(Ingress:) I Klassekampen sine spalter dukkar det jamnleg opp diskusjon om tilhøvet kunst/politikk. Sist haust, etter kulturleiren i Trondheim, kom det og ein debatt med tilløp til drøfting av kunstpolitisk strategi. I dag startar ein større kunstkonferanse i Oslo - med innleiarar som tek for seg fortid og framtid innan ei rekke kunstartar: Litteratur, bilete, teater. Somme refererer til dette som kuturdebatt og kulturkonferanse. Rot og samanblanding, spør du meg, skriv Jon Egil Brekke i dagens kronikk, og gjer greie for sitt syn på kva som er kultur.

Kultur - kva er det snakk om?

Jon Egil Brekke
Kronikk i Klassekampen fredag 20. januar 1989

Den som vil endre samfunnet til det betre kjem ikkje utanom ein kulturpolitisk strategi (attåt mykje anna). Men kultur, kva omfattar det? Debattantane i haust nådde ikkje stort lenger enn til å innsjå at kulturomgrepet er problematisk. Dei som har skrive i Klassekampen då og seinare - kunstnarar og journalistar for det meste - har meir og mindre uttalt halde fast ved innsnevringa av "kultur" til å gjelde feltet for kunstnarlege ytringar, med få tillegg. Trygt, og i god borgarleg tradisjon.

Om det ikkje har gått klart fram før, vil eg med dette gjera meg til talsmann for revidering av kulturomgrepet hjå dei som les og skriv i Klassekampen. Eit utall definisjonar av kultur tyder ikkje at det er fritt val på øvste hylle. Eg meiner den "kunstnarlege" versjonen ikkje duger som grunnlag for ein slagkraftig kulturpolitisk strategi, og eg skal prøve å syne kvifor.

Fjermeros mistydde meg då han (3. september 1988) følgde opp mitt snakk (12. august 1988) om "fugleperspektiv", som var det eit spørsmål om overblikk berre over kunstnarleg verksemd i samtida. Kulturredaksjonen må ha meg orsaka, men "kultur" er ikkje det som blir att når økonomi, politikk, teknologi m.m. har fått sitt. Kultur omfattar det meste av menneskelivet, om vi held det "reint" biologiske utanfor. Nokon vil vel straks innvende at eit kulturomgrep så vidt som det eg går inn for her ikkje kan ha nokon analytisk verdi. Det er tvert om: Ei kulturanalyse som ikkje tek omsyn til at diverse sider av samfunnet er innvevde i kulturen, vil jamtover hamne på villspor.

Ein antropolog har sagt det slik (fritt sitert): - Det særeigne ved menneska er ikkje at dei har dei skarpaste tennene, kraftigste klørne, giftigaste bittet eller tjukkaste skinnet. Det særeigne med menneska er at dei kan lære seg å nytte reiskapar, våpen, teknikkar som overgår diverse tenner, klør, bitt og skinn. Såleis er mennesket blitt det farlegaste dyret. Der andre dyreartar er tilpassa omgivnaden ved anatomi, tilpassar mennesket seg ved hjelp av kultur.

Antropologen har studert og samanlikna ulike menneskesamfunn, og prøvd å sjå dei som heilskapar. I dei fleste samfunn er teknologi, økonomi, politikk/religion og kunstnarlege ytringar så tett samanvevde at gjengs tradisjon i det kapitalistiske samfunnet med å sjå dei kvar for seg verkar kunstig. (I seinare år har antropologane i aukande grad utvida interessefeltet sitt frå dei bortgøymde "einfelte" samfunna til å studere våre eigne.)

Mennesket er eit flokkdyr, vi lever i samfunn, og treng eit visst minimum av samhandling for å overleva. Måten vi går fram på for å skaffe oss mat, hus, klede m.m. må dessutan vera på høgde med dei vilkåra omgivnaden byd oss - elles går vi dukken. (NB. Den mest grunnleggjande kritikken av kapitalismen i dag er at han uunngåeleg raserer det økologiske livsgrunnlaget vårt.) For at samhandlinga skal gå greitt og på rett vis, skjer det ei opplæring av medlemene i samfunnet. Gjennom denne opplæringa - og ved å vinne stendig ny innsikt både i naturen og samfunnet - bygger vi opp og held ved lag eit sams, samfunnsmessig forråd av tenke- og handlemåtar som gjer oss i stand til å takle vanskane vi står andsynes, bra eller mindre bra. Vilkåra endrar seg - for ein stor del som resultat av handlingane våre - og eit samfunn som ikkje maktar å utvikle kulturen tilsvarande vil bli svekka og eventuelt gå under - på eine eller andre viset.

Kulturen er altså heile det systematisk oppbygde forrådet av tenke- og handlemåtar innan eit samfunn. Her finn du alt frå teknologisk innsikt til moralske synsmåtar: Kva er lurt og ikkje, kva er bra og ikkje, kva er sjølvsagt, kva er rart, kva er uhøyrt? Kva er di rolle og din identitet i samfunnet? Korleis skal gjenstandar sjå ut og fungere? Kva gjer vi når eit problem oppstår? osb. Alt dette lever vidare frå generasjon til generasjon med ei eiga kraft: Dette er alternativa du blir kjend med gjennom samfunnet du lever i, og det er minste motstands veg. Mange av "raritetane" frå kultur til kultur har opphav, dels i andre vilkår, dels i at nokon i det andre samfunnet tilfeldigvis fann ei anna løysing ein gong problemet dukka opp, og at denne sidan vart ståande som "måten vi gjer det på".

