Brurestev

Å, dette stevet og denne tonen
er laga fritt etter tradisjonen,
slik Kari-Anne har sydd sitt lad -
og stevet skal Kari-Anne ha

Ho Kari-Anne har lag med saumar
Ho veit håss saumane gøymer draumar
Ho veit å velja dei rette sting
Har vit på gamle og nye ting

Ho Kari-Anne har mange sider
og verksam er ho til alle tider,
sjølv heime i godstol'n, i posisjon
med te og TV og telefon

Ja, mangt og mykje det kan ho gjera,
og meining har ho om mangt i verda,
og blant dei ting ho kan aller best
er det å stelle i stand til fest

Og ho kan danse og slå ut håret,
men gjer'kje sport av å gutar dåre
Der andre leikar med flørt og sjarm,
der er ho real og klok og varm

Visst kan ho stundom bli beisk i munnen,
men båe veit vi då at i grunnen
er klare meldingar svært så bra,
så Kari-Anne: Deg vil eg ha!

*

(Framførd på eigen stevtone under
bryllaupsmiddagen 10. juni 1995.)