NSFstemna opp igjennom, ei slik oversikt ville dessutan føre alt for langt her. Men ei oversikt over fellesnumra ved dei ulike stemna kan gje visse haldepunkt om tendensar i repertoarpolitikken sentralt. Den følgjande lista bygger på opplysingar frå AZach, med unntak for 1924, der TM 1/24 gjorde nytta:

Fellesnummer på landsstemne for norske arbeidarkor 1907 - 1958

1907:
Vogt/Reidarson: Den var vår, denne jord
Garborg/ ?: Gud signe Noregs land
Bjørnson/Nordraak: Ja, vi elsker

1912:
Eyvind Alnæs: Oppsang
Vogt/Reidarson: Den var vår, denne jord
Kegel/Gramm: Socialistmarsj ("Op socialister!")

1916:
Johan Selmer: Norge, Norge
Nordraak: Olav Trygvason
Fr.A.Hertz: Arbeidernes festmarsj
Vogt/Reidarson: Den var vår, denne jord

1918:
O.G.Johannesen/Gjerstrøm: Sangen
T.W.B./Kr.Wendelborg: Tend Varder
(andre ikkje oppgjeve)

1921:
T.W.B./Wendelborg: Tend Varder
Vogt/Reidarson: Den var vår, denne jord
Johannesen/Gjerstrøm: Sangen

1924:
T.W.B./Wendelborg: Tend Varder (sunge av samtlege mannskor)
Fritz W.Pedersen: Sangen
Degeyter, arr.Gjerstrøm:: Internasjonalen
Olaf Andersen: Fremtidens land

(Denne gongen opptrådde dessutan 5 distriktskor pluss eitt felles kvinnekor. Med unntak av det sist nemnde fekk alle desse numra sine fastsette i TM 1/24:)

Vestfold distriktskor:
Elling: Vor farende bror
Meier Hansen: Frem arbeider

1. Kristiania kor:
Oscar Borg: Hav
Eyvind Alnæs: Halling

Buskerud distriktskor:
Olaf Andersen: Frem i dit arbeid
Selmer: Norge, Norge

Østfold distriktskor:
Borg: Gud signe Norigs land
Elling: Solfest

2. Kristiania distriktskor:
Reissiger: Olav Trygvason
Gjerstrøm: Gangspilvise
1928:
(AZach er her uklar om kva som var programmerte fellessangar, men det går fram at følgjande sangar vart avsunge:)

T.W.B./Wendelborg: Tend Varder
Sivle/Elling: Fremtidslengsler
Vogt/Reidarson: Den var vår, denne jord
1930:
Felles mannskor:
T:W:B:/Wendelborg: Tend Varder
Sivle/Elling: Fremtidslengsler
Sivle/Haarklou: Varde
Bjørnson/Grieg: Norrønafolket; Kongekvadet
Landkjenning

Felles kvinnekor:
Olaf Andersen . Fremtidens land
Bortniansky: Jubilate
Borg: Maistrofe
Adolf Andersen: Viol
1933:
Ousland/Gjerstrøm: Kantate
T.W.B./Wendelborg: Tend Varder
Vogt/Reidarson: Den var vår, denne jord
H.Østerholt/ ?: Frihetsvåren
1938:
Felles kvinnekor:
(2 sangar ikkje oppgjevne)
Adolf Andersen: Sne

Felles mannskor:
Ole Bull: I ensomme stunde (?)
Dag Kristoffersen: Det nye Norge
Sverre Narvestad: Sang til Norge
Grieg: Norrønafolket
       Landkjenning

Stort felleskor:
Gustav Møhn (? Bøhn?): Her ser eg fagre fjord
Richard Wagner: Gjestenes inntog på Wartburg
? / ?: Jubileumskantate
1948:
Kvinnekora felles:
Dag Kristoffersen: Før oss inn i sangens have
Sparre Olsen: Norge, Norge
Knut Nystedt: Morgonmot

Blandakora felles:
Valter Aamodt: Vakna, vakna
Cath.Elling: Vår farende bror
Sig. Islandsmoen: Sangen

Mannskora felles:
Haarklou: Slå ring um Noreg
Ths.Bech: Noregs Vakt
Klaus Egge: Første maidagssang

Stort felleskor:
Gyldmark: Det er Norden, der løfter sin pande
Klingberg: Folkets fedreland
1958:
Jolly Kramer-Johansen: Kavalkade over arb.s.
Gyldmark: Det er Norden...

For å få eit bilete av korleis utviklinga har gått dei siste to tiåra, kan vi dessutan ta med oversikt over fellesnummer ved NASF-stemnet i Trondheim 1979, referert frå det trykte programmet:

1979:
Damekor felles:
Johan Kvandahl: Stille
Irsk folkem., arr.T.Knutsen:: Londonderry Air
Arr. Arnt Bakke: Anne Knutsdotter

Blandakor felles:
Arr. D.Kristoffersen: Hymne til solen
Arr. H.Lyssand: Trolldans
Taube/Gunnar Hahn: Änglamark

Mannskor felles:
R.Nilsen/J.K.-Johansen: På Stengrunn
Ludvig Irgens Jensen: På jorden et sted
Otto Olsson: Domaredansen

Stort felleskor:
K.Holt/J.K.-Johansen: De unge slekter
Stein Øhrn: Et syngende folk

For fyrste del av perioden (1907-1933) kan vi merke oss at somme arbeidarsangar er (eller tenderer til å bli) gjengangarar frå stemne til stemne. "Den var vår, denne jord" er t.d. med alt på fyrste stemnet, og er sidan med få unntak fellesnummer på kvart einaste stemne fram til og med stemnet 1933 (unntaka er 1930, 1924 og kanhende 1918). Same antal gonger (seks) opptrår "Tend Varder" på programmet. Ingen av dei andre sangane har i same grad fått "klippekort" til stemneprogramma. "Sangen" er med to gonger, det same ser ut til å gjelde "Fremtidslengsler" (Elling) og "Fremtidens land" av dei tidlege arbeidarsangane.

