The Others

Band i Bø/Lunde i Telemark, 1965-1967.

Bakgrunn:

Vidar Standeren og Dag Vidar Haugen hadde spela saman i band i Lunde. Vidar var byrja på realskule i Bø. Hausten 1965 skulle Dag Vidar og ta til der. Nokon hadde fått ideen at ein skulle få til ei betre gruppe om dei to og Oddbjørn Hanto (òg frå Lunde) slo seg saman med Tor Eilev Almankås og Jon Egil Brekke frå The Cadillacs i Bø. På sommaren 1965 vart det gjort sonderingar om dette, og dei to sa seg viljuge til å vera med (sjølv om dette ikkje var udelt populært hjå Cadillacs sine tilhengjarar).

Som øvelokale fekk det nye bandet disponere vevstugo hjå Almankås (husfliden).

The Others i hagen hjå Hanto

Medlemer:

  • Oddbjørn Hanto, vokalist
  • Vidar Standeren, gitar
  • Jon Egil Brekke, gitar, song, div.
  • Tor Eilev Almankås, el-bass, song
  • Dag Vidar Haugen, trommer


Repertoar:

  • Engelsk og amerikansk rock/pop: Låtar etter Yardbirds, Stones, Small Faces, Beatles, Hollies, Spencer Davis Group, The Who - men og t.d. svenske Hep Stars, norske Pussycats, amerikanske Everly Brothers, Chuck Berry o.a.
  • Gjengs dansemusikk på lokalet i Telemark: Låtar etter Sven Ingvars, instrumentallåtar etter Shadows og Spotnicks, ein og annan tango eller vals o.l.


Likt og ulikt:

  • Utstyr var alltid ei utfordring. I fyrste omgang vart det gjort forsøk på å bygge nye høgtalarkasser (blant desse var ein ovstor basskasse av sponplater).
    Vidar hadde ymse gitarar og forsterkarar inne (ein Burns forsterkar, ein Gretsch gitar). Lydkvaliteten var ikkje overvettes god.
    Ein råkald vintermorgon brann like godt vevstugo ned, med diverse bandutstyr i. Utstyret synte seg vera dekt av innbuforsikringa til den einskilde, og utkomet - saman med inntekter av ei påskespeling i Hallingdal - gav tilstrekkeleg grunnlag for innkjøp av nytt utstyr for kr. 36.000,- på BoKreditt avbetaling.
    Jon Egil fekk seg ein Fender Stratocaster og ein Marshall 45W forsterkar. Tor Eilev ein Fender Precision Bass og Vox bassanlegg. Eit songanlegg kom til, med Shure mikrofonar. Dag Vidar fekk seg nytt trommesett. Bandet var på banen utstyrsmessig.
    No galdt det å få tett nok med speleoppdrag til å betale ein to-tre hundre kroner månaden kvar i avbetaling.

  • Pågangen av speleoppdrag kunne nok variere, men etter kvart var gruppa anerkjend nok til å få oppdrag rundt i Telemark: Lunde, Kjosen, Treungen, Fen, Austbygdi, Rjukan, seinare og Skien, Porsgrunn, Notodden og plassar lenger aust, så som Skjeberg. Jamnleg var det oppdrag å få ved dans-hyggekveldar for elevane ved gymnaset i Bø. Mest lukrativ var kanhende ein nyttårskveld på Lundevang, då Others i samband med eit lokalt lag sto for dansetilstellinga og spela "for døra" - fortenesta vart dryge 1.700 kr - medan standard honorar for ei speling til då hadde vore kr. 500-600.

  • Retteleg fart i (og pris for) oppdraga vart det fyrst etter deltakinga i "Telemarksmesterskapet" 1966-67. Soga er omlag slik: Parallelt med The Others fanst det ei rekke band andre stader i Telemark, så som t.d. Road Runners, Pack, Sweet Family m.fl. Eitt av plateselskapa sentralt (med Fredrik Friis i spissen) arrangerte i desse åra talentjakt - NM i beat - blant eksisterande band, vokalistar og visesongarar. I Telemark skulle det vera fylkesmeisterskap i Folkets Hus i Porsgrunn hausten 1966. Interessa for arrangementet var stor, mest for stor. Då Others gjekk på scena for å gjera seg klare, kom det med eitt melding om at glasdørene i inngangen nede var knuste og at det strøymde folk inn, langt fleire enn brannforskriftene tillet. Dei som var inne vart bedne om å setja seg ned for at det skulle bli ro. Men arrangementet vart avlyst. "Folkemengden kom ut av kontroll", som det heitte i politirapporten. Fyrst eit halvt år seinare, i Notodden, vart arrangementet endeleg gjennomført. Det vart ein kalddusj for gruppene frå dei større byane, då alle fyrsteplassane gjekk til deltakarar frå Bø - Others medrekna.

  • Fyrsteplassen i Telemarksfinalen førde med seg deltaking i landsfinalen 1967 i Folkets Hus i Oslo. Undervegs dit stilte bandet også opp som bakgrunn til Glenn Lyche, som hadde vunne vokalistklassen i Notodden, og som like godt vann landsfinalen for vokalistar i Mjøndalen. (Benedicte Høst, som vann i visesongarklassen på Notodden, kom på 2. plass i Mjøndalen.) I landsfinalen gjekk det litt over stokk og stein for Others - bl.a. kom sologitaren dårleg fram på I'm not talking (etter Yardbirds). Såleis kom gruppa ikkje blant dei tre beste, men vart lagd merke til for bruk av tenorblokkfløyte på Ruby Tuesday (etter Rolling Stones). Others deltok på LP-plata som var gjeven ut - POP'67 - med ei utgåve av "Buzz the Jerk" (etter Pretty Things). Det andre sporet som vart spela inn - "I'm Not Talking" (etter Yardbirds) - kom fyrst med som bonusspor på ein CD-versjon mange år seinare.

  • I tida like før og etter Telemarksfinalen hadde Others samarbeid med Ole Bjørn Finchenhagen, som ønskte å vera manager for gruppa. Det kom nokre oppdrag ut av dette, men samtidig som dei fleste manageremne er rikare på vyar enn på handfaste resultat, var også gruppa avgrensa av indre veikskapar - som ulike repertoarinteresser, og mangel på eigne låtar.

  • Gruppa vart oppløyst på forsommaren 1967. Dag Vidar, Tor Eilev og Jon Egil var ferdige med realskulen. Dag Vidar hadde planar om utdanning annanstads. Tor Eilev og Jon Egil skifta band på ny (sjå: West Avenue Orchestra).

(Minnest du fleire detaljar om The Others? Skriv dei ned, og send dei til Jon Egil Brekke.)