West Avenue Orchestra

1. Band med standplass Gol i Hallingdal, mai-august 1967
2.-4. Band med standplass Bø i Telemark, 1967-1970

West Avenue Orchestra I

Bakgrunn:

Medan The Others vart Telemarksmeistrar i beat 1967, vann ei anna gruppe med namnet Clinkers Buskerudmeisterskapen hausten før. No hadde det seg slik at ein kar som kjende båe gruppene - Thorstein Berg, son av hotelleigaren på Bergsjø - såg føre seg ein sjanse til å etablere ei "supergruppe" av folk frå Others og Clinkers. Sonderingar om dette starta tidleg på våren 1967. I mai kom det to clinkerar - Magnar Lund Bergo og Arne Sandum - til Bø, og tok inn på Beverøya Camping. Planen var at desse to, saman med Tor Eilev Almankås, Glenn Lyche og Jon Egil Brekke, skulle utgjera den påtenkte "supergruppa".

Så snart naudsynte eksamensprøver var over, skifta gruppa standplass til kjellarstugo hjå mor hass Magnar på Gol (med unntak for at Tor Eilev og Jon Egil måtte heim til Bø for å ta del i skuleavslutninga, få vitnemål osb.).

Eit namn måtte bandet ha. West Avenue Orchestra var teken ut frå det at mor til Glenn den tida budde i West Avenue i Chicago. Orchestra var vel å slå litt stort på, men slik var no businessen der og då.

Thorstein Berg hadde sagt seg å skulle vera manager for gruppa, og det var visstnok store ting i vente...

Medlemer:

  • Glenn Lyche, vokalist

  • Jon Egil Brekke, gitar og song

  • Arne Sandum, gitar og song

  • Tor Eilev Almankås, el-bass og song

  • Magnar Lund Bergo, trommer


Repertoar:

  • Utval av låtar frå: The Lovin Spoonful, Paul Revere & The Raiders, Beatles, Kinks, Yardbirds, Cream, Jimi Hendrix o.fl.


Likt og ulikt:

  • Etter nokon tids øving i kjellarstugo på Gol vart gruppa lansert i eit arrangement på Hol, som oppvarming for The Pussycats.

  • Gruppa hadde eigentleg ingen startkapital, men bil og tilhengar måtte gruppa ha. På Nesbyen vart det skaffa til vege ein blå/kremgul Ford Country Sedan stasjonsvogn med Thunderbird motor, og tilhengar vart lånt.

  • Etter avtale med Thorstein Berg pakka orkesteret sakene og skifta standplass til ei adresse i Etterstadvegen utanfor Oslo, der Berg hadde lånt hus for sommaren. Herfra skulle West Avenue Orchestra lanserast for dei store tider. Nokre oppdrag vart det då og. Ein kveld hadde vi like godt dobbeltbooking, med speling på Poppy Klubb i Vestby for så å dra direkte til Tofte i Hurum. (Det passa då svært godt at tilhengaren punkterte i Vestby, slik at vi kom til Tofte med det vesle vi fekk plass til baki stasjonsvogna - heldigvis fekk vi låne noko utstyr av dei som spela før oss der.) Ein annan gong vart vi sende heilt til Trysil, for å spela konsert i eit kinolokale med faste sete. I røynda vart vi sende som oppvarmingsband for The Hugger Muggers, som då og tok imot betalinga for båe.

  • Etter nokon tids venting på dei store tidene (og med Trysil som godt påskot - vi var så blakke at vi ikkje eingong kunne betale snittene som venta på hotellet) drog West Avenue Orchestra attende til Gol, og skaffa seg oppdrag sjølve. Inntektene for resten av sommaren vart slik liggande noko høgare i snitt, med oppdrag hovudsakleg rundt om i Hallingdal.

  • Å halde bandbil i forskriftsmessig stand på låge inntekter er ikkje så greitt. Mykje kan nemnast, men viktigast var kanhende at bilen hadde dårlege bremser. Typisk nok blir ikkje slikt avdekt i kontroll, så lenge bilen stend stille. Men like før avreise til eit speleoppdrag i Kongsberg på ettersommaren fann gutane tida inne til å gjera noko med bremsene. Bilen vart køyrd opp på bukk hjå ein derverande verkstad, og gutane stramma ein og annan vaier etter skjøn (mekaniker og delar hadde ein sjølvsagt ikkje pengar til). Vel komne ned til Gulsvik bru (den gamle, smale) måtte bilen stanse for møtande trafikk. Då med eitt sig bilen ned på venstre bakhjul. Punktering! Ein av gutane tittar ut, og oppdagar ein blå stikkflamme under skjermen. Der finst og bensintanken innanfor - og den er heldigvis full (dvs. liten eksplosjonsfare). Tiltak: Trille tilhengaren vekk, tøme bilen for verdisaker, ringe brannvesenet. Brannvesenet? Det er på ferie, både nord og sør for brua. Neste tiltak: Fotografere bilen, der han stille og roleg brenn opp. Ringe ein kamerat på Gol, så han kan køyre oss opp att. Ingen Kongsberg-tur denne gongen. (Det høyrer med til soga at bilen var forsikra for den prisen vi skulle betale for han - kr. 6.000,-. Den opphavlege eigaren fekk i det minste pengane sine...)