Eit anna interessant drag er at arbeidarsangane synest å dominere fellesrepertoaret særleg i tida 1918-1933, kanhende med eit unntak for 1930. Tilsvarande ser det ut som om fellesrepertoaret går inn i ein ny epoke frå 1938: Kanhende med unntak for kantaten er fellesrepertoaret klart nasjonalt prega, irekna bidraga frå Kristoffersen og Narvestad (desse blir gjerne rekna for arbeidarsangar, men representerer samstundes den nye DNA-patriotismen). I tillegg har musikkutvalet i NSF 1938 sett opp (av alle ting) eit nummer av Wagner, som siste nummer før kantaten. Sjølv samanlikna med 1930 er dette eit sprang når det gjeld ambisjonar om å tileigne seg den borgarlege musikken.

Nå må det seiast at denne omlegginga ikkje fekk passere heilt ubemerka. Det var nettopp etter stemnet i 1938 at Gunnar Ousland (jfr. s.142) på leiarplass i Bergens Arbeiderblad spurde kvifor arbeidarkora tok opp så få av dei nye arbeidarsangane, og der han m.a. sa:

"Hvis ikke arbeiderkorene griper like inn i arbeider bevegelsens behov og er aktuelle organer for hele den lyrikk som skapes gjennom arbeiderbevegelsen, så forsømmer de iallfall noe av sin oppgave - og den vil da opptas av andre utenom korene." (AZach-157)

Denne kritikken vart i neste omgang referert i forbundsorganet (TM 5/38), med kommentaren:

"Ovenstående utmerkede artikkel av Gunnar Ousland, inn tatt i "Bergens Arbeiderblad" uken efter stevnet, bør gi oss arbeidersangere stoff til eftertanke og - disku- sjon. De synsmåter som hevdes her, må tas op til drøfting i korene og "Tonens Magt"."(TM 5/38)

I TM 2/39 blir tråden teken opp av signaturen Olav J-. (sannsynlegvis viseformann i forretningsutvalet, Olav Johannesen), som etterlyser bruk av arbeidarsangar i konsertprogram. Nå er det sjølvsagt vanskeleg å vurdere om denne kritikken kunne ha skapt ei endring i repertoarpolitikken i NSF dersom ikkje okkupasjonen hadde kome. Denne bidrog jo til å skuve dei fleste gamle og nye arbeidarsangar i bakgrunnen ("Frihetens forpost" er eit unntak). Det vi veit, er at Ousland sine ord ikkje fall i like god jord over alt, jfr. Ludv. Johansens polemikk mot Ousland i same nr. som Olav J-. (dvs. TM 2/39; sjå og s.146). Etter det sitatet eg tidlegare har referert, held L. Johansen fram:

"Ousland synes at Landkjenning og flere av Griegs ypperlige sanger bør få hvile en stund. Men kjære gamle venn! hvad vil du ha i steden? Hvor skal vi hen og få maken eller noget bedre? Jeg spør. Og der er jeg inne på en sak som vi bør se litt på."

Johansen nemner så opp som alternativ "utenlandske sanger ..tyske korsanger..russiske folkeviser..engelsk..jazz... slagere.." - men altså ikkje arbeidarsangar eller sangar som på anna vis "griper like inn i arbeiderbevegelsens behov" (Ousland).

Eg har for lite materiale til å avgjera om Ousland/Johannesen på eine sida og Ludv. Johansen på andre sida er representantar for to klare fløyer i NSF, men eg vil i alle tilfelle tru at deira syn er representative for fleire enn dei sjølve, og at repertoarpolitikken i NSF vart utvikla gjennom strid mellom slike og liknande synspunkt.

Går vi over til etterkrigstida, dvs. til programmet 1948, ser det ut som interessa for arbeidarsangar har teke seg noko opp i musikkutvalet: Av dei elleve fellesnumra er iallfall fire ("Før oss inn i sangens have", "Første maidagssang", "Det er Norden som løfter sin pande" og "Folkets fedreland") for arbeidarsangar å rekne etter AZach si oppfatning (AZach-140, 171, 214). 1958 står Kavalkaden over arbeidarsangar som dominerande post på konsertprogrammet.

Hoppar vi så dei drygt 20 åra fram til 1979, finst det framleis arbeidarsangar på programmet ("På Stengrunn", "De unge slekter"), men programmet elles synest ha endra samansetjinga noko: I 1948 er programmet prega av fersk etterkrigstid - felleskora syng "Norge, Norge", "Noregs Vakt" og "Slå ring um Noreg". I 1979 er det ope nasjonale/patriotiske kome i bakgrunn for underhaldningsaspektet, og innslaget av utanlandsk musikk er større (jfr. "Londonderry Air", dei to svenske - "Domaredansen"/"Änglamark", og "Hymne til solen", som iflg. AZach-187 er Guttmanns arr. og Kristoffersen si omsetjing av komposisjonen av Mussorgskij).

Simon Haugen har laga ei oversikt over bruken av arbeidarsangar som fellesnummer på NASF-stemne og i den norske delen av felleskonsertane under dei nordiske arbeidarsangstemna. Denne oversikta ser slik ut:

År Arb.sangar Fellessangar i alt % arb. sangar Kva slag stemne Stad
1930 3 10 30 Landsstemne Trondheim
1933 5 9 56 Landsstemne Oslo
1938 2 10 20 Landsstemne Bergen
1946 2 6 33 Nordisk stemne København
1948 3 12 25 Landsstemne Trondheim
1952 0 6 0 Nordisk stemne Göteborg
1958 2 (14) 11 (24) 18 (58) Nordisk stemne Oslo
1962 3 12 25 Nordisk stemne Tammerfors
1965 1 11 9 Landsstemne Stavanger
1967 1 12 8 Nordisk stemne Aarhus
1968 2 15 13 Landsstemne Bergen
1972 0 13 0 Nordisk stemne Stockholm
1974 0 11 0 Landsstemne Tromsø

(SOH-86; tala i parentes 1958 kjem fram om ein let arbeidarsangane i Kavalkaden telja med einskildvis.)

Eit problem med denne tabellen er at Haugen ikkje gjer greie for kva for sangar han reknar som arbeidarsangar og ikkje (t.d. når han i 1948 reknar med 3, og ikkje 4, av fellesnumra som arbeidarsangar). Men dersom vi ser bort frå mindre nyansar, stadfester tabellen i hovuddrag den utviklinga eg alt har antyda: Andelen av arbeidarsangar blant fellesnumra (som fram til 1930 låg på 100%) får ein knekk såvel i 1930 som i 1938, og etter krigen er andelen synkande, trass i einskilde "blaff" (om ein kan kalle det det: Med unntak for parentesen 1958 kjem prosenten aldri over 25, og talet på arbeidarsangar aldri over 3, frå 1948 av).

