The Cadillacs

Band i Bø i Telemark 1963-1965.

Bakgrunn:

Initiativtakar var Halvor Espeseth. Han hadde nokre år i førevegen fått ein Framus el-gitar av ein eldre bror, og hadde no og då dessutan ein forsterkar på lån. Frå fjerde klasse gjekk Halvor i klasse med bl.a. Jon Egil Brekke, som spela trekkspel (bursdagsgåve året føre) og var open for samspel.

Samstundes var dette tida då gitarbanda vaks fram, i Noreg som elles: Quivers, Sparrows og andre spela til dans på Sandvin og Sandvoll, t.d. under idrettsstemne. Shadows og Spotnicks stod høgt på platesalsbarometeret. Danske Jørgen Ingmann var ein høgt respektert gitarist (t.d. for si utgåve av Amorada), norske Robert Normann like så. Guitar Boogie med Al Smith gjekk att i Ønskekonserten. El-gitar stod høgare i kurs enn trekkspel.

Jon Egil fekk lånt seg ein kassegitar (hjå Anne Bergland). Tor Eilev Almankås i same klasse som dei to hadde òg ein, og var viljug til å prøve seg som bassist. Øving tok til: Dance On (Shadows), Flickorna i Småland (twist-versjon etter Beatnicks), Tatervise ved bålet (etter SnapShots), Det er rokken som spinner i stuen (twist-versjon etter Spotnicks) osv.

Utstyr var ei avgjerande utfordring. Tor Eilev fekk kjøpt seg ein brukt bassgitar nede i Grenland, saman med eit høgtalarkabinett med to tolvtoms høgtalarar. Ein Radionette forsterkar med to kanalar fekk vi og tak i. Jon Egil fekk kjøpt seg ein rimeleg Eko plankegitar hjå ei musikkforretning i Skien. Altmogleg-elektrikaren i Bø, Birger Kinck, monterte inn en tredje kanal i Radionette-forsterkaren. Matboksen til Tor Eilev vart omgjort til ein mikseboks der tre lydkjelder kunne miksast inn på ein kanal. To krystallmikrofonar på heimlaga mikrofonstativ (av vanlege koparrøyr) fekk gjera nytta når det vart snakk om song.

Slagverk var eit spørsmål for seg. Tor Wilhelmsen var den einaste i klassen som hadde eit trommesett, så han fekk ta den oppgåva.

Medlemer:

  • Halvor Espeseth, gitar
  • Jon Egil Brekke, gitar
  • Tor Eilev Almankås, el-bass
  • Tor Chr. Wilhelmsen, trommer
Repertoar:
  • Twist-versjonar av gamle slagerar
  • Utvalde låtar av Shadows og Spotnicks
  • Einfelte gitarballader av ymse opphav
  • Etterkvart utvalde låtar av Beatles og annan engelskpop
Likt og ulikt:
  • Fyrste gong det vart klart at gruppa var i emning, var under juleavslutning i klasserommet jula 1962 (5. klasse).

  • Fyrste offentlege speleoppdrag var ei speling i eit bryllaup på Lifjell Høgfjellshotell, med far til Tor Eilev som sjåfør og anstand.

  • The Cadillacs opptrådde under Barnas Dag i Bø, truleg på ettersommaren 1963. Utstyret var plassert på eit lastebilplan. Eit bilbatteri og ein omformar gav straum til forsterkaren, og det vart spela på veg frå skulen og opp til gymnaset. Cadillacs opptrådde dessutan frå scenen i aulaen der oppe, med bl.a. "Det er rokken som spinner i stuen".

  • Vinteren i 6. klasse gjekk dei to sjetteklassane saman om klassefest i lokalet som tidlegare hadde vore vevstugu på Borgja gard (Eivind Eckbo d.a.y. - Manne - gjekk og i 6A). Elevane stod for alt sjølve: Pynting av lokalet, mat og oppdekking, underhaldning (Halvor, Tor Eilev, Jon Egil og Halvor Haugan stod for innslaga, mykje bygd på Flåklypa Radio), og The Cadillacs spela til dans.

  • Gruppa fekk - bygd på opparbeidd tillit hjå klasseforstandar og overlærar Mattis Kleppen - disponere øvingslokale i skulebygget. (Sommaren 1964 fekk gruppa endåtil nykjel til hovudinngangsdøra.)

  • Gruppa gjorde same sommaren eit mislukka forsøk på å live opp att SanktHansfeiringa på Sandvoll. Gruppa hadde nok ikkje tyngd og røynsle nok til å ta opp kampen med arrangementet på Nome - det kom snautt ein handfull folk...

  • Våren 1965 gjekk medlemene ut 7. klasse. Tor Eilev og Jon Egil byrja på realskulen, og skifta band (Sjå: The Others).


(Minnest du fleire detaljar om The Cadillacs? Skriv dei ned, og send dei til Jon Egil Brekke.)