  • Hausten stunda til, og West Avenue Orchestra teikna ikkje til å bli nokon overvettes leveveg for nokon av oss. Gutane frå Bø valde å halde fram med skulegangen, og sidan det ikkje utan vidare baud seg gjeremål for Arne og Magnar i Bø gjekk gruppa ei usikker haust i møte. Utan bil, og med eit utlånt Ackuset songanlegg som vart henta inn att etter sluttkonserten i Brekkeparken i Skien, var på sett og vis sluttstreken sett for denne versjonen av West Avenue Orchestra - sjølv om den uttrykkelege avslutninga ikkje fann stad.

  • Såleis var det ein enkel sak å samle gruppa att etter mange år, då fyrst Arne og sidan dei andre gutane i tur og orden feira 50-årslag rundt tusenårsskiftet. Arne Sandum spelar i dag bass i Hellbillies. Magnar Bergo driv Drammen Lyd, og vart hausten 2001 tingmann for SV. Glenn Lyche er flygar og instruktør i Braathens. Jon Egil Brekke er IT-leiar i Rikskonsertane. Tor Eilev driv på leiarnivå i varehusbransjen i Bø. Alle (kanhende med unntak av Glenn) driv framleis med musikk i eller utanom jobb.

  • Men i tida - dvs. dei tre åra - som følgde sommaren 1967 heldt West Avenue Orchestra fram i nye versjonar.

West Avenue Orchestra - II

Band i Bø i Telemark 1967-1968

Bakgrunn:
(Sjå fyrst om West Avenue Orchestra - I, som vart oppløyst ved skulestart hausten 1967.) Som erstatning for Arne Sandum og Magnar Lund kom Harald Foss (gitar, song) og Bjørn Holand (trommer) inn i bandet. Harald hadde lenge vanka i gymnasmiljøet og var kjend som gitar-entusiast. Bjørn hadde tidlegare spela med gruppa Rubber Souls på Fen (Ulefoss).

Medlemer:

  • Glenn Lyche, vokalist

  • Jon Egil Brekke, gitar og song

  • Harald Foss, gitar og song

  • Tor Eilev Almankås, el-bass og song

  • Bjørn Holand, trommer

Repertoar:

  • For ein stor del som i West Avenue Orchestra - I: Låtar etter Lovin Spoonful, Beatles, Hollies, Jimi Hendrix, Spencer Davis Group m.fl.

  • Utvalde nye hits kom til: The Letter (Box Tops), San Franciscan Nights (Eric Burdon), Black Magic Woman (Fleetwood Mac) o.a.

Likt og ulikt:

  • Bandet overtok bilen - ein raud Ford Thames varevogn - som The Others hadde hatt. Den hadde lause sete baki, og var ikkje overdrive trafikksikker i så måte. Men med tilhengar bakpå kunne ein få med seg både band, utstyr og ein handfull fans. Litt nervepirrande vart det rettnok eingong bilen tok ein litt for krapp sving på vegen mellom Bø og Lunde, og rulla 3/4 gong rundt med alt og alle i. Men folket var uskadde, utstyret let seg berge, og alt verka då spelinga ved ungdomsskulen på Ulefoss tok til ein dryg time seinare. (Motto for ettertida: Det er lov å ha flaks, men ikkje å rekne med det...)

  • Bandet hadde godt omdøme, og fekk jamnleg oppdrag rundt i (og stundom utanfor) Telemark.

  • Det var inga enkel sak å halde tritt med klangverda som utvikla seg på plateinnspelingar i denne tida, med Sgt. Pepper (Beatles), Good Vibrations (Beach Boys), Itchycoo Park (Small Faces) som døme. Gruppa hadde mot på mykje, men måtte til tider melde pass når det galdt å lage presentable attgjevingar. (Fleirstemt song a la Beach Boys' Warmth of the Sun vart forsøkt, men lagt til side.) Men i repertoar av middels vanskegrad, laga for levande framføring, klarte gruppa seg jamtover bra. Men på same vis som The Others mangla West Avenue Orchestra eigne låtar og ein tilstrekkeleg distinkt eigen platelyd å bli lansert på.