Det synest som om stemneprogramma, irekna fellesnumra, har kome til å nærme seg det typiske for konsertprogramma hjå arbeidarkora: For det meste eit utval av gjengs borgarleg konsertrepertoar (av ikkje alt for krevjande type), samstundes som 1-2 arbeidarsangar kan vera med, for å markere at det faktisk er arbeidarkor som held konserten.

Det er nærliggjande å sjå vektforskuvinga i 1938 (som eg oppfattar som den mest interessante) i samanheng med den endra stoda innanriks: Sidan siste stemnet (1933) var DNA kome i regjeringsposisjon, den norske arbeidarklassen hadde "fått eit fedreland". Ein kan vanskeleg tenke seg at dette var utan verknad for stemninga innan NSF, og såleis for styrketilhøvet mellom tendensane i repertoarspørsmålet. Mykje talar for at det alt lenge før 1938 fanst ein opinion i NSF som sette borgarleg konsertrepertoar høgare enn arbeidarsangane. Zachariassen nemner m.a. at

"En avstemning 1931 om de mest populære korsanger ga førsteprisen til Monrad Johansens "Gamle Noreg", nr. 2: Haarklous "Varde", 3: Brahms "Dukkesang" og dernest "Olav Trygvason", "Hav" og "Vår"."(AZach-131)

Astrid Holen syner til denne staden hjå AZach, og skriv vidare:

"Som en kuriositet kan nevnes at nøyaktig samme resultat fremkom ved en undersøkelse blant mannskorene i Norges Landssangerforbund også i 1931 (Mandssangen, des.1931, s.146)."(AHo-86)

Dessverre går det ikkje klart fram av AZach om han verkeleg refererer til ei avstemning innan NSF, eller om han òg siktar til undersøkinga referert i Mandssangen. Dersom det verkeleg dreier seg om ei avstemning innan NSF, er resultatet ein slåande illustrasjon på kor tett opptil den borgarlege mannskorrørsla kora i NSF låg alt då, repertoarideologisk.

Samanlikning med NLSF

Ei meir påliteleg samanlikning vil vi truleg få ved å ta ein titt på kva for korverk som vart framførde under 11. landssangerstevnet arrangert av NLSF i Trondheim 1930. Under dette stemnet vart det arrangert 3 store festkonsertar der distriktskor og felleskor avsang i alt 59 verk (om vi tel med programmerte repriser). Følgjande sangar var fellesnummer:

F.A.Reissiger: Olav Trygvason
Cath.Elling: Bautar
Rik.Nordraak: Fædrelandssang (2 g.)
Sigurd Lie: Sangerhilsen
Arne Nossum: Svolder
M.A.Udbye: Stormen går sin kjæmpegang
Johs.Haarklou: Varde
Edv.Grieg: Fædrelandssalme
Halfd.Kjerulf: Norges Fjeld
D.M.Johansen: Gamle Norig
(alle opplysingar frå LSS30)

Alle desse komponistane (kanhende med unntak for Udbye?), og for det meste òg verka, var å finne på konsertrepertoaret hjå arbeidarkor på same tid. Rett nok finn vi berre fire sangar felles ("På Sangertog" (Møller), "Solfest" (Catharinus Elling), "Ulabrand" (Johan Selmer) og "Varde" (Haarklou)), dersom vi samanliknar dei totale konsertprogramma for NLSFstemnet og NSF-stemnet 1930. Men ganske mange av dei øvrige sangane i NLSF-programmet er å finne i konsertannonser for TAS, FM og andre arbeidarkor i mellomkrigstida (såvel som i BM-samlinga).

Av sangar bruka både på NLSF-stemnet 1930 og av NSF, TAKF eller TAS/FM på stemne eller jubileumskonsertar kan nemnast:

Selim Palmgren: Sjöfararen vid milan
J.Beschnitt: Ossian
Sverre Jordan: Bagved havet
Halfd.Kjerulf: Barcarole
W.Stenhammar: Sverige
Edv.Grieg: Fædrelandssalme

I BM-samlinga finn vi følgjande av sangane frå NLSF-stemnet:

F.A.Reissiger: Olaf Trygvason (f.kr.)
Johan Selmer: Vårt land (e.kr.)
arr.F.Andersen: Dar staar ein friar (e.kr.)
Cath.Elling: Bautar (1933-34)
Rik.Nordraak: Fædrelandssang (e.kr.)
Sigurd Lie: Sangerhilsen (f.kr.)
Ivar Wideen: Sigurd Jorsalfar (f.kr.)
Cath.Elling: Solfest (e.kr.)
Alfr.Evensen: Skjylla (f.kr.)
H.Kjerulf: Norges fjeld (e.kr.)
Oscar Borg: Leif Erikson (ca.1934)
Johs.Haarklou: Slaa ring um Norig (e.kr.)
D.M. Johansen: Camle Norig (e.kr.)

(Bjarne Meland si datering, i parentes, kan lesast som ein illustrasjon på korleis NLSF-repertoaret vart "erva"/ overteke etter kvart.)

Ut over dei verka/komponistane som nå er nemnde, ville ei liste over "sams" komponistar for NSF og NLSF og omfatte m.a.:

Alfred Paulsen
Arne Nossum
Carl Arnold
Fr. Wilh. Gomnæs
Friedrich Hegar
Iver Holter
Johan Halvorsen
Kr. Wendelborg
O. A. Grøndahl
Olaf Paulus
W. Peterson-Berger
Walter Aamodt

Det er difor grunn til å vente at ei undersøking av repertoaret i NSF og NLSF over lengre tid ville gje endå større felles repertoarflate.

Som ein kuriositet kan nemnast at NLSF-programmet òg omfatta "Tord Foleson" av "Utmann" (rett nok heitte den tyske arbeidarkomponisten Uthmann, men kven andre kan det vera?). Sangen vart framførd av Buskerud Sangerforbund under dirigent Olaf Andersen (som i sin tur kan vera han som sette musikk til Bjørnsons "Fremtidens land" 1902, av NSF bruka som arbeidarsang). AZach-40 nemner ein Olaf Andersen som dirigent og medlem i Drammens Arbeiderpartis Sangkor. Då mange dirigentar dirigerte både arbeidarkor og borgarlege kor er det lett å skjøne at det ikkje var vasstette skott mellom dei i repertoarspørsmål; men sjølv om Uthmanns "Tord Foleson" representerar eit unntak, er det tydeleg i kva for retning påverknaden som regel har gått.

