..meg sjølv:
(Personalia/Curriculum Vitae - eller kva du vil)

Namn:
Jon Egil Brekke

Fødd:
20.08.1951 Oslo (Aker)
av Ella (f. Petershagen) og Egil Nygaard Brekke.

Oppvokster:
Grorud/Oslo 1951-59, Bø i Telemark 1959-1970

Utdanning:
Artium: reallina (Bø 1970),
telegrafist B ved Hærens Samband (teneste Jørstadmoen/Heggelia 1971-72),
cand.philol. m/musikk hovudfag (sjå under menyen Fag), samfunnskunnskap mellomfag og nordisk grunnfag (Trondheim 1972-80),
div. kurs/sjølvstudia i informasjonsteknologi

Jobb:
Instruktør Yamaha Music School (Moss 1970-71),
timelærar i musikk ved Barnevernsinstituttet Dronning Mauds Minne (Trondheim 1973-74),
komponist/musikar ved Trøndelag Teater (1975-76),
timelærar ved Musikkvitskapleg Institutt/Universitetet i Trondheim (1980-86)
NAVF-stipendiat same stad (1981-84),
konsulent ved Lærarutdanningsrådet (Oslo 1986-87),
1. konsulent, seinare seniorkonsulent, ved Rikskonsertane (Oslo 1987-)

Annan praksis:
Musikar (klassisk, danseband, visesong, musikkteater, korps, kor).
Instrument omfattar klaviatur (piano, trekkspel m.m.),
klimpre- og strykeinstrument (gitar, fele m.m.),
treblås (mest blokkfløyte/tverrfløyte)
og perkusjon.

Ensemble:
The Cadillacs (gitar/song, Bø 1963-65),
The Others (gitar/song, Bø 1965-67),
West Avenue Orchestra (gitar/song/fløyte, Gol/austlandet sommaren 1967, Bø 1967-70),
Rosmersholm (gitar/song/fløyte/fiolin/altsax, Moss 1970-71),
Lillehammer Musikkforening (fløyte, Lillehammer 1971),
Brigademusikken (fløyte/piccolo, Brigade Nord 1972),
Kulturfrontkoret, Trondheim (dirigent/arrangør, 1972-73),
Studentenes Interne Teater (skodespelar/komponist/akkompagnatør, Trondheim 1972-76),
Raudt Kor i Trondheim (dirigent/arrangør/komponist/akkompagnatør/solist, 1974-86),
Underbruket (skodespelar/komponist/akkompagnatør, Trondheim 1975-78),
Flettverk (gitar/song/fløyte/klaver, Trondheim ?),
Berre Blåbær (gitar/song/fløyte, Trondheim/Draugen 1982?),
Marienlyst Janitsjar (fløyte/piccolo/arrangør, Oslo 1997-)
Fritidsordningen (gitar/song, Oslo 2007-)
Bergo's Berme (gitar/song, Oslo/Drammen 2009-)

Favorittmusikk:
Tja...Bach? Grieg? Debussy? Bossa? Irsk? Lovin' Spoonful? Cream? Zappa? Sunde? Boine? Manhattan Transfer?
Det ville bli ei svært lang liste om eg skulle få med alt.

Har vokse opp med ein fiolinist til far, ein sopran til mor, ei syster med diverse klassisk på pianobrettet,
folkemusikk og trekkspel i nabolaget, Shadows og Beatles på platespelaren, band, visesong og revy i fritida på gymnaset, osb.
Eg vel meg låtar meir enn genrar. Best likar eg vel den musikken eg sjølv kan vera med å spela...

Gift med:
Kari-Anne Pedersen
(f. 14.9.1952 i India, oppvaksen som 3rd culture kid, heimførd til Noreg,
skulegang i Roma, Italia, og på Stange, artium på Hamar,
seinare yrkesskule i Lunde med svennebrev i kjole- og draktsaum,
praksis som kostymeassistent i NRK
(og seinare på filmsett: "Gulag", "The Last Place on Earth", "Spies like us"),
jobba ved husfliden i Bø (Ingebjørg Almankås) med å montere beltestakk,
magistergrad i etnologi med avhandlinga "Når klær blir bunad", om revitaliseringa av beltestakken,
frå 1994 fast tilsett ved Norsk Folkemuseum som fagkonsulent, seinare konservator, i drakt og tekstil)

Barn:
Helge (1986) og Torbjørn (1993)

Målform:
Tvispråkleg (skriv nynorsk no og bokmål då,
andre språk når eg må).

Dialekt:
Ekte bastard: Glidande overgangar mellom Grorud, Bø, Trondheim,
med ei aning av halling og andre folk eg har vore i nærkontakt med...

Politikk:
Sjå bidraga under menyen Politikk.

Oppteken av:
Samspel, filosofi og kva menneske kan få til i lag.
Å få livet til å svinge UTAN å rakne.
Kanhende å bidra til at menneskeætta ikkje tek kverken på seg sjølv unødig kjapt?

Favorittordtak:
- Same korleis du snur deg, går du glipp av noko.
- Ta vare på helsa, det er den einaste du har.
- Ingenting er som eit godt påskot.

Korleis eg vil karakterisere meg sjølv?
Spontan ved nærare ettertanke...

Heng for det meste i løpestreng mellom jobb og heim.
Desse sidene er publiserte på overtid om seinkvelden, som avkopling frå ungar, klesvask og rydding.
(Det er sagt at dei flytter heimanfrå, ein gong...)



Spontanvikar for gitaristen under Jazzcruise i Oslofjorden sommaren 2003...

Attende til velkomstsida