West Avenue Orchestra - III

Band i Bø i Telemark sommar/haust 1968

Bakgrunn:
Våren 1968 var Glenn Lyche ferdig med artium, og søkte seg til USA for å ta utdanning som flygar. Resten av bandet heldt fram.

Medlemer:

  • Jon Egil Brekke, gitar og song

  • Harald Foss, gitar og song

  • Tor Eilev Almankås, el-bass og song

  • Bjørn Holand, trommer

Repertoar:

  • Vidareføring av repertoar frå førre versjon av bandet, med Jon Egil eller Harald på fyrstestemma.

  • Nye låtar i liknande gater, men som denne besetninga kunne meistre. Hollies stod høgt i kurs.

Likt og ulikt:

  • Harald melde tidleg at han var usikker på verksemda vidare, og gjekk i praksis ut av gruppa utpå hausten. Gruppa var då alt i gong med å klare seg som trio.

  • Ved eit speleoppdrag i Brekkeparken var det uvisst om Harald ville koma eller ikkje. Jon Egil tok då kontakt med Iver Kleive, som gruppa hadde møtt ved ymse høve tidlegare, for å nytte sjansen til ein gong å få spela saman. Iver stilte opp med hammondorgel - og Harald kom. Samspelet måtte sjølvsagt takast på sparket, utan høve til samøving, men stemninga vart rimeleg god.

  • Sommaren 1968 budde Jon Egil nokre veker hjå Bjørn på Fen, og nytta m.a. høvet til å arbeide vidare med nokre eigenkomponerte songar. Eitpar av desse kom inn på repertoaret seinare.

  • Bjørn hadde bruk for bil for å koma seg til og frå øvingane i Bø, og fekk tak i ein kvit Ford Zephyr med tilhengarfeste. Denne kom seinare til å bli verande bandbilen for West Avenue Orchestra. (No var Tor Eilev byrja nærme seg lovleg alder for øvingskøyring, og på veg til Austbygdi presterte han å få den nybygde hengjaren etter West Avenue I til å punktere på båe hjula. Medan dei to andre drog etter ny hengjar, stod Jon Egil vakt over utstyret - og nytta tida til å lirke ein kassett-tape-vase inn på spolane att...)

West Avenue Orchestra - IV

Band i Bø i Telemark 1969-1970

Bakgrunn:

Det var no berre tre medlemer att frå West Avenue II, og uttrykket måtte få preg av dette. Samstundes var perspektivet ikkje retta mot nokon større lansering, meir mot å spela musikk ein hadde sansen for og kunne få til, med dei medlemene som var, og innanfor det publikumet West Avenue no hadde.

Medlemer:

  • Jon Egil Brekke, gitar/fløyte og song

  • Tor Eilev Almankås, el-bass og song

  • Bjørn Holand, trommer

Repertoar:

  • Vidareføring av repertoar frå West Avenue II og III.

  • Spesiell utbygging av trio-repertoar (Jimi Hendrix, Cream o.l.) og repertoar med tverrfløyte (Jethro Tull, eller låtar der gitar kunne veksle med tverrfløyte t.d. for soloinnslag), dessutan eitpar låtar av Jon Egil. Bjørn hadde særleg interesse for blues (John Mayall, Fleetwood Mac), som det og kom meir med av. Samstundes kunne det på repertoaret og dukke opp låtar av t.d. Simon & Garfunkel (America), Walker Brothers (The saddest night in the world) eller Brasil 66 (Laia Ladaia), sjølv om det godt kunne diskuterast om gruppa ytte full rettferd til desse låtane (skvetne var dei no iallfall ikkje)...

Likt og ulikt:

  • Alt frå våren 1969 var gruppa meint å trappe ned, då fleire av gutane hadde skulefullføring å tenke på. Like fullt vart det eitt og anna oppdrag, framfor alt på gymnaset, heilt fram til på seinvinteren 1970. På skulekarnevalet vart det lagt opp til avskilskonsert, med særskilt lyssetjing, avslutning og ekstranummer.

  • Frå sommaren 1970 skilde gruppa lag for godt. Jon Egil drog til Moss for eit år, der han medverka i gruppa Rosmersholm, seinare i militærteneste, for så å studere musikk m.m. i Trondheim. Tor Eilev vende attende til Bø etter utdanning bl.a. i byggefag. Bjørn har arbeidd i Grenlandsområdet sidan. Harald er busett på Hørte (mellom Bø og Gvarv) og driv med laust og fast.

(Minnest du fleire detaljar om West Avenue Orchestra? Skriv dei ned, og send dei til Jon Egil Brekke.)