Repertoar i Trøndelag Arbeiderkorforbund

TAKF vart oppretta på slutten av den perioden då arbeidarsangane dominerte fellesrepertoaret på NSF-stemna. Det fyrste TAKF-stemnet var sommaren 1930, sidan kom stemna til å bli haldne nærpå annankvart år, både før og etter krigen.

Eg har relativt lite materiale om stemnerepertoaret i TAKF før krigen. AA 7/7-30 refererer frå det fyrste stemnet, og nemner at m.a. følgjande sangar vart sunge:

Levanger/Steinkjerkora: Grieg: Sangerhilsen
Orkanger Ap. Sangkor: Edv.Grieg: Ved Welhavens båre
Fagforeningenes Mannskor: Brahms: Wiegenlied
Arbeidernes Mannskor, Levanger: (ikke oppgitt): Trøndelag
Orkanger Ap. Sangkor: (ikke oppgitt): Vestavær
Steinkjer Arbeiderkor: (ikke oppgitt): Blåveis
Fagforeningenes Mannskor: (ikke oppgitt): Friarsjau

Felleskor:
Oscar Borg: Hav
Bj.Gjerstrøm: Mot soleglad
Arne Nossum: Havet
Haarklou: Varde

Eventuelle arbeidarsangar på programmet er ikkje nemnt, om det skuldast programmet eller referenten er uvisst.

Simon Haugen har og gått igjennom fellessangane på diverse TAKF-stemne opp t.o.m. 1973 på jakt etter andelen arbeidarsangar. Resultatet hans vart at andelen varierte mellom 0 og 50 % (med unntak for 1971, då den einaste fellessangen på programmet var ein arbeidarsang - altså 100%). Sjølv seier Haugen at "Nokon tendens har det vore vanskeleg å finne." Og svinginga synest unekteleg tilfeldig ved fyrste blikk:

Fellessangar ved TAKF-stemne 1930 - 1973.
År Arb.sangar F.s. i alt % arb.s. Stad
19300 4 0 Levanger
19321425Orkanger
19343650Steinkjer
19351425Trondheim
1937020Støren
19392450Orkanger
- - -    
19461714Trondheim
194741040Steinkjer
19492540Røros
19512540Levanger
19542450Orkanger
19561250Trondheim
19591333Steinkjer
1961030Melhus
19632825Røros
1966020Trondheim
1969010Fannrem
197111100Steinkjer
19731250Trondheim
(SOH-85)

Er det noko mønster i dette? Ser vi fyrst på perioden 1930-1939, ser vi ein prosentvis botn i 1930, topp i 1934, botn i 1937 og topp i 1939. Dette kan sjølvsagt vera tilfeldig - i normal statistikk ville ein snautt bry seg om å prosentrekne så små tal - men eg kan vanskeleg tru at valet av fellessangar på stemne er heilt tilfeldig. Eg tykkjer difor det er grunn til å nemne ei mogleg tolking av variasjonen:

Samanliknar vi med utviklinga av fellesnumra i NSF (s.208), finn vi tilsvarande "søkk" i bruken av arbeidarsangar 1930 og 1938. Rundt 1933/34 er andelen av arbeidarsangar høg både i NSF og i TAKF. Det synest ikkje urimeleg å sjå denne felles svinginga som eit indisium på at ho heng saman med den til ulike tider rådande (politiske) stemninga i NSF som heilskap (jfr. tidlegare kommentarar til NSF 1938, s.209), Spørsmålet blir då kva for faktorar som fekk denne stemninga til å svinge til/frå bruk av arbeidarsangar som fellesnummer. Det følgjande er ei hypotese:

1930: Behov for kunstnerisk sjølvhevding andsynes den borgarlege konsertverksemda under Olavsjubileet (?)
1933: DNA sin omfattande politisk/agitatoriske offensiv for å vinne parlamentarisk makt; valkamp-etterdønningar i NSF.
1938: DNA har vunne regjeringsmakt, og det er stemning for å "erobre" den borgarlege kulturen.
1939: Motreaksjon på dette, jfr. debattinnlegga frå Ousland og Olav Johannesen referert tidlegare.

Det kan sjå ut som ein slik politisk/ideologisk forklaringsmodell føreset svært medviten medverknad frå musikkutvala i distrikta og sentralt, men eg trur modellen kan ha noko føre seg sjølv om samspelet mellom den (kultur-) politiske stoda og stemninga/motiva i musikkutvala (og hjå andre handlande organ/ organisasjonar/ grupper/ einskildmenneske) er mykje meir indirekte, motiva mykje meir avleia. Ei anna sak er at stoda til tider er langt meire udefinerbar, utan klart dominerande aspekt politisk, som det går an å tolke handlingar i høve til.

Etter krigen ligg t.d. ikkje moglege årsakssamanhengar like opp i dagen, men det er grunn til å nemne at andelen arbeidarsangar av fellesnumra er påfallande stabil frå 1947 til 1959, når det gjeld TAKF. På 1960-talet er bruken av arbeidarsangar som fellesnummer derimot eit unntak (1963), medan 1970-talet syner at tradisjonen trass alt ikkje er gløymd.

