Hei, og velkomen hit!

Dette er mi personlege heimeside på Internett,
med tekster om musikk, kulturteori, filosofi,
og anna som måtte falle meg inn.

Stoffet du finn er "allmenning"
- du kan laste ned og skrive ut til lokal bruk -
på to vilkår:

  • Oppgje kjelde.
  • Ikkje ta pengar av andre for å la dei bruke materialet.

Venleg helsing
Jon Egil Brekke






Status for denne planeten:

"Marknadsliberalismen
er dei rike sin nye verdsreligion
og herskande statsreligion i Noreg.

Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet
er religionen sine fremste profetar.

Gud sit i Det kvite hus.

Inkvisisjonen skuldar kjettarane
for terror.

Mot dei som hjelper terroristane
vil Herren koma frykteleg attende.

Ondskapens akse er utpeika,
men kan enno veksa."