Ei anna vesentleg side ved kulturen er at det er så lite ved han vi tenker på til dagleg. Den som har lært seg å sykle, eller føre ein reiskap, snakke eit språk, spela eit instrument, veit at det å kunne det vil seia at du slepp å tenkje over kva du gjer - det går av seg sjølv. Vi har lært ein ting når dei lågare nervesentra våre koplar rett, så vi gjer det vi skal utan å måtte tenkje over kvar detalj. Men dette inneber og at det vi er medvitne om av vår eigen kultur berre er toppen av eit isfjell. Det meste ser vi ikkje. Vi har rett og slett vanskar med å få auge på det, då det er så sjølvsagt.

Endring i kulturen blir difor bremsa av at alle framlegg til endringar blir vurderte ut frå synsmåtar i kulturen vi alt har, samstundes som vi har vondt for å sjå "brillene" vi har på. Men ei endring i samfunnet vil ikkje gå til utan ei viss endring av kulturen. Her er vi framme ved eitt av dei sentrale problema tidlegare revolusjonar har stått andsynes: Kva skal til for å endre kulturen i samsvar med revolusjonen sine mål? Det er ikkje nok å endre eigedomstilhøva, og så tru at resten kjem av seg sjølv (eller at "overbygninga" følgjer "basis", for den del).

I dag drøftar vi (framleis) vegar ut av kapitalismen, og kva betre som kan setjast i staden. Ein vesentleg del av ein slik diskusjon blir då sjølvsagt: Kva i den samla kulturen i samfunnet vårt kan (og må) førast vidare i eit nytt samfunn, og kva må leggjast om? Å legge om kultur er inga lettvint oppgåve om ein vil ta omsyn til folk og ta vare på nyttig kunnskap. Men alternativet er helst attende til det gamle. (Ein overklasse kan nytte den brutale måten - naud lærer naken mann nye vanar. Etter Aust-Europa å døme er dette ingen farande veg for oss.)

Kva plass får kunsten i denne heilskapen? Og arbeidarkulturen?

Kunsten (her brukt i meininga kunstnarlege ytringar, i alle kunstartar, og på alle kvalitetsnivå) er ikkje kulturen, men inngår som del av kulturen. Kunst har ei rekke ulike funksjonar, ikkje alle skal nemnast her. Men innan kulturen som heilskap har kunsten etter mitt skjøn ei særstilling, som ein reiskap til å tydeleggjera sider ved kulturen - anten det er opplæring eller kritikk som er siktemål og verknad. Det skjer ikkje berre ved at kunsten "fortel", direkte. Det skjer like gjerne indirekte, ved at vi i møte med kunsten oppdagar sider ved oss sjølve eller kulturen som vi vanlegvis ikkje tenker over. Det gjev oss ein sjanse til å nå innsikt som trengst, både for å kunne tenke tanken at alternativ må finnast, og for å kunne ta til med å tenke ut kva alternativa kan vera. (Dette er ei side ved kunsten som eldre forsøk på marxistisk kunstteori har hatt vondt for å ta tak i, der er det helst kunsten som "forteljar"/avslørar og som politisk/moralsk apellant eller førebilete som blir framheva.) Det er likevel mange og lange steg frå der kunsten rører ved eit problem og til løysinga på problemet har fått fotfeste i dagleg praksis - i kulturen.

Arbeidarkulturen er ein delkultur: Innan eit samfunn som er delt i klassar, i lokalsamfunn, i miljø, slekter osb. kan ikkje kulturen vera gjennomgåande einsarta. Sjølv om mange hovuddrag er sams (om ein då skal kunne kalle det for eitt samfunn), er kulturen samansett av ei rekke meir eller mindre samanfiltra og forlikelege delkulturar, medrekna arbeidarkultur - kultur for å meistre livet som arbeidarar - sentral dersom arbeidarklassen skal ta makta i samfunnet. Men dersom eitt av poenga med sosialismen er at livet som arbeidar ikkje lenger skal vera det same, så vil sosialismen krevja ein endra arbeidarkultur. Eit sosialistisk samfunn let seg ikkje bygge på ein uendra versjon av dagens arbeidarkultur, om nokon har tenkt seg det.

I staden vil det frametter vera grunnleggjande oppgåver for vitskap, kunstnarleg verksemd, journalistikk, debatt og klassekamp elles å kaste lys over:

  1. kva for sider ved dagens arbeidarkultur og kultur elles som er naudsynte byggsteinar i kulturen for eit nytt og betre samfunn, og
  2. korleis alle menneske med interesse av eit slikt samfunnsskifte skal kunne gå saman, trass kulturelle skilnader, om å setje det i verk.

Dersom slike spørsmål blir gjengs på "kultursidene" i Klassekampen, må de gjerne snakke om kulturpolitisk strategi og kulturdebatt. Meiner de kunst, så sei kunst.