Ser vi på heilskapen i programma på stemna 1946-1961, er biletet nokså blanda - bruken av arbeidarsangar strekker seg ut over fellesnumra, men synest elles nokså tilfeldig. Dei følgjande utdraga av programma for dei verdslege konsertane under TAKF-stemna i 1946, -47, -51, -54, -56 og -61 kan gje eit inntrykk (arbeidarsangar merka (A)):

1946: (Matine i Studentersamfundet, Trondheim)

1. OAS/dir.Anton Hoff:
I.Håland: Vinterstorm
Cath.Elling: Solfest

2. AKK/A.Aune:
Sparre Olsen: Norge - Norge
G.Td.Uthmann: Proletarens vuggesang (A)

3. TMV's Sk/Gunnar Carlsen:
Kr.Wendelborg: Hjemover fra langreis
O.Borg: Hav

4. TAS/A.Aune:
Gudrun Gjersrud: Halvor Kletten
Thv.Lammers: Der ligger et land

5. T.P.-koret/G.Carlsen:
Gustav Bøhn: Det stig av hav
Kr.Janson: På fjellet

6. FM/H.Hoem:
Ole Olsen: Friarsjau
H.Kjerulf: Brudeferden i Hardanger

(+ fellesnumra)
1947: (Konsert på Idrettsplassen, Steinkjer)
(Her dominerte fellesnumra programmet, og eg refererer like godt heile:)

1. Ludv.Moe Weigner: Den var vår, denne jord (A) (Steinkj.Dk, Steinkj.Arb.k./dir.L.M.Weigner)
2. Edv.Grieg: Hyldningsmarsj (Orkesterforeningen i Steinkjer)
3. Dag Kristoffersen: Før oss inn i sangens have (A) (Alle dk/LMW)
4. F.A.Reissiger: Sang er Nordens lyst (Alle dk/LMW)
5. Johs.Haarklou: Slå ring um Norig (Alle mk/G.Carlsen)
6. S.Narvestad: Sang til Norge (Alle mk/H.Hoem)
7. A.Thomas: Ouvertyre til Raymond (Ork.foreningen)
8. Oskar Fetrås: Fantasi over Bizet's opera "Perlefiskerne" (Ork.foreningen)
9. G.Bøhn: Solfest (Alle blk/Faste Svendsen)
10. A.Paulsen: Når fjordene blåner (blk/H.Jensen)
11. Kr.Wendelborg: Tend Varder (A) (felleskor/T.D.Olsen)
12. S.Islandsmoen: Sangen (felleskor/Arne Aune)
13. J.Kr.-Johansen: Frihetens forpost (A) (fk/Asm.Hagen)
1951: (Konsert i kinolokalet, Levanger)

Edv.Grieg: Våren
S.Berg Krein: Rokokko. Vals. (AKK/A.Aune)

V.Aamodt: Vent vidar seg Vågåvatnet
Irsk folketone: Londonderry Air (Samhold/T.D.Olsen)

Paul Lie: Per Spelmann
Gustav Bøhn: Ola Glomstulen (Arb.sk.Verd./H.Solheim)

A.S.Bakken: Trønderne kommer
Louis Monsen: Norge (T.P.-koret/F.Svendsen)

Sparre Olsen: Å leva
Rudolph Møller: Jeg lengter mot sol og sommer (Melhus mk/F.Svendsen)

Eyvind Alnæs: Fiskaren åt sonen sin
G.Gjersrud: Halvor Kletten (OAS/A.Hoff)

Frank Churchill: Dvergene minerer
V.Aamodt: Havsalt (Steinkj.Arb.k./A.Hagen)

Cath.Elling: Oppsang (A)
V.E.Becker: Fram, raske sangerflok (Kaiarb.sk/F.Svendsen)

Ivar Skårset: Under broderskapets merke (A)
Arn.Hegstad: Det stig av hav (TAS/A.Aune)
1954: (Konsert i Folkets Hus, Orkanger)

Edv.Bræin: Utferd
Marthinus Wiggen: Norge i våre hjerter (OAS/A.L.Hoff)

Eyv.Alnæs: Å vesle Kari vår
Johs.Almgren: Havet (Sundland blk/Sv.Johansen)

Cath.Elling: Bautar
Asbj.Tangen: Spillemannshambo (TAS/Arne Aune)

Asbj.Tangen: Gang-trall
F.Mendelssohn Bartholdy: På sangens vinger (AKK/A.Aune)

Alfr.Paulsen: Sommernatten
Johs.Sivertsen: Landet (TMV's Sk/G.Carlsen)

C.P.Walin: Lilla Stina
A.Rubinstein: Melodi (Samhold/T.D.Olsen)

C. Lønseth: Min hjemstavn
F. Mendelssohn Bartholdy: På sangens vinger (St.kj.Dk/S.Løseth)

Sv. Narvestad: Sang til Norge (A)
Oskar Borg: Maistrofe (Kaiarb.Sk/F.Svendsen)

Lars Søraas: Den fyrste song
S. Islandsmoen: Det lysnede i skogen (Samvirkelagets Personalkor/Sv.Johansen)

G. Kjeldaas: Betula (Bjørka)
Thomas Beck: Skifærden (fragment av Bjørnsons Arnljot Gjelline)(St.kj.Arb:k./Asmund Hagen)

H. Kjerulf: Barcarole
M. Sommerfeldt/D. Kristoffersen: Midtsommerdans (ØMV's Sk/O.Alstad)

Ivar A. Røed: La Norge fylle vårt hjerte
J.G. Konradi: Solnedgang (Arb.Sk,Verdal/M.Sakshaug)

Arne Nossum: Havet
V. Aamodt: Vakna (Mk Orfeus/F.Svendsen)
1956: (Konsert i kino Verdensteatret, Trondheim)

F.A. Reissiger: Sangen har lysning
Chr. Sinding: Vi vil oss et land (Trh.Pk/T.D.Olsen)

Cath. Elling: Solfest (A?)
Oscar Borg: Smeden (TAS/A.Aune)

Alf Wold: I midnattsolen
Haakon Lie: Ein Sylvtråd (Trh.Samv.Pers.k./Paul Skråmo)

arr. T. Knutsen: Londonderry Air
H. Kjerulf: Venevil (AKK Tromsø/Haldis Sørensen)

Bizet/A. Tangen: Perlefiskerne
Ths. Beck: Lørdagskvell (Viljen/F.Svendsen)

Sigurd Lie: Vår
H. Kjerulf: Barcarole (Mk Orfeus/F.Svendsen)

arr. Hugo Alfvén: Tjuv och tjuv, det skal du heta
Rich. Wagner: Gjestenes inntog på Wartburg, av Tannhäuser
F. Schubert: Til Musikken (Narvik Kv.k, Ap.s Dk, Fagf.Mk Narvik/K.Wollan, R.Jacobsen)

Padre Martini: Sång til natten
arr. O. Brusevold: Humoreske (Samhold/Bjørn Hovde)

Franz Abt: Soloppgang
Zdenko Fibich/D. Kristoffersen: Poem (AKK/A.Aune)

Oscar Borg: Hav
Thomas Beck: Noregs vakt (Kaiarb.Sk/F.Svendsen)
1961: (Folkekonsert i Sangerhallen, Melhus)

D. M. Johansen: Gamle Noreg
Ivar Widéen: Serenad (Melhus Mk/Olve Flakne)

Kr. Wendelborg: Hjemover fra langreis
E. Heide Sørensen: Musikken kommer (TAS/A.Aune)

M. Hermann: Tuljak
Joh. Svendsen/D. Kristoffersen: Venetiansk serenade (AKK/A.Aune)

C.J. Bond/F. Spalder: A Perfect Day
M.W. Baltse: Vi er alle lystige sigøynere (Samhold/Kyrre Aagesen)

H. Kierulf: Lokkende toner
Kr. Wendelborg: Dette Norge, vårt hjem (TMV' s Sk/H.Sumstad)

H. Vetterling: Serenad
L. Irgens Jensen: Dagvise (A?) (St.kj.Arb.k/A.Hagen)

Oskar Borg: Maistrofe
E. Kjelsby: Fyrste blomen (TDK/O.Ratkje)

Johan Strauss: Donau sjung
Leif Solberg: Ein sylvtråd (Røros Arb.k/R.Nyhus, S.Røragen)

Herman Palm: Under rönn och syren
Alfr. Evensen: Hans Vaagen (FM/Hans Tiller)

(alle opplysingar henta frå dei trykte programma, irekna skrivemåten for namn på komponistar og verk.)

Nokon stor plass i programma tek arbeidarsangane ikkje. Utanom fellesnumra tykkjest det berre vera ein eller to arbeidarsangar med på kvart stemne (jfr. dei som er merka (A)). På stemna i 1956 og 1961 kan ein stille spørsmål om det i det heile er med arbeidarsangar, om ein i 1956 ser bort frå mottakingskantaten (sungen av Trondheim Pikekor) og siste fellesnummeret (Det er Norden der løfter sin pande). Ellings (og Bøhns) "Solfest" og Irgens Jensens "Dagvise" har teksttema som ligg nær opp til arbeidarsang, men om dei vart rekna som slike har eg ingen kjennskap til. Det ser altså ut til at tendensen utover 1950-talet er at arbeidarsangane forsvinn frå distriktsstemne-programma. Dette samsvarar godt med dei andre opplysingane vi har om repertoarutviklinga i denne perioden.

Eit blaff i motsett retning er stemnet på Røros 1963. Det er vanskeleg å peike på noka klar årsak til dette blaffet ut frå materialet eg har. På Stortinget hadde DNA mista fleirtalet i 1961 - kanhende kjende ein behov for konsolidering, og tok fram arbeidarsangane i den samanhengen? Lokalt feira fleire arbeidarkor jubileum i 1963 (OAS 45 år, Orfeus 30 år, Viljen 20 år, Orkdal Arbeiderkor 5(TAKF40)), kanhende eit positivt påskot til å børste støv av arbeidarsangane? På den andre sida kan slike lokale faktorar vanskeleg forklare samantreffet med den høge prosenten (25%) arbeidarsangar i den norske avdelinga ved det nordiske arbeidarsangstemnet i Tammerfors 1962, som ôg ser ut som eit blaff i tida. Uansett hypotesar om dette, ser det ut til å ha vore utan verknad for repertoarpolitikken på dei to neste TAKF-stemna (som har 0%).

På 1970-talet har kanhende den allmenne politiske aktiviseringa rundt EF-spørsmålet sendt ein og annan kastevind inn i dei aldrande arbeidarkora og friska opp ønsket om å synge arbeidarsangar på stemne? Det må i så fall ha vore lokale trønderske kastevindar, for på NASF-stemna går arbeidarsangdelen av fellesnumra i same tidsrom ned i null etter å ha svinga rundt 10% nokre år.

På dei fleste TAKF-stemna (eit unntak er t.d. 1947) synest det ha vore halde både kyrkjekonsert og verdsleg konsert. Ved kyrkjekonsertane har programma gjerne vore prega av ikkje berre direkte religiøse sangar (sjølv om desse har stor plass), men òg av meir allment-etiske, filosofiske, stemningsprega, tildels nasjonalt prega sangar. Ulike tendensar innanfor dette repertoaret er frå mitt synspunkt mindre interessante enn det faktum at storparten av dei arbeidarkora som politisk sokna til DNA i Trondheim, alt frå før andre verdskrigen byrja innarbeide faste og årvisse framføringar i kyrkja (t.d. medverknad ved ottesang), og etter kvart kanhende har blitt vel så mykje kyrkjekor som arbeidarkor etter funksjonen å døme.

På dette grunnlaget kunne det sjølvsagt ha vore av interesse å undersøke korleis desse kora som kyrkjekor plasserer seg repertoarmessig i høve til den kyrkjesangrørsla som blomstra opp i slutten av 1950-åra og utetter på 1960-talet, men det skal få liggja her.

e) Repertoar i den nye korrørsla på 1970-talet.

Rørsla av "raude" og "sosialistiske" kor på 1970-talet er - trass i at det her ikkje dreier seg om kor av berre arbeidarar - eit interessant samanlikningsgrunnlag når det gjeld repertoar.

Akkurat som TAS i 1901, har desse kora frå starten av konsentrert seg om politiske agitasjonssangar. Desse nye kora ønskte å bygge vidare på det arbeidet arbeidarkora tidlegare hadde gjort, men meir eller mindre lagt ned: Agitasjon for sosialismen, for at arbeidsfolk skulle ta lagnaden i eigne hender, ta over styringa av landet (DNA-regjeringa vart ikkje sett på som eigna i så måte), organisere internasjonal solidaritet med frigjeringsrørsler m.m.

Den fyrste tida tok kora opp ein del av dei gamle arbeidarsangane som hadde vore i bruk i Noreg før: "Vi bygger landet", "Norge for folket", "Den var vår, denne jord", "Arbeidermarsj" av Pål Kluften, "Seiren følger våre faner", og ikkje minst "Internasjonalen". Etter kvart som skepsisen til DNA vart meir systematisert (især i dei raude kora) vart ein del av desse sangane lagde bort eller omarbeidde. Såleis vart t.d. "Vi bygger landet" kritisert og omdikta av Tromsø Raudt Kor 1975, og seinare innsungen på plate (LP-en "Ridderslag", MAI 1976) med tittelen "Vi er de mange". Andre sangar frå den 'produksjonsromantiske' perioden vart berre lagde til side, og dei 'allment-etiske' sangane frå etterkrigstida har snautt vore vurdert i det heile.

Derimot har t.d. "Arbeidermarsj", som har ein viss revolusjonær tone i seg, vore i bruk i dei raude kora til dags dato, på line med somme andre av dei 'allmenne kampsangane' frå den fyrste perioden i den norske arbeidarrørsla.

Men desse nye kora hadde fleire kjelder å ause av. Dels gjennom visebøker (t.d. frå Profil), dels gjennom plater (t.d. gjennom Samspill) vart kora kjende med ei rekke nye (og eldre) tradisjonar som snautt eller aldri hadde vore framme i arbeidarkorrørsla: Politisk teater i Sverige og Noreg gav nytt materiale, samstundes som mykje Brecht/Eislermateriale vart kjend denne vegen; motstandsrørsla mot EF produserte ei tid viser på løpande band; solidaritetsarbeid med Vietnam og andre folk i den tredje verda gav opphav til endå fleire sangar; etter kvart vart det skrive ein god del nye sangar om ulike politiske hendingar i Noreg, t.d. om ein og annan streik.

Ein stor del av det nye korrepertoaret var arrangerte viser. Den politisk engasjerte viserørsla var på denne tida kanhende senteret for politisk sangverksemd i Noreg - og klart venstreorientert (jfr. kjennemerka ved EF-rørsla, s.92 ). Ein annan del av repertoaret vart systematisk framskaffa av folk tilknytt plateselskapet MAI i samband med utgjevinga av platene "Ridderslag" og "Raude Flagg", som m.a. inneheldt mange "klassiske" arbeidarsangar frå Komintern-perioden, sangar av tysk, fransk, russisk, polsk, spansk og italiensk opphav. Platene inneheldt òg nyare sangar frå land som Albania, Kina, Kampuchea, sangar frå og om Chile, Tsjekkoslovakia (alt før dette hadde MAI gjeve ut ein heil LP med sangar frå/om palestinarane). Det vart dessutan henta fram sangar tilknytt NKP før krigen ("Frem kamerater" av Thornæs vart nå arrangert for kor for fyrste gang, t.d.). Til saman gav dette eit nokså stort utval av arbeidarsangar type 1 og 4.

Sjølve bruken av plateinnspelingar til å gjera repertoaret kjend (og utvide nedslagsfeltet for agitasjonen) markerer noko nytt i høve til den tradisjonelle arbeidarkorrørsla (fyrst på slutten av 1970-talet har AOF organisert utgjeving av plater der tradisjonelle arbeidarkor medverkar). Ved utgjevinga av platene på MAI har fleire av dei raude kora medverka; på same vis har somme av dei sosialistiske kora vore med på plateinnspelingar, i lag med visegrupper o.l.

Hovudsaka her er at dei veldig utbygde kommunikasjonane saman med den nye politiske rørsla i Noreg sentrert rundt AKP(m-l) og SV har gjeve som resultat at desse nye politisk engasjerte kora har hatt ein tilgang på agitasjonssangar som har gjort det mogleg for dei i lengre tid å operere med eit repertoar nesten utelukkande samansett av agitasjonssangar. Dette var sangar som ofte på ein konkret måte agiterte for standpunkt kormedlemene meinte var i samsvar med arbeidarklassen sine interesser (til tider kunne det førast ganske harde diskusjonar om korvidt den eller den sangen hadde noko på repertoaret å gjera, politisk sett).

Ein skulle då ha trudd at desse kora ville ha unngått det grunnleggjande repertoarproblemet hjå arbeidarkora tidlegare: Todelinga mellom 'agitasjon' og 'kunst' (jfr. s.142). Men så er ikkje heilt tilfelle. Motsetnadstilhøvet finst hjå desse nye kora òg, men tek kanhende litt andre former. Då eg sjølv har best kjennskap til dei raude kora, brukar eg dei som døme i det følgjande:

Frå starten av og fram til omlag 1978 song dei raude kora mest berre agitasjonssangar, der haldningar og politiske mål for det meste var forsøkt uttrykt i klartekst. Kvaliteten i arrangeringa og innøvinga av musikken kunne variere ein god del, men fekk likevel passere, då kora i all hovudsak berre opptrådde i samanhengar der storparten av publikum stod dei nær politisk og sette pris på at nokon i det heile song sangar med desse standpunkta.

Pinsestemnet 1978 (nemnt s.105) sette fingeren på behovet for å nå ut over det 'trofaste' publikumet og, som ein konsekvens av det, behovet for høgare kunstnerisk kvalitet og meir variert repertoar. Ved sida av agitasjonsfunksjonen skulle underhaldning få meir å seia, og ein ønska å ta i bruk meir av nasjonalt prega repertoar (både for å agitere forsvar av nasjonal sjølvråderett, og for å vera på talefot med eit breitt publikum).

Oppfølginga av stemnet har gjeve seg fleire utslag. Den fyrste tida vart stor vekt lagt på musikalsk nivåheving, der dei raude kora m.a. forsøkte seg med systematiske notekurs og innføring av nye arbeidsmetodar. Landsforbundet drog til ein viss grad nytte av røynsler og kunnskapar hjå ein spansk veteran, Emil Salut, som m.a. hadde omfattande praksis som musikkleiar på eit utal ulike felt i Sovjetunionen 1940-60, og som ei tid var gjest hjå Landsforbundet.

Kora, som i lengre tid hadde opptrådd mest berre etter invitasjon til politiske møte, tok nå initiativ til eigne arrangement, i somme høve konsert, i somme høve fest med underhaldning, der koret opptrådde saman med andre.

Repertoaret vart 'oppmjuka'. Blant nye ting som kom inn på repertoaret, kunne ein finne viser av Evert Taube, vokaliser over instrumental folkemusikk (pols, bruremarsj), ein Tage Danielson-vri på Schubert, eit Bengt Hallberg-arrangement over ein symfonisats av Beethoven, barbershop med nynorske tekster, o.l. Samstundes vart fleire av dei språkleg meir bombastiske kampsangane erstatta med nyare, konkrete og språkleg meir måtehaldne agitasjonssangar (utan at det politiske innhaldet i sangane var særskilt endra. Eit konkret døme er Hålogaland Teaters "Sluttsang/Ellinors vise" som på ein enkel og liketil måte agiterer for eit klasselaust samfunn:

"Ka e det som æ drømme om?
At æ en dag ska våkne opp og vite at arbeidet æ leve med
e mykje, mykje meir einn det å slite.
- - -
Æ drømme at vi får ein vår
da undertrøkkinga på jorda stanse,
ei ny tid kommer sjøl om fjellan står,
og det bli like fint å jobbe som å danse!")

Ein viktig skilnad frå utviklinga av arbeidarkora er her at denne nye programtypen ikkje vart reservert for konsertverksemd utanom dei politiske møta. Hjå dei nye kora har det ikkje oppstått nokon klar tendens til deling i eitt agitasjonsrepertoar og eitt konsertrepertoar. Dei same sangane, og til dels den same programsamansetjinga, går att båe stader. Vidare har den nasjonale innrettinga av repertoaret i fyrste rekke vore eit spørsmål om nyarrangert folkemusikk, medan meir nasjonalistisk prega bravurnummer som t.d. "Landkjenning" har fått kvile i fred.

Totalt sett kan ein kanhende seia at hjå dei nye kora er politiseringa av verksemda meir gjennomført enn hjå arbeidarkora: Kora forsøker å vurdere heilskapen i verksemda si politisk, og let ikkje spørsmålet om agitasjon stanse opp ved bruk av agitasjonssangar på politiske møte.

Men eit anna interessant skilje synest vera korleis desse nye kora medverkar i større framsyningar i samarbeid med teatergrupper/skodespelarar, og med bruk av fleire kunstneriske verkemiddel, så som t.d. lysbilete. Døme på dette kan vera Oslo Rødt Kor i samband med ei feiring av 60-årsjubileet for oktoberrevolusjonen, i Oslo 1977; Tromsø Raudt Kor (seinare "Nordaførr") som i samarbeid med skodespelaren Sigve Bøe har sett opp forestillinga "Og folket synger i gatene"; Sosialistisk Kor i Trondheim som vinteren 1979-80 sette opp ei agitasjonsframsyning mot NATO-vedtaket om utplassering av nye atomvåpen. (Fleire døme finst.)

Kor i samarbeid med andre kunstneriske verkemiddel er ikkje noko særsyn i musikkhistoria, men at kor inngår i multiframsyningar (med bruk av både kor, teater, orkester, lysbilete, film osb.) med denne typen politisk innhald ser for meg ut til å vera kvalitativt nytt i Noreg på 1970-talet. (Kanhende vil vidare forsking rundt arbeidarkora avkrefte dette, men førebels synest det som kjem nærast opptil berre vera opptak av somme arbeidarkor på nokre av valfilmane frå 1930-talet. Konsertane til FM på 1950-talet fell utanfor i spørsmålet om politisk innhald.) Dersom så er tilfelle, kan ein spørja seg om grunnen til at det ikkje vart forsøkt av arbeidarkora: Var det økonomisk uoppnåeleg? Var skilja mellom kora og folk som arbeidde med andre verkemiddel for skarpe? Hadde kora sjølve eit snevert perspektiv på kva som var kora si oppgåve? (Jfr. Ludv. Johansen si avgrensing frå agitasjon, og vekt på at kora skulle 'bringe sangkunsten ut til folk'; samstundes synest TRAM-gjengane ha vore svært åpne for kombinasjon av ulike verkemiddel, om enn i mindre målestokk.)

For dei nye kora har medverknad i slike prosjekt kanhende vore den best eigna måten å skape blest og oppslutnad om kora. Tyder det at slike prosjekt er påkrevde for å gjera kormedlemskap tilstrekkeleg utfordrande i ei tid då musikkindustri, musikkundervisning og massemusisering synest gjera ein stor del av den oppveksande generasjonen langt betre vant på dette feltet enn arbeidarungdomen på 1930-talet var? Spørsmålet kan berre reisast her.

Kora har merka behov for fornying av repertoaret. Dette kan dels ha samanheng med dei allmenne tendensane i den 'lette' musikken: Musikken er forbruksvare. Men sjølv om funksjonen gjer at agitasjons/kampsangar ikkje i same grad treng vera døgnfluger, har 'forbruksproblemet' for dei nye kora dukka opp frå ein annan vinkel: Mange sangar var skrivne innretta på å gripe inn i utviklinga i høve til ei særskilt politisk hending eller situasjon. Sangen vart såleis "oppbrukt" så snart hendinga kom i bakgrunnen eller den politiske stoda endra seg tilstrekkeleg. Dette problemet - at sangane blir for tidsbestemte - er på ein måte motsett av problemet med somme av dei gamle arbeidarsangane, som kunne vera såpass allmenne at dei på ingen måte hadde noko å seia om den taktiske stoda, slik Eisler peika på. For brukarar av agitasjonssangar trengst det tydelegvis ein balansegang her.

Sams med den tidlege arbeidarsangproduksjonen har repertoaret i den nye korrørsla det at amatørane dominerer når det gjeld arrangering, og til dels òg komposisjon. Berre unntaksvis skjer det at profesjonelle komponistar eller musikarar skriv direkte for desse kora. Blant desse unntaka må nemnast innsatsen komponisten Jon Persen har gjort for dei sosialistiske kora, medan folk som Sverre Kjellsberg, Sigurd Haugen og Lars Klevstrand i ny og ne har levert melodiar/arrangement til dei raude kora (og det kan sjølvsagt finnast fleire).

Det er på mange måtar uvisst om det i nær framtid kan bli snakk om noka ung, livskraftig arbeidarkorrørsle. Men om ei slik rørsle skal ta på seg å fjerne det gamle gapet mellom agitasjon og musikalsk utfordring, må ho utan tvil knyte til seg venlegsinna komponistar og andre musikkspesialistar. Det skulle vera lettare i 1980 enn i 1910. Kanhende er den meir gjennomført politiserande haldninga og bruken av multiframsyningar den nye korrørsla sitt bidrag til ei vidare utvikling av arbeidarkorrørsla repertoarmessig.

 


Til toppen
Til neste kapittel
Til innhaldsoversyn